1 Innleiing
Den 15. mai 2012 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Guatemala om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 20. januar 2012. Overenskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Republikken Guatemala av finansminister Pavel Centeno. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dager etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.