Prop. 10 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapitel nivå

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

378 016

379 726

380 645

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert foreslått auka med 0,919 mill. kroner.

Auken på posten skuldast tidlegare rammeoverførte midlar til Utanriksdepartementet som i samband med at ei stilling ved ambassaden i Madrid no er lagt ned, vert førte attende til Forsvarsdepartementet.

Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

3 060 316

3 093 434

3 137 934

46

Ekstraordinært vedlikehald og komponentutskifting

62 980

162 980

160 180

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 44,500 mill. kroner.

Auken på posten skuldast behov for nødvendige tiltak på Nasjonale Festningsverk (13,500 mill. kroner) og eit auka behov på pensjonsforpliktingar hos Forsvarsbygg (51,000 mill. kroner).

Post 46 Ekstraordinært vedlikehald

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 2,800 mill. kroner.

Posten er føreslått auka i samband med nødvendig utbetring av råteskader ved Fredrikstad artilleri- og infanterikaserne (4,200 mill. kroner).

Det er òg føreslått ein reduksjon på posten grunna omdisponering av midlar til post 01 for delvis dekking av auka pensjonsforpliktingar (27,000 mill. kroner).

Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

3 909 425

3 912 925

3 924 668

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 11,743 mill. kroner.

Auken gjeld verkinga av lønsoppgjeret i 2013.

Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

237 931

239 212

229 047

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

15 000

15 000

13 271

71

Tilskudd til organisasjonar

69 435

69 435

68 515

78

Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett

240 000

240 000

268 500

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 10,165 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast mindrebehov på nasjonale militære stillingar i Belgia (4,500 mill. kroner), mindrebehov for arbeidet med Forsvars- og sikkerheitssektorreform (5,400 mill. kroner), reduksjon på utvalsarbeid i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet (0,090 mill. kroner), reduksjon på utgifter til forsvarsattachéar og militære rådgjevarar (0,500 mill. kroner), reduksjon på utgifter til heilskapleg gjennomføringsplanlegging Forsvarsbygg (0,425 mill. kroner), redusert utbetaling til støtte til analyse-, plan- og utviklingsarbeid (4,500 mill. kroner) samt utsett tilsetting av stilling i EU-kommisjonen (0,500 mill. kroner).

Posten er vidare auka grunna meirutgifter i samband med 8. mai-markeringa og nasjonal veterankonferanse (0,900 mill. kroner). Posten er òg auka for oppdragsfinansierte aktivitetar i Forsvarsbygg (4,550 mill. kroner). Posten er auka med meirinntekter (0,300 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av utgiftsramma, jf. FDs generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4719, post 01.

Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 1,729 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast omdisponering til høgare prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet.

Post 71 Tilskot til organisasjonar

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 0,920 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast omdisponering til høgare prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet.

Post 78 Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 28,500 mill. kroner.

Auken skuldast høgare utgifter til NATO sitt driftsbudsjett enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet.

Kap. 4719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

300

Post 01 Driftsinntekter

Posten vert føreslått løyvd med 0,300 mill. kroner.

Auken skuldast momsrefusjonar og fører til ein parallell auke av utgiftsramma, jf. FDs generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1720 Felles leiing og kommandoapparat

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

3 112 185

2 984 462

2 988 117

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 3,655 mill. kroner

Auken skuldast ei teknisk endring i betaling for FISBasis (27,405 mill. kroner).

Det er vidare føreslått ein reduksjon av posten knytt til fellesoperative øvingar (8,650 mill. kroner), ein reduksjon knytt til vertslandsstøtte på Ørland i samband med øvingane Artic Tiger og Brilliant Arrow (6,500 mill. kroner) og ein reduksjon av posten som er føreslått overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (3,917 mill. kroner). Posten er vidare føreslått redusert grunna omdisponering til høgare prioritert verksemd i Forsvaret (2,787 mill. kroner), ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (0,782 mill. kroner), ein reduksjon knytt til HV-09 si deltaking på øving Rein (0,750 mill. kroner), ein reduksjon knytt til personell i internasjonal teneste (0,268 mill. kroner) og ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll overføres frå horisontal samhandlingsfinansiering (HS) til løyvingsfinansiering (0,096 mill. kroner).

Kap. 1723 Nasjonalt tryggingsorgan

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

176 772

178 308

187 108

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 8,800 mill. kroner.

Auken skuldast meirinntekter. Inntektene fører til ein parallell auke av Nasjonalt tryggingsorgan si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4723, post 01.

Kap. 4723 Nasjonalt tryggingsorgan

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

2 771

2 771

11 571

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 8,800 mill. kroner.

Auken skuldast refusjon av reiseutgifter (0,700 mill. kroner), refusjon av lønsutgifter (3,100 mill. kroner), innbetaling av kursavgifter (2,400 mill. kroner) samt større innbetalingar frå eksterne betalande medlemer og partnarar i NorCERT enn lagt til grunn i budsjetteringa (2,600 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

2 022 720

2 064 320

2 094 165

50

Overføring Statens pensjonskasse

2 300

1 300

70

Renter låneordning

5 670

5 670

8 608

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 29,845 mill. kroner.

Auken skuldast finansiering av meirutgifter knytt til avgang med redusert løn, bonus avdelingsbefal og venteløn (41,361 mill. kroner), meirutgifter ved å leige inn befalsforlegningar i Oslo området (13,422 mill. kroner), auka reinhaldsutgifter ved overtaking av befalsforlegningane på Linderud og Huseby (4,267 mill. kroner), ein auke knytt til årsverk for det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (3,282 mill. kroner) og ein auke for ein fast liaisonstilling i USA frå august 2013 (0,715 mill. kroner).

Det er òg føreslått ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klienter (4,708 mill. kroner), ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (1,267 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til midlertidige øvingslokale for Marinemusikken i Horten (1,000 mill. kroner). Vidare er det føreslått ein reduksjon knytt til overføring av stillingar frå kap. 1725 til kap. 1795 som gjeld overføring frå Oslo garnisonsforvalting til FAKT stab (0,625 mill. kroner), ein reduksjon knytt til personell i internasjonal teneste (0,302 mill. kroner) og ein reduksjon av midlar som vert omprioritert til kap. 1710, post 01, for dekking av meirutgifter til pensjonsforpliktingar i Forsvarsbygg (25,300 mill. kroner).

Post 50 Overføring Statens pensjonskasse

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 1,000 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast lågare utgifter knytt til førtidspensjon av sivile enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet. Midlane er føreslått omdisponert til høgare prioritert verksemd.

Post 70 Renter låneordning

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 2,938 mill. kroner.

Auken skuldast høgare utgifter knytt til rentestønad i Befalets låneordning enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet.

Kap. 1731 Hæren

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

5 607 269

5 708 331

5 703 193

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 5,138 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (13,100 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4731, post 01. Vidare er posten føreslått auka som følgje av meirbehov på grunnlønsutgifter ved internasjonale teneste (9,300 mill. kroner), dekking av justert inntektskrav som følgje av tidligare overført eigedom, bygg og anlegg til kap. 1795 der justering av inntektskravet ikkje vart gjort på kap. 4731 (3,800 mill. kroner) og ein auke knytt til fellesoperative øvingar (1,300 mill. kroner).

Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som vert overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (15,841 mill. kroner). Vidare er det forslått ein reduksjon av posten knytt til reinhaldsutgifter ved at ansvaret for befalsforlegningane på Linderud og Huseby er flytta (4,267 mill. kroner), ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (4,108 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (3,210 mill. kroner), ein reduksjon i samband med personell i internasjonal teneste (2,336 mill. kroner), ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klienter (1,626 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (1,250 mill. kroner).

Kap. 4731 Hæren

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

61 642

61 642

74 742

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 13,100 mill. kroner.

Auken skuldast endring i inntektskravet knytt til sal ved Hærens messer (10,200 mill. kroner), blindgjengarrydding på Hjerkinn (3,500 mill. kroner), refusjon etter søkeoperasjon på Senja (1,200 mill. kroner), refusjon for eigendel ved velferdsturar (1,300 mill. kroner) og taps-/skademeldingar (0,700 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Det er vidare føreslått ein reduksjon av inntektskravet som følgje av tidlegare overført eigedom, bygg og anlegg til kap. 1795 der justering av inntektskrav ikkje vart tatt vare på (3,800 mill. kroner).

Kap. 1732 Sjøforsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

3 610 045

3 678 620

3 686 081

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 7,461 mill. kroner.

Auken skuldast meirbehov på fellesoperative øvingar (1,300 mill. kroner) og ein auke for dekning av høgare drivstoffutgifter enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet (20,000 mill. kroner).

Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som er overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (8,332 mill. kroner). Vidare er det ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klientar (2,249 mill. kroner), ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (1,651 mill. kroner) og ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (0,958 mill. kroner), ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (0,469 mill. kroner) og ein reduksjon som følgje av overføring av ei stilling frå kap. 1732 til kap. 1734 (0,180 mill. kroner).

Kap. 1733 Luftforsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

4 298 998

4 355 431

4 600 356

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 244,925 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (108,637 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4731, post 01. Vidare er det føreslått ein auke knytt til overføring av midlar frå kap. 1790 der midlane vert nytta til operativ testing og evaluering av NH 90 (50,000 mill. kroner), ein auke knytt til vertslandsstøtte på Ørland i samband med øvingane Artic Tiger og Brilliant Arrow (6,500 mill. kroner) og ein auke knytt til fellesoperative øvingar (3,100 mill. kroner). Det er føreslått ein auke for dekking av høgare drivstoffutgifter enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet (58,526 mill. kroner) og ein auke knytt til meirutgifter ved kjøp av tenester frå AIM SF Norway (29,749 mill. kroner).

Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som er overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (7,024 mill. kroner), ein reduksjon knytt til utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (1,901 mill. kroner), ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klientar (1,305 mill. kroner), ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (1,028 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til personell i internasjonal teneste (0,329 mill. kroner).

Kap. 4733 Luftforsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

171 363

171 363

280 000

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 108,637 mill. kroner.

Auken skuldast inntekter frå samhandlingsavtalen om drift av flyplassar med AVINOR (52,600 mill. kroner), inntekter frå Rygge sivile lufthamn AS (26,050 mill. kroner), generelle leigeinntekter (27,000 mill. kroner) og inntekter frå garnisonstenester (2,987 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1734 Heimevernet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 093 503

1 150 322

1 144 818

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 5,504 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke av posten knytt til fellesoperative øvingar (2,450 mill. kroner), ein auke knytt til HV-09 si deltaking på øving Rein der midlane er overførte frå kap. 1720 (0,750 mill. kroner) og ein auke som følgje av at ei stilling er overført frå kap. 1732 til kap. 1734 (0,180 mill. kroner).

Det er føreslått ein reduksjon av posten som er omdisponert til høgare prioritert verksemd i Forsvaret (3,918 mill. kroner), ein reduksjon som er overført frå kap. 1725 for å dekke deler av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus avdelingsbefal og venteløn (1,313 mill. kroner), ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,494 mill. kroner), ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klientar (2,212 mill. kroner), og ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (0,947 mill. kroner).

Kap. 1735 Etterretningstenesta

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

21

Spesielle driftsutgifter

1 115 214

1 136 255

1 134 706

Post 21 Spesielle driftsinntekter

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 1,549 mill. kroner.

Reduksjonen er knytt til budsjettekniske omdisponeringar.

Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

2 044 686

2 156 408

2 184 465

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 28,057 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (24,721 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4740, post 01. Det er vidare føreslått aukingar som følgje av at ammunisjonskontroll er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (7,137 mill. kroner), fellesoperative øvingar (0,500 mill. kroner) og AIM SF Norway (3,349 mill. kroner), der FLO har meirutgifter i samband med ferdigstilling av testcelle for flymotorar.

Det er føreslått ein reduksjon som er overført til kap. 1725 for å dekke deler av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (2,511 mill. kroner), ein reduksjon av posten knytt til auka utgifter ved leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (3,040 mill. kroner), ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klientar (1,474 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (0,625 mill. kroner).

Kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

127 577

165 812

190 533

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 24,721 mill. kroner.

Det er føreslått å auke inntektskravet på kapitlet som følgje av sal av drivstoff til eksterne og allierte (17,000 mill. kroner), auka salsinntekter ved kjøkken og leieinntekter på Base Kjeller (3,835 mill. kroner), sal av ammunisjon til politiet (2,000 mill. kroner), refusjonar knytt til prosjekt for attraktive våpen og ammunisjon (1,200 mill. kroner), sal av renovert kvartermateriell (0,500 mill. kroner) og ved refusjonar frå Statens Landbruksforvalting i høve program ØKO-mat i Forsvaret (0,186 mill. kroner). Inntektene fører med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. FD si generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

881 538

1 008 024

1 059 583

44

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar, nasjonalfinansiert del

31 923

37 923

41 923

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

6 998 359

6 897 320

6 645 815

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar, fellesfinansiert del

67 000

67 000

67 000

75

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for sikkerheit

88 135

82 135

74 281

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 51,559 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke av posten knytt til styrking av investeringsevna gjennom tilsetting av personell (21,000 mill. kroner), ein auke knytt til kjøp av produksjonskapasitet ved FLO TV MAR til P6088 Nye fregattar, der utgifta treff post 01 ved horisontal samhandel (11,000 mill. kroner), og ein auke knytt til justering av Nasjonalt tryggingsorgan sin del av investeringsbudsjettet (0,700 mill. kroner). Vidare er det føreslått å auke posten knytt til ei teknisk justering frå kap. 1760, post 45 (20,000 mill. kroner).

Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som er overført frå kap. 1725 for å dekke deler av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (0,660 mill. kroner), ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,325 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (0,156 mill. kroner).

Post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 4,000 mill. kroner.

Auken er knytt til fleire oppdrag enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet.

Post 45 Større utstyrsskaffingar og vedlikehald

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 251,505 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (60,450 mill. kroner). Inntektene fører med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4760, post 45. Det er føreslått ein auke av posten grunna auka behov for IT-infrastruktur etter at Statsministerens kontor flytta inn i Forsvarsdepartementet sitt lokal (2,000 mill. kroner).

Post 45 er føreslått redusert grunna kjøp av produksjonskapasitet ved FLO til P6088 Nye fregattar der utgifta treff post 01 ved horisontal samhandel, midlane er føreslått overførte til kap. 1760, post 01 (11,000 mill. kroner). Vidare er det ein reduksjon for å dekke bl.a. meirutgifter for drivstoff og meirutgifter ved kjøp av tenester frå AIM SF Norway (162,255 mill. kroner), og ein teknisk reduksjon for tilpassing av utgifter til Nasjonalt tryggingsorgan på kap. 1760, post 01 (0,700 mill. kroner). Vidare er det føreslått å redusere posten knytt til ein teknisk justering til 1760, post 01 (20,000 mill. kroner) og ved ein reduksjon på 120,000 mill. kroner for finansiering av utbetalingar til kompensasjonsordninga for skadde veteranar som ikkje var kjent på budsjetteringstidspunktet, ref. Prop. 207 (2013–2014).

I behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett for 2012 slutta Stortinget seg til, som eit eingongstiltak, at det ville vera behov for å halde tilbake midlar på posten frå formål under kap. 1760, post 45, slik dei var angitt i Prop. 1 S (2011–2012) for Forsvarsdepartementet. Desse skulle bli omdisponert til kampflyinvesteringa for etterfølgjande år. For å finansiere ekstraordnært store utbetalingar forbundne med kompensasjonsordninga i 2013, vert det beløp som er halde tilbake for kampflyinvesteringa for etterfølgjande år, redusert med 120 mill. kroner.

Post 48 Fellesfinansierte bygge- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

Løyvinga på posten vert føreslått netto vidareført.

Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (24,400 mill. kroner). Inntektene fører med seg ein parallell auke av Forsvarets utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4760, post 44. Posten er vidare føreslått redusert med 24,400 mill. kroner til dekking av meirbehov på kap. 1719, post 78.

Post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for sikkerheit

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 7,854 mill. kroner.

Utbetalingane på posten er avhengig av den totale produksjonen i alle dei 28 medlemslanda i NATO, og kan i svært lita grad verte påverka av Noreg. Prognosen er basert på mindre innbetalingskrav frå NATO i 2013 enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet. Midlane er omdisponerte til balansering av budsjettet.

Kap. 4760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

45

Store nyskaffingar

25 961

86 411

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter

67 000

67 000

91 400

Post 45 Store nyskaffingar

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 60,450 mill. kroner.

Auken gjeld meirinntekter knytt til Royalty (11,698 mill. kroner) og sal som følgje av oppgradering av Sting Ray mod 0 torpedo (0,128 mill. kroner), sal av KNM Horten (14,256 mill. kroner), sal av missil til Chile (24,853 mill. kroner), inntekter knytt til konvensjonalbøter (1,901 mill. kroner), inntekter knytt til P4387 Multinational Geospatial Co-production Program (1,359 mill. kroner) og erstatning frå UNITEAM (6,255 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.

Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 24,400 mill. kroner.

Auken skuldast sluttoppgjer på gjennomføringa av Sindre 1 og Sørreisa NATO Air Defence Ground Environment.

Kap. 1761 Nye kampfly med baseløysing

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

70 000

70 426

65 169

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 5,257 mill. kroner.

Reduksjonen skuldast mindre reiseutgifter enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet. Midlane er føreslått overførte til andre områder for balansering av budsjettet.

Kap. 1790 Kystvakta

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 001 965

1 023 076

1 012 945

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 10,131 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke av posten grunna meirutgifter på patruljedøgn for helikopterberande farty (6,774 mill. kroner), ein auke som følgje av meirutgifter knytt til reparasjon av hovudmotor på Nornen-klassen (6,500 mill. kroner) og ein auke som følgje av meirutgifter ved innføring av ny arbeidstidsavtale i Forsvaret (ATF) (6,000 mill. kroner). Vidare er det føreslått ein auke knytt til høgare drivstoffutgifter enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet (21,600 mill. kroner), og 0,585 mill. kroner knytt til meirutgifter ved kjøp av tenester frå AIM SF Norway.

Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som følgje av ein teknisk justering der midlane er førte på kap. 1733 og knytt til operativ testing og evaluering av NH 90 (50,000 mill. kroner). Vidare ein reduksjon som er overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (1,465 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,125 mill. kroner).

Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta

(i 1 000 kr)

Post

Post

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

01

573 382

849 394

867 308

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 17,914 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke på posten grunna meirutgifter ved kjøp av tenester frå AIM SF Norway (17,914 mill. kroner). Ved opprettinga av AIM SF Norway vart det føresett at Justis- og beredskapsdepartementet sin del av utgiftene til drift av redningshelikoptertenesta ikkje skulle belastas meirutgifter grunna etableringa av AIM SF Norway. Auken er derfor tillagt Forsvaret sin del av driftsutgiftene.

Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta

 

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

511 148

785 241

787 078

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 1,837 mill. kroner.

Auken gjeld verkinga av lønsoppgjeret i 2013.

Kap. 1792 Norske styrker i utlandet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

1 162 524

1 065 653

1 074 291

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 8,638 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (26,000 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor til ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4792, post 01. Det er føreslått ein auke av posten knytt til lønsutgifter for personell i internasjonal teneste (3,235 mill. kroner). Det er gitt tilsegn om norske bidrag til oppfølging av Sikkerheitsrådsresolusjon 2118 om destruksjon av kjemiske våpen frå Syria. Det er føreslått stillt til disposisjon eit norsk kommersielt lasteskip som vil kunne vera tilgjengeleg for transport av syriske kjemikalier ut av Syria og for evt. seinare transportbehov. Forsvaret stiller til disposisjon ein fregatt til eskorte av lasteskip, samt diverse støttefunksjonar som vakt og sikring om bord i lasteskipet. På denne bakgrunn er det føreslått gitt ei tilleggsløyving på 30,000 mill. kroner til å dekkje Forsvaret sine meirutgifter i samband med eskorteskip og vakt og sikring.

Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som følgje av ny innretting i Afghanistan og generell innsparing på driftsutgiftene (40,452 mill. kroner). Desse frigjorte midlane er brukt til å finansiere oppfølging av vedtatt ambisjon i langtidsplanen. I denne regjeringa sin politiske plattform er det lagt opp til at nye operasjonar i utlandet skal løyvast i tillegg til ordinær ramme samt at regjeringa vil sørgje for at Forsvaret får tilstrekkelege og stabile rammer. Posten er føreslått redusert som følgje av auka grunnlønsutgifter til norsk personell som deltar i internasjonale teneste (9,300 mill. kroner), ein reduksjon knytt til oppretting av fast liaisonstilling i USA (0,715 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,130 mill. kroner).

Kap. 4792 Norske styrkar i utlandet

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

10 368

10 368

36 368

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 26,000 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke av inntektskapitlet som følgje av Noregs Lead Nation-rolle og derav refusjonar frå andre nasjonar gjennom inngått MOU i Afghanistan knytt til forpleiing, forlegning og drift (26,000 mill. kroner). Inntektene fører med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartement si generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsutgifter

260 651

267 801

271 489

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 3,688 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (2,500 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4795, post 01. Vidare er det føreslått ein auke av posten knytt til midlertidige øvingslokale for Marinemusikken i Horten (1,000 mill. kroner) og ein auke knytt til overføring av stillingar frå kap. 1725 til kap. 1795 som gjeld overføring frå FAKT Oslo garnisonsforvalting til FAKT stab (0,625 mill. kroner).

Det er òg føreslått ein reduksjon som er overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus avdelingsbefal og venteløn (0,298 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,139 mill. kroner).

Kap. 4795 Kulturelle og allmennyttige formål

(i 1 000 kr)

Post

Kategori

Saldert budsjett 2013

Løyving før omgruppering

Løyving etter omgruppering

01

Driftsinntekter

9 057

9 057

11 557

Post 01 Driftsinntekter

Løyvinga på posten vert føreslått auka med 2,500 mill. kroner.

Det er føreslått ein auke av posten som følgje av inntekter ved billettsal og støtte ved arrangering av konsert knytt til Forsvarets musikk (1,800 mill. kroner) og inntekter ved guiding og sal i butikken på Akershus slott (0,700 mill. kroner). Inntektene fører med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartement si generelle meirinntektsfullmakt.