Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår :
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens vedtak nr. 52/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester :
Stortinget blir bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens vedtak nr. 52/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor Unionen, i samsvar med eit vedlagt forslag.