3 Tilpassingstekst
Det følgjer av protokoll 1 i EØS-avtala om gjennomgåande tilpassingar, at med mindre noko anna er fastsett, skal funksjonane til Europakommisjonen i samband med godkjenningsprosedyrar for EFTA-statane utførast av organ innanfor EFTA-pilaren. Ettersom det verken vert rekna som naudsynt eller ønskjeleg at EFTA-organ får slik kompetanse i dette tilfellet, er det i avgjerda i EØS-komiteen oppført ein tilpassingstekst om at Europakommisjonen skal ha denne kompetansen når det gjeld forordning (EF) nr. 282/2008.