5 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet legg vekt på at Rogfast vil vera eit svært viktig prosjekt for utviklinga av Vestlandsregionen, jf. Meld. St. 26 (2012-2013). Det er lokalpolitisk tilslutning til å finansiera vidare planlegging og prosjektering ved førehandsinnkrevjing av bompengar i ferjesambandet Mortavika – Arsvågen. Departementet tilrår derfor at det blir gitt samtykke til førehandsinnkrevjing. Departementet legg opp til at nytt bompengeopplegg, etter godkjenning i Stortinget, vil bli iverksett så snart som praktisk mogleg. I tråd med gjeldande retningslinjer blir det gitt løyve til innkrevjing i inntil tre år før evt. vedtak om bygging av prosjektet ligg føre.
Samferdselsdepartementet strekar under at det ikkje er lagt opp til at Stortinget skal ta stilling til prosjektet no. Departementet må komma tilbake til dette når tilstrekkelege avklaringar av m.a. kostnader og finansieringsopplegg ligg føre.