1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I denne proposisjonen foreslår Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet lovendringar som skal leggje til rette for meir openheit og kontroll med finansieringa av politiske parti for å følgje Europarådet v/GRECOs rekommandasjonar til Noreg. Det blir gjort framlegg om at plikta til å sende inn årlege inntektsrekneskapar blir utvida til å gjelde fullstendige rekneskapar, og at det blir innført ei særskilt plikt til å innrapportere gåver over ein terskelverdi mottekne under valkamp. Vidare blir det foreslått særskilte sjølvstende- og rotasjonskrav til den som reviderer rekneskapen til eit politisk parti og at Partilovnemnda får rett til å kontrollere innmelde opplysningar. Det blir foreslått å innføre eit større spekter av sanksjonar for brot på føresegnene i partiloven. Først og fremst gjeld dette administrative sanksjonar, men forslaget omfattar òg ei føresegn om straff, i form av bøter eller inntil to års fengsel, for vesentlege eller gjentekne lovbrot.