2 Bakgrunn for lovforslaget
2.1 Generelt
Europaparlaments og rådsdirektiv 2009/18/EF om gransking av ulykker i sjøtransportsektoren og om endring av europaparlaments og rådsdirektiva 1999/35/EF og 2002/59/EF vart fastsett 23. april 2009 som ein del av den såkalla tredje sjøtryggleikspakken. Siktemålet med direktivet er å betre tryggleiken til sjøs og hindre ureining frå skip, og dermed å redusere faren for framtidige sjøulykker. Dette freistar ein å oppnå ved å leggje til rette for ei rask gjennomføring av tryggleiksgranskingar, gjennom ein grundig analyse av ulykker og hendingar til sjøs, slik at ein kan slå fast årsakene, og ved å sikre ei nøyaktig rapportering av tryggleiksgranskingar til rett tid – med tilrådingar om åtgjerder for å betre tryggleiken. Det er eit berande prinsipp i direktivet at sjøulykker skal granskast av eit uavhengig permanent organ, jf. artikkel 8. Ei gransking har ikkje som mål å fordele skuld eller ansvar.
Direktivet må sjåast i samanheng med «Code for the Investigation of Marine Casualties and Incidents» frå november 1997 (IMO Assembly Resolution A.849 – IMO-koden). Koden vart fullstendig revidert av IMO i mai 2008, jf. MSC Res. 255(84), og den reviderte koden vart gjord gjeldande frå 1.1.2010. Koden er gjord bindande av IMO ved ei endring i SOLAS kapittel XI-1, ved at det er føydd til ein ny regel 6, jf. MSC.257(84) av 16. mai 2008. I direktivet er det stilt opp utfyllande føresegner til koden, og det er lagt opp til eit meir forpliktande samarbeid mellom granskingsorgana i EU.
Norske reglar om gransking av sjøulykker går fram av sjølova kapittel 18 avsnitt II. Reglane vart nokså mykje endra i 2005, og desse endringane vart sette i kraft 1. juli 2008. I samband med denne revisjonen vart mellom anna den tidlegare ordninga med sjøforklaring avvikla, og Statens havarikommisjon for transport fekk ansvaret for å granske sjøulykker. I det alt vesentlege er sjølova i samsvar med direktivet, men det er behov for visse presiseringar og ein del utfyllande føresegner for at direktivet skal verte gjennomført fullt ut i norsk rett.
På bakgrunn av administrative endringar knytte til val av heimstad, jf. sjølova § 8, vert det i denne proposisjonen føreslått at det i § 8 første ledd skal gå fram at det ikkje er Sjøfartsdirektoratet som skal godkjenne heimstaden. I staden vert det føreslått at dette skal vere «den myndighet som departementet bestemmer», og at det vert nærmare presisert i forskrift kven som skal tilleggjast dette myndet.
2.2 Høyringa
Nærings og handelsdepartementet sende 3. februar 2011 på høyring eit forslag om å endre sjølova kapittel 18 avsnitt II. Siktemålet var å gjennomføre pliktene etter EU-direktivet i norsk rett. Høyringsfristen var 18. mars. Desse instansane fekk tilsendt høyringsutkastet:
Arbeidsdepartementet
Finansdepartementet
Fiskeri- og kystdepartementet
Forsvarsdepartementet
Justis- og politidepartementet
Miljøverndepartementet
Samferdselsdepartementet
Utanriksdepartementet
Direktoratet for arbeidstilsynet
Fiskeridirektoratet
Hovudredningssentralen Nord-Noreg
Hovudredningssentralen Sør-Noreg
Klima- og forureiningsdirektoratet
Kystvakta
Kystverket
Marintek
Nordisk institutt for sjørett
Politidirektoratet
Riksadvokaten
Sjøfartsdirektoratet
Statens havarikommisjon for transport (SHT)
Skipsregistra
Sysselmannen på Svalbard
Advokatforeningen
Det Norske Veritas
Det Norske Maskinistforbund
Fellesforbundet for sjøfolk
Fiskebåtredernes Forbund
Forbundet Kysten
Fraktefartøyenes Rederiforening
Hurtigbåtenes Rederiforbund
Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF)
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Maritimt Forum
Miljøstiftelsen Bellona
Natur og ungdom
Nordic Association of Marine Insurers (CEFOR)
Norges Fiskarlag
Norges Naturvernforbund
Norges Rederiforbund
Norsk Havneforbund
Norsk Sjøoffisersforbund
Norsk Sjømannsforbund
Rederienes Landsforening
Redningsselskapet
WWF Verdsnaturfondet
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Departementet har motteke fråsegn med merknader til høyringsnotatet frå desse instansane:
Justisdepartementet
Samferdselsdepartementet
Utanriksdepartementet
Kystverket
Riksadvokaten
Sjøfartsdirektoratet
Skipsregistra
Statens havarikommisjon for transport (SHT)
Advokatforeningen
Det Norske Maskinistforbund
Fiskebåtredernes Forbund
Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF)
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Nordic Association of Marine Insurers (CEFOR)
Norges Rederiforbund
Norsk Sjøoffisersforbund
Norsk Sjømannsforbund
Det Norske Maskinistforbund, Norsk Sjøoffisersforbund og Norsk Sjømannsforbund har kome med ei felles høyringsfråsegn gjennom fellessekretariatet til sjømannsorganisasjonane.
Desse instansane har svart at dei ikkje har kommentarar eller ikkje ser nokon grunn til å uttale seg om forslaget:
Arbeidsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Direktoratet for arbeidstilsynet
Politidirektoratet
Høyringsinstansane er generelt positive til dei føreslåtte endringane, og alle høyringsinstansane går inn for at Noreg gjennomfører direktivet fullt ut i nasjonal lovgiving.
Samferdselsdepartementet merkar seg at direktivet inneheld noko avvikande føresegner i forhold til tilsvarande reguleringar i luft og jernbanesektoren, men har ingen kommentarar til lovforslaget.
Utanriksdepartementet viser til at direktivet i stor grad samsvarer med IMO-koden og Havrettskonvensjonen, men at granskingsplikta etter direktivet på visse område synest å gå lenger enn dei nemnde regelsetta. UD viser til at direktivet inneheld referansar til desse reglane, men utan at det går fram at jurisdiksjonsutøvinga må vere i samsvar med reglar som er etablerte i kompetente internasjonale organ. UD viser til at ein ikkje kan sjå bort frå at det kan oppstå motstrid mellom direktivet på den eine sida og IMO-koden og Havrettskonvensjonen på den andre sida. I eit slikt tilfelle må direktivet brukast innanfor rammene av Havrettskonvensjonen. UD meiner at ein ved inkluderinga i EØS-avtalen bør kome med ei fråsegn med denne ordlyden: «Norway will apply the directive in conformity with its rights and obligations under the UN Law of the Sea Convention». UD har vidare vurdert direktivet opp mot det geografiske verkeområdet til EØS-avtalen, og konklusjonen er at det er akseptabelt å inkludere direktivet i EØS-avtalen.
Sjøfartsdirektoratet har merka seg at krava i direktivet er tredelte, slik at granskingsplikt berre omfattar «svært alvorlege sjøulykker», medan det for andre alvorlege ulykker skal gjerast ei førebels vurdering for å avgjere om det skal gjennomførast ei tryggleiksgransking, og at granskingsorganet sjølv kan avgjere dette når det gjeld andre ulykker. Direktoratet viser til at plikta i lovforslaget er gjord gjeldande for sjøulykker generelt, slik sjøulykker er definert i lova, og at plikta såleis er noko meir omfattande enn krava stilte opp i direktivet tilseier.
Sjømannsorganisasjonane peikar mellom anna på at det er positivt at fleire ulykker vert granska, medan Fiskebåtredernes Forbund uttaler at lovendringane i liten grad endrar realitetane i forhold til den ordninga som gjeld i dag for gransking av sjøulykker. Fiskebåtredernes Forbund har derfor ingen innvendingar mot lovforslaget.
Norges Rederiforbund støttar departementet si vurdering av at det er behov for endringar av sjølova som følgje av implementeringa av det ovannemnde direktivet.
Kommentarar til dei einskilde delane av lovforslaget er omtalte i punkt 3.
Forslaget om å endre sjølova § 8 er berre av administrativ art og stiller ikkje opp nokon rettar eller plikter for private. Forslaget, som ikkje er nærmare omtalt nedanfor, har ikkje vore på høyring, for departementet har meint at dette openbert ville vere unødvendig.