3 Lokalpolitisk behandling
Stavanger, Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Rennesøy kommunar har gitt uttale i saka. Alle støttar forslaget om førehandsinnkrevjing av bompengar til Rogfast i ferjesambandet Mortavika – Arsvågen. Rennesøy kommune foreslår i tillegg at det blir førehandsinnkrevjing av bompengar i ferjesambandet Mekjarvik – Kvitsøy – Skudeneshavn.
Haugesund, Karmøy og Bokn kommunar støttar forslaget om at dersom Rogfast ikkje blir vedtatt, skal evt. bompengar som ikkje er nytta til planlegging og prosjektering av Rogfast, nyttast til utbetringstiltak på strekninga E39 Arsvågen – Mjåsund. Tysvær kommune tilrår at evt. overskytande bompengar skal nyttast på E39 på strekninga Arsvågen – Mjåsund – Aksdal. Rennesøy kommune tilrår at desse midlane blir nytta til å planleggja, prosjektera og utbetra E39 Eiganestunnelen med tilførselsvegar. Stavanger kommune tilrår at evt. overskytande bompengar blir nytta til planlegging, prosjektering og utbetring på E39 og at det blir fremma ei eiga sak om aktuell delstrekning.
Rogaland fylkeskommune har slutta seg til førehandsinnkrevjing av bompengar gjennom følgjande vedtak i fylkestinget 6. mars 2012:
”Rogaland fylkeskommune slutter seg til forslaget om innkreving av forhåndsbompenger på ferjesambandet Mortavika – Arsvågen fra og med åpningen av fv 47 T-forbindelsen og fram til byggestart for E39 Rogfast. Forhåndsbompenger skal kreves inn for alle takstgrupper. Taksten skal være lik en økning på 12 soner (tilsvarende som for T-forbindelsen). Dersom Rogfast ikke blir vedtatt skal forhåndsinnkrevde bompenger brukes til planlegging, prosjektering og utbedringstiltak på strekningen E39 Arsvågen – Mjåsund i tråd med tiltaksplan.
Rogaland fylkeskommune viser til tidligere vedtak og ber om at utbyggingsstart for prosjektet søkes forsert til 2014.”
I møtet 6. mars 2012 fatta fylkestinget også vedtak om å oppretta bompengeselskap for Rogfast.