Del 2
Miljøverndepartementets budsjettforslag for 2014
7 Omtale av kapittel og post
Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Miljøverndepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet og løyvingar til forsking og overvaking. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagt departementet når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.
Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2014 er på 1 350,4 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 132,8 mill. kroner, eller 10,9 pst. samanlika med saldert budsjett for 2013.
I samband med opprettinga av Miljødirektoratet, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tillegsbevilgningar og omprioriteringer i Statsbudsjettet 2013, og samlinga av budsjettkapittel for dette under kap. 1420, blir programkategori 12.40 lagt ned i 2014-budsjettet. Kap. 1445, 1447 og 1448 har blitt flytta til programkategori 12.10 og til respektive kap. 1406, 1407 og 1408.
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
1400 | Miljøverndepartementet | 608 038 | 596 332 | 662 654 | 11,1 |
1406 | Miljøvennleg skipsfart | 4 132 | |||
1407 | Miljøhensyn i offentlige innkjøp | 10 000 | |||
1408 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | 12 599 | |||
1410 | Miljøvernforsking og miljøovervaking | 550 361 | 621 253 | 661 042 | 6,4 |
Sum kategori 12.10 | 1 158 399 | 1 217 585 | 1 350 427 | 10,9 |
Kap. 1400 Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 253 983 | 255 387 | 265 914 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 150 220 | 105 203 | 130 875 |
22 | Spesielle driftsutgifter knytte til lokalt miljøvern og universell utforming, kan overførast | 927 | ||
61 | Framtidas byar og berekraftig byutvikling, kan overførast | 21 160 | 37 000 | 37 000 |
62 | Den naturlege skulesekken | 7 000 | 3 500 | 3 500 |
65 | Områdesatsing i byar, kan overførast | 30 233 | 32 000 | 47 000 |
70 | Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar | 49 577 | 51 213 | 58 005 |
71 | Internasjonale organisasjonar | 46 835 | 50 783 | 52 760 |
74 | Tilskot til AMAP, kan overførast | 4 000 | 4 000 | 4 000 |
76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast | 27 757 | 31 150 | 36 050 |
79 | Tilskot til kulturminneforvaltning | 4 000 | 11 539 | 14 993 |
80 | Tilskot til universell utforming og tilgjenge for alle, kan overførast, kan nyttast under post 22 | 656 | ||
81 | Byutvikling, lokalt miljøvern og universell utforming, kan overførast | 11 690 | 14 557 | 12 557 |
Sum kap. 1400 | 608 038 | 596 332 | 662 654 |
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Miljøverndepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. Talet på tilsette har variert i løpet av den siste 10-årsperioden, frå nedgang i perioden 2001 til 2005 (frå 256 årsverk til 223 årsverk) og ei styrking opp til 265 årsverk i 2013 som følgje av auka innsats innanfor områda klima og naturmangfald.
Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, blant anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største. Departementet har òg høge reiseutgifter grunna det internasjonale miljøarbeidet.
Løyving er føreslått styrkt med om lag 10,5 mill. kroner. Det er lagt inn 1,9 mill. kroner i auka lønnskompensasjon og 3 mill. kroner i auka driftskostnader grunna departementet si flytting i 2013. Innanfor løyvinga vil departementet nytte eit beløp til kjøp av klimakvotar. Beløpet vil tilsvare dei inntektene departementet tek inn ved parkering på departementet sitt område. Desse inntektene blir førte under kap. 4400, post 02.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøvernforvaltningas ansvarsområde.
Miljøpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Miljøverndepartementet har tilstrekkelege ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.
I 2014 føreslår Regjeringa å auke posten med 25,7 mill. kroner. Av dette vil 5 mill. kroner av auken gå til samordning av motsegner.
Løyving på posten er styrkt med 11 mill. kroner til arbeidet med klimatilpassing. Midlane skal nyttast til høvesvis 4 mill. kroner til «Overvannsutvalget» sitt arbeid i 2014, 3 mill. kroner skal nyttast til å utvikle nasjonale klimatenester med betre informasjon til kommunar og næringsliv om klimaendringar lokalt, gjennom ei auka løyving til senter for klimatenester og 4 mill. kroner til å styrkje og følgje opp det tverrgåande kunnskapsgrunnlaget innan arbeidet med tilpassing.
Det er òg løyvd 4 mill. kroner til arbeidet med å redusere utslepp av kortliva klimadrivarar og 1 mill. kroner til biocider og det europeiske kjemikaliebyrået ECHA som er tillagt oppgåver knytta til teknisk gjennomføring av den nye biocidordninga.
Løyvingane som er foreslått på posten vil mellom anna bli nytta til satsingane Framtidas byar og Groruddalen, og til styrkje plan- og miljøkompetansen både regionalt og kommunalt. Oppbygginga av kompetanse i kommunane på naturmangfaldlova held fram. Det er avsett midlar til satsing på vassforvaltning, havforvaltning og forvaltning av verneområde på posten. Midlar til desse satsingane er òg plasserte under andre kapittel og postar.
Vidare er 2 mill. kroner avsett til vidareføring av Miljødirektoratets nærmiljøsatsing. Posten finansierer òg eit prosjektsamarbeid med Kina, India, Brasil og Sør-Afrika (dei store veksande økonomiane) for å ha ei plattform for politisk dialog om globale miljøutfordringar og dei globale miljøkonvensjonane. Det er og avsett 2 mill. kroner til vidare utvikling og oppfølging av strategi for beregningsverktøy.
Post 61 Framtidas byar og berekraftig byutvikling, kan overførast
Midlane under posten er knytte til resultatområde 7 Godt bymiljø. Midlane omfattar mellom anna satsinga på Framtidas byar med 19 mill. kroner og skal nyttast av 13 byar som saman utgjer dei største byområda i Noreg. Av den føreslåtte løyinga er det òg avsett 9,5 mill. kroner under kap. 1400 post 21 og 6 mill. kroner under post 81 til Framtidas byar, slik at Regjeringas samla innsats er 34,5 mill. kroner årleg. Post 61 finansierer òg 18 mill. kroner til planarbeid i byar. Saman med 7 mill. kroner på post 21 og 5 mill. kroner på kap 1410 post 51 gjennomfører Regjeringa òg eit program for meir berekraftige byar, auka bustadbygging og effektive planprosessar for dei viktigaste pressområda.
Framtidas byar
Framtidas byar er eit samarbeidsprogram for perioden 2008–2014 mellom staten, dei 13 kommunane som utgjer dei største byområda og næringslivet for å få ned klimagassutsleppa, møte klimaendringane og sikre eit godt bymiljø. Programmet er eitt av tiltaka i Klimameldinga og er starta fordi det er naudsynt med felles innsats og politisk vilje både frå kommunar og stat for å nå klimamåla.
Mål
Hovudmålet er å redusere dei samla utsleppa frå vegtransport, stasjonær energibruk, forbruk og avfall i dei største byområda. Det skal òg gjennomførast tiltak for å møte klimaendringar no og i framtida. Samtidig må byane halde fram med å utvikle eit godt fysisk miljø, betre helse for innbyggjarane og gode føresetnader for næringslivet.
Kriterium for måloppnåing
Kommunane har utarbeidd handlingsprogram saman med regionale styresmakter og i dialog med staten. Også næringslivet, organisasjonar og innbyggjarane er trekte med. Handlingsprogramma er grunnlag for forpliktande samarbeidsavtaler mellom byane, staten og næringslivet. Avtalene skal sikre at planar og tiltak som det er semje om, blir gjennomførte av partane.
Rapport for 2012
Midlane vart i 2012 nytta under post 61 og 81 og gjekk primært til å støtte bykommunanes deltaking i programmet. Mesteparten av effekten vil ikkje vise seg frå år til år, men gjennom langsiktige resultat i byutviklinga. Av meir konkrete resultat av løyvingane i 2012 er utviklinga av såkalla Business Improvement Districts i Noreg. Smart City Bærum er inne i ein driftsfase med eit tett samarbeid mellom kommune og næringsliv. Ein prosjektdatabase med informasjon om tiltak og samarbeidsprosjekt i Framtidas byar vart lansert med versjon 1 i 2012. Ein rapport om bymiljøindikatorar for Framtidas byar blir utarbeidd annakvart år i samarbeid med Statistisk sentralbyrå. Indikatorane fortel om utviklinga for mellom anna arealbruk, transport, energibruk, klimagassutslepp, avfallshandtering og miljøvenleg praksis.
Tildelingskriterium
Regjeringa ønskjer i første rekkje avtaler med dei byane som vil gripe tak i klima- og miljøutfordringane på ein grunnleggjande ny måte, og er innstilte på å bruke verkemidla sine slik at dei byggjer opp under felles visjonar, mål og strategiar. Midlane på denne posten kan nyttast til kompetansebygging og andre tiltak og pilotprosjekt som er nyskapande, går på tvers av fagområda eller som utløyser andre ressursar, til dømes i næringslivet. Det er ein føresetnad at kommunane går inn med eigne midlar.
Oppfølging og kontroll
Ved sida av bruk av informasjonssystem og indikatorar, sjå ovanfor, blir det lagt opp til årleg rapportering av oppnådde resultat og ressursbruk innan dei prioriterte miljøområda. Prosjektdatabasen som vart etablert i 2012 er nytta til rapportering om status og framdrift for dei enkelte tiltaka og prosjekta. Arbeidet vil bli følgt opp fortløpande både fagleg og økonomisk, blant anna gjennom faglege samlingar og bruk av fagkoordinatorar på kvart innsatsområde.
Plansatsing mot store byar
Folketalet i Noreg er venta å auke sterkt dei neste tiåra, hovudsakeleg i byar og tettstader. Dette gir utfordringar for bustadforsyning, transport, arealbruk, klimagassutslepp, helse og livskvalitet. Ei ny satsing frå 2013 til 2017 retta mot dei største byområda med den sterkaste veksten, skal medverke til framtidsretta byplanlegging, betre bymiljø og tilrettelegging for auka bustadbygging. Viktige grep i satsinga er styrkt kompetanse og kapasitet, og meir samarbeid på tvers av sektor- og kommunegrensene. Satsinga inneber tilskotsmiddel på 18 mill. kroner pr. år.
Mål
Målet med tilskotet er at veksten i byane skal møtast med betre regional planlegging for byområda, betre kollektivtransport på tvers av kommunegrensene, utvikling av gode bysenter og auka bustadbygging. Betre bruk av areal vil gi høgare livskvalitet i form av lettare tilgjengelege bustader, mindre nedbygging av natur og landsbruksareal, betre bymiljø, og mindre reisetid og forureining.
Kriterium for måloppnåing
Miljøverndepartementet legg vekt på at kommunane i pressområda må løyse denne oppgåva på ein måte som både sikrar ei berekraftig utvikling og samstundes nyttar det eksisterande potensialet for bustadbygging og byutvikling.
Tildelingskriterium
Miljøverndepartementet vil støtte kommunar som aktivt vil følgje opp måla for by- og bustadpolitikken.
I 2014 yter Miljøverndepartementet 6 mill. kroner i tilskot til plansamarbeid i dei tre store byområda rundt Bergen, Trondheim og Stavanger. Gjennom plansamarbeid kan vi oppnå meir heilskapleg lokalisering av busetjing, handel og arbeidsplassar saman med effektive areal- og transportløysingar. Det er eit ønske om å yte støtta i ytterlegare fire år føresett budsjettgodkjenning.
12 mill. kroner pr. år vil bli brukt som tilskot til kommunar som aktivt vil følgje opp måla for ein berekraftig bypolitikk. Det blir lagt særleg vekt på prosjekt som kan brukast som eksempel for andre byar. Det er ønskjeleg å få prøvd ut tiltak for å styrkje dei urbane kvalitetane i byane. Dette gjeld blant anna gang- og sykkelvegar, kollektivaksar og urbant friluftsliv. Det gjeld vidare offentlege og private uterom, grøntområde og kulturminne som ressurs. Ein ønskjer òg å prøve ut tiltak for å oppnå betre samarbeid mellom kommunane og dei næringsdrivande for å styrkje handel og annan aktivitet i sentrum av byane.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Post 62 Den naturlege skulesekken
Midlane under posten er knytte til resultatområde 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslått fjellandskap, 8 Aktivt friluftsliv og 11 Stabilt klima.
Den naturlege skulesekken er eit samarbeidstiltak mellom Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet.
Mål
Den naturlege skulesekken legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag og mat og helse. Tiltaket legg til rette for samarbeid mellom skular og frivillige miljø- og friluftsorganisasjonar med faglege ressursar skulen har nytte av. Det støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket. Eit berande pedagogisk omgrep er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til lokalsamfunnet. I den naturlege skulesekken er varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet sentralt. Skular skal i samarbeid med aktørar i nærmiljøet utvikle undervisnings- og arbeidsmetodar som inneber at elevar og lærarar oppsøkjer miljø utanfor klasserommet og brukar desse miljøa regelbunde som læringsarena. Opplevingar og erfaringar skal elevane ta med seg tilbake til skulen for å arbeide vidare med dei. Målet er å medverke til at elevane som framtidige arbeidstakarar får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida.
Kriterium for måloppnåing
Den naturlege skulesekken skal koordinere læringsressursar innanfor dei aktuelle områda, og skape eit profesjonelt nettverk av foreiningar og organisasjonar som driv skuleretta verksemd. Den naturlege skulesekken skal medverke til å utnytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena og bruk av ulike regionale og nasjonale ressursar, i tillegg til å medverke til å styrkje samfunnsfaglege og naturfaglege metodar.
Rapport 2012
Våren 2009 deltok 11 skular. 78 skular fekk tildelt midlar hausten 2009 for å delta i Den naturlege skulesekken skuleåret 2009/2010.109 skular fekk tildelt midlar våren 2010 for å delta i DNS skuleåret 2010/2011. For skuleåret 2012/2013 har 155 skular fått midlar til undervisningsopplegg. 21 eksterne aktørar har fått midlar for 2012/2013. Midlane til desse skulane vart tekne frå andre postar på Miljøverndepartementets budsjett.
Skuleåret 2013/2014 har 178 skular og 19 eksterne aktørar fått midlar. Til den naturlege skulesekken er det i tillegg til tilskotet på denne posten foreslått ei løyving på 4,5 mill. kroner på kap. 1400 post 21 og 2 mill. kroner på kap. 1400 post 76 slik at samla prosjektmidlar frå Miljøverndepartementet er 10 mill. kroner i 2014.
Tildelingskriterium
Den enkelte skulen kan søkje på årleg utlyste utviklingsmidlar. Kriterium for å få tildelt støtte er at dei planlagde undervisningsopplegga skal nytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena, ha høg fagleg kvalitet og famne om 2 eller fleire fag. Minst eitt av desse faga skal vere naturfag eller samfunnsfag og skulane blir bedne om å samarbeide med ein ekstern aktør. Undervisningsopplegga skal ha som mål å utvikle elevane og lærarane si nyfikne, kunnskapen deira om natur og samfunn, og medvit om berekraftig utvikling. Undervisningsopplegga skal famne om 2 eller fleire fag, slik at det blir fleirfaglege undervisningsopplegg. Det skal leggjast vekt på grunnleggjande dugleikar i læringsprosessane, og utforskande arbeidsmåtar (Forskarspiren) skal vere ein viktig måte å arbeide på.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk av Naturfagsenteret. Undervisningsopplegga vil bli vurderte for publisering på nettstaden www.natursekken.no slik at dei kan delast med andre. Det blir utarbeidd årlege rapportar om heile prosjektet frå Naturfagsenteret.
Post 65 Områdesatsingar, kan overførast
Midlane under denne posten er i hovudsak retta mot resultatområde 7 Godt bymiljø.
Områdesatsing for indre Oslo Aust
Det blir sett i verk ei områdesatsing i indre Oslo Aust i 2014. Oslo kommune har sett av 25 mill. kroner i sitt budsjett for ein særleg innsats for indre Oslo Aust. Det er lagt fram forslag om at staten medverkar med 25 mill. kroner til denne satsinga. Løyvinga er fordelt på budsjetta til fleire departement. Miljøverndepartementet vil medverke med 4 mill. kroner i 2014 til nærmiljøtiltak og stadutvikling.
Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Kulturdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet medverkar òg i satsinga. Sjå budsjettproposisjonane hos desse departementa for omtale av deira del av satsinga. Ein viser dessutan til nærare omtale av satsinga under Resultatområde 7 Godt bymiljø.
Mål
Målet med satsinga er at dei delane av byane med særlege utfordringar skal få bistand til å snu utviklinga. Erfaringane frå andre områdesatsingar skal nyttast til ei god organisering som gjer byområdene betre i stand til å utnytte lokale ressursar.
Kriterium for måloppnåing
Satsinga skal drivast i eit breitt samarbeid mellom departementa og Oslo kommune. Departementa legg vekt på at Oslo kommune medverkar med kjennskap til lokalmiljøet. Det skal utviklast samarbeidsformer og tiltak som går på tvers av alminneleg forvaltning allereie tidleg i satsinga. I arbeidet vil det bli lagt vekt på nærmiljøtiltak, oppgradering av dei grøne uteområda, betre tilhøve for gang-, sykkel- og kollektivtransport og stadutvikling.
Tildelingskriterium
Tildeling vil skje på grunnlag av søknad frå Oslo kommune.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Områdesatsing på Fjell i Drammen
Det blir sett av 15 mill. kroner til områdesatsing i Fjell på Miljøverndepartementets budsjett for 2014. Satsinga skal utformast av Miljøverndepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kulturdepartementet, Arbeidsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i fellesskap. Arbeidet blir leia av Miljøverndepartementet.
Mål
Målet med tilskotet er å medverke til at Fjell snur ei negativ levekårsutvikling.
Dei statlege tilskota skal stimulere til eit samarbeid på tvers av forvaltningsnivå som legg grunnlag for langvarige effektar og gode eksempel til nytte for byar over heile landet.
Kriterium for måloppnåing
Miljøverndepartementet legg vekt på at Drammen kommune medverkar med kjennskap til lokalmiljøet. Arbeidet skal drivast i eitt breitt samarbeid mellom dei involverte partane, både på statleg, kommunalt og bydelsnivå. Tilskotet skal stimulere til lokal brukarmedverknad. Det skal utviklast samarbeidsformar og tiltak som går på tvers av alminneleg forvaltning allereie tidleg i satsinga.
Tildelingskriterium
Tildeling vil skje på grunnlag av søknad frå kommunen til Miljøverndepartementet som forvaltar statens tilskot.
Miljøverndepartementet legg vekt på at dei statlege midlane inngår i ei heilskapleg områdesatsing på tvers av sektorar. Det vil bli lagt særleg vekt på prosjekt som kan nyttast som eksempel for andre utsette byområde i landet. Formidling av resultat og utveksling av erfaringar i nettverk skal skje med jamlege mellomrom. Aktuelle tiltak er:
Tiltak retta mot barn og unge
Oppgradering av uteområde, gang- og sykkelsamband
Sosialt entreprenørskap
Folkehelsetiltak
Integreringstiltak
Stadutvikling
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Områdesatsing i Groruddalen
Midlane skal nyttast til å styrkje innsatsen for eit betre miljø i Groruddalen og nyttast av etatar i Oslo kommune og bydelane i Groruddalen.
Regjeringa og byrådet i Oslo har inngått ei intensjonsavtale om eit samarbeid om Groruddalen for 10-årsperioden 2007–2016.
Mål
Det langsiktige hovudmålet er ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår i Groruddalen. Det skal utviklast eit lokalt og inkluderande samarbeid med dei som bur i dalen, organisasjonar, burettslag, næringsliv, bydelar og offentlege organisasjonar. Arbeidet blir følgt opp med dokumentasjon av tilhøve ved oppstart, evaluering undervegs og midvegs, samt avsluttande rapport.
Miljøverndepartementet har ansvar for programområde 2, Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Målet for dette programmet er å styrkje den blågrøne strukturen og naturmangfaldet i Groruddalen, og gi betre forhold for friluftsliv, fysisk aktivitet og idrett. Kulturminne skal vernast og brukast, og forståinga for historia skal styrkjast.
Kriterium for måloppnåing
Planarbeidet skal drivast i eit breitt samarbeid mellom partane innan program 2 Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø og føre fram til fysiske forbetringar.
I arbeidet er det lagt vekt på tre hovudstrategiar:
Utvikle samanhengande grønstrukturar og turvegar på langs og tvers av dalen og sjå ulike tiltak i samanheng i utvalte geografiske innsatsområde.
Vidareutvikle Akergardane og andre kulturminne som har potensial som møtestad med ulike tenester og kulturaktivitetar.
Utvikle ein bydelspark i kvar bydel som kan gi attraktive møtestader i det grøne og vere arena for både organiserte og uorganiserte aktivitetar.
Rapport for 2012
Groruddalsatsinga har i 2012 i stor grad handla om ferdigstilling og vidareføring av påbegynte tiltak.
Størstedelen av midlane innan program 2 er brukt til etablering av samanhengande grønstruktur og turvegsystem på langs og tvers av Groruddalen, til bydelsparkar og attraktive møteplassar, opning av Alnaelva og til Bydelsrusken Groruddalen. Som oppfølging av tilrådingar frå midtvegsevalueringa, starta ein i 2012 arbeidet med å revidere satsinga sine delmål og å utgreie erfaringar med overføring av arbeidsmetodar brukt i satsinga.
Tildelingskriterium
Tildeling vil skje på grunnlag av søknad og handlingsprogram for program 2. Etatane og bydelane kjem med forslag til tiltak og samarbeider om dette i programgruppe 2.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk. Kvart tertial blir det utarbeidd rekneskapsrapportar. Det blir utarbeidd årlege rapportar og handlingsprogram for kvar programgruppe.
Post 70 Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Mål
Formålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for miljøsaker. Tilskotsordninga skal stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar med hovudformål for verksemda innanfor miljøforvaltninga sitt ansvarsområde.
Tilskotsordninga for grunnstøtte til frivillige miljøorganisasjonar vart lagt om i budsjettet for 2012 ved fastsetjing av føresegn om tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar av 29. september 2011, jf. Prop. 1 S (2011–2012). Løyvinga dekkjer etter dette grunnstøtte til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar.
Tildelingskriterium
Føresegna inneber at 70 pst. av grunnstøtta blir fordelt etter:
om tilskotsmottakaren er ein frivillig organisasjon, ein barne- og ungdomsorganisasjon, ei samanslutning av organisasjonar (paraplyorganisasjon) eller ein allmennyttig stiftelse,
talet på personlege medlemmer og medlemsinntekter frå personlege medlemmer,
talet på personlege givarar etter skattelova sine reglar for frådrag for gåver til visse frivillige organisasjonar m.m. og givarinntektene får desse personane,
talet på lokallag,
talet på fylkes-/regionlag.
Dei resterande 30 pst. blir fordelte etter ei vurdering av den betydninga organisasjonane og stiftelsane har i samfunnet.
Det gjeld ei overgangsordning over tre år slik at reglane i føresegna først får full verknad frå 2014 i høve til den tidlegare ordninga.
Etter gjennomgang av dei mottekne søknadene og vurdering av dei i høve til føresegna vil løyvinga for 2014 bli fordelt som vist i tabellen nedanfor. Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja blir teken inn i ordninga etter føresegna.
Tabell 7.1 Fordeling av tilskot
Organisasjon/stiftelse | Rekneskap 2012 | Løyving 2013 | Forslag 2014 |
---|---|---|---|
Miljøorganisasjonar | |||
Den Norske Turistforeining | 5 249 000 | 5 555 000 | 5 934 000 |
Forbundet Kysten | 2 823 000 | 3 813 000 | 4 981 000 |
Fortidsminneforeininga | 3 952 000 | 3 652 000 | 3 892 000 |
Framtida i våre hender | 3 100 000 | 3 364 000 | 3 770 000 |
Noregs Jeger- og Fiskarforbund | 7 140 000 | 8 010 000 | 9 069 000 |
Noregs miljøvernforbund | 770 000 | 1 290 000 | 1 883 000 |
Noregs naturvernforbund | 7 384 000 | 7 400 000 | 7 496 000 |
Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja | 2 389 000 | ||
Paraplyorganisasjonar | |||
Sabima | 1 217 000 | 1 427 000 | 1 708 000 |
Kulturvernforbundet | 1 101 000 | 1 367 000 | 1 708 000 |
Grøn kvardag | 5 507 000 | 3 502 000 | 1 400 000 |
Regnskogfondet | 811 000 | 1 130 000 | 1 547 000 |
Barn- og ungdomsorganisasjonar | |||
Natur og Ungdom | 1 978 000 | 2 437 000 | 3 625 000 |
Miljøagentane | 1 241 000 | 1 252 000 | 1 293 000 |
Miljøstiftelsar | |||
Idébanken | 2 640 000 | 1 655 000 | 621 000 |
Miljøstiftelsen Bellona | 1 338 000 | 1 550 000 | 1 863 000 |
Norsk kulturarv | 398 000 | 708 000 | 1 083 000 |
WWF Noreg | 1 775 000 | 1 932 000 | 2 505 000 |
Zero | 1 153 000 | 1 169 000 | 1 237 000 |
Sum | 49 577 000 | 51 213 000 | 58 005 000 |
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.
Post 71 Internasjonale organisasjonar
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Løyvinga er foreslått auka med prisjustering.
Mål
Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.
Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Stortinget har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at Regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt eit frivillig bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.
Følgjande internasjonale organisasjonar får bidrag:
FNs miljøprogram (UNEP)
Den internasjonale hydrografiske organisasjon (IHO)
Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)
Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)
Interimssekretariat for Ramsarkonvensjonen (vern av våtmarker)
Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)
Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonnkonvensjonen)
Vassfuglavtala under Bonnkonvensjonen (AEWA)
Albatrossavtala under Bonnkonvensjonen (ACAP)
Flaggermusavtala under Bonnkonvensjonen (EUROBATS)
Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)
Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).
Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)
Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)
Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar
Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)
Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP)
Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)
Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)
Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)
FNs klimapanel (IPCC)
FNs Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC) Kyotoprotokollen
Stockholmkonvensjonen om persistente organiske sambindingar (POP)
Rotterdamkonvensjonen om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar
Århuskonvensjonen om miljøinformasjon Århuskonvensjonsprotokoll om forureina utslepp og utsleppsregister (PRTR)
International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)
Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)
Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr, og leveområda deira (Bernkonvensjonen)
FNs naturpanel (IPBES)
Minamata-konvensjonen om kvikksølv (interimfasen)
Oppfølging og kontroll
Kontroll og oppfølging av organisasjonane skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i generalforsamlingar, årsmøte og liknande.
Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast
Løyvinga medverkar til å oppnå måla under Internasjonalt samarbeid.
Mål
Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg, og målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftelsen AMAP.
Stiftelsen AMAP vart oppretta av Miljøverndepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet.
Rapport for 2012
Det har vore god drift av AMAP-sekretariatet i 2012, med fortløpande oppfølging av oppgåver sette i gang av Arktisk råd. Oppgåvene er først og fremst knytte til overvaking, vurderingar og samanstilling av informasjon om miljøpåverknad og klimaendringar i Arktis.
AMAP-programmet har dei siste åra fått nye og prioriterte oppgåver frå Arktisk råd, og AMAP-sekretariatet har på bakgrunn av dette styrkt kapasiteten sin. Dette gjeld i første rekkje utvikling og drift av eit nettverk av forskings- og overvakingsstasjonar i Arktis (SAON), der AMAP er gitt ei sentral utøvande og koordinerande rolle for Arktisk råd. Vidare har AMAP fått ei sentral rolle i utviklinga av ein større studie om endringar i Arktis (Adaption Actions for a Changing Arctic – AACA) som vart vedteken av Arktisk råd.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversikter. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.
Post 75 Miljøvennleg byutvikling, kan overførast
Posten ble lagt ned frå og med 2013 og midlane frå 2012 er overførte til post 65.
Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast
Midlane under denne posten gjeld alle resultatområda.
Mål
Posten sitt mål er todelt og skal:
medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld biologisk mangfald, klima og forureiningar, og nasjonale mål, innanfor alle resultatområda.
styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er svært viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt.
Posten omfattar både øyremerkte og frie midlar.
Rapport for 2012
Nasjonalt
Det er gitt tilskot på 1,5 mill. kroner til prosjektet ForMat som er drive av NHO. ForMat-prosjektet er næringslivet si satsing for å redusere det vi kastar av mat. Målet er å redusere svinnet av mat i heile verdikjeda (næringsmiddelbedrifter, daglegvarehandelen og forbrukar) med 25 pst. innan 2015.
Det er og tilskot til Ren Marina, som fokuserer på avfallshandtering frå fritidsbåtar og tiltak for mottaksordninger for avfall i marinaer gjennom mellom anna informasjonstiltak.
Stiftelsen Miljømerking fikk i 2012 550 000 kroner til prosjekt for å synliggjere Svanen som eit effektivt verktøy for miljøforbetring i næringslivet. I 2013 fikk Stiftelsen Miljømerking 300 000 kroner for å forsterke arbeidet med bygg og bustad. Standard Norge fikk både i 2012 og 2013 100 000 kroner i støtte for å sikre norsk ekspertdeltaking på møter i den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO på området miljøstyring.
Avfall Norge har motteke tilskot til kampanjen Hold Norge Rent.
Internasjonalt
På det internasjonale området er det gitt driftsstøtte til Grid Arendal, Forum for miljø og utvikling og Conservation of the Artic Flora and Fauna (CAFF). Støtta til GRID Arendal er eit generelt basistilskot til drifta, og utgjer knapt 10 pst. av GRIDs samla inntekter. GRIDs hovudformål er å yte tenester som styrkjer FNs miljøprogram UNEP, gjennom utvikling, innhenting og bruk av vitskapleg basert miljøinformasjon.
ForUMs verksemd i 2012 er i tråd med Strategi og fleirårig rammeplan 2010–2013 og omfattar sentrale saksområde for Miljøverndepartementet, under dette deltaking og innspel i tilknyting til førebuingane av Rio+20 i juni 2012 og klimaforhandlingane. ForUMs aktivitet på desse områda medverkar til å setje fokus på saksfelt av sentral betydning for Miljøverndepartementet nasjonalt og støttar arbeidet med å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.
Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) er Arktisk råds arbeidsgruppe for bevaring av arktisk biodiversitet. Miljøverndepartementet har medverka til drifta av det internasjonale CAFF-sekretariatet i Akureyri på Island.
Det er vidare gitt tilskot til IPCCs arbeid med FNs femte hovudrapport. Tilskotet er knytt til resultatområde 11 og formålet med rapporten er å gi sikrare data om klimaendringane.
Bellona har motteke 1,4 mill. kroner i tilskot til prosjektet BEST+ som er eit samarbeidsprosjekt på CCS.
Vidare er det gitt tilskot til institutt som arbeider internasjonalt innanfor departementets resultatområde. Institutta har viktige internasjonale oppgåver og representerer Noreg i ulike samanhengar. Meteorologisk institutt har rolla som internasjonalt meteorologisenter under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining og Det europeiske samarbeidsprogrammet for overvaking og måling av luftforureiningar (EMEP). Tilskotet for 2012 er nytta til å vidareutvikle EMEP-modellen som vert nytta til å analysere spreiing, konsentrasjonar og avsetningar av luftforureiningar. Slike modellanalysar vert nytta som grunnlag for forhandlingar om internasjonale avtalar om reduksjon i utslepp av luftforureiningar, til dømes Gøteborgprotokollen. Norsk institutt for luftforsking (NILU) arbeider som European Topic Centre on Air Quality and Climate Change Mitigation under The European Environment Agency (EEA). Norsk institutt for vassforsking (NIVA) har ei tilsvarande rolle under EEA som European Topic Center for Water. Begge desse institutta er valde ut til arbeidet for EEA i konkurranse med liknande institutt i andre europeiske land. EEA har som føresetnad at institutta kan finansiere deler av kostnadane som Topic Centre nasjonalt. Tilskota frå Miljøverndepartementet dekkjer delar av kostnadene ved institutta sitt arbeid for EEA.
Norsk forskingsråd har fått tilskot til samarbeid med EU om strålevernforsking. Bidraget til EUs strålevernsprogram sikrar norske forskarar tilgang på midlar og eit felles europeisk forskingsmiljø med fokus på verknaden av radioaktiv forureining av miljøet og grunnlag for å etablere rammeverk for vern av miljøet. Programmet fører saman nøkkelaktørar innan radioøkologisk forsking i Europa og har stor meirverdi for norske aktørar og den kunnskapsbaserte statsforvaltninga.
NEFCO Nordisk sektorinitiativ har motteke tilskot på 2 mill. kroner til arbeid med eit prosjekt på avfallshandtering i Peru.
Det er òg utbetalt kontingent til Climate Technologicy Initiativ, som mellom anna stimulerer til bruk av betre klimateknologiar i utviklingsland.
Det vart òg gitt reisestøtte til ulike organisasjonar. Naturvernforbundet, Natur og ungdom, Samarbeidsrådet for tros-og livssynssamfunn og Bellona fekk midlar til å dekkje utgifter i samband med deltaking i dei internasjonale klimaforhandlingane i Doha. Tilskotet til Bellona dekka òg støtte til samarbeidet Sahara Forest Project under COP 18.
Bjerknessenteret fikk tilskot til å avhalde ein jubileumskonferanse med hovedfokus på klimaforsking. Vidare har Lofoten mot Sellafield motteke støtte til ein Sellafield-konferanse i Oslo. To personar har fått reisestøtte til UNEPs styremøte og tre personar til Green Week i Brussel.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på kva resultat Regjeringa ønskjer å oppnå i det nasjonale miljøarbeidet og dei pliktene Noreg har teke på seg i det internasjonale miljøsamarbeidet.
Øyremerkte midlar
På det nasjonale området blir det i 2014 føreslått å gi tilskot til:
Opplæring i naturmangfaldlova (1 mill. kroner).
«Den naturlege skulesekken» (2 mill. kroner).
Framande arter (1,5 mill. kroner)
Medverke til oppfølging av avfallsstrategien (1 mill. kroner)
På det internasjonale området blir det i 2014 gitt tilskot til:
Noregs bidrag til reduserte utslepp av kortliva klimadrivarar gjennom eit styrkt internasjonalt engasjement, støtte til CCAC sitt arbeid (8 mill. kroner).
Noregs bidrag til klimapanelet (IPCC) sitt arbeid med femte hovudrapport (5 mill. kroner).
Kontingent til Climate Technology Initiative (CTI) (125 000 kroner).
FN-organet Grid Arendal (4,5 mill. kroner).
Sekretariat for Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) (0,2 mill. kroner).
ForUM for utvikling og miljø (0,45 mill. kroner).
EUs strålevernforsking (1 mill. kroner).
Det internasjonale arbeidet til:
Norsk Institutt for Luftforsking (NILU) (1,421 mill. kroner),
Norsk institutt for vassforsking (NIVA) (0,45 mill. kroner)
Meteorologiske institutt (0,3 mill. kroner)
Bidrag til International Maritim Organization (IMOs) arbeid med klimagassreduksjonar 0,5 mill kroner)
Reisestøtte i samband med internasjonale møter (0,2 mill. kroner).
Frie midlar
Av den føreslåtte løyvinga er 8,4 mill. kroner opne for søknader. Dette er ei reduksjon av løyva frå 2013. Desse midlane vil departementet mellom anna prioritere mot søknader som gjeld miljømerking og miljøsertifisering, arbeid for å fremje CO2-fangst og lagring (CCS), prosjekt som er relaterte til opprydding og førebygging av miljøgifter, avfallsrelaterte prosjekt, prosjekt som medverkar til auka bruk av miljøvennlege transportformer og redusert transportbehov og prosjekt som medverker til å oppfylle Aichi-måla om naturmangfald.
Søknader som gjeld klimatilpassing, utvikling og dokumentasjon av berekraftig skogforvaltning, og samarbeid med andre nordiske land om prosjekt retta inn mot dei internasjonale klimaforhandlingane vil òg bli prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.
Post 79 Tilskot til kulturminneforvaltning, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på kulturminneområdet, jf. Resultatområde 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap.
Posten var tidlegare øyremerkt Den nordiske verdsarvstiftelsen, men er utvida til å omfatte fleire kulturminnetiltak. Posten er foreslått auka med 3,3 mill. kroner i 2014. Auken inkluderer 300 008 kroner til Kulturminnedagen, som tidlegare har vore belasta Riksantikvarens kap. 1429 post 21.
Mål
Bidra til måloppnåing på kulturminneområdet.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om kulturminnetiltak som mottek tilskot frå post 79.
Tildelingskriterium
Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde 6.
14,993 mill. kroner blir fordelte til følgjande tiltak:
Den nordiske verdsarvstiftelsen (5,312 mill. kroner)
Verdsarvsenter (5,175 mill. kroner)
Freda (214 000 kroner)
Bygg og bevar (2,018 mill. kroner)
Klimapark 2469 (0,466 mill. kroner)
Etter- og vidareutdanning (EVU), (1,500 mill. kroner)
Kulturminnedagen (308 000 kroner )
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Post 81 Byutvikling, lokalt miljøvern og universell utforming, kan overførast
Midlane under posten er hovudsakleg knytte til resultatområde 7 Godt bymiljø. Midlane omfattar satsinga på Framtidas byar med 6 mill kroner. Det er òg føreslått midlar under kap. 1400 post 21 og 61 til Framtidas byar. Sjå omtale av post 61 for ei detaljert skildring av programmet Framtidas byar.
Framtidas byar
Mål
Hovudmålet er å redusere dei samla utsleppa frå vegtransport, stasjonær energibruk, forbruk og avfall i dei største byområda. Det skal òg gjennomførast tiltak for å møte framtidige klimaendringar. Samtidig må byane halde fram med å utvikle eit godt fysisk miljø, betre helse for innbyggjarane og gode føresetnader for næringslivet. Tilskot frå posten skal støtte partnarar i programmet utanom byane og elles sikre viktig kompetanse om byutvikling i dei aktuelle fagmiljøa i Noreg.
Kriterium for måloppnåing
Med bakgrunn i dei nasjonale måla og kommunane sine eigne mål for reduksjon av energibruk og klimagassutslepp, vil det bli utarbeidd informasjonssystem og indikatorar for å kunne følgje utviklinga. Det blir lagt vekt på utvikling og formidling av gode eksempel, slik at kommunane både i og utanfor programmet kan få kunnskap og inspirasjon til å gjennomføre gode og effektive tiltak. Ei samordning av tiltak og ressursar gjennom partnarskap vil venteleg føre til meir effektiv ressursbruk og raskare løysingar. Miljøverndepartementet vil leggje vekt på at midlane blir nytta på ein måte som best mogleg sikrar dei nasjonale måla, samstundes som kompetanse om byutvikling blir formidla til deltakarane i programmet.
Rapport for 2012
Sjå post 61.
Tildelingskriterium
Midlane på denne posten kan nyttast til kompetansebygging og andre tiltak og pilotprosjekt som er nyskapande, går på tvers av fagområda eller som utløyser andre ressursar, til dømes i næringslivet. Det er ein føresetnad at kommunane går inn med eigne midlar for at det skal tildelast midlar til lokale prosjekt. Aktuelle mottakarar er samarbeidspartnarar i programmet og andre organisasjonar som arbeider med utviklinga av betre og meir kunnskapsbasert bypolitikk og -utforming.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsrapportar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Lokal plan- og miljøkompetanse
På mange miljøområde rår kommunane sjølve over ei rekkje av dei viktigaste verkemidlane, så som plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og lovverka knytte til vatn, klima, forureining, støy og kulturminne. Kommunane sin nærleik til innbyggjarane, næringsliv og lokale organisasjonar gir gode høve til å skape forankring for miljøpolitikken. Det vil vere eit stort bidrag til den samla måloppnåinga på dette området om alle kommunar, både i rolle som produsent av tenester, utøvar av myndigheit og samfunnsutviklar, nyttar handlingsrommet fullt ut. Miljøverndepartementet støttar derfor organisasjonar, stiftelsar, faglege nettverk og interkommunale nettverk med til saman 3 mill. kroner over post 81 for å sikre betre plan- og miljøkompetanse lokalt.
Mål
Regjeringa vil sikre kommunane sin kapasitet og kompetanse for å handtere dei nye plan- og miljøoppgåvene. Med erfaring frå programmet Livskraftige kommunar (2006–2011) vil ein mellom anna jobbe vidare med å utvikle lokale indikatorar, rettleiing, verktøy og arbeidsformer med særleg vekt på nettverkslæring og interkommunalt samarbeid. Det skal uarbeidast ein strategi som grunnlag for det vidare arbeidet på dette feltet.
Kriterium for måloppnåing
Departementet vil komme attende med meir konkrete kriterium for måloppnåing når arbeidet med strategien er avslutta.
Rapport for 2012
Ordninga vart først etablert i 2013.
Tildelingskriterium
Ein vesentleg del av midlane er knytt til arbeid med læringsnettverk, interkommunalt samarbeid og erfaringsformidling. Det er ein føresetnad at kommunar medverkar med betydeleg eigeninnsats. Departementet vil komme attende med meir konkrete kriterium for måloppnåing når arbeidet med strategien er avslutta.
Oppfølging og kontroll
Det skal utviklast meir eigna indikatorar som seier noko om utviklinga av plan- og miljøkompetansen i kommunane. Oppfølging av tiltak og prosjekt vil skje gjennom det ordinære plan- og styringssystemet. Det blir lagt opp til rapportering av oppnådde resultat innan dei prioriterte miljøområda bl.a. gjennom vidare utvikling av KOSTRA. Arbeidet vil bli følgt opp fortløpande både fagleg og økonomisk. Det vil bli lagt opp til ei evaluering av dei tiltaka og prosjekta som får tilskot frå denne ordninga.
Erfaringane og resultata vil gå inn i det ordinære konsultasjonsarbeidet mellom staten og KS og i andre relevante samhandlingsfora med kommunesektoren. Erfaringane skal nyttast til å vidareutvikle rammevilkår og verkemiddel for ein berekraftig praksis lokalt.
Universell utforming
Midlane under programmet er hovudsakleg knytte til resultatområde 7 Godt bymiljø og skal ta hand om oppfølginga av St.meld. nr. 40 (2002–2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer og føremålet universell utforming i ny plan- og bygningslov. Midlane er knytte til departementet sine tiltak som fylge av ny handlingsplan frå 2014. Løyvinga er på 600 000 kroner årleg.
Bruken er samordna med stimuleringsmidlar frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, knytte til handlingsplanen og særleg retta mot kommunesektoren.
Mål
Ordninga skal støtte mål, strategiar og prioriterte tiltak i tråd med den nye plan- og bygningslova si styrking av universell utforming, dei handlingsplanane som gjeld på området og gjennomføring av gode føremoner i slike samanhengar. Målgrupper er kommunale og regionale forvaltningsnivå, organisasjonar og offentlege og private instansar.
Kriterium for måloppnåing
Ordninga skal stimulere til nytenking i planlegging og utforming av byggverk og uteområde slik at alle, utan omsyn til funksjonsevne, kan nytte dei på ein likestilt måte. Ordninga legg til grunn at det skal vere aktiv brukarmedverknad og formidling av resultata.
Rapport for 2012
Midla er nytta til informasjon og gjennomføring av ein regional og ein internasjonal konferanse.
Oppfølging og kontroll
Det vert rapportert fagleg og økonomisk på tildelte middel. Departementet følgjer i tillegg aktivitetane gjennom konferansar og seminar.
Miljøvern nær folk
Mål og målgruppe for ordninga
Ein stor del av den norske befolkninga har eit høgt miljømedvit, men ikkje så stor miljøhandlingsvilje. Utfordringa er å gjere miljøvenlege val til løysingar som folk vil vere med på, og gjere miljøinformasjon lett tilgjengeleg for folk.
Føremålet er å informere og engasjere enkeltmenneske til miljøvennleg åtferd.
Målgruppa for ordninga er organisasjonar, stiftelsar og faglege nettverk.
Det er planlagt å bevilge 2 mill. kroner under denne ordningen i 2014.
Tildelingskriterium
Midlane kan nyttast til tiltak og prosjekt som er nyskapande og skal òg medverke til å gjere miljøinformasjon og miljøkunnskap tilgjengeleg. Det er viktig å nå breitt ut til befolkninga.
Rapport 2012
Midlar er nytta til ei rekkje prosjekt som til dømes publikasjonar, utstillingar, konferansar, debattmøte, markeringar i det offentlege rom.
Oppfølging og kontroll
Det vert rapportert fagleg og økonomisk på tildelte midlar.
Kap. 4400 Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
02 | Ymse inntekter | 106 | 370 | 383 |
03 | Refusjon frå Utanriksdepartementet | 1 524 | 1 523 | 1 576 |
16 | Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar | 1 974 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 489 | ||
Sum kap. 4400 | 5 093 | 1 893 | 1 959 |
Post 02 Ymse inntekter
Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, blant anna avgift for parkering på området til Miljøverndepartementet. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Posten er auka i tråd med venta inntekter.
Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet
Det er budsjettert med 1,5 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.
Kap. 1406 Miljøvennleg skipsfart
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 4 132 | ||
Sum kap. 1406 | 4 132 |
Kapittel og post er flytt frå tidlegare programkategori 12.40 til 12.10.
Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:
Sjøfartsdirektoratet er underlagt Miljøverndepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar bl.a. utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon IMO, EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.
Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei miljøvennleg transportform. Dette inneber at direktoratet skal medverke til at norsk maritim verksemd er minst like miljøeffektiv som alternative transportformer, og har gode tekniske og operasjonelle forhold som førebyggjer miljøskadar. Direktoratet skal óg medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten medverkar til å dekkje lønn til fast og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOx og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. Konvensjonen om sikker og miljømessig forsvarleg opphugging av skip, skipsopphuggingskonvensjonen, er vedtatt i IMO (Internasjonal Maritime Organisation) i 2009. Noreg tiltrådde sommeren 2013. Vidare dekkjer posten midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.
Kap. 1407 Miljøhensyn i offentlige innkjøp
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 10 000 | ||
Sum kap. 1407 | 10 000 |
Kapittel og post er flytt frå tidlegare programkategori 12.40 til 12.10.
Miljø og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar
Det er utarbeidd ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar, der tiltak knytte til klima og energi, helse- og miljøfarlege kjemikaliar og biologisk mangfald har fått høg prioritet. Det er utarbeidd rettleiande miljøkriterium for prioriterte produktgrupper. Statlege verksemder skal ha eit miljøleiingssystem som er godt integrert i dei andre styringssystema i verksemda. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har ansvaret for å følgje opp handlingsplanen på nasjonalt nivå både når det gjeld miljømedvitne innkjøp og miljøleiing.
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sine hovudarbeidsområda vil vere å leggje til rette for samfunnstenlege, kostnadseffektive og kvalitetsretta offentlege innkjøp og å arbeide for at miljøbelastninga knytt til offentlege innkjøp blir minimert. Miljøbevisste offentlege nyskaffingar vil vere hovudarbeidsområdet til direktoratet innafor Miljøverndepartementets ansvarsområde. Det vil vere heilt sentralt for direktoratet å sikre at miljøomsyn blir integrerte som ein naturleg del av den generelle innkjøpspolitikken i all offentleg verksemd.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten skal medverke til å dekkje lønn til faste stillingar og driftsutgifter for Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sitt arbeid med miljøbevisste offentlege anskaffingar og miljøleiing. Dette vil omfatte ansvar for å vidareutvikle verkemiddel og sikre at handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar blir gjennomført i praksis, under dette å fremje og følje opp bruken av miljøleiingsystem i staten med fokus på effektivisering og synleggjering av resultat, særleg når det gjeld miljøansvarlege offentlege nyskaffingar. Krav til miljøomsyn i offentlege bygningar er ein del av handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar. Her er det høve til store miljøforbetringar, dersom dei riktige krava vert stilte, til dømes krav til energibruk, miljøfarlege stoff, livsløpfokus med meir. Direktoratet for forvaltning og IKT vil styrkje innsatsen på dette området, blant anna gjennom satsing på kompetansefremjande tiltak, rettleiing, portal for bygg, anlegg og eigedom, verktøy for livsløpskostnader med meir. Posten skal vidare dekkje drifts- og utgreiingsmidlar, informasjon, faglege råd til Miljøverndepartementet som grunnlag for politikkutforming, bistand til Miljøverndepartementet i internasjonalt arbeid på området og formidling relatert til miljøspørsmål. Direktoratet skal setje i verk Regjeringas politikk på områda miljøansvar ved offentlege nyskaffingar og miljøleiingssystem.
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) skal vere eit nasjonalt kompetansesenter for miljø- og samfunnsansvarlege offentlege nyskaffingar. Kompetansefremjande tiltak og arbeidet med miljøleiing i statlege etatar blir ført vidare. Direktoratet skal stimulere til innovative, offentlege nyskaffingar, deriblant å auke det offentlege sin kompetanse på metodikk og tiltak for å gjennomføre nyskaffingar som fremjar utvikling av miljøteknologi.
Kap. 1408 Radioaktiv forureining i det ytre miljø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 12 599 | ||
Sum kap. 1408 | 12 599 |
Kapittel og post er flytt frå tidlegare programkategori 12.40 til 12.10.
Rolle og oppgåver for Statens strålevern:
Statens strålevern er Miljøverndepartementets direktorat på området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet. I 2011 vart forureiningslova og eit nytt kapittel i avfallsforskrifta gjort gjeldande for radioaktivt avfall og radioaktive utslepp. Dette inneber ei tydeleggjering av Strålevernet som forureiningsmyndigheit og miljødirektorat på dette området. Arbeidet med å utarbeide nye løyver til verksemder som er omfatta av det nye regelverket vert ferdigstilt i 2013. Verksemder som er omfatta av Strålevernets forvaltningsmyndigheit er blant anna petroleumsverksemd, sjukehus og forsking, avfallsdeponi, forskingsreaktorane på Kjeller og i Halden og noko prosess- og mineralindustri.
Strålevernet har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet. Dette blir gjennomført i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø. Strålevernet deltek òg i arbeidet med forvaltningsplanane og leiar arbeidet i radioaktivitetskomiteen til OSPAR (RSC), i tillegg til å leie ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den blanda norskrussiske miljøvernkommisjonen.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 9 Giftfritt miljø.
Statens strålevern si fremste oppgåve er å styrkje forvaltning og rådgivingsverksemd under Miljøverndepartementets ansvarsområde. Dette omfattar forvaltning og kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar. Arbeidet med å bidra til at utslepp av radioaktive stoff blir unngått eller minimert frå dei ulike kjeldene er sentralt, i tillegg til arbeid med miljøutfordringar i nord- og polarområda, vurdering av norsk oppfylling av OSPARs mål, og formidling.
Midlane i 2014 vil mellom anna verte brukte til oppfølging og tilsyn med verksemder, som har løyve etter avfallsforskrifta om radioaktive utslepp etter forureiningslova. Vidare skal Strålevernet undersøke om også andre verksemder treng tilsvarande løyver – dette gjeld blant anna prosessindustri og gruvedrift. Posten dekkjer utgifter som Statens strålevern har til løn og godtgjersler for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til etaten si samla utgreiings- og rådgivingsverksemd på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet.
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
21 | Miljøovervaking og miljødata | 172 633 | 176 671 | 182 171 |
50 | Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta | 158 759 | 163 998 | 169 738 |
51 | Forskingsprogram m.m. | 167 518 | 190 718 | 214 718 |
53 | Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking | 6 548 | 6 564 | 6 794 |
54 | Artsprosjektet m.m. | 30 000 | 30 000 | |
70 | Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta | 21 083 | 29 288 | 34 288 |
72 | Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik | 14 900 | 14 900 | 13 900 |
73 | Infrastrukturtiltak til miljøinstituttene | 8 920 | 9 114 | 9 433 |
Sum kap. 1410 | 550 361 | 621 253 | 661 042 |
Kap. 1410 Miljøvernforsking og miljøovervaking gjeld forskingsprogram, basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda og verkemiddelkapitlet kunnskap. Regjeringa legg vekt på å vidareføre løyvinga til forsking og overvaking på eit høgt nivå i 2014.
Post 21 Miljøovervaking og miljødata
Posten er styrkt med til saman 5,5 mill. kroner i 2014. Av dette er 3 mill. kroner lagt inn til innføring og gjennomføring av SEATRACK som ein ny del av SEAPOP-programmet. SEATRACK vil på ein kostnadseffektiv måte gi ny kunnskap om arealbruk for sjøfuglbestandane som hekkar i norske koloniar eller som vandrar til norske farvatn. Det er òg lagt inn ein auke på 2,5 mill. kroner til samordning av eksisterande data frå reindrifta og overvaking av rovvilt i ei felles plattform, og vidareutvikling av dette til eit styrings- og forvaltningsverktøy.
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda. Finansiering av dei lange overvakingstidsseriane er framleis prioritert, men finansiering av nokre av dei lange tidsseriane er lagt på kap 1410 post 70, Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta, fordi det er ei sentral nasjonal oppgåve å sikre viktige overvakingsdata for forsking.
Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytt til dei miljøpolitiske resultatområda, under dette utgifter til resultatdokumentasjon og arbeidet med standardisering på miljøområdet. Posten dekkjer òg formidling av resultata som blir oppnådde, blant anna utvikling og drift av Miljøstatus for Noreg på Internett. Midlar til overvaking av vilt- og fiskeressursar som kan haustast, er dekte over andre postar på Miljøverndepartementets budsjett.
Midlane blir nytta til å få fram kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøvernpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å setje mål for miljøvernpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld først og fremst område der det er nødvendig å underbyggje argumenta for tiltak med eit godt kunnskapsunderlag, blant anna utslepp av næringsstoff til vassdrag og fjordområde, sur nedbør og ozon.
Det er i hovudsak forskingsinstitutt og andre som gjennomfører den praktiske innsamlinga og behandlinga av overvakingsdata.
Situasjonen for tareskogen med tilhøyrande økosystem langs kysten er framleis alvorleg. Kunnskapen vi no har om årsaker til situasjonen gir grunnlag for å setje i verk tiltak. Den vil gi grunnlag for meir målretta tiltak for tareskogen.
Posten dekkjer òg overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, kvalitetssikring av data frå det kommunale kartleggingsprogrammet, bestandsovervaking av rovvilt, sjøfuglprogrammet SEAPOP og auka overvaking av truga og nær truga arter, og naturtypar, blant anna tareskog.
Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Løyvinga i 2014 er foreslått auka med 5,7 mill. kroner til 169,7 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2013, for å styrkje den langsiktige kompetanseoppbygginga i sektoren. Posten dekkjer grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Bioforsk, Jord og miljø på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.
I 2014 vil 5 pst. av grunnløyvinga bli omfordelt etter oppnådde resultat på resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular (avlagte doktorgrader og bistillingar), internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter.
Mål
Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk Institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk Institutt for Vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center) og Transportøkonomisk institutt (TØI) som er sentrale institutt innanfor sine område av miljøvernforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøvernforvaltninga, og skal innanfor sine område tilfredsstille samfunnet sitt behov for å løyse problem på kort og lang sikt.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Norsk forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med Forskingsrådet og det enkelte instituttet for drøftingar av miljøforvaltningas kunnskapsbehov.
Post 51 Forskingsprogram m.m.
Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområde.
Løyvinga er foreslått auka med 24 mill. kroner til 214,7 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2013. Forsking på kulturminne, miljøgifter og klima er foreslått styrkt med høvesvis 2, 5 og 12 mill. kroner. Det er sett av 2 mill. kroner til forsking på kongeørn og sørsamisk reindrift som Miljødirektoratet administrerer. Dei andre midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd. Administrative utgifter og nasjonale forskingsaktivitetar ved dei europeiske fellesprogramma (Joint Programming Initiatives – JPIar) på områda vassforvaltning, kulturminne og byforsking er foreslått styrkt med 4,75 mill. kroner.
Mål for miljøvernforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøvernarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøvernforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøvernsamarbeid.
Hovudvekta er lagt på forsking om klimaendringar, under dette forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking om biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. Miljøverndepartementet ønskjer å sikre at også dei mindre fagområda får naudsynt prioritet i både det nasjonale og det internasjonale arbeidet. Forsking er nærare omtalt under dei enkelte resultatområda i Del III i denne proposisjonen. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøvernforsking i alle relevante delar av verksemda til Noregs forskingsråd.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøvernforvaltninga valde inn i programstyra.
Mål for Noregs forskingsråd
Noregs forskingsråd forvaltar tilskot frå i alt 16 departement. Det er utvikla eit felles mål- og resultatstyringssystem (MRS) for departementa sine tildelingar av midlar til Noregs forskingsråd. Systemet vart teke i bruk frå og med budsjettåret 2010. Målstrukturen består av eit overordna mål som er operasjonalisert i tre mål med tilhøyrande delmål. Basert på desse måla er det utvikla eit sett med styringsparameter som vil vere grunnlaget for Forskingsrådets rapportering til departementa. Departementa samarbeider med Forskingsrådet for å utvikle det nye MRS-systemet vidare.
Måla for departementa sine tildelingar er som følgjer:
Overordna mål:
Forskingsrådet skal medverke til at Noreg utviklar seg som kunnskapssamfunn. Noreg skal vere blant dei fremste samfunna i å utvikle, dele og ta i bruk ny kunnskap. Forskinga skal framskaffe kunnskap som kan auke verdiskaping og velferd, svare på samfunnsutfordringane og utvide grensene for vår erkjenning.
Mål 1: Auka kvalitet, kapasitet og relevans i norsk forsking i heile landet
Mål 2: God ressursutnytting og formålstenleg arbeidsdeling, samhandling og struktur i forskingssystemet
Mål 3: Resultata av forskinga blir tekne i bruk i næringsliv, samfunnsliv og forvaltning i heile landet.
For nærare omtale av systemet og måla, sjå Prop. 1 S (2013–2014) Kunnskapsdepartementet.
Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking
Mål
Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).
Oppfølging og kontroll
Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som tek hand om den norske medlemskapen.
Post 54 Artsprosjektet m.v.
Mål
Det norske Artsprosjektet vart etablert i 2009. Det finst truleg rundt 55 000 arter i Noreg. Så langt er vel 41 000 av desse funne. For svært mange av artene har vi likevel mangelfull og dårleg grunnleggjande kunnskap. Samtidig er det eit sterkt behov for å styrkje kunnskapen om arter (biosystematikk). Artsprosjektet er oppretta for å fylle desse kunnskapshola og å byggje opp vitskapeleg kompetanse slik at vi i framtida er betre rusta til å kartleggje artsmangfaldet vårt. Artsdatabanken er ansvarleg for gjennomføringa av prosjektet og samarbeider nært med det svenske Artprosjektet ved ei bilateral samarbeidsavtale underteikna hausten 2009.
Denne løyvinga låg tidlegare på kap. 1400 post 21 Spesielle driftsutgifter.
Oppfølging og kontroll
Mandatet for Artsprosjektet er vedteke av Miljøverndepartementet. Artsdatabanken har ansvaret for gjennomføringa av Artsprosjektet, og Artsprosjektet får årleg budsjett- og styringssignal av departementet via Miljødirektoratet. Artsdatabanken er ansvarleg for å rapportere planar, budsjettforslag og årsrapportar til Miljøverndepartementet, og for å halde departementet fortløpande orientert om arbeidet.
Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta
Posten er foreslått auka med 5 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2013. Auken skal gå til finansiering av lange overvakingstidsseriar ved NINA.
Mål
Målet er å syte for at alle miljøinstitutta har ressursar til fagleg rådgiving til miljøvernforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøvernforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, kvalitetssikring av data, vidareføring av viktige lange overvakingstidsseriar, og etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar m.m.
Løyvinga inkluderer 3,2 mill. kroner til driftsstøtte for luftmålestasjon NILU på Zeppelinfjellet ved Ny-Ålesund.
Det ligg òg inne 4 mill. kroner i driftsstøtte til CIENS som har fått ansvar for å drifte ny miljøprøvebank. Vidare ligg det 1,15 mill. kroner til CICERO.
Rapport for 2012
I 2012 vart løyvinga mellom anna nytta til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i nasjonale og internasjonale organ, databasetenester, oppretthalding av algesamling som nasjonal referansesamling, vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av ville laksebestandar, nasjonal beredskap for konservering av kulturhistorisk viktige gjenstandar, driftsstøtte for målestasjonen på Zeppelinfjellet, Ny-Ålesund, referanselaboratorium for målingar av luftforureining og atmosfærisk korrosjon, og til kompetansesenter for planlegging og konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova.
Oppfølging og kontroll
Det er ein føresetnad at institutta drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med relevante etatar og Miljøverndepartementet. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.
Post 72 Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik
Posten er redusert med 1 mill. kroner til 13,9 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2013.
Mål
Løyvinga skal sikre utviklinga av GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om helse og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.
Rapport for 2012
I 2012 var løyvinga mellom anna nytta til fagleg rådgiving til, og møtedeltaking for, miljøvernforvaltninga, rapportar til Direktoratet for Naturforvaltning om GMO-høyringar og vurdering og rådgiving om GM-vaksine, og til forskingsprosjekt for å utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget for vurdering av helse- og miljøkonsekvensar av genmodifiserte organismar. Dette er prosjekt innan mikro- og molekylærbiologi, immunepidemiologi og økologi, virologi, økotoksikologi og økosystem, og samfunnsvitskaplege aspekt ved moderne bio- og nanoteknologi.
Oppfølging og kontroll
Det er ein føresetnad at instituttet drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet. Det blir motteke rapport og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med instituttet for å drøfte prioriteringar.
Post 73 Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta
Posten er auka med 0,3 mill. kroner til 9,4 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2013.
Mål
Løyvinga skal sikre drift av NINAs forskingsstasjon på Ims som blir nytta til overvaking av villaks, med 3 mill. kroner, og skal òg støtte andre naudsynte infrastrukturtiltak i institutta.
Rapport for 2012
I 2012 vart løyvinga mellom anna nytta til maskinvare for berekning av klimaprosessar og lagring av vitskapelege data, elementanalyse av materialar i kulturminne, vidareutvikling av databasen for den nasjonale reisevaneundersøkinga, vidareutvikling av feltstasjon på Langtjern i Buskerud til ein nasjonal overvakingsstasjon for klimaeffektar i vatn, ekkolodd til fiskeforsking, og utstyr for måling og overvaking av lang- og kortliva kjemiske klimapådrivarar.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for bruken av infrastrukturtiltaka i samband med drøftingane av dei nasjonale oppgåvene.
7 Omtale av kapittel og post
Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining
Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld alle resultatområda.
I samband med opprettinga av Miljødirektoratet 1. juli 2013 vart det gjort endringar under programkategori 12.20 og 12.40, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013. Kap. 1427/4427 Direktoratet for naturforvaltning, kap. 1426/4426 Statens naturoppsyn og kap. 1441/4441 Klima- og forureiningsdirektoratet vart lagde ned og midlane flytt til nytt kap. 1420/4420 Miljødirektoratet under programkategori 12.20. Kap. 1425 held fram som tidlegare. Programkategori 12.20 fekk samtidig ny nemning Klima, naturmangfald og forureining. I 2014-budsjettet er programkategori 12.40 lagt ned og postane under tidligare kap. 1445, kap. 1447 og kap. 1448 flytta til kap. 1406–1408 under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging og internasjonalt arbeid.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er på 2,903 mrd. kroner i 2014. Tabellen under syner at dette er ein auke på 60,5 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2013. Men tabellen tek ikkje omsyn til at midlane under kap. 1441–1448 låg utanfor programkategorien i 2013. Når ein inkluderar midlane under kap. 1441, men held utanfor midlane under kap. 1445, kap. 1447 og kap. 1448, er det ein auke på 309 mill. kroner eller 11,9 pst. samanlikna med saldert budsjett 2013.
Den største auken innanfor kategorien er på 243 mill. kroner og gjeld CO2-kompensasjonsordning for industrien. Dernest kjem ein auke på 100 mill. kroner til skogvern og 65 mill. kroner til utbetaling av pant for bilvrak.
Dei største reduksjonane er at løyvinga til nasjonalparkerstatningar går ned med 57,5 mill. kroner i takt med at erstatningsoppgjera går mot slutten, og at 46,4 mill. kroner til verneområdeforvaltarane er flytta til kap. 1510 under Fornyings, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Budsjettmidlar til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging, artsprosjektet og liknande) er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
1420 | Miljødirektoratet | 2 817 997 | |||
1425 | Vilt- og fisketiltak | 84 713 | 85 400 | 84 700 | -0,8 |
1426 | Statens naturoppsyn | 224 794 | 209 197 | -100,0 | |
1427 | Direktoratet for naturforvaltning | 1 355 330 | 1 514 492 | -100,0 | |
Sum kategori 12.20 | 1 664 837 | 1 809 089 | 2 902 697 | 60,5 |
Kap. 1420 Miljødirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 719 049 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter | 163 224 | ||
22 | Statlege vassmiljøtiltak | 174 700 | ||
25 | Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar | 430 | ||
30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast | 44 080 | ||
31 | Tiltak i verneområder, kan overførast | 60 693 | ||
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast | 164 528 | ||
35 | Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast | 331 091 | ||
39 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79 | 19 558 | ||
69 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79 | 39 845 | ||
70 | Tilskott til vassmiljøtiltak, kan overførast | 20 800 | ||
72 | Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving | 150 755 | ||
73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast | 64 600 | ||
74 | CO2-kompensasjonsordning for industrien | 243 000 | ||
75 | Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving | 346 320 | ||
76 | Refusjonsordningar, overslagsløyving | 57 000 | ||
77 | Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m. | 7 149 | ||
78 | Friluftsformål, kan overførast | 103 588 | ||
79 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69 | 1 264 | ||
81 | Verdensarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 24 100 | ||
82 | Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 28 089 | ||
84 | Internasjonalt samarbeid | 1 434 | ||
85 | Nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter, kan overførast | 52 700 | ||
Sum kap. 1420 | 2 817 997 |
Kap. 1420 er nytt og vart oppretta i samband med at Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet var slått saman 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013.
Midlane under budsjettkapitlet er retta mot alle resultatområde.
Miljødirektoratets rolle og oppgåver
Miljødirektoratet er Miljøverndepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan klima-, naturforvaltning og forureining. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, samt hindre forureining. Dette betyr mellom anna å leggje til rette for beskyttelse av naturen, men òg for berekraftig bruk og verdiskaping.
Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale miljøvernmåla, jf. del III av denne proposisjonen, gir hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Viktige funksjonar for etaten er å utøve mynde, gi faglege råd til departementet, rettleie regionalt og kommunalt nivå, overvake miljøtilstanden og skaffe fram og formidle kunnskap, gjennomføre naturoppsyn/føre tilsyn, samarbeide med aktuelle sektorstyresmakter og medverke i internasjonalt miljøarbeid.
Arbeidet som Miljødirektoratet utfører er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal politikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.
På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med klimagassrekneskapen, under dette utsleppsrekneskapen, og overvaking av klimaendringar. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerar alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid.
På naturforvaltningsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med etablering og forvaltning av verneområde samt forvaltning av truga arter og naturtypar, under dette etablering og forvaltning av prioriterte arter og utvalte naturtypar. Andre viktige oppgåver er forvaltning av rovdyr, vassforvaltning, marin naturforvaltning og forvaltning av villaks, innlandsfisk og haustbart vilt. På same måte som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under Konvensjonen om biologisk mangfald. Eit delsekretariat for kapasitetsbygging under det internasjonale naturpanelet (etter modell av klimapanelet) er under etablering i Miljødirektoratet.
Tilrettelegging for friluftsliv og sikring av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver. Etaten medverkar vidare til at omsynet til langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved arealplanlegging etter plan- og bygningslova.
Statens naturoppsyn er ei avdeling i Miljødirektoratet og har ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden og med at reglane i miljølovgivinga blir følgde.
På forureiningsområdet er arbeidet med å redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, arbeidet for å reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre overgjødsling og nedslamming i vassdrag og langs kysten og å førebyggje og hindre oljeforureining viktige oppgåver. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid om strengare regulering av miljøgifter og betre forvaltning av kjemikaliar og farleg avfall. Direktoratet er òg ansvarleg nasjonal styresmakt med koordineringsansvar for oppfølging og gjennomføring av EU-forordninga REACH (Registrering, evaluering, godkjenning av kjemikaliar) i Noreg. I tillegg medverkar etaten til å auke ressursutnyttinga og å redusere miljøproblem knytte til avfall og har viktige oppgåver i arbeidet med å redusere luft- og vassforureining. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobasert tilsyn.
Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg, og rapporterer dette fortløpande til resten av miljøforvaltninga, andre sektorar og allmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no. Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos fylkesmannen. Dei konkrete miljømåla som Miljødirektoratet arbeider for er omtalte under resultatområde og verkemiddelområda i del III.
Gevinstrealiseringsplan for Miljødirektoratet
I tida framover vil oppgåver og organisering i det nye direktoratet bli gjennomgått. Det vil fram mot sumaren 2014 bli utarbeida ein gevinstrealiseringsplan.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda og består av 01-postane som tidlegare låg under kap. 1426 Statens naturoppsyn, kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1441 Klima- og forureiningsdirektoratet.
Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til verksemda ved direktoratets to hovudkontor i Trondheim og Oslo og dei lokale kontora til Statens naturoppsyn rundt omkring i landet. Meir spesifikt dekkjer posten lønn til faste og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon/formidling og drift av miljøinformasjonssystem og nettstader som Miljøstatus i Noreg, Miljokommune.no, kvoteregisteret og produktregisteret. Posten dekkjer òg drift av CO2-kompensasjonsordninga, jf omtale under post 74. For ei vidare utgreiing om kva slags føremål løyvinga går til, viser vi til omtala under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» i innleiinga til dette budsjettkapitlet.
Midlar til lønn og drift av verneområdeforvaltarane på 46,4 mill. kroner er flytta frå posten til kap. 1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings, administrasjons- og kyrkjedepartementet.
Det er lagt inn 10 mill. kroner til nye naturrettleiarstillingar ved nasjonalparksentra; 0,5 stilling knytt til kvar av sentra Stabbursnes naturhus og museum, Norsk Bremuseum i Fjærland og Breheimsenteret i Luster, ei stilling knytt til kvar av sentra Øvre Pasvik Nasjonalparksenter, Halti Nasjonalparksenter, Nordland Nasjonalparksenter, Femundsmarka Nasjonalparksenter på Røros, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Stryn, Norsk Fjellmuseum, Lom, Folgefonna Nasjonalparksenter, Rosendal, og det nye nasjonalparksenteret ved Færder nasjonalpark i Vestfold.
Vidare er posten auka med 6 mill. kroner som blant anna skal nyttast til utvikling av statleg planretningslinje, og følgje opp lokale styresmakter og fylkeskommunar.
Grunna auka husleigeutgiftar og investeringsutgifter i samband med at den delen av Miljødirektoratet som ligg i Oslo flytter til nye lokale i 2014, er det lagt inn 6 mill. kroner.
Posten er auka med 5 mill. kroner til å styrkje tilsyns- og kontrollfunksjonen hos fylkesmennenes miljøvernavdelingar.
Det er lagt inn 3 mill. kroner til oppfølging, kontroll og evaluering i samband med forslaget til nye reglar for motorferdsel i utmark og den nye forsøksordninga for 40 kommunar. Til same formål er det lagt inn 5 mill. kroner til Politiet under Justisdepartementet. Til lønn og administrative utgifter i samband med igangsetjing av eit prosjekt for å stimulere til kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde, er det lagt inn 0,5 mill. kroner, jf. òg omtale under kap. 1420 post 78.
Posten er auka med 2,5 mill. kroner til utvikling og implementering på REACH regelverk og 0,9 mill. kroner til klimagassregnskap.
Til kompensasjon for lønnsoppgjeret i staten i 2014 er det lagt inn 6,9 mill. kroner.
Om lag 103 mill. kroner av løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet får oppdragsmidlar frå andre instansar for. Mellom anna utfører direktoratet med heimel i fleire forskrifter oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinar betaler. Utgiftene til desse oppgåvene er budsjetterte til om lag 30 mill. kroner og inntektene blir førte under kap. 4420 post 04.
Vidare dekkjer posten utgifter på 27 mill. kroner til fylkesmennene sitt arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. inntekter under kap. 4420 post 06. Inntektene blir tilbakeførte til fylka ved at Miljødirektoratet utferdar belastningsfullmakt på denne posten til fylkesmennene.
Posten dekkjer òg utgifter på om lag 29 mill. kroner ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420 post 09.
Til utgiftene på 10,6 mill. kroner til kontroll og verifisering av kvotepliktige verksemder er det i samsvar med EUs reglar knytt gebyr som er førte under kap. 4420 post 07.
Kostnadene på 4,3 mill. kroner ved drifta av jegerprøveordninga og kontrollen med merkje- og registreringspliktig dødt vilt er dekt av gebyr over kap. 4420 post 08.
Utgifter knytt til oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er òg dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420 post 01.
Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420 postane 01, 04, 06, 08 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda, og er sette saman av løyvingane på dei tidlegare 21-postane under kap. 1426 Statens naturoppsyn, kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning og kap. 1441 Klima- og forureiningsdirektoratet.
Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt som direktoratet utfører, mellom anna i samband med skogvern, marin verneplan, tematiske verneplanar, nasjonalparkar og drift av forvaltningsordningar, inkludert utgifter til drift av tilsynsutval og verneområdestyre. Vidare er direktoratets utgifter i samband med verdsarvområda finansierte frå posten, likeins oppfølging av norske forpliktingar i Ramsarkonvensjonen, norsk implementering av det europeiske verneområdenettverket Emerald Network, oppfølging av vassforskrifta, verneplan for vassdrag og juridisk bistand til kommunar til arbeid med strandsona. I løyvinga ligg òg midlar til heilskapleg forvaltning av norske havområde.
Posten finansierer òg arbeidet med prioriterte arter og utvalde naturtypar og andre truga og verdifulle arter, arbeidet med naturindeks, oppfølging av strategi mot framande og skadelege arter, norsk oppfølging av det globale naturpanelet, og arbeidet med genmodifiserte organismar. I samband med rovvilt dekkjer posten drift av nasjonalt fagråd for overvaking av rovvilt og møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene.
Andre oppgåver som er dekte av posten er spesielle prosjekt knytte til lokalt klimaarbeid, arbeidet med internasjonalt kjemikaliearbeid, arbeidet med å stanse bruk og utslepp av miljøgifter og til oppfølging av forslag i stortingsmeldinga om helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Løyvinga skal elles nyttast til å styrkje internasjonal regulering av miljøgifter og kartlegging av miljøgifter.
Posten dekkjer óg utgifter direktoratet får ved å måtte fjerne spesielle typar avfall slik som eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.
Delar av tenestekjøpet som Statens naturoppsyn gjer hos Fjellstyra blir dekt over posten. Tenestekjøpet frå Statens naturoppsyn til Fjellstyra omfattar mellom anna oppsynstenester, skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområde, skadedokumentasjon i samband med rovdyrtap, naturovervaking m.v. og blir dekt frå fleire postar under Miljøverndepartementets budsjett. Samla tenestekjøp skal i 2014 vere på minst 7 mill. kroner.
Posten er styrkt med 1 mill. kroner til fellestiltak, utarbeiding av felles informasjonsmateriale og andre prosjekt for nasjonalpark- og naturinformasjonssentra. Det er vidare lagt inn 1 mill. kroner til arbeidet mot mårhund og 1 mill. kroner til oppfølging av arbeidet med vass-skuter. Posten er redusert med 5 mill. kroner av midlane til utarbeiding av faggrunnlaget for prioriterte arter og utvalde naturtypar for å gjere mogleg andre prioriteringar i budsjettet.
I tillegg er posten redusert med 3 mill. kroner til utvikling av REACH-regelverk.
Post 22 Statlege vassmiljøtiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
22.1 | Kalking | 71 000 | ||
22.2 | Anadrome laksefisk | 73 500 | ||
22.3 | Generell vassforvaltning | 30 200 | ||
Sum post 22 | 174 700 |
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 22. Posten rettar seg primært mot resultatområde Livskraftige elvar og innsjøar, men er elles relatert til resultatområda 1 Levande hav og kyst og 8 Aktivt friluftsliv.
Posten dekkjer ulike vassmiljøtiltak som ikkje er tilskot, under dette midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) og heilskapleg vassforvaltning. Tilskot til same føremål blir dekte over post 70.
Underpost 1 dekkjer kjøp av kalkingstenester. Ein gjer framlegg om å redusere beløpet med 10 mill. kroner for å gjere det mogleg med andre prioriteringar i budsjettet.
Underpost 2 dekkjer tiltak, samt forsking og utvikling knytt til forvaltning av anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, bevaring i genbank og styrking av kunnskapsgrunnlaget. Underposten er styrkt med 1,5 mill. kroner.
Underpost 3 inneheld midlar til heilskapleg vassforvaltning etter vassforskrifta og anna vassforvaltning. Frå post 70 er det flytt 9,7 mill. kroner for utgiftene til vassregionstyresmaktene.
Fleire av bestandane av laks og sjøaure med tilknyting til Hardangerfjorden er truga eller svært sårbare. For å sikra desse bestandane skal det etablerast ein genbank. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 vart det vedteke ei bestillingsfullmakt på 40 mill. kroner til føremålet. Det gjenstår noko arbeid før ein kan konkludere med forslag til ei konkret løyving i saka, og Regjeringa gjer derfor framlegg om å vidareføra fullmakta i 2014, jf. forslag til vedtak V nr. 1.
Post 25 Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 22. Midlane rettar seg mot resultatområde 11 Stabilt klima.
Miljødirektoratet har ansvaret for ei statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar. Formålet med ordninga er å gi verksemder og privatpersonar høve til å kompensere for eigne utslepp ved at dei betaler for utsleppsreduksjon ein annan stad. Ordninga gir publikum høve til å kjøpe og få sletta godkjente klimakvotar på ein enkel måte. Kvar kvote som blir sletta, inneber ein utsleppsreduksjon på 1 tonn CO2. Miljødirektoratet skal prioritere sal mot private bedrifter.
Kvotane skal seljast med eit påslag som skal dekkje administrative kostnader inkludert etablerings- og investeringskostnader. Miljødirektoratet gjer nødvendige justeringar av administrasjonspåslaget slik at sjølvkostprinsippet blir teke vare på, og tilpassar påslaget til ressursbruken knytt til ulike avtaler om sal av klimakvotar. Det er lagt til grunn ein pris (pr. 30.07.2013) på EUA-kvotar på 42 kroner og CER-kvotar på 7 kroner eksklusive gebyr. Prognosane tilseier eit sal av 10 000 kvotar for 2014. Prisane endrar seg kvar dag og er styrt av marknaden. Kvoteprisen er den siste tida redusert og prognosane tilseier lågare sal av kvotar enn tidlegare. Løyvinga er foreslått redusert til 0,43 mill. kroner.
Posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4420 post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Rapportering for 2012
I 2012 selde Klima- og forureiningsdirektoratet totalt 13 828 kvotar, der 4 284 var EUA-kvotar og 9 544 var CER-kvotar.
Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde, kan overførast
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 30, og er retta mot resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.
Midlane på posten vil bli nytta til statleg sikring av nye friluftslivsområde, ved anten offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale). Noko av midlane på posten kan nyttast til enkelte opparbeidings- og tilretteleggingstiltak, til dømes oppføring av toalettbygningar eller opparbeiding av tilkomst i samband med nye sikringar av friluftslivsområde. Noko av midlane kan òg nyttast til nødvendig vedlikehald og rehabilitering av statleg eigde bygningar. Staten bidrar økonomisk til sikring av viktige friluftslivsområde av både nasjonal, regional og lokal verdi. For område av nasjonal og regional verdi kan staten bidra med inntil 100 pst. av kostnadane, for område av viktig lokal verdi med inntil 50 pst. av kostnadane. Det er særleg viktig at område i og ved store befolkningskonsentrasjonar og landfaste område i kystsona med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala blir sikra. Sentrale område ved innlandsvassdrag er òg prioriterte. Staten har sterkt fokus på friluftsliv i nærmiljøet, og viktige friluftslivsområde både i og ved byar og tettstader er prioriterte. Å kunne gjere nye strandområde i befolkningstette område tilgjengelege, er eit konkret tiltak som betrar tilhøva for friluftsliv for mange brukarar. Område i kystsona med landfast samband skal prioriterast framfor område som berre har tilgang med båt.
Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak gjeld bygningar som anten skal rivast eller som kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.
Sikringa blir gjennomført ved erverv eller ved servituttavtale med grunneigar, helst på frivillig grunnlag, men i enkelte tilfelle ved ekspropriasjon. I tillegg til sikring av friluftslivsområde skal midlane dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av desse oppgåvene, til dømes transaksjonskostnader.
Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført og at statens vilkår er oppfylte.
På posten ligg det 2 mill. kroner til vern etter markalova.
Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak VI.
Post 31 Tiltak i verneområde, kan overførast
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1426 post 30. Posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap.
Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter og andre typar tiltak i verneområde. Midlane går til tiltak som er naudsynte for å ta vare på verneverdiane, inkludert utgifter til informasjon, skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur i verneområda. Tiltaka kan òg omfatte etablering av parkeringsplassar i tilknyting til verneområda. 8 mill. kroner av løyvinga er tiltaksmidlar til verneområdestyra. Alle tiltak skal vere i tråd med godkjent forvaltnings-/skjøtselsplan for verneområda og andre relevante styringsdokument.
Regjeringa foreslår til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) ei bestillingsfullmakt under posten på 3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V nr. 1.
Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 32. Posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen). Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.
Det er planlagt at Verne kloster og Tyrifjorden blir verna i 2013, mens Herdla blir verna i 2014. Hovudparten av utgiftene til desse vil komme i 2015 eller seinare. Posten blir fremja utan løyving fordi eventuelle utbetalingar i 2014 vil bli dekte av overført beløp frå 2013.
Ut frå kostnadsoverslaga medfører dette behov for ei tilsegnsfullmakt på til saman 3,9 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 34. Posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen).
Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991–1992) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområde i Noreg i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir i hovudsak fastsette ved minnelege avtaler mens nokre få saker går til rettsleg skjønn.
Forutan erstatning og vederlag skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.
I tråd med venta erstatningsutbetalingar i 2014 gjer ein framlegg om å redusere løyvinga med 57,5 mill. kroner i høve til løyvinga under kap. 1427 i 2013. I takt med at ein ventar at dei fleste erstatningsoppgjera vil vere avklarte og erstatningar utbetalte i 2014 er det ikkje bruk for tilsegnsfullmakta for posten.
Post 35 Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 35. Posten er retta mot resultatområde 4 Mangfaldige skogar. Dette gjer det mellom anna mogeleg å fatte vernevedtak for mange område der det allereie er inngått avtaler om frivillig skogvern.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.
Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a.
Ein gjer framlegg om å styrkje posten med 100 mill. kroner til skogvern.
Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 116,4 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 39. Posten er knytt til resultatområde 9 Giftfritt miljø. Utgiftene må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under postane 69 og 79.
Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunn og sjøbotn som er forureina med miljøfarlege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til å føre vidare arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Fokus for opprydding i forureina sjøbotn er på 17 prioriterte område.
Løyvinga har blitt redusert dei siste åra fordi dei fleste oppryddingsprosjekta var i planleggingsfasen og det økonomiske behovet var derfor avgrensa. Pr. i dag er fleire av prosjekta for opprydding i forureina sjøbotn ferdig kartlagde og vedtekne gjennomført lokalt med lokal delfinansiering slik at gjennomføringsfasen kan begynne.
Vidare dekkjer posten utgifter til opprydding frå enkelte forureina lokalitetar der staten ved miljøforvaltninga er eigar.
Prinsippet om at forureinar betalar ligg til grunn for arbeidet med opprydding av forureina sjøbotn, og så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sjøbotn. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak som for eksempel:
Der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga
Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding
Der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten forskotterer oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og vil krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant
Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling
Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område
Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.
I revidert nasjonalbudsjett for 2012 vart løyvinga på post 39 teknisk justert. Løyvinga vart i tillegg til 39-posten fordelt på to nyoppretta postar; 69 og 79. Prinsippet om at forureinar skal betale ligg til grunn for alle postane. Forslaget om å dele opp løyvinga på denne måten er ei oppfølging av Riksrevisjonens merknader i Dokument 1 (2011–2012) og Innst. 211 S (2011–2012) frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen om utbetaling av tilskot over rett post. Resultata frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2012 er samla under post 79. Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det viktig at finansieringa er føreseieleg. Det er foreslått at Miljøverndepartementet i 2014 kan inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak, men slik at samla ramme for nye forpliktingar og gammalt ansvar ikkje overstig 182,2 mill. kroner. Fullmakta til å inngå forpliktingar kan nyttast til innkjøp av både tenester og materiell og å til å gi eventuelle tilsegner om tilskot, jf. vedtak VII.
Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeidet og anna kunnskapsoppbygging.
Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79.
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 69. Utgiftene må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområde 9, Giftfritt miljø.
Mål
Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn og sjøbotn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff.
Kriterium for måloppnåing
For forureina sjøbotn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Sediment skal ikkje føre til alvorlig forureining» og indikatoren «Mengd utvalte helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved mudring/tildekking slik at dei ikkje lenger utgjer kjelde til alvorlege forureiningsproblem» (sjå òg resultatområde 9.4).
For forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Miljøgifter frå forureina grunn skal stansast» og indikatoren «Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining» (sjå òg resultatområde 9.3).
Rapport for 2012
Resultata frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2012 er samla under post 79.
Tildelingskriterium
I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi, og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt også sjølv medverke med midlar. Sjå òg omtale under kap. 1420 post 39 og 79.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer bl.a. gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.
Post 70 Tilskott til vassmiljøtiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70.1 | Kalking | 7 000 | ||
70.2 | Anadrome laksefisk | 6 000 | ||
70.3 | Generell vassforvaltning | 7 800 | ||
Sum post 70 | 20 800 |
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 70. Posten samlar alle tilskotsmidlane til ulike vassmiljøtiltak. På same vis som post 22 er delt inn i midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrome laksefisk og heilskapleg vassforvaltning, er post 70 delt inn etter tilskotsmidlar for desse føremåla. Frå underpost 3 er det i samband med utgifter til vassregionstyresmaktene flytta 9,7 mill. kroner til post 22.
I høve til resultatområdeinndelinga, er tilskotsordningane under posten primært retta mot resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar, men er elles relaterte til resultatområda 1 Levande hav og kyst og 8 Aktivt friluftsliv.
Kalking
Mål
Målsetjinga med tilskotsordninga er å redusere negative effektar på naturmangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør.
Kriterium for måloppnåing
God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalkingsverksemda.
Rapport for 2012
Tilførsla av sur nedbør er sterkt redusert dei seinaste åra, men den positive utviklinga har flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 10 pst. av arealet i Noreg forsuringsskadd og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen. Arbeidet med revisjon av denne protokollen er fullført og nye utsleppsforpliktingar for 2020 vart vedtekne i mai 2012.
Totalt blir 21 lakseførande elvar i Noreg kalka. I dei elvane der laksen har gått tapt grunna sur nedbør, er det etablert nye laksestammer. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 45-50 tonn (10-12 pst. av all laks fanga i norske elvar). Optimaliseringsprosjekt er planlagt i Rogaland eller Aust-Agder (heilt eller delvis). Lokale kalkingsprosjekt er i rute. Rapportar om kalkavslutning i lokale prosjekt – Oslo/Akershus og Hordaland i år – blir følgde opp.
Innafor resultatområde Livskraftige elvar og innsjøar er tilskotsordninga særleg retta mot dei nasjonale måla 2.2, 2.5, 2. 6 og 2.7, jf statusrapportering under desse.
Tildelingskriterium
Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. I tillegg vil bl.a. førekomst av organismar og fiskeslag som er følsame for forsuring bli vurderte ved prioritering av prosjekt. Prosjekt som er inkluderte i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking for perioden 2011–2015 og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda, blir prioriterte. Tilskot kan bl.a. bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk og nødvendige installasjonar. Det blir òg gitt tilskot til fiskekultivering og utprøving av alternative kalkingsmetodar.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.
Anadrom laksefisk
Mål
Målsetjinga med tilskotsordninga er å leggje til rette for betre forvaltning og bevaring av vill anadrom laksefisk.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing å medverke til dei nasjonale måla for viltlevande anadrom laksefisk.
Rapport for 2012
Posten finansierte berre kalkingsverksemd i 2012, og resultatrapporten tek berre føre seg denne, jf. omtale over.
Tildelingskriterium
Det kan gis tilskot for t.d. informasjon om og bevaring av viltlevande anadrom laksefisk. Praktisk nytta forskings- og utgreiingsverksemd, overvaking og tiltak for å betre tilgangen til fiske for allmenta kan òg få tilskot. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering, dugnadsarbeid, kultiveringstiltak o.a. Tilskotsmottakarar er t.d. fiskarlag, grunneigarlag og jeger- og fiskarforeiningar. I tillegg kan forskingsinstitusjonar, landsdekkjande organisasjonar og kommunar søkje om tilskot.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgt opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.
Generell vassforvaltning
Mål
Målsetjinga med tilskotsordninga er eit godt økologisk og kjemisk vassmiljø. Hovudtiltaket er arbeid i utvalde vassområde med særskilte utfordringar.
Kriterium for måloppnåing
God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta.
Rapport for 2012
Posten finansierte berre kalkingsverksemd i 2012, og resultatrapporten tek berre føre seg denne, jf. omtale over.
Tildelingskriterium
Det kan ytast tilskot til instansar som har ansvar i den regionale vassforvaltninga. Til desse blir det gitt tilskot til arbeid i vassområda. Det kan òg ytast tilskot til organisasjonar for å sikre medverknad og informasjon i planarbeidet, og til kommunar i utvalde vassområde med særskilte utfordringar.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.
Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
72.1 | Erstatning for husdyr | 75 378 | ||
72.2 | Erstatning for tamrein | 75 377 | ||
Sum post 72 | 150 755 |
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 72. Posten er retta mot resultatområda 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslåtte fjellandskap. Posten omfattar erstatningar for dokumentert og sannsynsleggjort tap av husdyr og tamrein som følgje av rovdyrangrep. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving.
Frå underpost 1 er det innafor løyvinga flytta 13,2 mill. kroner til underpost 2 i tråd med faktiske utbetalingar for respektive husdyr og tamrein dei siste åra.
Mål
Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.
Rapport for 2012
Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldane reglar. I 2011 vart det òg gjennomført ei utgreiing av endringar i ordningane. Forslaga vart sende på høyring i 2012, og det er venta at tilpassingar og justering for husdyr får verknad for 2014. Endringane skal leggje til rette for betre datasamordning med landbrukssida, og eit klårare definert ansvarsområde for dyreeigarar og styresmakter. For å kunne setje i verk endringar i erstatningsreglar for rein trengst det betre underlag som kan identifisere andre tapsårsaker. Resultat av oppgjeret blir som rutine rapportert gjennom ei nettside, der ein kan sjå på erstatning for dei aktuelle reindriftsåra eller for beitesesongen for sau. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå let det til å vere ein god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak, og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje ein tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgitte forhold knytte til klima, beitegrunnlaget o.a.
Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 4.6 og 5.6.
Tildelingskriterium
Erstatningar blir utbetalte i samsvar med «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 2. juli 1999 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.
Oppfølging og kontroll
Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjonen av skadane er betra mykje dei to siste åra som følgje av at innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp. Det er Statens naturoppsyn som gjennomfører skadedokumentasjonen.
Post 73 Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 73. Posten er retta mot resultatområda 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslåtte fjellandskap. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, under dette godtgjering til lokale fellingslag og tilskot til Rovviltkurssenteret i regi av Norges Jeger- og Fiskerforbund.
I 2013 vart ordninga omarbeidd, slik at vilkår og prioriteringar knytte til behandling av søknader vart regulerte i ei føresegn. Dette vil føre til betre nasjonal styring og heilskapelege vurderingar hos rovviltnemndene og fylkesmannsembeta.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003–2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003–2004), og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010–2011)).
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak.
Rapport for 2012
I 2012 vart det behandla i alt 580 søknadar om konkrete førebyggjande tiltak, og det vart behandla 223 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Det kan ut frå statistikk over erstatningsutbetaling for skade/tap av sau, sjå ut til at tapa går ned med ein auke i avsette midlar til tiltak. Reduksjon i tapsomfanget kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av både rovviltførekomst og prioritering av tiltak. Det er ikkje gjennomført evaluering av ordninga basert på enkelttiltak. På overordna nivå kan ein likevel sjå at det truleg er større verknad av tiltak som blir sette inn mot bjørne- og ulveskadar, enn mot jerv og gaupe. Ein viktig konsekvens av dette er at det vil vere målretta regulering av rovviltbestandane som i størst grad påverkar jerv og gaupeskadar.
Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 4.6 og 5.6 Ettersom det har vore særs gode erfaringar med eit system der brukarar sender søknad elektronisk, er det no òg lagt til rette for at alle rapportar kan sendast inn på same vis. Dette vil føre til ei betre oversikt over oppnådde resultatet og brukarane si vurdering av måloppnåinga ved dei einskilde tiltaka. Resultata vert publiserte på ei nettside slik at alle kan ta del i vurderingane.
Tildelingskriterium
Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter ei føresegn fastsett i 2013. Det er utarbeidd ei eiga nettside for bl.a. å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengeleg for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber bl.a. at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltningsorgana, blant anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår.
Oppfølging og kontroll
Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.
Post 74 CO2-kompensensasjonsordning for industrien
Posten er ny og vert foreslått med ei løyving på 243 mill. kroner.
Mål
Ordningas mål er å kompensere norsk industri for auka kraftpriser som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Kompensasjonen skal minke faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga vart godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan ESA: september 2013. Ordninga er i tråd med retningslinjer EU har vedtatt for statsstøtte knytt til CO2-kompensasjon.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga minker faren for karbonlekkasje.
Tildelingskriterium
Ordninga omfattar industriverksemder i alle 15 sektorar som i høve til EUs retningsliner har muligheit for støtte. Dette inkluderer blant anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling.
Ordninga vil ikkje gjelde for langsiktige kraftavtaler inngått før 2005. Vidare skal industrien sin eigen kraftproduksjon komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. Ordninga skal gjelde for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020.
Utbetaling av kompensasjonen skjer etterskotsvis. Dette inneber at det for støtteåret 2013 må løyvast pengar for utbetalingar i samband med statsbudsjettet for 2014.
Rapport for 2012
Posten er ny i 2014 og det er derfor ikkje noko å rapportere for 2012.
Oppfølging og kontroll
Ordninga vil administrerast av Miljødirektoratet, som i handsaming av søknadane kontrollerar om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det vil rapporterast om bruken av midler til EFTA sitt overvåkingsorgan og til Stortinget i samband med budsjettet.
Post 75 Utbetaling for pant av bilvrak, overslagsløyving
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 75. Ordninga rettar seg mot resultatområde 9, Giftfritt miljø. Posten er auka med 65 mill. kroner for 2014. Talet på innleverte bilvrak har ligge stabilt på om lag 120 000 bilvrak årleg, men har auka i 2013. Anslag på antall vrak ligg no på 140 000, og innsamlingsnivået kan óg auke i 2014.
Mål
Målet med vrakpantordninga er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy gir produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er ein del av kapittel 4 i avfallsforskrifta om kasserte køyretøy. Sjølv om ansvaret er lagt på produsentar og importørar, vil Regjeringa inntil anna er avgjort vidareføre dagens statlege avgifts- og panteordning.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga bidrar til å auke innlevering av bilvrak slik at de i kan tas hand om på en forsvarleg måte.
Tildelingskriterium
Vrakpanten blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling.
Ordinær vrakpant for 2014 er sett til 3 000 kroner, same nivå som i siste halvår av 2013 jf. Prop. 150 LS (2012–2013).
Rapport for 2012
I 2012 vart det samla inn 120 000 bilvrak, som er ein auke på 3,5 pst. frå 2011, då det vart samla inn 116 000 bilvrak. Dette skuldast truleg ei auking i nybilsalet.
Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 9.1, 9.2, 9.3, 9.7 og 9.8.
Oppfølging og kontroll
For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant blir vrakmeldinga kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.
Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 76. Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområde 9, Giftfritt miljø, 10 Rein luft og 11 Stabilt klima. Posten dekkjer dessutan utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøstyresmaktene har behov for i samband med administrering av ordningane.
Det har vist seg vanskeleg å stipulere utbetalingar til ordninga og overslaga har variert.
Refusjon av smørjeoljeavgifta
Mål
Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.Prop. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.
Tildelingskriterium
Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer med meir) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av blant anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte i forhold til førehandstilsegna.
Rapport for 2012
Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i underkant av 90 pst. og har vore stabil dei siste åra. I 2011 vart det totalt samla inn 38 426 m3 der 25 125 m3 hadde rett til refusjon. I 2012 vart det samla inn 40 618 m3 spillolje, der 25 581 m3 hadde rett til refusjon. Det vart utbetalt om lag 49,3 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,11 kroner pr. liter. Differansen mellom refusjon og innlevert mengde skuldast i stor grad at innsamla mengde inneheld ein del vatn.
Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 9.7 og 9.8. Refusjonen har gjort det attraktivt å levere inn spillolje som eigaren elles måtte betale for å levere, og har derfor medverka til å gi oss ein høg innsamlingsgrad
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga blir teken vare på gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.
Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)
Mål
Målet med ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall, og den er eit verkemiddel som skal medverke til at avgiftssystemet verkar optimalt.
Trikloreten (TRI) er ei miljøgift. Bruk og utslepp skal reduserast vesentleg. TRI, som er eit løysemiddel som først og fremst blir brukt til avfeitting i industrien, vart frå 1. januar 2000 pålagt avgift, jf. St.Prop. nr. 1 (1999–2000) Skatte, avgifts- og tollvedtak. Posten dekkjer utbetaling av refusjon og utgifter til informasjon og administrasjon av ordninga. Det har dei siste åra vore svært få utbetalingar gjennom ordninga som følgje av at bruken av ny TRI er kraftig redusert, og det er ikkje venta vesentlege endringar i framtida.
Tildelingskriterium
TRI-haldig avfall skal leverast til godkjent mottak eller behandlingsanlegg for farleg avfall, og ein vil få delvis refusjon av den innbetalte avgifta for den mengd TRI som finst i avfallet. For å stimulere til raskare utfasing av bruken av TRI vart refusjonssatsen sett til 25 kroner pr. kilo, noko som utgjer under halvparten av avgiftssatsen.
Rapport for 2012
I 2011 vart ein søknad om utbetaling av refusjon motteken og innvilga. I 2012 var det ingen søknadar om refusjon.
Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 9.7 og 9.8.
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga skjer gjennom statistikk over årleg innsamla mengd TRI. Anlegg som tek imot farleg avfall og gjenvinningsverksemda skal vere godkjende av Miljødirektoratet.
Avgifta har medverka til ein kraftig reduksjon i etterspørselen etter ny TRI. På grunn av dei små mengdene som er i bruk og som er omfatta av refusjonssystemet, vil ein vurdere om det er føremålstenleg å vidareføre refusjonsordninga eller om ein kan sikre innlevering av TRI-haldig avfall på andre måtar.
Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)
Mål
Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. Hydrofluorkarbon (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.
Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege hjelpemedium og mindre bruk av dei mest skadelege HFK/PFK-gassane, stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for ordninga er aktørar som har HFK- og PFK-haldig avfall.
Tildelingskriterium
Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er leverte.
Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.
Rapportering 2012
I 2011 vart ingen tankar med HFK/PFK sende til destruksjon. Det vart samla inn fire tankar i 2012.
Innhaldet i tankane er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, då PFK-gassar er svært lite brukt i Noreg.
Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 10.9 og 11.2.
Oppfølging og kontroll
Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3. Mengd HFK/PFK som blir samla inn og sendt til destruksjon varierer mykje frå år til år. Grunnen er at gassen blir innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir den sendt til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir sendt til destruksjon utløyser om lag 3-5 mill. kroner til utbetaling i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.
Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m. m.
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 83 og kap. 1441 postane 71 og 74. Posten er tredelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot alle resultatområda.
Tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet.
Ordninga låg tidlegare under kap. 1441 post 71. Tilskotsordningane til frivillige miljøorganisasjonar og tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk er sett i samanheng og vart lagt om i statsbudsjettet for 2012. Ein del av omlegginga innebar at frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar med ei utprega forureiningsfagleg avgrensing vart flytta til denne ordninga.
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.
Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.
Tildelingskriterium
Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.
Ordninga omfattar tilskot til:
Norsk vannforening
Norsk forening mot støy
Tilskot til LOOP
Avfall Norge sin «Hold Norge Rent»-kampanje
For 2014 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2013. Tilskot til den einskilde organisasjonen blir utbetalt etter søknad.
Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot.
Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar bli følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.
Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon
Ordninga låg tidlegare under kap. 1441 post 74.
Mål
Miljømerking er eit viktig ledd i ein førebyggjande miljøvernpolitikk og gir informasjon til og bevisstgjering av forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder om miljøvennlege val. Miljømerking er òg viktig for å fremje miljøtiltak langs heile produktkjeda, frå uttak av råvarer til produktet blir avfall. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagte krav. Ordningane er nærare omtalte i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon.
Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking.
Kriterium for måloppnåing
Miljøverndepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med utvikling av miljøkriterium slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning, slik at forbrukarane får betre høve til å gjere miljørette val. Dette vil blant anna vere produktgrupper der innhald av helse- og miljøfarlege stoff og utslepp av klimagassar er eit problem. Det skal òg fokuserast på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor dei områda der det er utvikla kriterium og til å gi forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på Stiftelsen Miljømerking sitt resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.
Oppfølging og kontroll
Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
Naturfaglege organisasjonar
Ordninga låg tidlegare under kap. 1427 post 84.
Mål
Ordningane under posten skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innan natur- og forureiningsområda for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.
Tildelingskriterium
Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.
Det er rekna med tilskot til:
Foreininga Våre Rovdyr
Norsk Biologforeining
Norsk Botanisk Foreining
Norsk Entomologisk Foreining
Norsk Ornitologisk Foreining
Noregs Sopp- og nyttevekstforeining
Norsk Zoologisk Foreining
For 2014 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2013. Tilskot til den einskilde organisasjonen blir utbetalt etter søknad.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 postane 74 og 78. I budsjettet for 2014 er det lagt inn ei styrking på 15,3 mill. kroner. Posten er retta mot resultatområde 8 Aktivt friluftsliv, spesielt dei nasjonale måla 8.1, 8.2, og 8.3. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 18 mill. kroner på posten, der 15 mill. kroner er til aktivitetar og tiltak i samband med Friluftslivets år 2015 og 3 mill. kroner er til anskaffingar i samband med kjøp og reparasjonar av båtar i Skjergardstenesta, jf. forslag til vedtak VI.
Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtala under.
Tilskot til friluftsaktivitet
Mål
Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga, med vekt på særskilte grupper slik det framgår under tildelingskriterium.
Tilskotsordninga er styrkt med 7,6 mill. kroner, og har ei økonomisk ramme på 29,29 mill. kroner.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 8 Aktivt friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.
Rapport for 2012
Totalt vart det i 2012 gitt 16,6 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 10,3 mill. kroner direkte frå Direktoratet for naturforvaltning, mens lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 6,2 mill. kroner frå fylkeskommunane. Totalt søkte omkring 500 søkjarar om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var 68 mill. kroner. Midlane frå posten dekte berre 30 pst. av det totale søknadsbeløpet.
Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til deltaking i friluftslivsaktivitetar, t.d. personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminnevern. Eksempel på tiltak er DNTs prosjekt «Skolens naturpartner», Kristen Idrettskontakt «Aktivitet under open himmel», Noregs Jeger- og Fiskarforbund sine prosjekt «Friluftsliv i skuleverket», «Fiskesommar», Noregs Klatreforbund sitt prosjekt «Bredde i høyden», Noregs Orienteringsforbunds prosjekt «Turorientering med kulturminneposter», Noregs Padlarforbund sitt prosjekt «Et inkluderande padlermiljø», Noregs Turmarsjforbunds prosjekt «Norgeslekene», Skiforeininga sitt prosjekt «Friluftsglede for alle», Norsk Kennel Klub sitt prosjekt «Barn og ungdom aktive med hund» og Syklistanes Landsforeinings prosjekt «Alle barn sykler». Miljødirektoratet vil òg trekkje fram Friluftsrådas Landsforbund sitt prosjekt «Læring i friluft» som er retta mot tilsette i skule og barnehagar og Landsforeininga for fysisk fostring som har fått støtte til «Kompetanseheving for å fremme friluftsliv i skolen». Elektronisk søknadssenter er no teke i bruk fullt ut, og frå neste år vil truleg rapporteringa skje fullt ut elektronisk.
Arbeidet med Nærmiljøsatsinga, som starta i 2011, vart vidareført i 2012. 7 lokale prosjekt, geografisk spreidde i landet, er knytte til satsinga som pilotar. Desse har fått økonomisk støtte på til saman 2,5 mill. kroner, og tett oppfølging og fagleg hjelp i 2012. Vidare er samarbeid og koordinering med andre statlege aktørar og frivillige organisasjonar sentralt i Nærmiljøsatsinga. Eit eksempel på dette er prosjektet Aktiv i Friluft i regi av Friluftslivets Fellesorganisasjon, som òg fekk økonomisk støtte. Den Norske Turistforeining har òg i 2012 vore ein viktig samarbeidspartnar både lokalt gjennom nokre av pilotprosjekta og gjennom sentralorganisasjonen. Dialogen med andre statlege etatar har vore vidareført som del av Nærmiljøsatsinga. Helsedirektoratet, Husbanken og Statens Vegvesen har vore viktige samarbeidspartar i 2012.
Tildelingskriterium
Det blir primært gitt støtte til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til materiell og utstyr, som for eksempel telt, fiskestenger og liknande. Barn, unge, barnefamiliar, personar med nedsatt funksjonevne, personar med innvandrarbakgrunn og grupper som ikkje allereie er fysisk aktive er særleg prioriterte. Det er vidare eit mål med ordninga å fremje innlandsfiske som fritidsaktivitet, og tilskot til aktivitet i samband med Sportsfiskets år 2014 skal prioriterast. Videre skal tiltak som medverker til å gjere synlege og formidle kulturminne som opplevingsverdi i friluftsliv og IKT-baserte produkt og tenester som kan medverke til at fleire blir aktive og tek del i friluftsliv prioriterast. Tiltak som blir gjennomførde i nærmiljøet, med særleg vekt på byar og tettstader, er særleg prioriterte. Primær målgruppe er lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Tilskot til friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn
Mål
Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn. Det er vidare eit mål med ordningen å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.
For å styrkje arbeidet med å få fleire personar med innvandrarbakgrunn til å begynne med friluftsliv, blir ordninga auka med 2 mill. kronar i 2014, slik at samla ramme blir 5 mill. kroner.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 8 Aktivt friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.
Rapport for 2012
Som eiga ordning er denne ny frå 2013. Det vart då avsett midlar til tiltak og aktivitetar med føremål å styrkje integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i friluftsliv. For omtale av midlar som blant anna er retta mot personar med innvandrarbakgrunn i 2012, visar vi til rapport under ordninga Tilskot til friluftslivstiltak og ordninga Interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv.
Tildelingskriterium
Det blir primært gitt støtte til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan også bli gitt støtte til utstyr og materiell som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetane. Tiltak som fremjar friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn er målgruppa. Innanfor målgruppa er barn, unge, barnefamiliar og personar som er lite fysisk aktive prioriterte. Tiltak som blir gjennomførde i nærmiljøet, med særleg vekt på byar og tettstader, er særleg prioriterte, saman med tiltak som medverkar til å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles. Vidare er tilskot til å utarbeide informasjon om friluftsliv, som kan nyttast av organisasjonar og kommunar i deira arbeid med personar med innvandrarbakgrunn prioritert, saman med tilskot til oversetjing av informasjon om friluftsliv og turhøve på nettbaserte løysingar og appar.
Sentralleddet til lag og organisasjonar med etablerte lokallag og aktivitet i tre eller fleire fylke kan søkje på ordninga.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Driftsstøtte til Friluftsrådenes landsforbund, Interkommunale friluftsråd, Friluftslivets fellesorganisasjon og Forum for natur og friluftsliv
Mål
Ordninga har ei økonomisk ramme på 20,82 mill. kroner. Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmenta sine interesser for deltaking i friluftsliv gjennom det arbeidet som skjer gjennom dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar.
Friluftsrådenes Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda, og har i dag 22 tilslutta interkommunale friluftsråd. Det blir gitt administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda. Det er et mål at flest mulig kommuner er med i et interkommunalt friluftsråd.
Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) er paraplyorganisasjon for 15 friluftslivsorganisasjonar med til saman nesten 722 000 medlemsskap. FL, FRIFO og Samarbeidsrådet for naturvern (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). Frå posten blir det gitt administrasjonsstøtte til FRIFO og til FNF.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.
Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane og friluftsråda sitt arbeid med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.
Rapport for 2012
Totalt vart det i 2012 tildelt 8 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL og til å utvide FLs engasjement geografisk. Det er ein markert auke i interessa for interkommunalt samarbeid om friluftsråd. I 2012 auka talet på friluftsråd frå 20 til 22 og i tillegg er det nye kommunar som melder seg inn i eksisterande friluftsråd. Det er no totalt 196 kommunar som er medlem i friluftsråd, og som omfattar 70 pst. av landet si befolkning.
Samla har friluftsråda hatt rekordhøg omsetning i 2012 på om lag 100 mill. kroner. Arbeidet har blant anna resultert i etablering av 342 km nye turstigar og 45 km turvegar der arbeidet er gjort i eigen regi av friluftsråda og i samarbeid med andre. Friluftsråda har etablert 11 nye toalett og 17 utstyrsbasar. I 2012 har friluftsråda hatt spesielt fokus på folkehelseutfordringar knytte til inaktivitet. Friluftsråda har medverka til friluftsaktivitet ved å arrangere opne turar for 16 500 deltakarar, og i tillegg medverka til turar med omkring 60 000 deltakarar. Det er arrangert kurs for 4 600 lærarar, barnehagetilsette m. fl. Det er òg gjennomført særskilte tiltak for folk med minoritetsbakgrunn (3 800 deltakarar) og funksjonsnedsetjingar (2 000 deltakarar). Friluftsråda har vidare uttalt seg i 226 høyringssaker. Friluftsråda har i tillegg fortløpande forvaltningsansvar for omkring 500 sikra friluftsområde, 1000 km med turstigar, 150 km skiløyper og 130 km turvegar. Fleire friluftsråd har òg stort fokus på å kunne tilby allmenta eit friluftstilbod gjennom kystleihytter.
Når det gjeld Forum for Natur og friluftsliv (FNF) har sentralgruppa nytta stønaden til å gjennomgå og revidere styringsdokument for drift av FNF. Styringsdokumentet tydeleggjer oppgåver, roller, ansvar og rutinar for samarbeidet i FNF. Det er litt over halvparten av fylka som har fulle koordinatstillingar (80-100 pst. stilling), men fylka har likevel gjort eit betydeleg arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.
Tildelingskriterium
Ordninga skal gi grunnstøtte til FL, dei interkommunale friluftsråda, FNF og FRIFO.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege møte med FL, FNF og FRIFO.
Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde
Mål
Ordninga gir økonomisk tilskot til naturvennlig skjøtsel og opparbeiding av statleg sikra friluftslivsområde, med mål at disse blir tilgjengelige og attraktive. Ordninga har ei økonomisk ramme på 23,07 mill. kroner.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.
Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.
Rapport for 2012
Budsjett for 2012 var 24,5 mill. kroner. Av budsjettet vart fylkeskommunane tildelt 20,96 mill. kroner for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. I tillegg gjorde Miljødirektoratet en direkte tildeling av 3,54 mill. kroner til Malvik og Stjørdal kommune for grunnleggjande istandsetjing av dei tidlegare forsvarseigedommane Midtsand og Håmmårsbukta.
Det er ulik tildeling av budsjettmidlar mellom fylka, og fordelinga vart utført på grunnlag av fylka sitt totale tal statlege friluftslivsmidlar, og om det låg føre forvaltningsplanar for friluftslivsområda som dokumenterer behov for tiltaksmidlar. I gjennomsnitt vart fylka i 2012 tildelt 1,1 mill. kroner.
Totalt mottok fylkeskommunane i 2012 omkring 250 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 56 mill. kroner. Tiltaka var totalt kostnadsberekna til 100 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det vart i 2012 gitt statleg støtte til omkring 200 tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging, for eksempel turveg og badebrygge i Kroksand friluftslivsområde i sentrum av Hvaler kommune, badebrygge med landgang i Sjøvollbukta friluftslivsområde i Asker kommune, brygge for ilandstiging og turveg i Austre Randholmen friluftslivsområde i Kristiansand kommune, rullestolstig i Vikaengene friluftslivsområde i Selbu kommune og utrullingsmatter for rørslehemma i Sørvika i Lenvik kommune. I tillegg vart det gitt statleg støtte til tiltak som generelt betrar tilgjenget til friluftslivsområda, som parkering, tilkomstvegar og bruer, og til tiltak som kan stimulere til aktivitet, som for eksempel turvegar, kyststigar og badebrygger.
Tildelingskriterium
Midlane skal nyttast til ulike praktiske tiltak og skjøtsel i statleg sikra friluftslivsområde, jf. omtale av slik sikring under kap. 1420 post 30. Statleg eigd areal som har fått ny bruk som sikra friluftslivsområde er òg omfatta av ordninga. Både kommunar og friluftsråd kan søkje om midlar. Prioriterte vert naturvennlege tiltak for opparbeiding, skjøtsel og anna praktisk tilrettelegging med grunnlag i godkjend forvaltningsplan for å kunne betre tilhøva for mange brukarar og ulike brukargrupper. Prioriterte er òg tiltak som gjer synleg kulturminne på dei statleg sikra friluftsområda, tiltak som fremjar fritidsfiske og auka tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Skjergardstenesta
Mål
Ordninga gir statlege budsjettmidlar til drift av skjergardstenesta, inkludert kjøp og vedlikehald av båtar knytte til tenesta. Ordninga har ei økonomisk ramme på 19,7 mill. kroner.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.
Måloppnåinga blir vurdert ut frå aktiviteten til skjergardstenesta.
Rapport for 2012
Skjergardstenesta hadde i 2012 eit relativt normalt driftsår, og gjorde ein god jobb og oppnådde gode resultat i alle driftseiningar. Det vart teke i bruk flotte nye arbeidsbåtar i tre område i 2012 (Hvaler, Larvik/Sandefjord og Færder driftseining) som gir betre grunnlag for å oppnå gode resultat også i åra framover.
Tildelingskriterium
Midlane skal dekkje utgiftene til den praktiske drift og forvaltning av skjergardsparkar og andre offentleg sikra friluftsområde langs kysten, knytt til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden, Skjergardsparkane på Sørlandet og Vestkystparken. Tilskot blir gitt både til friluftsråd og kommunar.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkesmannen og skjergardstenesta i dei tre regionområda.
Andre tilskot frå posten
2,5 mill. kroner frå posten skal i 2014 overførast FRIFO til arbeidet med dagleg leiing og planlegging av Friluftslivets år 2015. Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og informasjonsarbeid.
Det er sett av 3,2 mill. kroner i tilskotsmidlar til eit nytt prosjekt for å stimulere til kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde i heile landet. Til leiing av prosjektet er det sett av midlar under kap. 1420 post 01.
Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1441 post 79. Utgiftene må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under post 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområde 9 Giftfritt miljø.
Mål
Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap/verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og gjennomføre oppryddingstiltak i grunn og sjøbotn som er forureina med miljøfarlege stoff.
Kriterium for måloppnåing
For forureina sjøbotn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Sediment skal ikkje føre til alvorleg forureining» og indikatoren «Mengd utvalte helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved mudring/tildekking slik at dei ikkje lenger utgjer kjelde til alvorlege forureiningsproblem» (sjå òg resultatområde 9.4).
For forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet om at «Miljøgifter frå forureina grunn skal stansast» og indikatoren «Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining» (sjå òg resultatområde 9.3).
Rapport for 2012
Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.
Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn er godt i gang. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta. Oppryddinga i Tromsø vart avslutta i 2012 og i Oslo hamn vil dei mindre gjenståande arbeida bli ferdige i 2013. I Kristiansand er dei viktigaste tiltaka gjennomførte og i Trondheim er opprydding ved Killingdal gruver ferdigstilt, mens opprydding i hamneområdet er planlagt gjennomført i perioden 2012–2015.
Gjennom å samkøyre oppryddingsprosjekt med andre planlagde aktivitetar sikrar ein framdrift, og ein oppnår ei heilskapleg gjennomføring med både miljøvise og økonomiske fordelar. I Harstad skal for eksempel miljøoppryddinga samkøyrast med Kystverkets mudring av farleier, som er ein del av Nasjonal transportplan. Oppryddingsprosjektet starta sommaren 2012 og er planlagt ferdigstilt ved årsskiftet 2013/2014. I Sandefjord blir det arbeidd med ein finansieringsplan for opprydding av fjorden. Også i dei andre av dei 17 prioriterte områda blir det arbeidd aktivt, både med kartlegging av forureining og gjennomføring av tiltak i delområde. I tillegg har Miljødirektoratet pålagt ei rekkje trafikk- og industrihamner å undersøkje kva hamneverksemda medfører av forureining, og fylkesmenn har bede skipsverft om å utgreie tiltaksplanar dersom undersøkingar har vist at det er oppryddingsbehov – noko det så langt har vist seg å vere dei fleste stadene.
Ressursbruken under ordninga har i hovudsak samanheng med nasjonalt mål 9.4. I dei fleste områda stammar forureininga frå gamle synder, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane er derfor ofte nødvendige for at oppryddinga av forureina sjøbotn skal bli gjennomført.
Tildelingskriterium
Posten skal nyttast til delfinansiering av utgreiings- og oppryddingskostnader. Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn ved vurdering av om det skal givast tilskot.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer bl.a. gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.
Post 81 Verdsarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv, kan overførast, kan nyttast under post 21
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 71 og 81. Posten gir tilskot til tre føremål: Forvaltningstiltak i verdsarvområde (9,6 mill. kroner), utvalde kulturlandskap (7 mill. kroner) og verdiskaping basert på naturarven (7,5 mill. kroner). Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen).
Forvaltningstiltak i verdsarvområde
Mål
Målet med tilskot til forvaltningstiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap.
Rapport for 2012
Oppfølging av norske verdsarvområde med naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftelsar på staden som mottek tilskot til drift og gjennomføring av forvaltningstiltak innanfor rammer sett i forvaltningsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2012 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvaltning i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar blant anna forvaltningsplanlegging og utarbeiding av skjøtselsplanar. Det er utarbeidd miljøanalysar og gjennomført vegetasjonskartlegging for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for naturovervaking og målretta skjøtsel. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og utvikla vidare gjennom tiltak retta mot barn og unge og besøkande. Initiativ med målsetjing å utvikle betre besøkshandtering, redusert forureining og miljøsertifisering er sette i gang eller førte vidare.
Tildelingskriterium
Dei aktuelle verdsarvområda er Vegaøyan som vart tekne inn på UNESCOs verdsarvliste i 2004, og det vestnorske fjordlandskapet med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden som vart ført på lista i 2005. Mottakarar er stiftingane Vegaøyan Verdensarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark.
Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429 post 79 Tilskot til Verdsarven.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Utvalde kulturlandskap
Mål
Målet med tilskotet er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap med særskilt høge verdiar knytte til naturmangfald, med vekt på utvalde kulturlandskap i jordbruket og i tillegg dei prioriterte områda i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap i jordbruket og prioritering av nasjonalt verdifulle kulturlandskap.
Rapport for 2012
Midlane til kulturlandskap er delt i to ordningar: ei til utvalde kulturlandskap i jordbruket og ei til område prioritert i nasjonal kartlegging av kulturlandskap eller som seinare er kome til som svært viktige kulturlandskap etter den nasjonale kartlegginga. Midlane til utvalde kulturlandskap inngår i ei spleiseordning med landbruk til ein pott på til saman 14 mill. kr. Midlane i begge ordningane inngår ofte som delfinansiering med tilskotsordningar innan miljø eller landbruk. I 2012 vart det innvilga støtte til i alt 37 tiltak i område prioriterte i nasjonal kartlegging av verdifulle kulturlandskap. I begge ordningane bidreg midlane til å hindre attgroing, gjennomføre skjøtsel av biologisk viktige areal og gjennomføre heilt naudsynte tiltak for å ta vare på nokre av verdiane knytte til heilskaplege kulturlandskap. Ordningane er såleis viktige for å nå miljømåla 6.6 og 6.7, og til dels og 6.1.
Tildelingskriterium
Om lag 6 mill. kroner av kulturlandskapsmidlane skal nyttast i utvalde kulturlandskap i jordbruket. Eit nasjonalt sekretariat leia av Statens landbruksforvaltning, med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer opp arbeidet med identifisering og forvaltning av områda i samarbeid med fylka som har ansvaret for praktiske tiltak. Prosjektet er samfinansiert over jordbruksavtala og Miljøverndepartementets budsjett. Områda som er utvalte (22 område i 2012) blir tildelt midlar via Fylkesmannen og sekretariatet for ordninga. til å halde oppe natur, kultur og landskapsverdiane. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltningsplanar. I tillegg blir det nytta om lag 1 mill. kroner frå posten til tiltak i område prioritert i nasjonal kartlegging av kulturlandskap.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Verdiskaping naturarv
Mål
Verdiskaping basert på naturarven har som hovudmål å medverke til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Arbeidet byggjer på erfaringane frå verdiskapingsprogrammet «Naturarven som verdiskapar». Tilskotet skal medverke til at verdien av naturområda blir auka med kvalitetsheving av infrastruktur, informasjonsskilt, innfallsportar, tilrettelegging, betre samarbeid og kunnskap om verneområda og andre prosjekt for verdiskaping i koplinga mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn som mange kan ha nytte av. Tilskotet skal mellom anna gå til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar, under dette nasjonalparksenter, nasjonalparklandsbyar og kommunar.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.
Rapport for 2012
Verdiskapingsprogrammet «Naturarven som verdiskapar» går over ein 5-årsperiode 2009–2013. I 2009 vart det etter utlysing valt ut 10 prosjekt. Rammene vart auka i 2010 og etter ny utlysing vart 6 nye prosjekt utpeikte, mens eitt falt frå. Eit prosjekt var 3-årig og vart avslutta i 2012. Programmet består derfor av 14 prosjekt som går ut 2013. Årleg blir det generert resultatrapport for verdiskapingsprogrammet. Resultata indikerer ei positiv utvikling, spesielt gjeld dette talet på bedrifter som har utvida verksemda si som følgje av programmet. Dei prosjekta som byggjer vidare på tidlegare satsingar har komme lengst når det gjeld økonomisk verdiskaping. Det er eit krav om 50 pst. eigenfinansiering i prosjekta. Dei viktigaste finansieringskjeldene er kommunar og fylkeskommunar. Fleire finansieringskjelder har blitt involverte, bl.a. reiselivsbedrifter, andre næringsaktørar og Innovasjon Noreg, eit teiken på auka lokal involvering og medverknad. Miljøvis og økonomisk verdiskaping har blitt høgt prioritert i prosjekta. Kulturell og sosial verdiskaping har òg høg prioritet, men noko lågare enn den økonomiske og miljøvise.
Tildelingskriterium
Tilskot blir tildelte konkrete tiltak knytte til verdiskaping med utgangspunkt i naturarven, og til leiing av prosjekta som får støtte. Prosjekta skal ha potensial for miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Prosjekta skal medverke til at måla for ordninga blir nådde. Døme på utviklingsprosjekt og tiltak er tilrettelegging av stigar for korte turar, attraksjonar som kanaliserer ferdsel, naturfagleg kompetanseheving for reiselivsbedrifter, sykkelstigar, fotoskjul og nasjonalpark som merkevare for stadutvikling. Prosjekta skal ha ein overføringsverdi slik at kunnskap om korleis naturarven kan medverke til verdiskaping blir bygd opp og spreidd. Prosjekt som får tilskot må stille med 50 pst. lokal innsats eller finansiering.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot og gjennom at Fylkesmannen deltek i dei styrande organa for prosjekta, der det vert fatta avgjerder bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap.
Post 82 Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
82.1 | Tilskotordning – prioriterte arter | 16 627 | ||
82.2 | Tilskotordning – utvalde naturtypar | 11 462 | ||
Sum post 82 | 28 089 |
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 82. Posten er oppretta som følgje av naturmangfaldlova og er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap (kulturlandskapsdelen). Posten er delt i to underpostar, ein for prioriterte arter og økologiske funksjonsområde for prioriterte arter, og ein for utvalde naturtypar. Tiltak for bevaring av hubro er òg inkludert i posten med fokus på tiltak mot elektrokusjon. Posten er redusert med 5 mill. kroner i høve til tilsvarande løyving i 2013 for å gjere mogleg andre prioriteringar i budsjettet.
Prioriterte arter, inkludert hubro
Mål
Målet med tilskotsordninga er å ta vare på dei plante- og dyrearter i Noreg som blir valde ut som prioriterte arter. Målet er òg å ta vare på dei økologiske funksjonsområda til prioriterte arter. Når det gjeld hubro, er målet å gjennomføre naudsynte tiltak for hindre at hubro døyr som ei følje av at dei nyttar straumstolpar som sitjeplass, og kjem i kontakt med straumførande luftleidningar.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til prioriterte arter og økologiske funksjonsområde. Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet stolpar/konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utvikling i hubrobestanden i desse områda.
Rapport for 2012
Det vart gitt 4,6 mill. kroner i tilskot til 105 søknader om tiltak for prioriterte arter i 2012 (unnateke hubro). Midlane er gitt til konkrete tiltak, som f. eks. skjøtsel av lokalitetar med svartkurle, raud skogfrue og honningblom. Vidare er det gitt tilskot til biotopforbetrande tiltak som f. eks. salamanderdammar, overvintringsplassar for flaggermus og styrking av bestandar av elvemusling og edelkreps, gjerding og informasjon.
Tiltaka er sette i verk innanfor utarbeidde handlingsplanar og faggrunnlag, noko som skal styrkje artene sine høve til å overleve i lokalitetane.
Ressursbruken under ordninga har samanhengen med nasjonalt mål 1.5, 2.4, 3.3, 4.4, 5.3 og 6.8.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til tiltak som sikrar prioriterte arter og til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som medverkar til å ta vare på eller gjenopprette økologiske funksjonsområde for prioriterte arter. Midlane til hubro skal i hovudsak gå til konkrete tiltak som å isolere straumleidningar, få fortgang i arbeidet med å flytte transformatorstasjonar ned på bakken, byggje plattformer som hubro kan sitje på, og andre tiltak som vil medverke til å redusere den generelle belastninga på hubro i samanhang med kraftlinjer. Noko av midlane kan òg nyttast til å kartleggje stolpekonstruksjonar som utgjer ein fare for hubro. Det blir lagt opp til eit nært samarbeid med netteigarar, og det skal normalt stillast krav om medfinansiering frå aktuell samarbeidspart.
Oppfølging og kontroll
Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Utvalgte naturtypar
Mål
Målet med tilskotsordninga er å ta vare på utvalde naturtypar.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til førekomstar av utvalde naturtypar.
Rapport for 2012
Det vart i 2012 gitt 23,7 mill. kroner i tilskot til 300 søknader for utvalte naturtypar.
I løpet av 2012 kom alle fylke i landet med i oppfølgingsarbeidet for kulturmark. Ved utgangen av 2012 var rundt 380 verdifulle A eller B lokalitetar av slåttemark (D01), slåttemyr (D02) og lauveng (D17) under oppfølging. Av ulike årsaker er ikkje rapporteringa fullstendig på korleis dette fordelar seg på A- og B-område, men i 2012 vart dette oppgitt for 160 A-område og 129 B-område. Rundt 150 lokalitetar kom med i oppfølging gjennom handlingsplanar i 2012. Tilskotsmidlane har gått til skjøtsel, restaurering, kursverksemd og skjøtselsplanarbeid. Handlingsplanarbeidet så langt viser at både tilbakeføring av slåtteenger under gjengroing, og framhalden hevd på lokalitetar som er i god hevd frå før gir gode resultat med omsyn til å bevare ein god tilstand av naturtypen.
Vel 40 område med kystlynghei har fått tilskot til skjøtsel, restaurering, planlegging, informasjon og investeringar i tråd med tilskotsreglane i 2012. Rogaland er det fylket som har flest kystlyngheilokalitetar i skjøtsel.
2 område med haustingsskog har motteke tilskot til restaurering og til informasjon i 2012. Talet på haustingsskoglokalitetar under restaurering og skjøtsel er venta å auke i 2013.
Det er gjennomført trepleie og skjøtsel etter 25 søknader for hole eiker, det er gitt tilskot til ni kalksjøar for reetablering av algar og tiltak mot forureining, og til ein kalklindeskog for skjøtsel. Det er òg starta eit større prosjekt med skjøtsel av ein lokalitet med ålegraseng.
Tildelingskriterium
Midlane skal gå til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som medverkar til å ta vare på førekomstar av utvalde naturtypar. Det kan blant anna givast tilskot til skjøtsel, som t.d. rydding, hogst, slått, brenning, trepleie, ringbarking, lauving og styving, forynging av tresjiktet, inkludert plan for dette, tilpassa driftsform i jord- og skogbruk, tilpassa beiting, restaurering, som t.d. rydding av buskoppslag og tre, tilbakeskjering av styvingstre, gjerding, informasjon og kartlegging i samband med tiltak.
Målgruppene for ordninga er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå. I tillegg kan privatpersonar, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar (for eksempel museum, universitet, landbruksføretak, forskingsinstitusjonar) søkje om tilskot. Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein godkjend skjøtselsplan, eller stille som vilkår at plan blir utarbeidd.
Oppfølging og kontroll
Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Post 84 Internasjonale avtaler og medlemskap
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 75. Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 6 Verdifulle kulturmiljø og kulturlandskap.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar, og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.
Tildelingskriterium
Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:
Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)
Conseil International de La Chasse (CIC)
International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)
Wetlands International (WI)
BirdLife International (BI)
Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)
Den norske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)
Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)
Posten skal dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske organisasjonen for laksevern North Atlantic Salmon Conservation Organization (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.
Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.
Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.
Post 85 Nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter, kan overførast
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 76. Tilskotsordninga på posten er i hovudsak retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap, 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap og 8 Aktivt friluftsliv. Løyvinga er auka med 9 mill. kroner til utstillingar og informasjonsarbeid samt til autorisering av nye sentra. I tillegg er det løyvd 10 mill. kroner over post 01 til nye naturrettleiarstillingar ved nasjonalparksentra og 1 mill. kroner over post 21 til fellestiltak for alle sentra.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre etablering og drift av nasjonalparksenter og naturinformasjonssenter. Sentra sin hovudfunksjon er å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar og medverke til ei god forvaltning av natur- og verneområde. Enkelte senter er i tillegg knutepunkt for den nye forvaltningsmodellen for verneområde.
Hovudmålet er at sentra skal spreie kunnskap og skape merksemd om naturmangfaldet. Dei skal medverke til lokal berekraftig verdiskaping gjennom måten dei blir drivne på. Sentra skal inspirere folk til å ville lære meir om naturmangfaldet og skape auka engasjement. Sentra skal òg leggje til rette for godt samspel med lokale interessentar for å utvikle berekraftige aktivitetar utanfor og i verneområde.
Sentra skal vere spydspissar i kvalitetsformidling av kunnskap om nasjonalparkar, villrein, våtmark, rovdyr og villaks til lokalbefolkninga og tilreisande, spesielt barn og unge.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing for sentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentra viser at dei fyller autorisasjonskrava.
Rapport for 2012
Det er i 2012 gitt grunntilskot til autoriserte nasjonalparksenter og etter søknad gitt tilskot til fornying av utstillingar og informasjonstiltak, og tilskot til opparbeiding og tilrettelegging av forvaltningsknutepunkt. Det vart i 2012 starta ei autorisasjonsordning for rovviltsenter og våtmarkssenter. I 2012 vart det autorisert fem våtmarkssenter; Nordre Øyeren våtmarkssenter, Holmen våtmarkssenter, Ørland våtmarkssenter, Jæren våtmarkssenter og Oslo våtmarkssenter. To rovviltsenter; Bjørneparken i Flå og Namskogan familiepark vart òg autoriserte. Det er vidare gitt tilskot til senter for laks, villrein og til informasjonstiltak gjennom Klimapark 2469 med fokus på klimaendringar og naturfaglege aspekt og verneverdiar i Jotunheimen nasjonalpark. Sentra som fekk tilskot i 2012 var Norsk Villreinsenter, Kunnskapssenter for laks og vassmiljø, Namskogan familiepark, Bjørneparken i Flå, Breheimsenteret, Femundsmarka nasjonalparksenter, Folgefonna nasjonalparksenter, Halti Nasjonalparksenter, Hardangervidda nasjonalparksenter, iNasjonalparkar, Jostedalsbreen nasjonalparksenter, Lierne nasjonalparksenter, Nordland nasjonalparksenter, Norsk Bremuseum, Norsk Fjellmuseum, Stabbursnes naturhus og museum, Ytre Hvaler Nasjonalparksenter, Øvre Pasvik nasjonalparksenter, Balsfjord Våtmarkssenter – Midt-Troms Museum, Holmen Natursenter, Oslo våtmarkssenter, Jæren våtmarkssenter, Nordre Øyeren Naturinformasjonssenter, Kjerringøy våtmarkssenter, Ørland Våtmarkssenter, Gjesværstappan – informasjonssenter for sjøfugl, Runde Miljøsenter, Bunova i Vingelen.
Ressursbruken under ordninga har samanhengen med nasjonalt mål 3.6, 5.4, 4.9 og 5.9.
Tildelingskriterium
Tilskot blir gitt til forprosjektering og etableringskostnader, drift, informasjonsformidling og kompetanseutvikling ved sentra.
Autorisasjonsordninga for nasjonalparksenter, rovviltsenter og våtmarkssenter som vart utvikla i 2012, held fram i 2014. I autorisasjonen ligg krav sentra må oppfylle og retningslinjer dei bør følgje, men som ikkje er absolutte krav. Miljødirektoratet har ansvaret for å autorisere og kvalitetssikre sentra. Autorisasjonen gjeld for fem år om gongen og kan fornyast. Miljøstyresmaktene kan krevje reautorisasjon tidlegare enn føresett dersom det blir gjort endringar i krava i perioden. Utvikling av felles kjenneteikn (identiteten) for autoriserte senter vil bli sett i samanheng med kommunikasjonsstrategi for nasjonalparkar.
Senter som er autoriserte som nasjonalpark-, rovvilt- eller våtmarkssenter kan søkje om eit årleg grunntilskot. Tilskotet skal dekkje fortløpande aktivitet ved sentra knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, drift av utstilling i sesongen, naturrettleiing osv. Grunntilskotet i 2014 er 800 000 kroner pr. senter. Alle kan søkje om tilskot til nye utstillingar og informasjonstiltak. Det kan òg søkjast om midlar for ekstra publikumstilbod til senter som har størst potensial for å treffe mykje publikum og til å samarbeide med reiselivet, og kompetansetilskot til oppgåver som nøytrale kunnskapsformidlarar/ kompetansesenter ikkje kan dekkje innanfor det generelle grunntilskotet.
Tilskotsordninga omfattar òg drift av dei to informasjons- og kompetansesentra for villrein på Skinnarbu i Tinn kommune og på Hjerkinn i Dovre kommune. Villreinsentra sin hovudfunksjon er å formidle kunnskap om villrein, livsvilkåra den har, krav til leveområde m.v., og på denne måten medverke til ei god forvaltning av villreinen i Noreg. Tilskot til stiftelsen Kunnskapssenter for laks og vassmiljø i Namsos er omfatta av posten. Det same er støtte til Klimapark 2469, der tilskot blir gitt til Norsk Fjellmuseum som er autorisert nasjonalparksenter for Jotunheimen. Etablering av infrastruktur og bygg til forvaltningsknutepunkt for nasjonalparkar er òg dekt av posten.
Tabell 7.2 Type senter
(i 1000 kr) | |
---|---|
Type senter | |
Autoriserte nasjonalparksenter | 23 700 |
Forvaltningsknutepunkt, nasjonalparkar | 6 600 |
Villreinsenter | 6 600 |
Autoriserte naturinformasjonssenter, våtmark | 7 000 |
Autoriserte naturinformasjonssenter, rovvilt | 6 700 |
Klimapark 2469 | 1 100 |
Laksesenter, Namsos | 1 000 |
Sum | 52 700 |
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer årsmelding og revidert rekneskap, og budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentra rapporterer tal på besøkande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukarundersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret, og på andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.
Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til nasjonalparksenter på 2 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Kap. 4420 Miljødirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Oppdrag og andre diverse inntekter | 1 363 | ||
02 | Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar | 567 | ||
04 | Gebyr, forureiningsområdet | 29 759 | ||
06 | Gebyr, fylkesmannsembetas miljøvernavdelingar | 27 000 | ||
07 | Gebyr, kvotesystemet | 10 600 | ||
08 | Gebyr, naturforvaltningsområdet | 4 298 | ||
09 | Internasjonale oppdrag | 29 084 | ||
Sum kap. 4420 | 102 671 |
Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter
Løyvinga er satt saman av løyvingane på 01-postane under kap. 4426 og 4427, og 05-posten under kap. 4441.
På posten er det budsjettert med enkelte ulike oppdragsinntekter og leigeinntekter som direktoratet har i samband med utleige av nokre kontorlokale og sitt konferansesenter i Oslo. Oppdragsinntektene er hovudsakeleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog. På posten blir òg ført ymse inntekter, som frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1420 post 01 Driftsutgifter.
Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 02 Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 4441 post 02. På posten blir ført inntekter frå frivillig kjøp av klimakvotar. Posten har ei løyving på kroner 430 000 i budsjettet for 2014, ein reduksjon frå 2,161 mill. kroner i budsjettet for 2013.
Ein viser òg til omtale under kap. 1420 post 25 Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar.
Post 04 Gebyr, forureiningsområdet
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 4441 post 04.
Posten er redusert med 5,5 mill. kroner bl.a. i samband med nedjusterte overslag for F-gassforordninga. I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet. Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:
gebyr frå utferding av sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (forskrift om fluorerte gassar). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til blant anna lekkasjetesting og kvalifikasjonar til teknisk personell
gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta)
gebyr for tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av forskrift om klassifisering og merking m.v. av farlege kjemikaliar
gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kjøp av tenester ved drift av systemet
gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret), i medhald av avfallsforskrifta. Alle som omset elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg pliktar anten å ha eit eige retursystem som tek seg av desse produkta når dei blir avfall, eller å melde seg inn i eit kollektivt retursystem som tek seg av desse forpliktingane på deira vegner.
gebyr for eksport og import av avfall. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall må ha løyve til dette.
I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, som for eksempel:
Gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidprodukt. Biociddirektivet vart ein del av EØS-avtala i 2003 og har blitt implementert i norsk lovverk gjennom biocidforskrifta. Biociddirektivet krev at nasjonale styresmakter etablerer gebyrordningar som dekkjer dei kostnadene styresmaktene har ved gjennomføring av direktivet.
Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 06 Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 4441 post 06. Forureiningsforskrifta vart frå 2007 endra slik at Fylkesmannen kan krevje gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll. Fylkesmannens gebyrinntekter er førte under denne posten.
Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 07 Gebyr, kvotesystemet
Miljødirektoratet forvaltar kvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene sine årlege utsleppsrapportar blir kontrollerte og verifiserte av Miljødirektoratet.
I tråd med føresegnene i kap. 9 i kvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved dette arbeidet finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Det er ikkje knytt meirinntektsfullmakt til denne posten. Som følgje av endringar i kvotesystemet som fører til lågare kostnader knytte til godkjenning av utsleppsrapportar og tildeling av klimakvotar, vil det bli sendt på høyring eit forslag om lågare gebyrsatsar.
Miljødirektoratet har òg ansvaret for å etablere og drifte det elektroniske kvoteregisteret. Utslepp av CO2 frå luftfart er òg omfatta av kvoteplikta.
Post 08 Gebyr, naturforvaltningsområde
Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, til utgifter i samband med merkjepliktig vilt, og til utgifter ved kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftskonsesjonar.
Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr. Gebyret blir ført vidare på 280 kroner. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1420 post 01 Driftsutgifter til å drive eksamensordninga.
Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret er sett til 400 kroner pr. individ. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1420 post 01.
Miljødirektoratet tok i 2012 i bruk sin heimel til å krevje refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova § 57-58 og den enkelte konsesjon.
Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene under posten låg tidlegare under kap. 4427 post 09 og kap. 4441 post 09.
Inntektene under posten kjem frå Utanriksdepartementet, Norad og andre, og skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420 post 01 til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, for eksempel institusjonsbygging i samarbeidsland. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare og trappa opp. I samband med dette er posten i 2014 foreslått styrkt med 9 mill. kroner. Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 28 260 | 15 000 | 15 000 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 32 100 | 30 600 | |
70 | Tilskot til fiskeformål, kan overførast | 8 919 | 9 800 | 11 500 |
71 | Tilskot til viltformål, kan overførast | 47 534 | 28 500 | 27 600 |
Sum kap. 1425 | 84 713 | 85 400 | 84 700 |
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområda 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslått fjellandskap, men involverer òg resultatområde 8 Aktivt friluftsliv gjennom tilrettelegging for jakt og fiske.
Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet, post 71 Jeger- og fellingsavgifter og post 72 Fiskaravgifter. Samla sett er løyvingane reduserte med 0,7 mill. kroner i høve til 2013. Mens løyvingane knytte til Statens fiskefond aukar med 1,7 mill. kroner, vert løyvingane knytte til Viltfondet reduserte med 2,4 mill. kroner. For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1425, 1420, 5578 og inntektene til dei to fonda, viser vi til omtale under kap. 5578.
Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 1510 Fylkesmannsembeta.
Både løyvingsforslaga under tilskotspostane og store delar av løyvingsforslaget under post 21 går til føremål som er viktige for den lokale vilt- og fiskeforvaltninga. For at det skal vere ei tydeleg og kontrollerbar deling mellom tilskot som blir løyvde til enkeltpersonar og organisasjonar over 70-postar på den eine sida, og på den andre sida spesielle driftsutgifter der ein regionalt eller sentralt set ut oppdrag til andre, vart det oppretta ein ny post 21 i 2013.
Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Føremålet med drøftingane er å sikre at midlane blir nytta på ein kostnadseffektiv måte og i tråd med måla innan vilt- og fiskeforvaltninga. Dette må sjåast i nær samanheng med arbeidet for å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga basert på bl.a. driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå ei samla målsetjing.
Store delar av dei midlane som blir løyvde til vilt- og fisketiltak blir nytta ved at brukarar, organisasjonar og lag søkjer om midlar til konkrete tiltak. Frå 2009 har ein kunna søkje om tilskot til vilttiltak og fisketiltak i eit nettbasert søknadssenter i regi av det tidlegare Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet). Føremålet har vore å sikre lik behandling og betre utnytting av resultata frå tiltaka som blir utførte. Det er no obligatorisk for søkjarar å sende inn søknad til dette søknadssenteret.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområda 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar og 5 Storslått fjellandskap og 8 Aktivt friluftsliv.
Posten dekkjer utgifter til lønn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga slik som det nasjonale jegerregisteret i Brønnøysund, utarbeiding av jaktstatistikk, og utgifter til utvikling og drift av betalingstenesta for jeger- og fiskaravgiftene, under dette trykking, porto og informasjonstiltak.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot resultatområda 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslåtte fjellandskap og 8 Aktivt friluftsliv.
Posten vart oppretta i 2013 for å etablere ei tydelig deling mellom på den eine sida tilskot som blir løyvde til enkeltpersonar og organisasjonar over 70-postar, og på den andre sida spesielle driftsutgifter som blir sette ut som oppdrag til andre eller utførte av statlege verksemder. Til posten vart det i 2013 tilført midlar frå post 01, post 70, og post 71.
Posten skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av direktoratet eller fylkesmenn. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene posterast på post 21. Dette gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, forsking og utgreiing. Ein gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner grunna lågare disponible midlar frå Viltfondet, jf. omtale under kap. 5578 post 71.
Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar, nasjonalt mål 2.6 og 8 Aktivt friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak.
I 2014 er posten foreslått auka med 1,7 mill. kroner. Dette skuldast auka inntekter frå fiskaravgiftene, og bruk av opparbeidd kapital i Statens fiskefond. Ein viser til nærare omtale av fiskaravgiftene og fondet under kap. 5578 post 72 Fiskaravgifter.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til at produktivitet og mangfald i dei anadrome bestandane av laksefisk blir teke vare på, og dermed sikre eit haustingsverdig overskot til beste for fiskarar og rettshavarar.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga bidreg til målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.
Rapport for 2012
I 2012 er det sentralt frå Direktoratet for naturforvaltning gitt tilskot til ei rekkje tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte opp mot informasjon om og tiltak for anadrom laksefisk. Det er òg ytt tilskot til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske. Det er vidare gitt tilskot til FoU-verksemd og overvaking.
Ein stor del av tilskotsposten er disponert av fylkesmennene for å støtte tiltak som informasjon, forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Det er totalt gitt tilskot til 189 lokale tiltak i 2012. Samla har dette medverka til betre forvalting av laks, sjøaure og sjørøye, og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.
Løyvingane til tilskot i 2012 og behandlinga av den einskilde søknaden skal samla sett underbyggje det nasjonale målet 2.6. Dei som nyttar tilskotsordningane eller resultata har eigeninteresse i å medverke til å oppnå dei nasjonale måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne oppretthalde hausting.
Tildelingskriterium
Målgruppe for ordninga er organisasjonar og lag, t.d. fiskarlag, grunneigarlag og jeger- og fiskarforeiningar. I tillegg kan forskingsinstitusjonar, landsdekkjande organisasjonar og kommunar søkje om tilskot. Tiltak som kan få tilskot er t.d. kultiveringstiltak, driftsplanlegging, praktisk nytta forsking og overvaking, og informasjon. Tiltak for å betre tilgangen til fiske for allmenta og mogligheiter for fiske kan òg få tilskot. Tiltak kan vidare vere direkte retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og -rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.
Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
71.1 | Hjortevilttiltak | 8 848 | 3 250 | 3 250 |
71.2 | Villreintiltak | 2 757 | 2 850 | 2 850 |
71.3 | Lokale vilttiltak m.v. | 29 259 | 17 900 | 17 000 |
71.4 | Viltovervaking | 6 670 | 4 500 | 4 500 |
Sum post 71 | 47 534 | 28 500 | 27 600 |
Midlane under posten er retta mot resultatområda 3 Frodige våtmarker, 4 Mangfaldige skogar, 5 Storslått fjellandskap og 8 Aktivt friluftsliv. Under desse resultatområda er det særleg måloppnåinga under nasjonale mål 4.3 og 5.3 som er viktigast ved vurdering av tildeling av tilskot under post 71. Av desse måla går mellom anna fram at alle bestandar som det blir hausta av skal vere forvalta økosystembasert og haustast berekraftig. Dette inneber derfor at tilskot skal kunne medverke til måloppnåinga anten ved å verke direkte på bestandar eller ved å påverke korleis vi haustar av bestandane. Samla vil informasjonen frå tiltak eller prosjekt som får tilskot under posten kunne skaffe styresmaktene eit godt grunnlag for å vurdere status og utvikling i høve til måloppnåinga.
Utgifter knytte til tiltak der Miljødirektoratet eller fylkesmenn kjøper oppdrag frå andre er flytta til ein ny post 21 frå 2013. Utgifter knytte til tiltak der fylkeskommunane er ansvarlege er framleis budsjetterte under post 71. Samstundes vert det streka under at post 21 og post 71 må sjåast i samanheng dersom ein vil ha heilskapen i løyvingane til vilttiltak. På same måten må ein sjå løyvingar frå fylkeskommunar, fylkesmenn og Miljødirektoratet samla, ettersom desse forvaltar ulike delar av artsomgrepet. Samla sett er løyvingane til vilttiltak baserte på inntekter frå avgiftene, jf. omtale under kap 5578 post 71.
Ein gjer framlegg om å redusere løyvinga med 0,9 mill. kroner grunna mindre disponible midlar frå Viltfondet, jf. omtale under kap. 5578 post 71.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskot av viltet og at produktivitet og artsmangfald i naturen blir teke vare på nasjonalt og regionalt. Dette skjer gjennom støtte til viltforvaltninga og tiltak i regi av enkeltpersonar, lag og organisasjonar. Støtte blir gitt til tiltak som har ein regional, interkommunal eller nasjonal karakter.
Etter endringane i viltlova i 2001 krev kommunane inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort som ein del av eit kommunalt viltfond. Det er derfor føresett at søknader om tilskot til tiltak som har reint kommunal karakter blir viste til dei kommunale viltfonda som er finansierte med fellingsavgifter, og eventuelt eigne kommunale midlar. Tiltak av regional karakter er føresett tekne hand om ved at fylkesmennene/fylkeskommunane forvaltar delar av løyvinga etter tildeling frå Miljødirektoratet.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga gjennom støtte til god forvaltning av viltet på nasjonalt og regionalt nivå medverkar til at det blir eit haustingsverdig overskot og slik at produktivitet og artsmangfald i naturen blir teke vare på. Tiltaka som blir sette i verk skal medverke til å gi eit betre kunnskapsunderlag om artar og bestandar, eller om korleis dei kan haustast på beste vis, i tråd med dei nasjonale måla 4.3 og 5.3.
Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.
Rapport for 2012
Løyvingane er i 2012 nytta omtrent som tidlegare år. For 2012 vart det levert 784 søknadar om vilttiltak i søknadssenteret. Av desse behandla direktoratet 132 søknadar, fylkesmennene 347 søknadar, og fylkeskommunane 305 søknadar.
Det har vore ytt tilskot til dei fleste aktørar og grupper som arbeider med viltforvaltning. Ordninga har gitt støtte til tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag, og medverkar i relevante større prosjekt der andre har hovudfinansieringa. Ordninga er òg nytta til å støtte studentprosjekt, der dette inneber at det blir gjennomført fagleg relevante undersøkingar.
Ordninga er med på å auke tiltaksvolumet, stimulere ungdom og andre til friluftsliv og uteaktivitet, og gir eit utvida kunnskapsgrunnlag både for økosystem og arter.
Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskotsmidlane skal verte tilgjengelege for alle interesserte, og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellykka former for tiltak. For 2013 vil alle rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat bli lagt inn i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Då vil òg oppnådde resultat kunne lesast av alle via nettbaserte løysingar.
Løyvingane til tilskot i 2012 og behandlinga av den einskilde søknaden skal samla sett underbyggje dei nasjonale måla for området. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar vil det vere ei stor breidd i type tiltak, og i kva ein kan oppnå på eit enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betalar avgift som nyttar høvet til å søke tilskot, eller nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Det er vidare slik at ressurstilgangen samla sett er vurdert å vere god nok i forhold til dei prioriterte tiltaka. Dei som nyttar tilskotsordningane eller resultata har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonal måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne oppretthalde haustinga, og ha eit tilstrekkeleg godt kunnskapsunderlag for forvaltinga
Tildelingskriterium
Det blir gitt tilskot til regionale utviklingsoppgåver som støttar opp om kommunale og interkommunale prioriterte tiltak. Under dette blir det gitt tilskot til tiltak som stimulerer til eit større engasjement i arbeidet med driftsplanar blant rettshavarane, og som støttar opp under betre tilrettelegging av jakttilhøva for allmenta.
Organisasjonar, lag og foreiningar, kommunar og i visse tilfelle enkeltpersonar kan få tilskot til tiltak som tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jakttilhøve, kartlegging av viltressursane og viltet sine leveområde, kartlegging av viltinteressene i kommunar og regionar, innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressene i kommunale planar etter plan- og bygningslova, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid, og til forskings- og studentoppgåver.
Fordeling av midlane på dei ulike fylka skjer etter nøklar baserte på bl.a. innbetalt jegeravgift, talet på jegerar i fylket, felt vilt m.m.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. I 2012 vart det gjennomført ein forvaltningsrevisjon av Riksrevisjonen for desse ordningane. Dei manglane som vart påpeika der vil bli retta.
Underpost 71.1 Hjortevilttiltak
Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvaltning av hjortevilt. Midlar blir nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m.
Underpost 71.2 Villreintiltak
Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak.
Underpost 71.3 Lokale vilttiltak m.v.
Midlane skal nyttast til tilskot i form av vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskotsmidlane som fylkeskommunane nyttar samla på denne underposten. I samband med regionreforma har fylkeskommunane fått forvaltningsansvaret frå fylkesmannen for enkelte arter. Den einskilde fylkeskommunen gir etter søknad midlar frå posten til praktiske tiltak knytte til desse artene. Ettersom fylkesmannen på same tid forvaltar tilskotsmidlar innanfor sitt forvaltningsområde er det krav om god samordning av bruken av midlane.
Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning.
Underpost 71.4 Viltovervaking
Midlane blir nytta som tilskot til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.
Kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
71 | Jeger- og fellingsavgifter | 73 600 | 77 600 | 75 200 |
72 | Fiskaravgifter | 14 800 | 16 300 | 18 000 |
Sum kap. 5578 | 88 400 | 93 900 | 93 200 |
I tillegg til å finansiere utgifter under kap. 1425, dekkjer kap. 5578 postane 71 og 72 òg noko av utgiftene til vilt- og fiskeforsking under kap. 1410 post 50, og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01.
Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til fonda i 2013 og 2014, jf. omtale under kvart fond nedanfor.
Post 71 Jeger- og fellingsavgifter
Jeger- og fellingsavgiftene som blir innbetalte til Viltfondet er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.
I dette framlegget er løyvinga redusert med 2,4 mill. kroner i høve til 2013. Det er venta same nivå på innbetalingane i 2014 som i 2013, men i 2013 var løyvingane ekstra høge grunna oppspart kapital i fondet etter uventa stort tal innbetalingar i tidlegare år. Når 2013 er omme er denne oppsparte kapitalen venteleg brukt opp, og løyvingane må i 2014 derfor ned på nivå med inntektene.
Nærare om Viltfondet
Mål
§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».
Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:
Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.
Den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, skal gå fram av Miljøverndepartementets budsjettproposisjon. Ved budsjetteringa er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt.
I 2001 vart det gjennomført ei omfattande omlegging av viltforvaltninga, der kommunane i staden for staten krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Omleggingsarbeidet blir følgt opp fortløpande av Direktoratet for naturforvaltning. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar frå innbetalte avgifter føregåande år blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet.
Jeger- og fellingsavgiftene vart sist endra i 2013. Ein gjer ikkje framlegg om å auke desse for 2014. Satsane for dei ulike avgiftene er oppgitte i tabell 7.3.
For oversikta sin del er dei økonomiske konsekvensane for kommunane i 2014 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.
Tabell 7.3 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2014 (tal i heile kroner)
(i 1000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Type avgift: | Storleiken på avgifta i 2014 | Estimert tal på innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
Jegeravgift generelt: | 307 | 200 000 | 61 400 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt: | 82 | 105 000 | 8 610 000 | Viltfondet |
Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk: | 190 | 20 000 | 3 800 0001 | Viltfondet |
Gebyr ekstra jegeravgiftskort: | 62 | 2 000 | 124 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein: | 271 | 3 000 | 813 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv: | 159 | 1 200 | 190 800 | Viltfondet |
Sum statlege avgifter: | 74 937 800 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg: | 496 | 25 000 | 12 400 000 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv: | 292 | 12 000 | 3 504 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort: | 379 | 20 000 | 7 580 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv: | 230 | 6 100 | 1 403 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter: | 24 887 000 | Kommunane |
1 Innkrevjing skjer etterskotsvis i 2014 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2012/2013. Talet er vurdert til om lag 20 000.
Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 7.4.
Tabell 7.4 Berekning av kapital i Viltfondet i 2014
(i 1000 kr) | |
---|---|
Saldo pr. 31.12.12: | 5 198 |
Budsjettert innbetalt i 20131: | 75 337 |
Budsjettert refusjon i 2013 (utbetalingar frå fondet): | -77 600 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.13: | 2 935 |
Budsjettert innbetalt i 20142: | 75 237 |
Budsjettert refusjon i 2014 (utbetalingar frå fondet): | -75 200 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.14: | 2 972 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.
2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,3 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Viltfondet blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Inntektene over kap. 5578 post 71 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1425 postane 01 og 71, kap. 1420 post 01, og forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50. I budsjettet for 2014 gjer ein framlegg om at 5,14 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysundregistra for drifta av Jegerregisteret. Planlagt bruk av inntektene går fram av tabell 7.5.
Tabell 7.5 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2014
(i 1000 kr) | |
---|---|
Formål | |
Drift av villreinnemndene, drift av jegerregisteret, offentleg jaktstatistikk og andre driftsut-gifter knytte til viltforvaltning (kap.1425.01): | 14 140 |
Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.v. (kap. 1425.21): | 27 177 |
Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1): | 3 250 |
Villreintiltak (kap. 1425.71.2): | 2 850 |
Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3): | 17 000 |
Viltovervaking (kap. 1425.71.4): | 4 500 |
Sum under kap. 1425: | 68 917 |
Viltforsking, NINA (kap.1410.50): | 3 000 |
Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet (kap 1420 post 01): | 3 283 |
Totalsum: | 75 200 |
Spesielt om hjortevilt og fallvilt
Sjølv om kommunane har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar til finansieringa av nødvendige nasjonale oppgåver.
Når det gjeld fallvilt, er det behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må gjennomførast av Direktoratet for naturforvaltning. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er derfor budsjetterte under kap. 1425 post 21 Spesielle driftsutgifter. For dei artene der fallviltet har ein salsverdi etter at naudsynte analysar av dyra er gjennomførte, har Direktoratet for naturforvaltning i 2011 starta å omsetje skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.
Spesielt om lisensfelling av rovvilt
Lisensfelling av rovvilt vart innført i 2005. I 2006 vart det innført ei ordning slik at dei som deltek i lisensfelling registrerer seg særskilt i Jegerregisteret. Det er førebels ikkje lagt opp til at denne gruppa jegerar skal betale særskilde avgifter slik som hjorteviltjegerar.
Post 72 Fiskaravgifter
Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.
Posten er foreslått auka med 1,7 mill. kroner i høve til 2013. Endringa skuldast auka inntekter frå fiskaravgiftene, og bruk av fondskapital.
Nærare om Statens fiskefond
Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrom laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål.
Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.
Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember og vart sist justerte i 2013. For 2014 gjer Regjeringa ikkje framlegg om å endre avgiftene.
Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag er 240 kroner for enkeltpersonar, mens familieavgifta blir 383 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom18 og 20 år.
Fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli har ei årsavgift på 598 kroner, mens satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli er på 363 kroner.
Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabell 7.6.
Tabell 7.6 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2014
(i 1000 kr) | |
---|---|
Saldo pr. 31.12.12: | 4 405 |
Budsjettert innbetalt i 20131: | 16 968 |
Budsjettert refusjon i 2013 (utbetalingar frå fondet): | - 17 800 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.13: | 3 573 |
Budsjettert innbetalt i 20141: | 16 968 |
Budsjettert refusjon i 2014 (utbetalingar frå fondet): | -18 000 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.14 | 2 541 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Statens fiskefond blir forvalta av Miljøverndepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.
Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 01, 21 og 70) og kap. 1420 (post 01), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50.
Planlagt bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabell 7.7.
Tabell 7.7 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Statens fiskefond i 2014
(i 1000 kr) | |
---|---|
Formål | |
Administrasjon m.v. (kap. 1425.01): | 860 |
Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21) | 3 423 |
Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70): | 11 500 |
Sum under kap. 1425: | 15 783 |
Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet(kap. 1420.01) | 1 217 |
Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50, jf. kap. 4410.50): | 1 000 |
Totalsum | 18 000 |
Spesielt om lokale tiltak
I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.
Kap. 1426 Statens naturoppsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 125 741 | 134 207 | |
21 | Spesielle driftsutgifter | 9 008 | 9 297 | |
30 | Tiltak i verneområder, kan overførast | 22 411 | 65 693 | |
31 | Tiltak i naturreservat og utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan overførast | 42 374 | ||
32 | Skjergardsparkar o.a., kan overførast | 25 260 | ||
Sum kap. 1426 | 224 794 | 209 197 |
Som følgje av at Miljødirektoratet vart oppretta 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013, er midlane under kap. 1426 flytta til kap. 1420.
Kap. 4426 Statens naturoppsyn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Oppdrag og andre ymse inntekter | 60 | 664 | |
02 | Oppdragsinntekter | 47 | ||
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 681 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 608 | ||
Sum kap. 4426 | 1 396 | 664 |
Som følgje av at Miljødirektoratet vart oppretta 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013), er midlane under kap. 4426 flytta til kap. 4420.
Kap. 1427 Direktoratet for naturforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 201 252 | 212 715 | |
21 | Spesielle driftsutgifter | 336 243 | 167 827 | |
22 | Statlege vassmiljøtiltak | 173 500 | ||
30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast | 34 375 | 44 080 | |
31 | Tiltak i friluftsområde, kan overførast | 24 362 | ||
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast | 13 024 | 9 600 | |
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast | 145 250 | 222 000 | |
35 | Statlege tileigningar, nytt skogvern, kan overførast | 165 929 | 231 091 | |
60 | Tilskot til lokalt utviklingsfond | 6 000 | 6 000 | |
65 | Handlingsplaner for friluftslivet | 2 000 | ||
70 | Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast | 87 454 | 30 500 | |
71 | Forvaltningstiltak i verdsarvsområde, kan overførast | 9 563 | 16 600 | |
72 | Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving | 137 748 | 150 755 | |
73 | Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, kan overførast | 69 137 | 64 600 | |
74 | Tilskot til friluftslivstiltak, kan overførast | 19 043 | 21 693 | |
75 | Internasjonale avtaler og medlemskap | 1 106 | 1 144 | |
76 | Nasjonalparksentra og andre naturinformasjonssentra, kan overførast | 39 588 | 43 700 | |
78 | Friluftsområde, interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv, kan overførast | 17 075 | 66 595 | |
79 | Kompensasjon ved flytting av oppdrettsanlegg | 4 500 | ||
81 | Verdiskapingsprogram for naturarven, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 8 761 | 15 330 | |
82 | Tilskot til prioriterte arter og utvalde naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 29 475 | 33 089 | |
83 | Naturfaglege organisasjoner | 3 445 | 3 673 | |
Sum kap. 1427 | 1 355 330 | 1 514 492 |
Som følgje av opprettinga av Miljødirektoratet 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013, er midlane under kap. 1427 flytta til kap. 1420 Miljødirektoratet.
Post 60 Tilskot til lokalt utviklingsfond
Midlane på posten låg tidlegare under kap. 1427 post 60. Tilskotsordninga under denne posten rettar seg mot resultatområde 4 Mangfaldige skogar.
Det er over fem år løyvd til saman 30 mill. kroner til eit utviklingsfond for dei tre kommunane Rollag, Sigdal og Nore og Uvdal i samband med Regjeringas avgjerd om vern av Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat. 2013 var det femte og siste året med statleg løyving og posten er derfor lagt ned.
Rapport for 2012
Miljøverndepartementet fastsette vedtekter for fondet i brev av 18.09.09.
Aktiviteten i 2012 har vore sluttføring av «VER-DI»-prosjektet (sjå under), behandling av to søknader om støtte og endringar i plassering av midlane med sikte på auka avkastning. Styret i fondet har i 2013 diskutert vidare strategi for fondet sitt arbeid. Aktivitetar knytte til fondet sitt formål om utvikling av Trillemarka-Rollagsfjell-regionen er i 2012 òg sett i samanheng med aktivitetar i prosjektet «VER-DI» («Vern og verdiskaping – naturvernområde som ressurs i haldbar økonomisk utvikling»). «VER-DI» er ein del av EUs Interregionale program 4A og består av kommunar, fylkeskommunar, regionar, turistorganisasjonar og universitetsmiljø som gjennom grenseoverskridande samarbeid skal utvikle aktivitetar og strategiar for å utnytte naturvernområde som ein ressurs for næringsutvikling og økonomisk utvikling i Kattegat/Skagerrak-regionen. Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat er eitt av fem verneområde som inngår her. Det er gitt 0,9 mill. kroner frå utviklingsfondet til VER-DI, fordelt over tre år. Arbeidet i prosjektet vart avslutta i 2012. Gjennom prosjektet er det gitt tilskot til ca. 40 prosjekt i området med tema tilrettelegging for friluftsliv, informasjon og næringsutvikling innan reiseliv og lokal mat. Styret i fondet konkluderer med at det er skapt stor aktivitet, og prosjektet har medverka til større medvit og felles forståing for potensialet som ligg i det å forvalte eit verneområde. Styret ønskjer ein diskusjon med kommunane om vidareføring og oppfølging av arbeid som er sett i gang, og korleis utviklingsfondet sitt arbeid kan integrerast tettare mot anna næringsutvikling i kommunane. Ressursbruken under ordninga har samanheng med nasjonalt mål 4.2., 4.8 og 4.9.
Post 79 Kompensasjon ved flytting av oppdrettsanlegg
Midlane under posten er retta mot resultatområde 1 Levande hav og kyst og 2 Livskraftige elvar og innsjøar. I samband med opprettinga av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar vedtok Stortinget at enkelte nasjonale laksefjordar skal vere oppdrettsfrie innan 2011, jf. Innst. S. nr. 134 (2002–2003). Stortinget vedtok at det skal bli gitt «rimelig kompensasjon» for verksemder som må flytte ut av nasjonale laksefjordar som følgje av vedtaket. Dette gjaldt tre oppdrettskonsesjonar.
To av konsesjonshavarane fekk i 2012 utbetalt kompensasjon på kvar 2,25 mill. kroner, jf. Prop. 17 S (2011–2012) Endringer i statsbudsjettet for 2011 under Miljøverndepartementet. Den siste konsesjonshavaren har ikkje søkt. Posten er ikkje foreslått med løyving eller tilsegnsfullmakt for 2014.
Kap. 4427 Direktoratet for naturforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Ymse inntekter | 192 | 642 | |
09 | Internasjonale oppdrag | 15 464 | 13 250 | |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 3 134 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 537 | ||
54 | Gebyr | 3 224 | 4 298 | |
Sum kap. 4427 | 24 551 | 18 190 |
Som følgje av opprettinga av Miljødirektoratet 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013, er midlane under kap. 4427 flytta til kap. 4420 Miljødirektoratet.
Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø
Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap og omfattar verksemda til Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond.
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2014 på om lag 620,1 mill. kroner. Dette er ein auke på 49,6 mill. kroner netto, samanlikna med saldert budsjett for 2013. Løyvingane på kulturminneområdet går til å følgje opp intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner og Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste. I sistnemnte melding, som ble lagt fram av Regjeringa i juni 2013, er både ambisjonsnivået og måla som Stortinget vedtok i 2005 oppretthaldne og vidareførte. Målsetninga er å ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Det er også eit mål at eit utval av kulturminne og kulturmiljø som dokumenterer geografisk, sosial, etnisk, næringsmessig og tidsmessig breidde skal ha varig vern innan 2020, ved freding. Løyvinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø og midlar til vidareføring av arbeid med verdiskaping knytt til kulturminne og kulturmiljø.
Føreslått endra poststruktur under kapittel 1429 Riksantikvaren
Føreslåtte endringar i poststruktur i kap. 1429 Riksantikvaren er resultatet av ein prosess med opprydding av tilskotsordningane til Riksantikvaren, og eit ønske om å få ei tydelegare tilknyting mellom postar/tilskotsordningar og nasjonale mål. Den nye poststrukturen vil gjere samanhengen mellom måleindikatorar for tilskotsordningar (tilskotspostane sine mål og kriteria for måloppnåing) og måleindikatorar knytte til nasjonale mål tydelegare. Det blir dermed enklare å sjå samanhengen mellom tildelte pengar (statsbudsjett) og status i arbeidet med å nå dei nasjonale måla.
Forslaget inneber ingen endringar i innhald, dvs. kva Riksantikvaren gir tilskot til, berre ein reduksjon i talet på postar/underpostar frå 14 til åtte, jf tabell 7.8. Når fleire postar er slått saman er innhaldet frå alle tidlegare postar vidareført i den nye posten. Eit hovudgrep i forslaget er at budsjettet under gammal post 72 (med underpostar) blir fordelt ut på fleire postar slik at det blir enklare å sjå kva midlane går til.
Tabell 7.8 Samanhengen mellom føreslått ny poststruktur og gammal poststruktur under kap. 1429 Riksantikvaren
Post | Postnemning i ny poststruktur | Består av følgjande postar i gammal poststruktur | Kommentar |
---|---|---|---|
01 | Driftsutgifter | post 01 Driftsutgifter | Inga endring |
21 | Spesielle driftsutgifter | post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postane 72 og 73 post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast | Løyvinga under gammal tilskotspost 75 Internasjonalt samarbeid er spesielle driftsutgifter, og ikkje tilskotsmidlar, og er derfor foreslått flytta til post 21 Spesielle driftsutgifter |
50 | Tilskot til samisk kulturminnearbeid | post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid | Inga endring |
60 | Kulturminnearbeid i kommunane | Ny post | |
70 | Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast | post 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak post 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne post 78 Tilskot til sikring og forvaltning av arkeologiske kulturminne, kan overførast, kan nyttast under post 21 | Tilskotspostar relaterte til revidert nasjonalt mål 6.2 er slått saman: eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020 |
71 | Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast | post 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg i privat eige post 72.4 Kystkultur post 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap | Fleire tilskotspostar relaterte til nasjonalt mål 6.4 er slått saman: Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020 |
72 | Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast | post 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne | Flytt frå underpost til eigen post og noko endra postnemning, elles inga endring Relatert til nasjonalt mål 6.4 (sjå post 71) |
73 | Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast | post 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen post 73 Brannsikring og beredskapsarbeid, kan overførast, kan nyttast under post 21 | Relatert til revidert nasjonalt mål 6.2 og nasjonalt mål 6.4 (sjå post 70 og 71) |
74 | Tilskot til fartøyvern, kan overførast | post 74 Fartøyvern, kan overførast | Noko endra postnemning, elles inga endring Relatert til nasjonalt mål 6.4 (sjå post 71) |
75 | Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast | post 72.7 Fartøyvernsenter | Flytt frå underpost til eigen post og noko endra postnemning, elles inga endring Relatert til nasjonalt mål 6.4 (sjå post 71) |
77 | Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast | post 77 Verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21 | Noko endra postnemning, elles inga endring |
79 | Tilskot til verdsarven, kan overførast | post 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver | Flytt frå underpost til eigen post og endra postnemning, ellers inga endring. Relatert til revidert nasjonalt mål 6.1: Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Innan 2020 skal det liggje føre oversikter over verneverdige kulturminne og kulturmiljø for kvar kommune som grunnlag for å prioritere eit utval som skal takast vare på, og revidert nasjonalt mål 6.2 og nasjonalt mål 6.4 (sjå post 70 og 71) |
80 | Tilskotsordning for avgiftskompensasjon | Ny post |
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
1429 | Riksantikvaren | 268 453 | 509 050 | 556 519 | 9,3 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 59 480 | 61 440 | 63 590 | 3,5 |
Sum kategori 12.30 | 327 933 | 570 490 | 620 109 | 8,7 |
Kap. 1429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 120 820 | 126 029 | 135 348 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 75 520 | 36 935 | 41 735 |
50 | Tilskot til samisk kulturminnearbeid | 3 093 | 3 195 | 3 307 |
60 | Kulturminnearbeid i kommunane | 2 000 | ||
70 | Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast | 30 005 | ||
71 | Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast | 120 402 | ||
72 | Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast | 58 821 | ||
73 | Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast | 41 997 | ||
74 | Tilskot til fartøyvern, kan overførast | 45 712 | 48 712 | 51 712 |
75 | Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast | 6 726 | ||
77 | Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast | 4 102 | 8 264 | 8 264 |
78 | Tilskot til sikring og forvaltning av arkeologiske kulturminne, kan overførast | 8 738 | 8 500 | |
79 | Tilskot til verdsarven, kan overførast | 49 202 | ||
80 | Tilskotsordning for avgiftskompensasjon | 7 000 | ||
Sum kap. 1429 | 268 453 | 509 050 | 556 519 |
Rolle og oppgåver for Riksantikvaren
Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og Miljøverndepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvaltning av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminneforvaltning. Innsats og verkemiddel er særleg knytte til gjennomføring av 10 bevaringsprogram for nasjonalt viktige kulturminne, til prosjektet Kunnskapsløft for kulturminneforvaltninga og til verdiskaping på kulturminneområdet. Riksantikvaren skal stimulere eigarar og næringsliv til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvaltning, allmenta og næringslivet.
I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet til fylkeskommunane, Sametinget, forvaltningsmusea og Sysselmannen på Svalbard som regionale styresmakter for kulturminne. Tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar i sine omgivnader. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltninga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429 post 02 og 09.
Posten dekkjer òg driftsutgifter for Nasjonalt Pilegrimssenter. Senteret er finansiert av Miljøverndepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Kulturdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.
Posten er auka med 9,319 mill. kroner. Auken består av lønnskompensasjon og ei foreslått rammeoverføring frå Kulturdepartementet på 5,682 mill. kroner. Sistnemnde utgjer ein del av arbeidet med den nasjonale pilegrimssatsinga, og midlane skal nyttast til drift av fem regionale pilegrimskontor/-senter som vart etablerte i 2010.
Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429, post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane skal gå til å føre vidare arbeidet innanfor Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga (2011–2015). Dette omfattar mellom anna modernisering av den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden, digitalisering av arkiv i Kulturminneportal, styrking av kommunal kompetanse og registrering av automatisk freda samiske bygningar.
Midlane på posten blir elles nytta til kjøp av vedlikehald- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltaransvar for.
Løyvinga under gammal tilskotspost 75 Internasjonalt samarbeid er spesielle driftsutgifter, og ikkje tilskotsmidlar, og er foreslått flytt til post 21 Spesielle driftsutgifter. Riksantikvaren har eit ansvar for å medverke til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, markere Noreg som ein viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innanfor fagfeltet og som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av bygningar i tre. Post 21 inkluderer prosjektmidlar til å handtere faglege samarbeidsprosjekt med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid. Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten.
300 000 kroner til Kulturminnedagen, som tidlegare har vore belasta denne posten, er foreslått overført til kap. 1400 Miljøverndepartementet, post 79 Tilskot til kulturminneforvaltning.
Post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid
Midlane er stilte til disposisjon for Sametinget, og skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål frå kap. 1429 post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap.
Mål
Å setje i stand og synleggjere samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane under post 50 er relaterte til dei nasjonale måla 6.1-6.4.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om registrerte freda, samiske kulturminne i privat eige i kulturminnedatabasen Askeladden
Opplysningar om tiltak retta mot freda, samiske kulturminne
Opplysningar om freda, samiske bygg i privat eige med ordinært vedlikehaldsnivå
Tildelingskriterium
Målgruppa er private eigarar av samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane blir tildelte etter søknad til Sametinget til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, men òg til skjøtsel, sikring, istandsetjing og formidling.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skal skje overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle kan det vere aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 60 Kulturminnearbeid i kommunane
Posten er ny. Midlane på posten er tilskot til kommunar for å sikre kulturhistoriske verdiar.
Mål
Sikre at kommunane har kunnskap om, og gode oversikter over kulturhistoriske verdiar i eigen kommune, og planar for og kompetanse til å ta vare på dei på ein god måte.
Midlane på posten er relaterte til revidert nasjonalt mål 6.1: Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Innan 2020 skal det liggje føre oversikter over verneverdige kulturminne og kulturmiljø for kvar kommune som grunnlag for å prioritere eit utval som skal takast vare på.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om talet på/kva kommunar som har ferdigstilt arbeidet med registrering og verdivurdering av verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og status i dei andre kommunane sitt arbeid med dette
Opplysningar om talet på/kva kommunar som har kommunale kulturminneplanar/planar med særleg fokus på kulturminne og kulturmiljø, og status i dei andre kommunane sitt arbeid med slike planar
Tildelingskriterium
Målgruppa er kommunar. Tilskot blir gitt til registrering og verdivurdering av verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og til å utarbeide kommunale kulturminneplanar/planar med særleg fokus på kulturminne og kulturmiljø.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane skal rapportere om bruken av midlane til Riksantikvaren.
Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast
Posten erstattar post 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak m.m., 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne og 78 Tilskot til sikring og forvalting av arkeologiske kulturminne i gamal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Delar av midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne (BARK).
Mål
Medverke til forvaltning og sikring av kunnskapen om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.
Midlane under posten er relaterte til revidert nasjonalt mål 6.2: Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020
Kriterium for måloppnåing:
Opplysningar om tiltak retta mot sikring, tilrettelegging og dokumentasjon av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne i bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) og bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne (BARK)
Opplysningar om tiltak retta mot sikring av kunnskap om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne
Tildelingskriterium
Målgruppa for tilskotet er tredelt:
Ei målgruppe er private tiltakshavarar. Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak.
Ei anna målgruppe er eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne. Tilskota blir i hovudsak nytta til oppfølging av bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne (BARK) og bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG). Tilskot kan mellom anna gå til skjøtsel, restaurering og formidling, og til tiltak som gir auka tilgjenge eller som medverkar til å avgrense slitasjen på kulturminna. Tiltak der mellom anna lokalt engasjement og særlege opplevings- og formidlingsverdiar er knytte til kulturminna skal prioriterast. Midlane blir tildelte etter søknad til Riksantikvaren.
Den siste målgruppa er forvaltingsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrift. Midlane kan nyttast til nødvendig fagleg assistanse til fylkeskommunane og Sametinget i forvaltingssaker. Midlane skal òg dekkje nødvendig fagleg assistanse frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) i samband med forvaltning av oppgåver der Riksantikvaren er rett mynde. Midlane skal vidare nyttast til å dekkje utgifter til nødvendige undersøkingar for å sikre det vitskaplege kjeldematerialet og til anna arbeid for å sikre kulturminnet på staden, og til hjelp i kulturminnekriminalitetssaker ved dei arkeologiske forvaltningsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved sjøfartsmusea.
Posten dekkjer òg finnarløn som blir fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.
Oppfølging og kontroll
Riksantikvaren skal kontrollere at tiltakshavar oppfyller kriteria for å få tilkjent dekning av registreringar og utgravingar. Riksantikvaren overfører midlar til dei arkeologiske forvaltningsmusea og til regional kulturminneforvaltning etter framlegging av rekneskap over forskotterte midlar og etter framlagt sluttfaktura.
Eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne leverer sluttrapportar på utført arkeologisk arbeid til Riksantikvaren som kontrollerer at arbeidet er utført i samsvar med dei aktuelle vilkåra. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.
Forvaltningsinstitusjonar rapporterer om bruk av tildelte midlar.
Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast
Posten erstattar post 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg i privat eige, 72.4 Kystkultur og 72.5 Vern og sikring av freda og særleg verdifulle kulturmiljø og landskap i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Delar av midlane under posten er retta mot Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige.
Det er foreslått å auke løyvinga med 7,2 mill. kroner på post 71 i budsjettet for 2014 for å erstatte tilskot som tidlegare har blitt øyremerkte freda bygningar på Norsk kulturminnefond sitt budsjett.
Mål
Freda og andre særleg verdifulle kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål 6.4: Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om tiltak retta mot freda bygningar og anlegg i privat eige
Opplysningar om tiltak retta mot freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten
Opplysningar om tiltak retta mot freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.
Tildelingskriterium
Ei målgruppe er private eigarar og forvaltarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er vedtaksfreda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Kulturminna må vere heilt eller delvis i privat eige. Tilskot skal dekkje meirutgifter, heilt eller delvis, i samband med antikvarisk sikring, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av freda kulturminne og kulturmiljø, som er i samsvar med fredingsføremålet. Følgjande prioriteringar gjeld: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.
2 mill. kroner er øyremerkte sikring og istandsetjing av samiske bygningar. Midlane vil bli utbetalte av Riksantikvaren etter oppmoding frå Sametinget. Riksantikvaren vil gi nærare føringar for bruken av tilskotet.
Andre målgrupper er private eigarar og forvaltarar av freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn.
Siste målgruppe er private eigarar og forvaltarar, i første rekkje knytt til dei åtte freda kulturmiljøa, men òg til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap. Tilskota skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltnings- og skjøtselsplanar.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til fylkeskommunen/Sametinget som skal sjå til at arbeidet er utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Fylkeskommunen/Sametinget skal rapportere til Riksantikvaren.
Når det gjeld siste målgruppa og tilskot til dei åtte freda kulturmiljøa, og til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap, skal tilskotsmottakaren levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som skal sjå til at arbeida blir utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen/Sametinget.
I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.
Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast
Posten erstattar post 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Midlane skal rettast mot arbeidet med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne.
Mål
Dei 10 opphavlege anlegga i bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan utgangen av 2015, mens dei fire anlegga som nyleg er inkluderte i programmet, skal vere sette i stand i løpet av tre til fem år. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål 6.4. Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om tiltak retta mot prioriterte tekniske og industrielle kulturminne.
Tildelingskriterium
Midlane på posten skal gå til bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne og blir primært brukte til sikring, vedlikehald og istandsetjing av anlegga. Det kan òg bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer Noregs tekniske og industrielle historie.
Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar. Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setje i stand anlegga skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det kan òg ytast tilskot til vedlikehald. Det skal leggjast vekt på at kulturminna skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.
Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå middelalderen og brannsikring, kan overførast
Posten erstattar post 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen og 73 Brannsikring og beredskapsarbeid i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Tilskotsordninga er knytt til bevaringsprogrammet for stavkyrkjene, bevaringsprogrammet for ruinar, bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige og bevaringsprogrammet for brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer.
Mål
Dei 28 stavkyrkjene skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015. Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø, skal unngåast. Midlane under posten er relaterte til revidert nasjonalt mål 6.2 Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020 og nasjonalt mål 6.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om tiltak retta mot stavkyrkjer, profane bygningar og prioriterte ruinar frå mellomalderen, og opplysningar om tilstandane til desse kulturminna.
Opplysningar om brannsikringstiltak i tette trehusmiljø og stavkyrkjer
Opplysningar om eventuell brann eller branntilløp i stavkyrkjer og om tilfelle av brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø
Tildelingskriterium
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen, og av utvalde tette trehusmiljø. Midlane skal gå til vern, sikring og beredskapsarbeid. Dette inkluderer brannsikringstiltak, istandsetjing av stavkyrkjene og sikring og konservering av verdifull kyrkjekunst i disse kyrkjene. Det skal òg ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi for brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.
Istandsetjingstiltak skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.
I medhald av St.meld. nr. 26 (2006–2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand skal 45 av ruinane inkludert dei 12-15 største anlegga takast vare på. Vidare skal ruinar som engasjerer lokalmiljøet prioriterast.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren som òg omfattar ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Kontroll på staden er òg aktuelt.
Post 74 Tilskot til fartøyvern, kan overførast
Posten er vidareført frå gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Midlane skal gå til bevaringsprogrammet for fartøy.
Mål
Freda fartøy og eit utval fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern, skal vere sette i stand innan 2020. Tilskotsordninga er relatert til nasjonalt mål 6.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Kriterium for måloppnåing
Talet på freda og verna fartøy som er sette i stand.
Opplysningar om aktivitet knytt til restaurering og istandsetjing av verna og freda fartøy.
Tildelingskriterium
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda fartøy, og fartøy der det er inngått avtaler med eigarar om vern. Riksantikvaren fordel midlane etter søknad til konkrete restaurerings- og istandsetjingsarbeid. I tillegg kan Riksantikvaren sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt. Grunntilskotet til Norsk Foreining for Fartøyvern som er på 1,7 mill. kroner blir utbetalt over denne posten etter søknad frå foreininga.
Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter følgjande prioriteringar: allmenn interesse, offentleg tilgjengelege, økonomisk gjennomføringsvilje og -evne, potensial for lokalt engasjement, særlege opplevings- og formidlingsverdiar knytt til fartøyet. I tilegg skal tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og fartøy som det finst få av prioriterast. Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av omfattande og kompliserte istandsetjingstiltak skal det i startfasen gjerast ei god planlegging og prioritering av tiltaka.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar leverer sluttrapport på utført arbeid, som også omfattar ein økonomisk rapport til Riksantikvaren. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollere at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Oppfølging på staden er aktuelt, og viktig for å sikre at arbeidet vert utført etter antikvariske retningslinjer.
Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast
Posten erstattar post 72.7 Fartøyvernsenter i gamal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for fartøy.
Mål
Hjelpe dei tre utvalde fartøyvernsenter i deira funksjon som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av freda og verna fartøy, jf. nasjonalt mål 6.4 Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om tiltak der det er ytt tilskot til fartøyvernsenter.
Tildelingskriterium
Målgruppa er Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum, Hardanger Fartøyvernsenter og Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter.
Tilskot kan ytast som driftstilskot for å dekkje sentra sine kostnader med fellestenester knytte til forsking, dokumentasjon og fagleg rådgiving. Tilskotet skal primært medverke til å finansiere stillingar knytte til dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjingsarbeid på fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga.
Oppfølging og kontroll
Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget skal sjå til at tilskotsmottakaren leverer sluttrapportar på utført arbeid, og at arbeida blir utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra, for å sikre til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsenter.
Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast
Posten er vidareført frå gamal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013).
Mål
Kulturminne og kulturmiljø skal takast i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling. Tilskotsordninga er relatert til dei nasjonale måla 6.1 – 6.4.
Kriterium for måloppnåing
Verdiskapingsresultat for næringsliv og lokalsamfunn.
Talet på kommunar og fylkeskommunar som deltek i verdiskapingsprosjekt med støtte frå post 77.
Talet på kulturminne, kulturmiljø og landskap som er involverte, og kva prosjekta betyr for desse.
Tildelingskriterium
Midlane skal nyttast til satsingar som tydeleggjer og integrerer kulturminnefeltet i lokal og regional utvikling og som samstundes siktar mot ei koordinert og langsiktig forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Det skal leggjast vekt på prosjekt som ser kulturarv og naturverdiar i samanheng og som involverer eigarar, bedrifter, frivillige, styresmakter og institusjonar for utvikling lokalt og regionalt. Det er ein føresetnad at fylkeskommunane og kommunane er aktive deltakarar. Arbeidet med Pilegrimsleia og Kultur- og naturreise vil bli prioritert.
Oppfølging og kontroll
I tillegg til gjennomgang av årlege prosjektrapportar og revisorstadfesta årsrekneskapar, vil prosjekta bli følgt opp i prosjektåret, både med sikte på bistand til nødvendig koordinering av verkemiddel frå fleire sektorar og for å synleggjere og formidle effektar for verdiskaping.
Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast
Posten erstattar post 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver i gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Midlane under posten skal nyttast i bevaringsprogrammet for verdsarven, og er relaterte til dei nasjonale måla 6.1 – 6.4.
Mål
Stadene på Unescos verdsarvliste i Noreg skal forvaltast i tråd med forpliktingane i Unesco verdsarvkonvensjon og dei internasjonale retningslinjene frå Unesco.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om tiltak retta mot verdsarvstader i Noreg.
Tildelingskriterium
Målgruppa er stadene i Noreg som står på Unescos verdsarvliste. Det er for tida sju stader. Tilskot skal ytast i tråd med forpliktingane som følgjer av Unescos verdsarvkonvensjon og i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå Unesco.
I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av verdsarven.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Post 80 Tilskotsordning for avgiftskompensasjon
Posten er ny. Stortingets vedtak om avgiftsfritak, nærare regulert i Forskrift om særavgifter av 11. september 2001, kap. 4–1 blir oppheva. Vedtaket inneber refusjon for innbetalt forbruksavgift på elektrisk kraft, CO2-avgift på mineralolje og kol og koks, grunnavgift på fyringsolje m. v., svovelavgift og avgift på smøreolje m. v. på avgiftspliktige produkt som blir leverte til bruk i drifta av verneverdige fartøy, museumsjernbaner, tekniske og industrielle kulturminne og tekniske anlegg på museumssektoren med sikte på formidling. Som kompenserande tiltak blir det oppretta ei tilskotsordning på Riksantikvarens budsjett.
Mål
Stimulere til formidling og aktivitet/bruk knytt til utvalte tekniske og industrielle kulturminne og verneverdige fartøy m. v.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om formidling og aktivitet/bruk av kulturminne m. v. som har motteke tilskot frå post 80.
Tildelingskriterium
Målgruppa er private eigarar av utvalde tekniske og industrielle kulturminne og verneverdige fartøy m. v. Midlane på posten skal kompensere for den tidlegare ordninga med refusjon for innbetalt forbruksavgift på avgiftspliktige produkt.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane skal rapportere om bruk av midlane til Riksantikvaren.
Kap. 4429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
02 | Refusjonar og diverse inntekter | 3 700 | 4 020 | |
09 | Internasjonale oppdrag | 1 100 | 1 139 | |
Sum kap. 4429 | 4 800 | 5 159 |
Post 02 Refusjonar og diverse inntekter
Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det òg budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt og inntekter frå det mellombelse nasjonale pilegrimssenteret. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1429 Riksantikvaren: Rekneskap og rapport for 2012 iht. poststruktur i Prop. 1 S (2012–2013).
Her følgjer rekneskap og rapport for 2012 for postane 72, 73, 74, 75, 77 og 78 iht. gammal poststruktur, jf. Prop. 1 S (2012–2013).
Post 72 Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø, kan overførast, kan nyttast under post 21
Tabell 7.9 Rekneskap 2012 Post 72
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 (i 1 000 kr) |
---|---|---|
72.1 | Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak | 4 679 |
72.2 | Vern og sikring av freda bygningar og anlegg | 63 899 |
72.3 | Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen | 29 537 |
72.4 | Kystkultur | 17 547 |
72.5 | Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap | 4 260 |
72.6 | Skjøtsel av automatisk freda kulturminne | 9 611 |
72.7 | Fartøyvernsenter | 6 550 |
72.8 | Tekniske og industrielle kulturminne | 30 529 |
72.9 | World Heritage List, nasjonale oppgåver | 60 351 |
Sum post 72 | 226 962 |
Underpost 72.1 Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak m.m.
Mål
Å sikre og ivareta kunnskap om automatisk freda arkeologiske kulturminne.
Rapport 2012
Tabell 7.10 Tiltak for å sikre og ta vare på kunnskap om automatisk freda kulturminne 2010–2012
Tilsegn til | Tal på tilsegner i 2010 | Tal på tilsegner i 2011 | Tal på tilsegner i 2012 |
---|---|---|---|
Mindre private tiltak | 22 | 22 | 25 |
Særlege grunnar | 5 | 5 | 4 |
Finnarlønn | 0 | 2 | 13 |
Anna | 1 | 18 | 1 |
Underpost 72.2 Vern og sikring av freda bygningar og anlegg i privat eige
Mål
Målet er at alle freda bygningar i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Rapport for 2012
Tabell 7.11 Aktivitet og tilstand knytt til freda bygningar og anlegg innanfor bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige
Freda bygningar og anlegg i privat eige | Tal 2011 | Tal 2012 |
---|---|---|
Bygningar og anlegg som er omfatta av programmet | ca. 3200 | ca. 3200 |
Tilstandsvurderte | 2435 | 2670 |
Prosjekt som er sette i gang | 118 | 99 |
Ferdigstilte prosjekt | 42 | 83 |
Ordinært vedlikehaldsnivå | ca. 51% |
Underpost 72.3 Vern og sikring av bygningar og anlegg frå mellomalderen
Mål
Målet for tilskotsordninga er å verne og sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå mellomalderen, slik at dei har oppnådd eit ordinært vedlikehaldsnivå i 2020. Under dette skal eit utval ruinar sikrast og gjerast tilgjengeleg for publikum innan 2020, og dei 28 stavkyrkjene skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015.
Rapport 2012
Tabell 7.12 Istandsetjingstiltak for automatisk freda bygningar og ruinar frå mellomalderen
Per 31.12.2012 | Stavkyrkjer | Prioriterte ruinar | Profane hus frå mellomalderen |
---|---|---|---|
Total | 28 | 45 | 248 |
Tilstandsvurderte | 27 | 25 | 234* |
Istandsette | 21 | 14 (ferdig konservert) | 22 |
* For dei 248 profane husa frå mellomalderen som er omfatta av bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige har om lag 13 pst. behov for store utbetringar og 63 pst. har behov for moderate utbetringar.
Arbeida på stavkyrkjene er i rute og vil bli avslutta i 2015. Det bør likevel reknast med eit år med etterarbeid, ferdigsynfaringar og innsamling av dokumentasjon, slik at stavkyrkjeprogrammet vil bli endeleg avslutta i 2016. Følgjande stavkyrkjer er sette i stand: Gol, Uvdal, Nore, Rollag, Flesberg, Rødven, Eidsborg, Hegge, Høre, Lomen, Hedalen, Lom, Urnes, Reinli, Kaupanger, Torpo, Hopperstad, Øye, Grip, Garmo og Borgund. I 2012 er det utført større konserveringsarbeid på kyrkjekunst i Kvernes stavkyrkje.
Underpost 72.4 Kystkultur
Mål
Å sikre og setje i stand freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten.
Underpost 72.5 Vern og sikring av freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap
Mål
Å verne og sikre freda og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.
Rapport 2012
Tilskot til freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap går primært til skjøtsel av landskapet for å ta vare på heilskapen i kulturmiljøa. Midlane bidreg òg til at kunnskap om gamle driftsmåtar blir halden ved lag. Tildelinga frå posten er sett i samanheng med dei andre postane under post 72 Vern og sikring av freda kulturminne og kulturmiljø.
I 2012 har fem av dei åtte freda kulturmiljøa motteke tilskot etter søknad til fylkeskommunane. Dei fem er Birkelunden, Havråtunet, Sogndalstrand, Sør-Gjeslingan og Bygdøy kulturmiljø.
Andre særleg verdfulle kulturmiljø og landskap har fått tilskot til skjøtsel, mellom anna Kaupanger i Sogn og Fjordane, Lyngheisenteret i Hordaland, Dyrøy kystgard i Nordland og Falstadsenteret i Nord-Trøndelag. 2 mill. kroner er tildelt Mortensnes/Ceavccageadgi områdefreding og til prosjektet utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2012.
Underpost 72.6 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne
Mål
Eit utval automatisk freda arkeologiske kulturminne og bergkunstlokalitetar skal dokumenterast, sikrast og gjerast tilgjengeleg for publikum innan 2020 gjennom skjøtsel og tilrettelegging.
Rapport 2012
Tabell 7.13 Tiltak retta mot sikring, tilrettelegging og dokumentasjon av bergkunst i bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) 2011 og 2012
År | Skjøtselstiltak | Tilrettelegging | Dokumentasjon | Ordinært vedlikehald pr. 31.12.2012 innan BERG-programmet |
---|---|---|---|---|
2011 | 99 | 18 | 76 | |
2012 | 80 | 23 | 40 | 49 |
Mange av tiltaka går over fleire år og er førte vidar i 2013
Bevaringsprogrammet for bergkunst vart starta opp i 2011 og omfattar alle lokalitetar, registrerte i Askeladden til ei kvar tid. Pr. 12.01.2013 er det registrert 1 656 bergkunstlokalitetar, med 2 449 enkeltminne som er automatisk freda. Talet på registreringar aukar årleg.
Bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne (BARK) omfattar 450 utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø. I 2011 vart det gjennomført tilstandsregistrering og utarbeidd prioriteringslister i fylka innanfor programmet. I 2012 vart 143 tilretteleggingstiltak sette i gang, og av desse var 46 avslutta pr. 31.12.2012, mens resten er førte vidare i 2013.
Underpost 72.7 Fartøyvernsenter
Mål
At dei tre utvalde fartøyvernsentra kan fungere som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy.
Rapport 2012
Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum, Hardanger Fartøyvernsenter og Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter har motteke tilskot på 2 183 333 kroner kvar. Midlane er brukte til bl.a. å føre vidare arbeidet med «faktaark» som er gjort tilgjengelege på Internett, hjelpe eigarar av forskjellige typar fartøy med å utarbeide dokumentasjonsgrunnlag for tryggleiks- og vedlikehaldssystem og –rutinar, utarbeide mal for dokumentasjon og tilstandsvurdering, delta i planlegging og avvikling av kurs i vedlikehald og antikvarisk arbeid med meir og bistand til eigarar av freda fartøy i utarbeiding av forvaltningsplan for fartøya.
Underpost 72.8 Tekniske og industrielle kulturminne
Mål
Å setje i stand og vedlikehalde dei prioriterte tekniske og industrielle anlegg innan 2015.
Rapport 2012
Pr. 1. januar 2013 omfatta bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne 14 prioriterte anlegg.
Underpost 72.9 World Heritage List, nasjonale oppgåver
Mål
Sikre og setje i stand dei norske stadene på Unescos verdsarvliste
Rapport for 2012
Av dei 36,5 mill. kroner som vart tildelte Bryggen i Bergen vart ca. 13 mill. kroner nytta til restaurering av grunnvatn. Resten gikk til å setje i stand bygningar, brannsikring og ulike overvakingsprogram.
På Røros har Uthusprosjektet utvida verkeområdet sitt i samsvar med utvidinga av verdsarvområdet. Aktiviteten i 2012 har vore større enn nokon gong, og godt og vel 30 enkeltprosjekt vart fullførte dette året med 6,7 mill. kroner i tilskot frå Riksantikvaren. Statens verneverdige og freda bygningar på Røros blir tekne vare på av Rørosmuseet. Det er elles tildelt midlar til verneverdige bygningar i Røros, til skjøtsel av kulturlandskapet i Småsetran, til registrering av Femundhytta, til å ta vare på lasskøyringstradisjonen og til ei koordinatorstilling for verdsarvarbeidet med Røros bergstad og Circumferensen.
Det vart gitt 2,5 mill. kroner til tiltak for bergkunsten i Alta i 2012. I løpet av året vart det gjennomført vegetasjonsskjøtsel og vedlikehald på 11 lokalitetar med eit større tal enkeltminne. Skog er rydda og gangvegar er oppgraderte i Hjemmeluft. Gammal maling er fjerna ved to lokalitetar. Det vart halde eit tverrfagleg arbeidsseminar for diskusjon av vidare sikring av lokaliteten Kåfjord. Arbeidet med digitalt bergkunstarkiv og dokumentasjon av bergkunst i verdsarvområdet er ført vidare, og det er òg utført ulike formidlingsprosjekt.
På Vegaøyan har prosjekt «ærfuglarkitektur» med registrering, reparasjon og bygging av nye e-hus for hekkande ærfugl gått føre seg i fem år med godt resultat. Ein del planlagde istandsetjingsarbeid er forseinka på grunn av startvanskar.
For Vestnorsk fjordlandskap (delområde sør) vart det i 2010 sett i gang arbeid med ein restaureringsplan for bygningar i Nærøyfjorden. Restaureringsplanen er ferdigstilt, og sendt på høyring i 2. kvartal 2013.
På Urnes er arbeidet med ein forvaltningsplan for Ornes fullført og vedteken av fylkestinget. Planen inneheld forslag til buffersone.
Direktoratet for naturforvaltning har i tillegg medverka med 16,6 mill. kroner til støttetiltak til verdsarvområda for å ta vare på kulturlandskapa.
Post 73 Brannsikring og beredskap, kan overførast, kan nyttast under post 21
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 (i 1 000 kr) |
---|---|---|
73 | Brannsikring og beredskap | 9 707 |
Sum post 73 | 9 707 |
Mål
Tilskotsordninga skal sikre et utval trehusmiljø og de 28 stavkyrkjene mot brann.
Rapport 2012
Tabell 7.14 Brannsikringstiltak
Tiltak | Total | Beløp 2011 (i 1 000 kr) | Beløp 2012 (i 1 000 kr) |
---|---|---|---|
Brannsikring tette trehusmiljø | 66 | 1 000 | 0,0 |
Brannsikring stavkyrkjer | 28 | 10 983 | 18 780 |
Anna | 105 | ||
Sum | 12 089 | 12 089 |
I 2012 er det utarbeidd eit program for brannsikringstiltak i dei 66 mest brannutsette tette trehusmiljøa i Noreg, innan bevaringsprogrammet for brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer. I programmet er det ein føresetnad at eigarar og kommunar tek ein vesentleg del av kostnadene. I 2012 vart det ikkje gitt tilskot til brannsikring av tette trehusmiljø. Alle disponible midlar gjekk til brannsikring av stavkyrkjene.
Ein gjennomgang av branntryggleiken i stavkyrkjene har avdekt behov for omfattande oppgradering og utskifting av eksisterande brannsikringsanlegg. I tillegg til ordinær løyving på 10,95 mill. kroner vart det ved nysaldering i desember 2012 avsett ytterlegare 7,83 mill. kroner, slik at det samla vart brukt 18,78 mill. kroner til brannsikring av stavkyrkjene i 2012.
Post 74 Fartøyvern, kan overførast
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 (i 1 000 kr) |
---|---|---|
74 | Fartøyvern | 45 712 |
Sum post 74 | 45 712 |
Mål
Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand eit utval av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale med eigarar om vern.
Rapport 2012
Tabell 7.15 Fartøyvern 2012
Den norske verneflåten pr. 31.12.2012 | Istandsette pr. 31.12.2012 | Motteken støtte i 2012 | |
---|---|---|---|
Freda fartøy | 10 | 6 | 10 |
Verna fartøy | 204 | 90 | 47 |
Sum | 214 | 96 | 57 |
Post 75 Internasjonalt samarbeid, kan overførast
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 (i (1 000 kr) |
---|---|---|
75 | Internasjonalt samarbeid | 761 |
Sum post 75 | 761 |
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til internasjonalt samarbeid om kulturminneforvaltning, markere Noreg som viktig medspelar til nøkkelorganisasjonar innanfor fagfeltet og som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av bygningar i tre.
Rapport
Riksantikvaren var i 2012 første gong ansvarleg for heile det administrative og faglege arbeidet med gjennomføringa av det 15. internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology), som vart arrangert hos Riksantikvaren i Oslo 23. mai – 29. juni 2012. Som i tidlegare år er hovuddelen av 75-posten tilskot til dette vidareutdanningskurset, der ICCROM er ein sentral partnar. Kurset inngår i UNESCOs internasjonale kursportefølje, og er det einaste internasjonale etterutdanningstilbodet retta mot bevaring av bygningar og konstruksjonar i tre. Kurset har i stor grad markert – og markerer – Noreg som eit land med særleg kompetanse på forvaltning av bygningar i tre og som viktig medspelar for nøkkelorganisasjonar innanfor fagfeltet. Mange av dei tidlegare deltakarane har høgare stillingar i sine respektive heimland og initierer tettare samarbeid med Noreg og RA på dette området. Også UNESCO brukar jamleg den norske særkompetansen under prosjektimplementering i fleire land.
Post 77 Verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast, kan nyttast under post 21
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 (i 1 000 kr) |
---|---|---|
77 | Verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet | 4 102 |
Sum post 77 | 4 102 |
Mål
Stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling.
Rapport 2012
Kultur- og naturreise er eit nasjonalt prosjekt for å forbetre tilgangen til offentleg informasjon om kultur og natur. Med ein smarttelefon eller elektronisk lesebrett skal alle få tilgang til aktuelle fakta og forteljingar om kultur og natur der dei er. Innhaldet i dei nasjonale basane skal takast i bruk, og utviklast vidare av andre til nye tenester, for eksempel av nærings- og reiseliv, innanfor friluftsliv og undervisning.
Innsatsen for Pilegrimsleia er gjort gjennom Nasjonalt pilegrimssenter (NPS). Nasjonalt Pilegrimssenter har sidan 2010 hatt status som eit mellombels senter. Hausten 2012 vedtok Regjeringa at NPS skulle etablerast som eit permanent senter. Tiltaka er sikta inn mot arbeidsfelta miljø, næring, kyrkje og kultur. Talet på vandrarar har auka monaleg og fleire overnattingsplassar er etablerte. Ei ny nettside og ein ny vandringsplanleggjar for mobil er utvikla.
Næring i verneverdige byområde er eit nettverk der byane Bergen, Fredrikstad, Hamar, Kongsberg, Røros, Stavanger, Tønsberg og Ålesund deltek. Formålet er å utveksle erfaringar og setje i gang utgreiings- og utprøvingstiltak for å initiere ny aktivitet i verneverdige byområde.
I tillegg er det gitt støtte til 11 andre prosjekt for verdiskaping, mellom anna knytt til tilrettelegging av kulturminne som besøksattraksjonar, produksjon av tilbod om opplevingar med grunnlag i lokale historiske forteljingar og kulturminna sin rolle for utvikling av stader og lokalsamfunn. Mange prosjekt inviterer befolkning, eigarar, næringsliv, og forvaltning til diskusjon om kulturarven si rolle i bygginga av framtidas lokalsamfunn. Prosjekta er som oftast leia av eigarane, fylkeskommune, kommune, museum eller frivillige institusjonar. Prosjekta er spleiselag. Tilskot frå post 77 utgjer maksimum 50 pst. av totalbudsjettet, som oftast ein mindre del.
Tabell 7.16 Verdiskapingsprosjekt som har motteke støtte frå post 77 i 2011 og 2012
Tiltak/område | 2011 (i 1000 kr) | 2012 (i 1000 kr) | Kommentar |
---|---|---|---|
Mellombels Pilegrimssenter | 1 518 | ||
Pilegrimsleia elles | 1 536 | ||
Andre verdiskapingsprosjekt | 244 | 3 702 | |
Informasjonstiltak | 737 | 38 | |
Kultur- og naturreise | 1 000 | Prosjektet vart i 2011 finansiert over post 21 | |
Næring i verneverdige byområde | 437 | ||
Anna | 50 | 66 | Nettverk o.a. prosjektoppfølging |
Sum | 2 567 | 6 761 |
Post 78 Tilskot til sikring og forvaltning av arkeologiske kulturminne, kan overførast, kan nyttast under post 21
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 (i 1 000 kr) |
---|---|---|
78 | Tilskot til sikring og forvaltning av arkeologiske kulturminne | 8 738 |
Sum post 78 | 8 738 |
Mål
Sikre og styrkje forvaltninga av arkeologiske kulturminne.
Rapport 2012
Tabell 7.17 Tiltak for å sikre og forvalte arkeologiske kulturminne 2010–2012
Tilsegn til | Tilsegner 2010 | Tilsegner 2011 | Tilsegner 2012 |
---|---|---|---|
Arkeologiske museum | 5 | 5 | 5 |
Sjøfartsmuseum | 5 | 5 | 5 |
NIKU | 1 | 0 | 1 |
Kap. 1432 Norsk kulturminnefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
50 | Til disposisjon for kulturminnetiltak | 59 480 | 61 440 | 63 590 |
Sum kap. 1432 | 59 480 | 61 440 | 63 590 |
Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak
Norsk kulturminnefond vart lagt om i 2012 gjeldande frå 2013. Det er no eit forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og til drift av administrasjonen og styret.
Miljøverndepartementet har tydeleggjort rollefordelinga mellom Riksantikvaren og Norsk Kulturminnefond slik at fondet nå i hovudsak har ansvaret for verneverdige kulturminne og Riksantikvaren for freda kulturminne.
Mål
Medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige og freda kulturminne og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Midlane under posten er relaterte til revidert nasjonalt mål 6.1: Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Innan 2020 skal det liggje føre oversikter over verneverdige kulturminne og kulturmiljø for kvar kommune som grunnlag for å prioritere eit utval som skal takast vare på, revidert nasjonalt mål 6.2: eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020, og nasjonalt mål 6.4: Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om tiltak retta mot verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.
Rapport for 2012
Kulturminnefondet har hatt auka aktivitetsnivå i 2012. Det vart brukt 14 mill. kroner til forvaltning av Kulturminnefondet. 217 søknader med tilsegner på til saman inntil 39,171 mill. kroner vart gitt. Det vart utbetalt meir midlar, og avslutta fleire prosjekt enn i 2011. Talet på avkorta tilsegner auka betydeleg.
Tabell 7.18 Aktivitet til vern og utvikling av verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø 2011 og 2012
Tal 2011 | Kroner 2011 | Tal 2012 | Kroner 2012 | |
---|---|---|---|---|
Uteståande tilsegner pr. 01.01 | 671 | 94 154 | 797 | 107 048 |
Tilsegner gitt pr. 31.12 | 316 | 61 284 | 217 | 39 171 |
Tilsegner utbetalte og avslutta | 185 | 19 893 | 271 | 30 634 |
Tiltak trekte/tilbakekalla | 5 | 0 | 54 | 0 |
Tilsegner utbetalte og ikkje avslutta | 16 026 | 16 450 | ||
Avkorta/tilbakeførte tilsegner | 12 472 | 5 530 | ||
Sum Uteståande tilsegner pr. 31.12.2012 | 797 | 107 048 | 689 | 93 604 |
Rekneskapsført/utbet. 31.12.2012 | 35 918 | 47 085 |
Den nettbasert database Lykillinn gir viktig informasjon om kva tiltak som blir støtta og korleis tilskota fordeler seg i forhold til satsingsområde og til geografisk spreiing.
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad i hovudsak til den primære målgruppa som er dei private eigarane. Tilskot blir nytta til tiltak som fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø, og til å hindre tap av kulturminne. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet er prioriterte. Det er òg prosjekt som gir synergieffektar, som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I mange tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Midlane frå fondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål.
Programkategori 12.40 Klima og forureining
I samband med opprettinga av Miljødirektoratet, jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013, og samlinga av budsjettkapittel for dette under kap. 1420, blir programkategori 12.40 lagt ned i 2014-budsjettet. Kap. 1445, 1447 og 1448 har blitt flytta til programkategori 12.10 og respektive kap. 1406, 1407 og 1408.
Tabell 7.19 Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
1441 | Klima- og forureiningsdirektoratet | 745 569 | 784 969 | -100,0 | |
1445 | Miljøvennleg skipsfart | 3 807 | 4 132 | -100,0 | |
1447 | Miljøomsyn i offentlege innkjøp | 17 545 | 14 000 | -100,0 | |
1448 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | 11 363 | 12 512 | -100,0 | |
Sum kategori 12.40 | 778 284 | 815 613 | -100,0 |
Kap. 1441 Klima- og forureiningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 347 510 | 370 594 | |
21 | Spesielle driftsutgifter | 19 980 | 19 473 | |
22 | Statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar | 646 | 2 025 | |
39 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79 | 47 777 | 17 162 | |
69 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79 | 19 621 | 26 250 | |
71 | Grunnstøtte til frivillige miljøorganisasjonar og informasjon og kompetanseformidling om produksjon og forbruk | 2 117 | 2 188 | |
74 | Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbruksinformasjon | 1 120 | ||
75 | Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving | 242 684 | 281 320 | |
76 | Refusjonsordningar, overslagsløyving | 64 087 | 50 000 | |
79 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69 | 97 | 14 837 | |
80 | Miljømerking, miljøvennlig forbruk og forbruksinformasjon | 1 050 | ||
Sum kap. 1441 | 745 569 | 784 969 |
Som følgje av opprettinga av Miljødirektoratet 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013), er midlane under kap. 1441 flytta til kap. 1420 Miljødirektoratet.
Post 80 Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon
Posten vart i 2013-budsjettet flytta til kap. 1441 post 74.
Kap. 4441 Klima- og forureiningsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
02 | Inntekter, statleg ordning for frivillig kjøp av klimakvotar | 673 | 2 161 | |
04 | Gebyr | 35 617 | 35 259 | |
05 | Leigeinntekter | 207 | 354 | |
06 | Gebyrer, fylkas miljøvernavdelingar | 19 290 | 22 000 | |
07 | Gebyrinntekter (Kvotesystemet) | 7 786 | 10 600 | |
09 | Internasjonale oppdrag | 10 249 | 6 155 | |
15 | Refusjon arbeidsmarknadstiltak | 373 | ||
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 3 768 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 561 | ||
Sum kap. 4441 | 80 524 | 76 529 |
Som følgje av opprettinga av Miljødirektoratet 1. juli 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013), er midlane under kap. 4441 flytta til kap. 4420 Miljødirektoratet.
Programkategori 12.50 Kart, geodata og eigedomsinformasjon
Løyvingane under programkategori 12.50 høyrer inn under verkemiddelområde Kunnskap og staddata. Programkategorien omfattar verksemda i Kartverket, som er det nasjonale fagorganet for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Kartverket har under dette ansvar for å etablere, forvalte og gjere tilgjengeleg nasjonale kartseriar og halde register oppdaterte. Programkategori 12.50 omfattar også tinglysing i burettar og fast eigedom.
Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
1465 | Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur | 625 040 | 720 994 | 775 033 | 7,5 |
2465 | Statens kartverk | 17 555 | 12 000 | 15 288 | 27,4 |
Sum kategori 12.50 | 642 595 | 732 994 | 790 321 | 7,8 |
Kap. 1465 Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 217 597 | 224 504 | 222 699 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 405 585 | 450 890 | 487 334 |
30 | Geodesiobservatoriet i Ny-Ålesund, kan overførast | 1 858 | 45 600 | 65 000 |
Sum kap. 1465 | 625 040 | 720 994 | 775 033 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer lønn og andre driftskostnader knytte til rettsregistreringar av burettar og tinglysing i fast eigedom, under dette inntil 2 mill. kroner til arbeid i Miljøverndepartementet. Løyvinga blir for Kartverket sett på som ei inntekt, slik at tilsvarande beløp blir inntektsførte under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter. Utgiftene dekkjer mellom anna lønn, pensjon, drift av tinglysingssystemet Regina og andre utgifter som er naudsynte for å gjennomføre tinglysing i burettslag og fast eigedom.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga dekkjer lønn og andre driftskostnader knytte til etablering og drift av den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon. Dette blir mellom anna nytta til flyfotografering, føring av matrikkel, sikring av geodetisk grunnlag for Noreg, sjøkartlegging og ei rekkje andre aktivitetar som byggjer og held ved like ein nasjonal geografisk infrastruktur. Løyvinga blir sett på som ei inntekt for Kartverket, slik at tilsvarande beløp blir inntektsført under kap. 2465 Statens kartverk, post 24.1 Driftsinntekter.
Posten er foreslått auka med 36,5 mill. kroner i 2014. Dette omfattar mellom anna 25 mill. kroner for frigjeving av dei viktigaste nasjonale kartdata, og pris- og avgiftsjustering som utgjer ein auke på 2,75 pst.
Det er foreslått ei fullmaktsramme i 2014 på 50 mill. kroner for å kunne bestille kartgrunnlag, under dette bestille kartleggingstenester og inngå avtaler om kartleggingssamarbeid som går over fleire år, jf. forslag til vedtak V nr. 2.
Post 30 Geodesiobservatoriet i Ny-Ålesund, kan overførast
Arbeidet med å byggje nytt geodesiobservatorium i Ny-Ålesund starta i 2012 etter løyving i revidert nasjonalbudsjett. Den nye post 30 skal dekkje dette arbeidet, som vil halde fram til den gamle antenna blir riven i 2021. Nytt observatorium skal stå ferdig innan utgangen av 2017. Fram til 2021 vil det nye og det gamle anlegget bli samkøyrde før den gamle antenna blir riven.
Observatoriets VLBI antenne (VLBI – Very Long Baseline Interferometry) tek imot signal frå verdsrommet. Dette gjer det mogleg å kartleggje rørsler i jordoverflata, kor fort jorda roterer og jordas nøyaktige plassering i verdsrommet. Kartlegginga er nødvendig for å kalkulere bana til jordobservasjonssatellittane. Presise satellittbaner er naudsynt for nøyaktig klimaovervaking og all satellittbasert verksemd.
Etableringa av observatoriet er handtert som eit sjølvstendig prosjekt «Jordobservatorium i Ny-Ålesund» med ei kostnadsramme på 355 mill. kroner. Dette inngår ikkje i Kartverkets kapitalbalanse. I 2014 vil vegdelen av prosjektet vere fullført slik at bygginga av fundamenta kan ta til same sommar.
Kap. 2465 Statens kartverk
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
24 | Driftsresultat: | |||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 17 555 | 12 000 | 15 288 |
Sum kap. 2465 | 17 555 | 12 000 | 15 288 |
Midlane under kapitlet er i hovudsak retta mot verkemiddelområde Kunnskap og staddata.
Rolle og oppgåver for Kartverket
Miljøverndepartementet legg vekt på at Kartverket skal vere eit tydeleg nasjonalt fagorgan for kart og eigedomsinformasjon. Fleire av oppgåvene er regulerte i spesiallov. Kartverket skal utøve rolla som:
nasjonal geodatakoordinator
offisiell sjøkartstyresmakt
sentral matrikkelstyresmakt
tinglysingsstyresmakt
Kartverket har to hovudoppgåver:
byggje og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land, og syte for at brukarane får enkel og effektiv tilgang til geografisk informasjon (geodata)
ansvaret for tinglysing i fast eigedom og burettar
Kartverket skal delta i forsking og utvikling av geografisk informasjonsteknologi, og samarbeide med norsk industri og kartbransje, bl.a. om eksportretta tiltak. Kartverket skal syte for tilgang og forvaltning av geodata og eigedomsinformasjon. Kartverket har ansvar for å samordne standardar og regelverk med andre land. Kartverket har ei rolle i digital utvikling og det er eit mål at Kartverket sine tenester skal vere elektronisk tilgjengeleg både for næringsliv og publikum. Stortinget vedtok gjennom Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 at dei viktigaste nasjonale kartdata skal vere opne og gratis for alle. Dette vert vidareført i 2014. Dette omfattar mellom anna hovudkartserien på land med digitale data om administrative grenser, samferdsel, vassdrag, skog, dyrka mark, terreng, stadnamn og busetnad. Data frå Den norske Los og EFS, etterretning for sjøfarande er gjort digitalt og gratis tilgjengeleg. På enkelte område blir basisproduksjonen på kart- og geodataområdet forsert ut over det løyvinga over kap. 1465 post 21 gir grunnlag for, gjennom tilskot frå brukarar eller samarbeid om felles geodataprosjekt. Fleire av Kartverkets produksjonsmål på kart- og geodataområdet føreset at budsjetterte samfinansieringsprosjekt blir realiserte.
Viktige målsetjingar for Kartverket i 2014 vil vere:
forbetre sjømålingane langs norskekysten ved blant anna å ta i bruk nye målebåtar og arbeide for ei sertifiseringsordning for ekstern sjømåling
medverke til samarbeid med andre offentlege maritime etatar på sjøtryggleiksområdet
leie og koordinere ei internasjonal offisiell elektronisk kartteneste for å styrkje tryggleiken til sjøs mellom anna gjennom «Primar»-samarbeidet
vere nasjonal forvaltar og formidlar av kart, geodata og eigedomsinformasjon, under dette tinglysingsinformasjon
etablere standardar for det kartfaglege området, harmonisert mot andre fagområde
leie arbeidet, etablere, forvalte og gjere tilgjengeleg ein infrastruktur av stadfesta (koordinatbestemt) informasjon som ein viktig og integrert del av Noreg digitalt, og implementere geosynkronisering for kontinuerleg oppdatering av detaljerte kartdata og plandata frå kommunane
utvikle rolla som nasjonal geodatakoordinator, og oppgradere portalen GeoNorge
medverke til kvalitetssikring av plandata blant anna gjennom å koordinere arbeid med standardiserte kommunale planregister (Noreg digitalt)
vidareutvikle det offisielle eigedomsregisteret (matrikkelen), og samarbeide med kommunane om å etablere offentlege vegadresser
leggje til rette for utvikling av elektronisk tinglysing
utvikle gratis elektronisk innsynsløysing for publikum i grunnboka
gjennomføre arbeidet med nytt jordobservatorium, og drifte og utføre målingar ved geodesiobservatoriet i Ny-Ålesund mellom anna knytt til globale endringar i klima, havnivå og rørsler i jordoverflata
oppgradere IKT-infrastruktur (jf. miljøforvaltningas IKT-strategi)
arbeide med detaljert høgdemodell
implementere ny prismodell frå 1.1.2014.
arbeide for å opprette et nasjonalt kompetansesenter for staddata og eigedomsinformasjon.
i samarbeid med andre etatar arbeide for å styrkje sjøkartlegginga kystnært («Kyst-Mareano»)
Post 24 Driftsresultat:
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
24.1 | Driftsinntekter | -1 005 742 | -1 054 000 | -1 112 033 |
24.2 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 1 021 994 | 1 039 090 | 1 093 449 |
24.3 | Avskrivingar | 10 793 | 12 538 | 16 674 |
24.4 | Renter av statens kapital | 2 346 | 2 372 | 1 910 |
24.5 | Til reguleringsfondet | -29 391 | ||
Sum post 24 |
Kartverket er ei statleg forvaltningsbedrift som styrer den interne økonomien etter bedriftsøkonomiske rekneskapsprinsipp, mens statsrekneskapen blir rapportert etter kontantprinsippet.
Arbeidet til Kartverket er finansiert på fleire måtar. I tillegg til den direkte løyvinga over budsjettet til Miljøverndepartementet (kap. 1465) kjem samfinansiering og inntekter frå formidling av kart, geodata og eigedomsinformasjon. Tinglysingsgebyra inngår ikkje i inntektsgrunnlaget til Kartverket, men blir ført brutto på kap. 4465 Tinglysing.
Underpost 24.1 Driftsinntekter
Kartverkets bedriftsøkonomiske driftsinntekter fordeler seg som følgjer:
Tabell 7.20 Statens kartverks driftsinntekter
(i mill. kr) | |||
---|---|---|---|
Rekneskap 2012 | Plan 2013 | Plan 2014 | |
Tildeling frå departementet, jf. kap. 1465 | 624 | 719 | 773 |
Samfinansiering | 262 | 210 | 205 |
Inntekter og godtgjersler frå formidling av kart, geodata og eigedomsinformasjon | 98 | 125 | 134 |
Sum driftsinntekter | 984 | 1 054 | 1 112 |
Rekneskap 2012 er i tabellen ført opp i samsvar med Kartverkets bedriftsøkonomiske rekneskap. Plan 2013 refererer seg til Prop. 1 S (2012–2013), jf. Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013. Samfinansiering og formidlingsinntekter er baserte på prognose frå Kartverket, og er avhengig av aktivitet og etterspurnad blant samarbeidspartar og brukarar. Samfinansiering dekkjer kostnader med prosjekt som vert utførte i fellesskap med kommunane, statlege etatar, energiverk og andre deltakarar i den geografiske infrastrukturen.
Inntekter og godtgjersler frå sal av kart- og eigedomsinformasjon dekkjer ein viktig del av Kartverket sine samla kostnader med innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjon, medrekna kostnader til å utvikle nye produkt og til å utvikle nye formidlingstenester.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Posten omfattar utgifter til lønn og andre driftsutgifter, under dette etablering og oppgradering av den nasjonale geografiske infrastrukturen, og arbeidet med tinglysing i fast eigedom og burettar. Ein del av dette gjeld kjøp av tenester frå underleverandørar.
Underpostane 24.3 Avskrivingar og 24.4 Renter av statens kapital
Avskrivingane og renter av statens kapital for Kartverket blir utrekna etter fast praksis på grunnlag av dei kapitalgjenstandane som er bokførte pr. 31. desember året før budsjettåret. Avskrivingane blir inntektsførte i statsrekneskapen på kap. 5491 post 30, og rentene på kap. 5603 post 80. Avskrivingar og renter av statens kapital er budsjetterte ut frå ein venta bokført kapital på 78,7 mill. kroner pr. 31. desember 2013.
Underpost 24.5 Til reguleringsfondet
Eit eventuelt avvik mellom det løyvde beløpet under post 24 Driftsresultat og det rekneskapsførte beløpet under posten skal regulerast ved overføringar frå/til reguleringsfondet. Ei vesentleg årsak til avvik mellom det faktiske driftsresultatet og det budsjetterte driftsresultatet vil vere terminforskyvingar i kontante inn- og utbetalingar. Pr. 31. desember 2012 var reguleringsfondet på 236,64 mill. kroner, noko som er ein reduksjon på nesten 30 mill. kroner frå 2011. Fondet blir truleg ytterlegare redusert i 2014 i samband med at ein del prosjekt blir fullførte. Dette er ein naturleg del av fondet si utvikling over tid. Departementet ber om fullmakt til å kunne fråvike spesifikasjonane under kap. 2465 post 24 ved bruk av reguleringsfondet, jf. forslag til vedtak IV.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar alle varige investeringar over 200 000 kroner.
Kartverkets produksjonsutstyr er IT-basert. Produksjonsverksemda omfattar behandling av store datamengder frå oppmåling av sjø og land, EDB-basert kartproduksjon, føring av matrikkel og grunnbok m.v. Kartverket må fortløpande fornye og utbetre utstyrsparken for å kunne utnytte effektivitetsvinstane i ny teknologi i produksjonen, og møte etterspørselen etter nye kart og eigedomsdata. Posten foreslås auka med 3,3 mill. kroner i 2014.
Posten kan overskridast ved sal av utstyr der inntektene blir rekneskapsførte under kap. 5465 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 2.
Departementet foreslår at inntil 15 mill. kroner kan omdisponerast mellom kap. 1465 post 01, kap. 1465 post 21 og kap. 2465 post 45, jf. forslag til vedtak III.
Tabell 7.21 Statens kartverks kapitalbalanse
(i mill. kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.11 | Rekneskap 31.12.12 | Venta 31.12.13 | Venta 31.12.14 | |
Eigedelar | ||||
Anleggsmidlar: | ||||
Driftsmidlar, eigedommar | 57,3 | 64,1 | 78,7 | 74,0 |
Aksjar, andelar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Utlån og obligasjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum anleggsmidlar | 57,3 | 64,1 | 78,7 | 74,0 |
Omløpsmidlar: | ||||
Varebehaldning, varer i arbeid | 5,2 | 7,5 | 7,5 | 7,5 |
Kortsiktige fordringar | 311,2 | 306,2 | 306,2 | 306,2 |
Kortsiktige plasseringar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Kassebehaldning og innskot | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum omløpsmidlar | 257,4 | 257,4 | 257,4 | 257,4 |
Sum eigedelar | 316,4 | 313,7 | 313,7 | 313,7 |
Tabell 7.22 Statens kartverks gjeld og eigenkapital1
(i mill. kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 31.12.11 | Rekneskap 31.12.12 | Venta 31.12.13 | Venta 31.12.14 | |
Gjeld og eigenkapital Eigenkapital2: | ||||
Eigenkapital utan reguleringsfond | -81,3 | -143,7 | -143,7 | -143,7 |
Reguleringsfondet | 266,0 | 236,0 | 236,0 | 214,4 |
Sum eigenkapital | 184,7 | 93,0 | 93,0 | 93,0 |
Langsiktig gjeld3: | ||||
Staten sin renteberande kapital | 57,3 | 64,0 | 78,7 | 74,0 |
Anna langsiktig gjeld | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Sum langsiktig gjeld | 57,3 | 64,0 | 78,7 | 74,0 |
Kortsiktig gjeld4: | ||||
Kortsiktig gjeld | 747,5 | 482,4 | 482,4 | 482,4 |
Mellomverande med statskassen | -342,9 | -261,6 | -261,6 | -261,6 |
Sum kortsiktig gjeld | 131,7 | 220,7 | 220,7 | 220,7 |
Sum gjeld og eigenkapital | 373,5 | 377,8 | 377,8 | 377,8 |
1 Omløpsmidlar. Det blir ikkje gjort overslag over omløpsmidlane før rekneskapsavslutning. Omløpsmidlane blir derfor førte opp uendra i budsjettåret. Omløpsmidlane blir rekneskapsførte i samsvar med Kartverkets bedriftsøkonomiske rekneskap.
2 Eigenkapital. Posten kjem fram som ein differanse mellom eigedelar og gjeld. Eventuelt avvik mellom rekneskapsført driftsresultat (etter føring til eller frå reguleringsfondet) og Kartverkets bedriftsøkonomiske resultat blir rekna mot eigenkapitalen.
3 Langsiktig gjeld. Kartverket finansierer alle anleggsmidlar fullt ut som «lån» i statskassen. Statens renteberande kapital fungerer derfor som motpost til anleggskapitalen. Den renteberande kapitalen er fordelt på 5 ulike «lån».
4 Kortsiktig gjeld. Det blir ikkje gjort overslag over kortsiktig gjeld før rekneskapsavslutning. Kortsiktig gjeld blir derfor ført opp uendra i budsjettåret. Kortsiktig gjeld blir rekneskapsført i samsvar med Kartverkets bedriftsøkonomiske rekneskap.
Kap. 4465 Statens kartverk, arbeid med tinglysing og nasjonal geografisk infrastruktur
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Gebyrinntekter tinglysing, burettslag | 62 411 | 59 000 | 57 900 |
02 | Gebyrinntekter tinglysing, fast eigedom | 1 042 598 | 604 000 | 320 000 |
Sum kap. 4465 | 1 105 009 | 663 000 | 377 900 |
Post 01 Gebyrinntekter tinglysing, burettslag
Løyvinga på posten omfattar inntekter frå rettsregistrering av burettar. Gebyra er fastsette i forskrift etter eit sjølvkostprinsipp. Dei faktiske inntektene i året vil avhenge av aktiviteten i eigedomsmarknaden.
I 2012 vart det rekneskapsført 62,41 mill. kroner i gebyrinntekter frå burettar. I budsjettet for 2013 er løyvinga på 59,0 mill. kroner og er føreslått redusert med 1,1 mill. kroner grunna ei forventa utvikling i eigedomsmarknaden i 2014 som erfaringsmessig slår ut raskare for burettslag enn fast eigedom. Det er knytt noko uvisse til tala, som avheng av utviklinga i den norske eigedomsmarknaden. Tinglysingsgebyr for burettslagsdelar er i 2014 foreslått til 430 kroner, 4 300 kroner for tinglysing av nytt burettslag, med etterfølgjande tinglysing av nye delar i burettslag til 430 kroner og anke over tinglysingsvedtak 5 160 kroner.
Det er foreslått ei meirinntektsfullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 1465 post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4465 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 02 Gebyrinntekter tinglysing, fast eigedom
Løyvinga på posten omfattar inntekter frå tinglysing i fast eigedom. Gebyra er fastsette i forskrift. Dei faktiske inntektene i året vil avhenge av aktiviteten i eigedomsmarknaden.
I 2012 vart tinglysingsgebyra for fast eigedom sette ned med til saman 400 mill. kroner, blant anna med ein reduksjon i prisen på tinglysing av pantedokument. (Frå 1 935 kroner til 1 060 kroner). Det er foreslått at gebyret blir ytterlegare redusert til 525 kroner, noko som vil gi ein reduksjon på 310 mill. kroner bokført i 2013. Sats for refinansiering vert sett til 200 kroner. Dei andre gebyra vert ikkje endra.
Post 49 Sal av anleggsmidlar
På posten blir det ført tilfeldige inntekter for Kartverket, mellom anna inntekter frå sal av anlegg og utstyr, som av rekneskapstekniske grunnar skal bruttoførast.
Departementet ber om fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 2465 post 45 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 5465 post 49, jf. forslag til vedtak II nr. 2 .
Programkategori 12.60 Nord- og polarområda
Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda 1 Levande hav og kyst, 9 Giftfritt miljø og 11 Stabilt klima. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.
Regjeringa prioriterer høgt å styrkje forsking og overvaking i polarområda som ledd i å følgje globale miljøendringar og effektane av desse, og auka fagleg aktivitet ved Framsenteret i Tromsø. Samtidig vil kunnskapsgrunnlaget for miljøforvaltninga av norske nord- og polarområde vere viktig. Hovudinnsatsen vil vere retta mot klimaendringar, miljøgifter og biologisk mangfald. Det er behov for å framskaffe ny kunnskap om viktige delar av Barentshavets økosystem, bl.a. påverknaden frå klima, miljøgifter og hausting. Kunnskap til forvaltninga av isbjørnbestanden, arter som er sentrale for forvaltninga av Svalbard som villmarksområde, og raudlistearter som har regelmessig opphald på Svalbard, vil ha prioritet. Langtransporterte miljøgifter og miljøgifter frå kjelder med lokal betydning vil ha særleg fokus. Vidare er verneområda på Svalbard viktige referanseområde for klima, miljøgift og økologisk forsking, og det er behov for auka kunnskap som grunnlag for forvaltning og vern av desse områda. Noreg har dessutan eit ansvar for å bringe fram kunnskap om og verne kulturminne som viser den menneskelege verksemda i polarområda gjennom tidene.
Arbeidet med gjennomføring av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er prioritert av Regjeringa. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innanfor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanane skal leggje til rette for verdiskaping basert på ressursane i havområdet, og samtidig stille krav slik at miljøet i dei norske havområda blir sikra for kommande generasjonar.
Framsenteret i Tromsø vart opphaveleg oppretta som eit nettverkssamarbeid i 2010, samtidig som det blei lagt opp til ei full samlokalisering. Framsenteret omfattar i dag 20 norske institusjonar. Fleire av institusjonane er samlokaliserte i eksisterande senterbygg, som husar ca. 250 tilsette. Ei ekstern evaluering viser at Framsenteret allereie har oppnådd nasjonal og internasjonal status som kompetansemiljø. Framsenteret er attraktivt for lokalisering av nasjonale initiativ og for internasjonale sekretariat som Noreg har ansvaret for. Barentswatch og Sekretariatet for Arktisk Råd er allereie i senteret. Det faglege forskingsarbeidet er vel etablert og gir fortløpande resultat på alle dei fem tematiske flaggskipsområda (ref. kap. 1474).
På Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett føreslår Regjeringa ei oppstartsløyving på 25 mill. kroner, under kap. 2445 Statsbygg, post 32 Prosjektering og igangsetting av kurantprosjekter, til igangsetjing av kurantprosjektet Framsenteret i 2014. Funksjonsanalysen for eit tilbygg viste eit behov for 226 nye arbeidsplassar. Endeleg kostnadsramme vil bli teke stilling til i løpet av våren 2014, og Regjeringa vil komme tilbake med ei orientering om prosjektet i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2014.
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 | Pst. endr. 13/14 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 259 390 | 257 334 | 275 943 | 7,2 |
1472 | Svalbard miljøvernfond | 14 701 | 12 320 | 12 320 | 0,0 |
1474 | Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforskning | 42 801 | 37 253 | 52 298 | 40,4 |
Sum kategori 12.60 | 316 892 | 306 907 | 340 561 | 11,0 |
Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter | 195 553 | 195 712 | 205 903 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 63 339 | 61 124 | 69 542 |
50 | Stipend | 498 | 498 | 498 |
Sum kap. 1471 | 259 390 | 257 334 | 275 943 |
Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:
Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992-93) Norsk polarforskning, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.
Instituttet skal vidare:
halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse i miljøforvaltning innan viltforvaltning, område- og habitatvern, klimaovervaking og forureiningsproblematikk
ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis
utvikle, revidere og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis
medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader
følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis
ta hand om forvaltningas kunnskapsbehov
fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan det bilaterale norskrussiske miljøvernsamarbeidet
fokusere forskinga på klimaprosessar og klimaendringar, effektane av desse på naturen, og økotoksikologi i Arktis og Antarktis
utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet
leie Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av Barentshavet og havområda utanfor Lofoten
representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø
medverke til å styrkje Framsenteret
utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg
drive utovervend informasjon om polarområda, blant anna gjennom samarbeid med Polaria.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda 1 Levande hav og kyst og 11 Stabilt klima.
Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd, inklusive satsinga på ICE (Senter for is, klima og økosystem).
Under denne posten skal 4 mill. kroner nyttas til å dekke logistikkutgifter knytte til bruken av R/V «Lance» som forskingsplattform i drivisen.
Under denne posten skal 3 mill. kroner nyttas til å styrke dei nasjonale luftmålingane ved Zeppelinstasjonen på Svalbard.
Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Midlar til arbeidet med gjennomføringa av den heilskaplege forvaltningsplanen for Barentshavet er vidareført med 3 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot Internasjonalt samarbeid. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.
Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande Miljøprotokoll til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis. Noreg deltek òg i viktige klimaforskingsprosjekt. Det er ein nær samanheng mellom å ha innverknad og å vere til stades, og norsk polarforsking i Antarktis har derfor ein viktig politisk og fagleg funksjon.
I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs nærvær i Antarktis er styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.
Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat og utgifter til flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Under denne posten skal 9 mill kroner nyttas til ny lokalisering av NILU’s luftmålestasjon ved Trollstasjonen, og til styrking av Noregs forsking i Antarktis.
Post 50 Stipend
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 1 Levande hav og kyst og 11 Stabilt klima.
Mål
Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innafor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.
Kriterium for måloppnåing
Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.
Tildelingskriterium
Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.
Oppfølging og kontroll
Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.
Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Sals- og utleigeinntekter | 8 932 | 9 699 | 10 038 |
03 | Inntekter frå diverse tenesteyting | 57 874 | 53 456 | 55 327 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 828 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 075 | ||
21 | Inntekter, Antarktis | 14 560 | 11 940 | 12 358 |
Sum kap. 4471 | 83 269 | 75 095 | 77 723 |
Post 01 Sals- og utleigeinntekter
Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting
Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Inntekter, Antarktis
Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1472 Svalbard miljøvernfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
50 | Overføring til Svalbard miljøvernfond | 14 701 | 12 320 | 12 320 |
Sum kap. 1472 | 14 701 | 12 320 | 12 320 |
Svalbards miljøvernfond er føresett oppretta i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005.
Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for kort og for felling i samband med hausting, gebyr for teoretisk eksamen ved jegerprøva, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Svalbards miljøvernfond har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond.
Inntektene til fondet gir grunnlag for tildeling til dei formåla som skal dekkjast av fondet i samsvar med svalbardmiljølova.
Post 50 Overføringar til fondet
Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.
Kap. 5578 Sektoravgifter under Miljøverndepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
70 | Sektoravgifter under Svalbard miljøvernfond | 14 699 | 12 320 | 12 320 |
Sum kap. 5578 | 14 699 | 12 320 | 12 320 |
Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond
Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med Svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m.
Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforskning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2012 | Saldert budsjett 2013 | Forslag 2014 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70 | 4 253 | 4 298 | |
50 | Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 70 | 27 565 | 20 000 | 20 000 |
70 | Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 50 | 15 236 | 13 000 | 28 000 |
Sum kap. 1474 | 42 801 | 37 253 | 52 298 |
Midlane under dette kapitlet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Framsenteret vart opna i september 2010, og har no 20 deltakande institusjonar. Aktiviteten er delt inn i fem faglege satsingsområde (flaggskip). Dei er:
havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk, leiar: Norsk Polarinstitutt
effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord, leiar: Havforskingsinstituttet
effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk, leiar: Universitetet i Tromsø
havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn, leiar: Norsk Polarinstitutt
miljøgifter – effektar på økosystem og helse, leiar: Norsk Institutt for Luftforsking.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under postane 50 og 70
Midlane under denne posten skal nyttast til felles føremål for Framsenteret. Det gjeld særleg:
drift, fellesfunksjonar og administrasjon av senterbygget i Tromsø, ved driftsselskapet Framsenteret AS
sekretariat for Sentermøtet, det høgaste organet i Framsenteret
profilering og formidling av senteret som heilskap.
Svalbards miljøvernfond har vore fullt operativt sidan 2008, og i 2014 er eit nytt styre på plass etter at det første styret har site ut si tenestetid. Hovudinntekta til fondet er ein avgift for alle tilreisande til Svalbard. Fondet tildelte i første tildelingsrunde i 2013 5 mill. kroner, og årleg deler fondet ut mellom 8-10 mill. kroner. Midlane går til ulike tiltak og prosjekt innanfor undersøkingar og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, kartleggje årsaker til miljøpåverknad og miljøverknader av verksemder, gjenoppretting av miljøtilstanden, tilskot til skjøtsel og vedlikehald og overvaking av kulturminne og informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak. Styret vil halde fram med to årlege tildelingsrundar også i 2014.
Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 70
Mål
Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål å gjennomføre forvaltningsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid innanfor rammene av den faglege hovudsatsinga for senteret. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.
Kriterium for måloppnåing
Framskaffe ny kunnskap av framifrå kvalitet som kan publiserast.
Etablert forskarutdanning og mastergradsutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgre utdanning innan klima og miljø.
Etablert fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshol» og gi nasjonal meirverdi.
Etablerte gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt, og samarbeid med dei andre FoU-miljøa i landsdelen.
Fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse.
Faglege produkt i rett tid og form til bruk for politikkutforming, og som kan nyttast til å redusere risiko og sikre at ny verksemd skjer på ein berekraftig måte.
Formidle forskingsresultat til brukarane, som til dømes næringsliv, skuleverk, andre relevante brukarar og eit breitt publikum.
Rapport for 2012 og 1. halvår 2013
Framsenteret har vore involvert i betydeleg nasjonal og internasjonal forskningsaktivitet i 2012 og første halvår av 2013. Forskingsmiddel frå flaggskipa og sentrale insentiver har finansiert høvesvis 78 og 43 nye forskningsprosjekter, med deltagande forskare frå 17 land og 53 ulike institusjoner (Noreg inkludert). Produksjonen av vitenskapelige publikasjonar og rapportar har vore betydeleg, og forskare frå Framsenteret har deltatt og presentert si forsking på ei lang rekkje nasjonale og internasjonale konferansar og workshops. Gjennom Framsenteret AS har forskinga i og oppbygginga av Framsenteret vore kommunisert til ei rekkje besøk frå ulike land og ambassadar, forskningsinstitusjonar, statlege organar, utdanningsinstitusjonar og media. Forskningsformidlinga har òg vore betydeleg gjennom Fram Forum (2. årgang i 2013, engelskspråkleg) trykt i 3000 eksemplarar (og i elektronisk utgåve), med global distribusjon. I tillegg vert tre nettsider drifta, og forskinga vert formidla gjennom ei rekkje kanalar som youtube (framshorts.com), førestellingar, dei nasjonale forskningsdagane og stands ved ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar.
Norges Forskningsråd har på oppdrag av Framsenteret og med hjelp av eksterne eksperter, evaluert kvart av flaggskipene i Framsenteret. Evalueringen var ferdig i desember 2012. Vurderingane var gjennomgåande positive, samleis som dei peika på ulike forbetringspunkt.
Tildelingskriterium
Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, og vere kvalitetssikra av Noregs Forskingsråd. I tillegg må dei vere tverrfaglege. Etter at Senterets eigne organ har valt ut den årlege prosjektporteføljen, skal Miljøverndepartementet godkjenne denne før prosjekta kan starte opp.
Oppfølging og kontroll
Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda (Flaggskipsleiarane) er pålagt saman med dei andre deltakarane i flaggskipa å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang og oppnådde resultat innan 30. november.
Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under postane 01 og 50
Midlane skal gå til dei ikkjestatlege partnarane i Framsenteret, til dei same føremåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling og oppfølging og kontroll er dei same. Sjå elles omtala under post 50 ovanfor.
Aukinga på posten skal nyttas til faglig verksemd i det nye kompetansemiljø ved Framsenteret i Tromsø, og til prosjektet der R/V «Lance» skal være plattform for forsking i drivisen.
Det skal no i tillegg byggjast ny kompetanse ved Framsenteret i Tromsø som skal medverke til eit betre kunnskapsgrunnlag for styresmaktene sitt arbeid med å avgrense «fotavtrykket» av ny næringsutvikling i nord, og sikre at ny næringsverksemd knytt til naturressursane og til bruken av land- og havområda skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Dette kan eventuelt verte organisert som eit nytt flaggskip i Framsenteret.
Det skal òg gjennomførast eit prosjekt der forskingsfartyet Lance vert frosen inn i isen N-NØ av Svalbard hausten 2014. Under toktet skal det samlast inn isdynamiske-, oseanografiske- og biologiske data frå vinterhalvåret i området nord for Svalbard. Prosjektet vil kunne bidra med svært viktige målingar og forskingsresultat som kan medverke til å betre dagens klimamodellar. Det er òg eit mål å skaffe kunnskap som kan betre dei meteorologiske modellane.