Prop. 124 S (2010–2011)

Delvis bompengefinansiering av Fosenpakka i Sør- og Nord-Trøndelag

Til innhaldsliste

5 Utbyggings- og finansieringsopplegg

Finansieringa av Fosenpakka er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. 75 pst av investeringskostnadene er føresett finansierte med bompengar.

Fylkeskommunale midlar

I tråd med handlingsprogramma for fylkesveginvesteringar for perioden 2010-2013 (2019) er det lagt til grunn til saman 327 mill. kr i fylkeskommunale midlar, omrekna til 2011-kr. Desse fordeler seg med 239 mill. kr frå Sør-Trøndelag (73 pst) og 88 mill. kr frå Nord-Trøndelag (27 pst).

Bompengar

Det er lagt opp til at bompengeinnkrevjinga skal starta så raskt det lar seg gjera etter Stortingets vedtak. Det er vidare lagt opp til tovegs innkrevjing i 15 år.

Det er trafikk internt på Fosen som i hovudsak vil bli påverka av ei bompengeinnkrevjing. Hovudregelen ved innkrevjing av bompengar er nytteprinsippet. Dei som betaler bompengar, skal ha nytte av prosjektet. Denne samanhengen går og andre vegen, slik at dei som har nytte av eit vegprosjekt, også skal betala bompengar, jf St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019. Både trafikantar som ferdast internt på Fosen og mellom Fosen og Trondheim har nytte av utbygginga og vil betala bompengar.

Innkrevjing av bompengar i Fosenpakka vil gå føre seg gjennom tre ulike innkrevjingssystem, noko som inneber at trafikantane må inngå særskilde avtalar med både bompengeselskapet og dei to ferjeselskapa for å oppnå full rabatt. Gjennomsnittstaksten er sett til 65 2011-kr for alle innkrevjingar. Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.

I ferjesambandet Brekstad - Valset er det lagt opp til eit bompengepåslag for lette køyretøy på 65 kr. Dette tilsvarar ein auke på om lag 11 takstsoner, dvs. frå takstsone 6 til takstsone 17. Den totale prisen for lette køyretøy vil vere på om lag 140 kr per reise utan rabatt. Det er føresett rabattar i samsvar med rabattordningane i riksregulativet for ferjetakstar. Dette inneber at trafikantane kan få inntil 50 pst rabatt ved forskotsbetaling og bruk av Ferjekortet. Innkrevjinga på ferjestrekninga mellom Valset og Brekstad skjer manuelt.

Ferjesambandet Flakk – Rørvik har i drift innkrevjing med Autopass. Takstane er rekna ut i frå total lengde på køyretøyet. Dette gir fire køyretøyklassar (køyretøy <6 m, køyretøy 6.01-12 m, køyretøy >12 m og motorsyklar). Bompengepåslaget for køyretøy <6 m er sett til om lag 82 kr, og inneber ein auke på om lag 14 takstsoner, dvs. frå takstsone 13 til takstsone 27. Den totale prisen for bilar <6 m utan rabatt vil bli på 200 kr per reise. Bruk av Autopassbrikke og tilleggsavtale om forskotsbetaling vil gi ein rabatt på 50 pst.

Bomstasjonen på fv 715 ved Krinsvatn er automatisk og basert på Autopass. Takstane blir 65 kr for lette køyretøy (utan rabatt). For tunge køyretøy er det lagt til grunn ei tredobling av lettbiltakst. Det er lagt opp til flat rabatt på 20 pst for trafikantar med avtale hos bompengeselskapet.

Med det føreslåtte innkrevjingsopplegget og dei føresetnadene som er lagt til grunn, vil trafikantane betala om lag 1200 mill. kr i bompengar. Av dei innbetalte bompengane vil om lag 977 mill. kr gå til utbygging av veg inkl. etablering av bomstasjon, 170 mill. kr til å dekkja finansieringskostnader og 53 mill. kr til innkrevjing og drift av bompengeselskapet.

Samferdselsdepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på personvernutfordringane i heilautomatiske bomstasjonar, og moglegheita for å utvikla ei anonym betalingsløysing som eit supplement til dagens AutoPass-løysing. Arbeidet pågår.

Forslag til finansieringsplan

Finansieringsplanen som er lagt til grunn ved fylkestinget si behandling, er vist i tabell 5.1. I forslaget til finansieringsplan er det lagt til grunn at bompengeselskapet vil ta opp lån for å kunna forsera utbygginga. Det er gjort vurderingar av renteutgifter i heile 15-årsperioden, og det er utarbeidd detaljerte planar for gjennomføring av prosjekt og tiltak. Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn:

  • Utbyggingskostnader: 1300 mill. 2011-kr

  • Trafikkgrunnlag: Samla ÅDT på 3 220 køyretøy i 2012

  • Gjennomsnittleg inntekt pr. køyretøy: 65 kr i 2011-kr

  • Årleg trafikkvekst: 1,9 pst frå 2012 til 2013, 1,1 pst frå 2014 til 2019 og 0,8 pst frå 2020

  • Årleg prisstigning: 2,5 pst

  • Lånerente: 6,5 pst

  • Årlege innkrevjingskostnader: om lag 3,5 mill. 2011-kr

Bompengepakkar er meir fleksible enn bompengeinnkrevjing for enkeltprosjekt. Det blir lagt til grunn at omfanget av utbygginga i Fosenpakka blir tilpassa den økonomiske ramma. Den økonomiske ramma som ubygginga skal haldast innafor, går fram av finansieringsplanen som er vist i tabell 5.1. Dersom kostnadsoverslaget på nokre av prosjekta aukar, kan dette innebera at andre prosjekt ikkje blir bygde. Dersom prosjekta blir rimelegare enn rekna med, kan det bli mogeleg å gjennomføra nokre av prosjekta i delpakke 3.

Samferdselsdepartementet har merka seg at det er lagt til grunn ei lånerente på 6,5 pst. Dersom lånerenta blir høgare, blir bompengemidlane som skal dekka delar av investeringskostnadene reduserte. Samferdselsdepartementet føreset i så fall at innhaldet i pakka blir tilpassa dette.

Tabell 5.1 Forslag til finansieringsplan

Mill 2011-kr

2010-13

2014-19

Sum

Bompengar

190

787

977

Fylkeskommunale midlar:

204

123

327

- Sør-Trøndelag

116

123

239

- Nord-Trøndelag

88

88

Sum:

394

910

1 304

Garantiar

Sør- og Nord-Trøndelag har fatta vedtak om garantiansvar for Fosenpakka. Gjennom fylkestinget i Sør-Trøndelag si presisering av garantiansvaret for Fosenvegene i møte 15.12.09, har Sør- og Nord-Trøndelag gitt sjølvskuldnargaranti for lån på inntil 715 mill. 2009-kr som bompengeselskapet tar opp. Garantien gjeld i inntil 28 år med tillegg av inntil 2 år.

Dei fylkeskommunale garantiane må godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet. Garantiane vil først komma til utbetaling dersom gjelda ikkje blir mogeleg å handtera etter at takstane er auka med inntil 20 pst og bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år.