2 Bakgrunn – nærare om reguleringa
Reglane for regulering
Reglane for regulering av pensjonar i folketrygda går fram av folketrygdlova §§ 1-4 og 19-14 og forskrift 6. mai 2011 nr. 465, seinast endra med verknad frå 1. mai 2012. Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulerte i samsvar med lønnsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulerte i samsvar med lønnsauken. Uførepensjon og andre ytingar som blir regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet, blir dermed regulerte i samsvar med lønnsauken. Tilsvarande reglar gjeld i andre pensjonsordningar.
Til grunn for reguleringa ligg venta lønnsauke i reguleringsåret, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke dei siste to åra. Det skal også vurderast om det er særlege forhold som har påverka lønnsutviklinga for einskilde grupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved fastsetjinga av lønnsauken. Talgrunnlaget skal drøftast med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane før grunnbeløpet og pensjonane blir regulerte.
Drøftingar med organisasjonane
Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Sjå nærare om drøftingane i vedlagte protokoll.
I tråd med forskrift 6. mai 2011 nr. 465 blir det etter dette lagt til grunn ein venta lønnsauke på 3,75 prosent i 2012 i tråd med anslaget til regjeringa som går fram av revidert nasjonalbudsjett for 2012. I trygdeoppgjeret 2011 blei det lagt til grunn for reguleringa av grunnbeløpet ein venta lønnsauke på 3,9 prosent i tråd med anslaget til regjeringa i revidert nasjonalbudsjett for 2011. Faktisk lønnsauke for 2011 er anslått til 4,2 prosent i rapporten Grunnlaget for inntektsoppgjørene frå Det tekniske berekningsutvalet 30. mars 2012. Partane er samde om at det ligg føre eit avvik på 0,3 prosentpoeng for 2011. I trygdeoppgjøret 2011 blei det lagt til grunn ein faktisk lønnsauke på 3,75 prosent i 2010. Faktisk lønnsauke for 2010 er i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet nå berekna til 3,7 prosent. Partane er samde om at det ligg føre eit avvik på 0,05 prosentpoeng for 2010.
Reguleringa av grunnbeløpet, pensjonane og satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2012
Når det er avvik dei to siste åra, skal det først takast omsyn til avvika og deretter til den venta prosentvise lønnsauken i inneverande år. Den samla årlege lønnsauken er på denne bakgrunnen fastsett til 4,01 prosent.
Reguleringa av grunnbeløpet og pensjonane skjer med verknad frå 1. mai. Det nye grunnbeløpet frå 1. mai 2012 skal dermed fastsetjast slik at den prosentvise auken i det gjennomsnittlege grunnbeløpet frå 2011 til 2012 blir lik den samla årlege lønnsauken. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 4,01 prosent frå 2011 (78 024 kroner) til 2012 (81 153 kroner). Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2012 er fastsett til 82 122 kroner. Den prosentvise auken i grunnbeløpet frå 79 216 kroner til 82 122 kroner frå 1. mai 2012 er 3,67 prosent. Det inneber at uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 3,67 prosent.
Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Pensjonen blir først oppregulert med 3,67 prosent og frå denne summen blir det fråtrekt 0,75 prosent. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 2,89 prosent frå 1. mai 2012.
Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka frå 1. mai 2012 med lønnsauken på 3,67 prosent. Deretter blir satsane justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar. Dette skjer ved å multiplisere med forholdstalet i 2011 på 1,005 og dividere med forholdstalet i 2012 på 1,010. Dette inneber at satsane er auka med 3,16 prosent.
Satsane er frå 1. mai 2012 sette til 129 294 kroner for låg sats, 150 425 kroner for ordinær sats, 162 615 kroner for høg sats og 243 935 kroner for særskilt sats. Når det gjeld kva satsar ein har rett til, viser departementet til folketrygdlova § 19-8.