2 Generelle merknader
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.
Innan utløpet av 2005 var samtlege skatteregime i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida blei det teke kontakt med samtlege jurisdiksjonar som ein meinte var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som vil kunne bli utsett for mottiltak.
Guatemala var av ymse grunner ikkje blant dei 38 jurisdiksjonane som opphavleg blei definerte som skatteparadis og som blei bede om å gje ei politisk bindande erklæring om innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. Sidan Guatemala oppfyller kriteria for skatteparadis tok dei nordiske landa initiativ til at og Guatemala skulle inngå avtaler for effektiv informasjonsutveksling i skattesaker bygd på OECD sin modellavtale. Denne forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, og frå bankar, finansinstitusjonar, advokatar og andre rådgjevarar.
For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske landa større tyngd i forhandlingane vedtok Nordisk Ministerråd i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar av slike avtaler. Det er nå gjennomført slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa, herunder Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne. Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for prosjektet.
Avtala er inngått på norsk, spansk og engelsk. Som vedlegg følgjer utkastet til den norske og engelske teksten.
Til dei enkelte materielle føresegnene i avtala nemnast:
Artikkel 1 har reglar om overeinskomsten sitt verkeområde. På same vis som i artikkel 26 i OECD si mønsteravtale for skatteavtaler fastslår ein her plikta til å hente inn og utveksle alle opplysningar som er overskueleg relevante for fastsetting, likning, innkrevjing og inndriving av dei skattane som overeinskomsten omfattar, så vel som rettsforfølging både i sivile saker og i straffesaker.
Artikkel 2 har på same vis som OECD sin modell ein regel som slår fast at ein part ikkje pliktar å skaffe og oversende opplysningar som er utanfor jurisdiksjonen.
Artikkel 3 fastset at overeinskomsten omfattar alle skattar som blir skrivne ut i Noreg og i Guatemala.
Artikkel 4 inneheld definisjonar av ulike ord og uttrykk som blir brukte i overeinskomsten. Overeinskomsten omfattar uttrykkeleg norsk kontinentalsokkel. På same vis som i våre andre skatteavtaler er det slått fast at avtala ikkje gjeld for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda. Dei andre definisjonane i artikkel 3 følgjar OECD-modellen for informasjonsutvekslingsavtaler.
Artikkel 5 bestemmer kva som gjeld når ein ber om opplysningar. Opplysningane skal innhentast etter prinsippa i artikkel 1, og skal utvekslast utan omsyn til om dei tilhøva som blir undersøkt ville vore ei straffbar handling etter lovgivinga i den part som har bede om opplysningane.
Etter punkta 2 og 3 skal den part som blir bede nytte alle relevante middel for å innhente opplysningane, om ønskjeleg i form av vitneforklaringar og bekrefta kopiar av originaldokumenta.
Etter punkt 4 pliktar partane å sørgje for at dei naudsynte fullmaktene ligg føre til å innhente opplysningar frå bankar, finansinstitusjonar, forvaltarar o.a., og om alle reelle eigartilhøve i selskap, stiftingar og trustar o.a., og om stiftarar, styre og kven som har rettar, og om alle ledd i ei kjede av eigarar. Slike fullmakter ligg føre i norsk lovgiving. Guatemala har nylig endra lovgivinga si slik at ho nå ikkje skal vere til hinder for at Guatemala kan oppfylle pliktane sine etter overeinskomsten.
Punkt 5 gir detaljerte reglar for kva ei anmoding om opplysningar skal innehalde, og punkt 6 set stramme tidsfristar for å sikre raskt svar på ei anmoding om opplysningar.
Artikkel 6 gir høve til at representantar for ein part sine kompetente styresmakter er til stades ved skattundersøkingar i den andre parten.
Artikkel 7 gir uttømmande reglar for når ein part kan avslå ei anmoding om opplysningar, og motsvarer OECD si modellavtale. Artikkelen fastslår at anmodinga må vere i samsvar med overeinskomsten og at eigne høve til å innhente opplysningane må vere uttømde, for å sikre mot såkalla ”fisketurar”. Yrkesmessig teieplikt er sikra i punkt 3. Dette før til at ein part kan avslå å utlevere konfidensiell kommunikasjon mellom ein advokat og klienten med sikte på å innhente juridiske råd eller å vurdere rettstvist. Eit slikt avslag vil måtte vurderast frå sak til sak og før ikkje til noko forbod for ein part mot å innhente og oversende slike opplysningar.
Artikkel 8 har føresegner om teieplikt i samsvar med OECD-modellen. Det er bestemt at opplysningar innhenta i medhald av overeinskomsten ikkje kan nyttast til andre formål enn fastsett i overeinskomsten utan uttrykkeleg skriftleg samtykke frå den andre parten.
I artiklane 9 – 14 er det reglar om kostnader, implementering, språk og gjensidige overeinskomstar, og om ikraftsetjing og opphør. For straffbare skattesaker vil avtala få verknad for skattekrav som ligg føre på eller etter den dagen avtala trer i kraft. For sivile saker vil ho få verknad for skattesaker som vedkjem skatteåret som følgjer etter året ho trer i kraft.