1 Innleiing
Regjeringa har som mål å medverke til ei berekraftig og konkurransedyktig norsk havbruksnæring, som kan bidra til arbeidsplassar og verdiskaping langs kysten. Sommaren 2009 vurderte Regjeringa marknads- og miljøsituasjonen i næringa og fann at det var rom for moderat vekst i næringa i 2010. Det vart bestemt at veksten skulle takast ut ved å tilby etablerte aktørar å auke maksimalt tillaten biomasse (MTB) på løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure med 5 prosent. Enkelte kyst- og fjordområde vart unntekne, der vekst ikkje vert vurdert som miljømessig berekraftig. Som følgje av forslaget vart det rekna med inntekter på om lag 360 mill. kroner knytt til vederlag for auka kapasitet på oppdrettsløyve i statsbudsjettet 2010.
Etter at forslaget vart sendt på høyring melde Mattilsynet om ei forverring i lakselussituasjonen langs delar av kysten, og aukande førekomst av nedsett følsemd mot lusebehandlingsmidla. På bakgrunn av dette vart det avgjort i desember 2009 at kapasitetsauken i oppdrettsnæringa skulle utsetjast inntil ein fekk betre oversikt over utviklinga i lakselussituasjonen.
Stortinget er halde orientert om utviklinga i saka både i samband med revidert nasjonalbudsjett 2010, jamfør Prop. 125 S (2009-2010), og i Prop. 1 S (2010-2011) for Fiskeri- og kystdepartementet.
Denne proposisjonen gjeld forslag om 5 prosent auka MTB i Finnmark og Troms, som kan realiserast i 2011. Det vil i 2012 bli gjort ei ny vurdering av spørsmålet om kapasitetsvekst.