Prop. 138 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 55/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar

Til innhaldsliste

Tilråing

Utanriksdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 55/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 55/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar, i samsvar med eit framlagt forslag.