1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 vart det vedteke å endre vedlegg II kapittel XII til EØS-avtala til òg å omfatte kommisjonsforordning (EF) nr. 282/2008 av 27. mars 2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, som endrar forordning (EF) nr. 2023/2006 om god framstillingspraksis for materiale og gjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel.
Forordninga gjev Europakommisjonen fullmakt til å godkjenne søknader om å ta i bruk prosessar for resirkulering av plastmateriale som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, og har direkte innverknad på norske verksemder.
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget. Ettersom gjennomføringa av forordninga inneber ei avgrensa form for overføring av styringsmakt, må Stortinget gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og forordninga i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.