Prop. 125 S (2011–2012)

Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2012

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa gjer med dette framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2012 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2012.

Departementet viser til forskrift fastsett ved kongeleg resolusjon 25. mai 2012 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer og satser for minste pensjonsnivå fra 1. mai 2012.

Grunnbeløpet er auka frå 79 216 kroner til 82 122 kroner frå 1. mai, det vil seie med 3,67 prosent. Uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 3,67 prosent.

Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken på 3,67 prosent og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 2,89 prosent frå 1. mai 2012.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 3,67 prosent og deretter justerte for effekten av levealdersjustering, noko som inneber at satsane er auka med 3,16 prosent. Satsane er frå 1. mai 2012 sette til 129 294 kroner for låg sats, 150 425 kroner for ordinær sats, 162 615 kroner for høg sats og 243 935 kroner for særskilt sats.

Meirutgiftene for 2012 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar blir om lag 5 825 mill. kroner.

Som ei oppfølging av brev1 frå Arbeids- og sosialkomitéen knytt til handsaminga av Prop 137 LS (2009–2010) har Arbeidsdepartementet i proposisjonane for regulering av grunnbeløpet for 2010 og 2011 tatt utgangspunkt i saldert budsjett som ”frå tal” i vedtaksdelen til proposisjonane. Etablert praksis når Regjeringa legg fram budsjettforslag for Stortinget er at ”frå tala” tar utgangspunkt i det siste forslaget til endra løyvingar som Regjeringa har fremma for Stortinget. I dette tilfellet vil det vere Prop. 111 S (2011–2012) som ble fremma samtidig med Revidert nasjonalbudsjett. For å sikre lik praksis for budsjettproposisjonar til Stortinget har Arbeidsdepartementet nytta Prop. 111 S (2011–2012) som utgangspunkt i vedtaksdelen i denne proposisjonen.

Fotnotar

1.

Brev frå Stortinget datert 10. juni 2010 med referanse: BeS/2010

Til forsida