4 Administrative og økonomiske konsekvensar
Direktivet inneheld ein del nye plikter for Statens havarikommisjon for transport (SHT), samtidig som ein del sjøulykker som etter norsk rett er granskingspliktige, ikkje lenger vil vere det. Artikkel 8 nr. 5 i direktivet understrekar samtidig at granskingsorganet straks, og på kva som helst tidspunkt, skal kunne reagere når det får melding om ei ulykke, og få tilstrekkelege ressursar til å utføre oppgåvene sine på ein uavhengig måte.
I høyringsrunden viser Statens havarikommisjon for transport til at etaten har fått tilført to nye stillingar på grunn av det auka ressursbehovet som direktivet fører med seg, men at det er nødvendig med ei evaluering av ressursbehovet etter at ein har gjort erfaringar med dei endringane i sjølova direktivet leier til. SHT er elles nøgd med dei føreslåtte lovendringane.
CEFOR understrekar på si side at det er viktig at Statens havarikommisjon for transport får tilført nok ressursar til at etaten kan halde ved like og vidareutvikle den kompetansen og kapasiteten kommisjonen har.
Departementet reknar med at direktivet vil føre til eit auka ressursbehov på to-tre stillingar i Statens havarikommisjon for transport. Etaten har fått tilført to nye stillingar for å kunne gjennomføre direktivet. For andre offentlege styresmakter, og for private, reknar ein ikkje med at lovendringane får vesentlege konsekvensar.