3 Høyringsrunden
Departementet sende den 17.11.2010 eit høyringsbrev og høyringsnotat med forslag til korleis GRECOs rekommandasjonar kan gjennomførast til meir enn 700 høyringsinstansar. Høyringsfristen blei sett til 17.2.2011, men seinare utvida til 1.3.2011. Desse blei bedne om å uttale seg:
Alle departement og SMK
Alle fylkesmenn
Alle fylkeskommunar
Alle registrerte politiske parti (med innrapporteringsplikt etter partiloven §§ 18 og 19)
Brønnøysundregistra (Partiregisteret)
Den norske Revisorforening
Domstolsadministrasjonen
Finanstilsynet
Norges Autoriserte Regnskapsføreres forening (NARF)
Norsk Journalistlag
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Norsk Regnskapsstiftelse
Partilovnemnda v/leiaren
Riksrevisjonen
Statens medietilsyn
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Universiteta
Alle dokument i saka er å finne her:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/dok/horingar/horingsdokumenter/2010/horing-endringar-partiloven.html?id=624852
Departementet har motteke 32 høyringssvar i saka. I alt 20 av desse var merknader, irekna to fellesfråsegner. I alt 12 instansar hadde ingen merknader. Alle mottekne fråsegner er vurderte. I det følgjande er merknadene siterte eller oppsummerte i tilknyting til kvart enkelt endringsforslag.
Det har vore halde møte mellom FAD, Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå i etterkant av høyringsrunden.