Prop. 10 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Føremål og hovudoversikt

1.1 Føremål

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2013. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2013 vart vedteke.

På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verkty for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, vert såleis handsama samla og formalisert på rett måte. Regjeringa er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som kravet om realistisk budsjettering vert handsama.

Omgrupperingsproposisjonen for 2013 tek føre seg budsjettekniske endringar. I tillegg vert meirinntekter for 2013 føreslått formalisert. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 181,847 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke enkelte bestillingsfullmakter.

1.2 Tilleggsløyvingar

Meirutgifter IT-infrastruktur

Som følgje av at Statsministerens kontor (SMK) har flytta inn i Forsvarsdepartementet sine lokal, er det i 2013 behov for ein oppgradering av Forsvarsdepartementet sin IT-infrastruktur, som SMK er ein del av. Det er føreslått på denne bakgrunn at forsvarsramma på kap. 1760, post 45, vert auka med 2,000 mill. kroner i 2013.

Meirutgifter ifm. oppdrag i Syria

Det er gitt tilsegn om norske bidrag til oppfølging av Sikkerheitsrådsresolusjon 2118 (2013) om destruksjon av kjemiske våpen frå Syria. Regjeringa stiller til disposisjon eit norsk kommersielt lasteskip som vil kunne vera tilgjengeleg for transport av syriske kjemikaliar ut av Syria og for evt. seinare transportbehov. Forsvaret stiller til disposisjon ein fregatt til eskorte av lasteskip, samt diverse støttefunksjonar som vakt og sikring om bord i lasteskipet. På denne bakgrunn er det føreslått gitt ei tilleggsløyving på 30,000 mill. kroner til å dekkje Forsvaret sine meirutgifter i samband med eskorteskip og vakt og sikring i ein månad.

1.3 Rammeoverføring frå Utanriksdepartementet

I samband med utarbeidinga av forsvarsbudsjettet for 2002, blei det rammeoverført 2,060 mill. 2002-kroner frå kap. 1700, post 01, til Utanriksdepartementet for oppretting av ein spesialrådgivarstilling ved ambassaden i Madrid. Stillinga vart avvikla med verknad frå 1. september 2013, og midlane skal såleis førast tilbake til forsvarsbudsjettet. Omrekna beløp utgjer som heilårsverknad 2,756 mill. 2013-kroner. Rammeoverføring for 2013 utgjer fire månader, og Utanriksdepartementet har samtykt i ei rammeoverføring på 0,919 mill. kroner i 2013.

1.4 Inndekning av meirutgifter ved kompensasjonsordninga for veteranar

Det vises til Prop. 207 S (2012–2013) der det vart føreslått at spørsmålet om eventuell inndekning over Forsvarsdepartementet sitt budsjett av meirutgiftene på 254 mill. kroner skal handsamast i nysalderinga av statsbudsjett for 2013. Regjeringa føreslår at 120,000 mill. kroner av løyvinga som føreslått i Prop. 207 S (2013–2014) vert dekka innanfor Forsvaret si ordinære ramme ved ein reduksjon av løyvinga på kap. 1760, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.

For å finansiere ekstraordinært store utbetalingar forbundne med kompensasjonsordninga i 2013, vert det beløp som er halde tilbake for kampflyinvesteringa for etterfølgjande år, redusert med 120 mill. kroner.

1.5 Grunnlaget for omgrupperinga

1.5.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedteke budsjett for 2013, midlar overførte frå 2012 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2013.

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2013, kjem fram slik (i 1 000-kroner):

Saldert budsjett 2013

42 224 299

Innst. 333 S (2012–2013) til Prop. 77 S (2012–2013) Tiltak for å styrke samfunnssikkerheten og politiberedskapen

2 520

Innst. 486 S (2012–2013) til Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 (RNB)

481 760

Innst. 488 S (2012–2013) til Prop. 167 S (2012–2013) Endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap» («soldatproposisjonen»)

7 404

Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2013

203 195

= Faktisk løyving før omgruppering

42 919 178

+ Midlar overførte frå 2012

3 551 145

= Disponible midlar i 2013 før omgrupperinga

46 470 323

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2013, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Saldert budsjett 2013

5 207 644

Innst. 486 S (2012–2013) til Prop. 149 S (2012–2013) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 (RNB)

370 385

= Løyvingar før omgruppering

5 578 029

1.5.2 Inntekter i 2013

I høve til saldert budsjett for 2013, med dei seinare endringane gjort av Stortinget, vert det ei meirinntekt på 282,488 mill. kroner der 268,928 mill. kroner vert føreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet si meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2012–2013) under romartalsvedtak II.

1.5.3 Løyvingsbehov

Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytt til omgrupperinga for 2013.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førte til utgiftssida

268 928

Tilleggsløyvingar

32 000

Rammeoverføring frå Utanriksdepartementet

919

Reduksjon av løyvinga på kap. 1760, post 45

- 120 000

= Sum behov ved omgrupperinga

181 847

+ Løyvingar før omgrupperinga

42 919 178

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

43 101 025

+ Midlar overførte frå 2012

3 551 145

= Samla disponible midlar i 2013 etter omgrupperinga

46 652 170

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Meirinntekter

282 488

+ Løyvingar før omgrupperinga

5 578 029

= Løyvingar etter omgrupperinga

5 860 517

På bakgrunn av dette føreslår regjeringa under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 181,847 mill. kroner, og at inntektsramma vert auka med 282,488 mill. kroner.