1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak som inngår i utbygginga av dagens fylkesvegnett på Fosenhalvøya i Sør- og Nord-Trøndelag (Fosenpakka). Fosenpakka er prioritert i fylkeskommunane sine handlingsprogram for 2010-2013 (-2019).
Hovudvegnettet på Fosen har generelt låg standard. Vegane er smale og svingete med dårleg sikt og går gjennom lokale bustadområde. Fosenpakka vil gi betre framkomelegheit og tryggleik i trafikken. Sambandet mellom Fosen og Trondheim og kommunikasjonen internt på Fosen vil bli betra, noko som kan leggje til rette for ei positiv utvikling regionalt.
Finansieringa av Fosenpakka er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. Det er planlagt bompengeinnkrevjing i ferjesambanda Brekstad - Valset og Flakk - Rørvik. I tillegg vil det bli etablert ein bomstasjon ved fv 715 ved Krinsvatn, sør for krysset mellom fv 710 og fv 715. Fosenpakka er delt opp i tre delpakker, med prosjekt i prioritert rekkjefølgje. I forslaget til bompengeopplegg som det er lokalpolitisk tilslutning til, er det lagt opp til finansiering av prosjekt og tiltak innafor delpakke 1 og 2.