1 Innleiing
Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp fire nye investeringsprosjekt, om endring av eit tidlegare godkjend prosjekt og å orientere Stortinget om nokre andre prosjekt og tiltak.
Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er budsjettproposisjonen. Denne proposisjonen er såleis eit tillegg til budsjettproposisjonen.
1.1 Innehald
Proposisjonen har følgjande innhald:
Godkjenning av kostnadsramme for to nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (kapittel 1710, post 47): Nye stasjonar til grensevakta i Sør-Varanger og Nye befalsforlegningar og fritidsmesse på Jørstadmoen.
Godkjenning av kostnadsramme for to nye materiellprosjekt (kapittel 1760, post 45): Framskaffing av fire F-35 kampfly til treningsformål og Utvikling av Joint Strike Missile, trinn 2.
Godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme for tidlegare vedtekne materiellprosjekt (kapittel 1760, post 45): Logistikkprosjektet i LOS-programmet.
Informasjonssaker: Regionfelt Østlandet, Energiøkonomisering, Forskingsfarty, Nasjonalt kompetansesenter for helikopter, Vidareutvikling av Luftforsvaret sin hovudverkstad på Kjeller og Vern av toppskyttar på pansra køyrety av typen Iveco.