1 Innleiing
EØS-komiteen vedtok 30. mars 2012, i vedtak nr. 52/2012, å endre vedlegg V til EØS-avtalen slik at europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen blir teken inn i avtalen.
Gjennomføringa av forordninga i norsk rett krev lovvedtak. Derfor blei vedtaket i EØS-komiteen fatta med atterhald om samtykke frå Stortinget, jf. Grunnloven § 26 andre ledd. Gjennom denne proposisjonen blir Stortinget invitert til å gje sitt samtykke til godkjenning av vedtaket i EØS-komiteen.
Vedtaket frå EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.