3 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak på fv 545
Det er aktuelt å gjennomføra følgjande fire prosjekt:
1. Fitjar sentrum – Rimbareid
Prosjektet omfattar utbetring av eksisterande veg til tofelts veg og bygging av gang- og sykkelveg langs fv 545. Det er ein føresetnad for etableringa av Midtfjellet vindmøllepark at strekninga blir utbetra. Lengda er 1,2 km.
2. Sagvåg bru
Her er det lagt opp til å utvida eksisterande bru med ny kjørebane. Tilførslevegen til brua skal utbetrast på ei om lag 100 m lang strekning. Vidare skal eksisterande gangbru utbetrast.
3. Ei strekning ved kommunegrensa Stord - Fitjar
Prosjektet omfattar ei strekning på om lag 2 km. Det er lagt opp til breddeutviding på delar av strekninga. Grøftene må utbetrast og sidehinder fjernast.
4. Rimbareid - Vik
Prosjektet omfattar utbetring av eksisterande veg til tofelts veg og bygging av gang- og sykkelveg langs fv 545. Lengda er om lag 1,2 km.
Kostnadene ved å gjennomføra alle fire prosjekta er førebels rekna til om lag 70 mill. kr. Det er stor uvisse ved kostnadene, m.a. fordi reguleringsplanen skal reviderast.
Prosjekt nr. 1 blir gjennomført i 2012 med forskotterte midlar. Dei andre prosjekta blir starta opp når finansieringa er avklart.