4 Endringar på statsbudsjettet for 2010
Det er på statsbudsjettet for 2010 budsjettert med inntekter på 360 mill. kroner under kap. 4030, post 13. Som følgje av at vederlaga på til saman anslagsvis 60 mill. kroner frå kapasitetsauken i Finnmark og Troms er venta innbetalt i 2011, vil løyvinga på kap. 4030 post 13 i 2010 bli foreslått sett ned i samband med ny saldering av statsbudsjettet for 2010.