2 Nye prosjekt for godkjenning (kapittel 1710)
2.1 Nye stasjonar til grensevakta i Sør-Varanger
Fem av dei eksisterande seks stasjonane for grensevakta i Sør-Varanger er oppført på 1950- og 60-talet. Desse treng total fornying. Det er også behov for oppgradering av den nyaste stasjonen som er oppført på byrjinga av 1990-talet. I samsvar med regjeringa si målsetjing om å effektivisere og forbetre grensevakta i dokumentet ”Nye byggesteiner i nord – neste trinn i regjeringens nordområdestrategi” av 12. mars 2009, er det føreslege å byggje nye grensestasjonar.
Dei seks stasjonane for grensevakta vil bli erstatta med to større stasjonar som skal dekkje kvar sin del av den norsk-russiske grensa. Prosjektet skal dekkje grensevakta sitt samla behov for forlegning og operasjonsbasar for grensejegerane. Stasjon til grensevakta i sør vert etablert i Svanvik og stasjon til grensevakta i nord vert etablert på Storskog. Det vert bygd kennel på kvar stasjon. Frå stasjonen i nord til grensa vert det etablert ny køyretrasé. Det vil òg bli bygd ei ny patruljehytte.
Prosjekt for nye stasjonar til grensevakta er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 268 mill. kroner.
2.2 Nye befalsforlegningar og fritidsmesse på Jørstadmoen
Ved handsaminga av Innst. S. nr. 234 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 42 (2003-2004) og Innst. S. nr. 318 (2007-2008), jf. St.prp. nr. 48 (2007-2008), vart det vedteke at fagmiljøa innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi i størst mogeleg grad skulle samlast i eit felles kompetansesenter på Jørstadmoen ved Lillehammer.
For å dekkje behova til verksemda på Jørstadmoen er det naudsynt å byggje 100 nye befalshyblar. Prosjektet omfattar bygging av befalsforlegningar og ny fritidsmesse i nærleiken av eksisterande befalsforlegning på utsida av leirgjerdet på Jørstadmoen. Dei nye befalshyblane er fordelt over tre bygg. Fritidsmessa vert bygd sentralt i område med god tilgjenge frå både dei nye og dei eksisterande befalsforlegningane.
Prosjekt for befalsforlegningar og fritidsmesse på Jørstadmoen er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 147 mill. kroner.