4 Lokalpolitisk behandling
Hordaland fylkesting behandla opplegget for bompengesøknaden i møte 7. juni 2011 og fatta følgjande vedtak:
Fylkestinget godkjenner at Midtfjellet Vindmøllepark AS får forskottera inntil 10 mill. kr til oppgradering til tofelts veg og etablering av gang- og sykkelveg langs vegen mellom Rimbareid og Fitjar sentrum.
Refusjonstidspunktet vert fastsett i samband med handsaminga av Handlingsprogram 2014-2017 (23) for fylkesvegnettet i Hordaland. Forskotteringa vert refundert utan kompensasjon for renter eller prisauke.
Fylkestinget går inn for å løyva 7,5 mill. kr til Bompengepakken Stord vestside. Endeleg løyving vert gjort i samband med handsaminga av fylkesbudsjettet og økonomiplanen.
Fylkestinget gjev tilslutnad til at utkast til søknad om delvis bompengefinansiering av Bompengepakken Stord vestside frå 15.04.2011 vert sendt ut på høyring til kommunane Stord, Fitjar og Os.
Saka blei deretter lagt fram for kommunane Fitjar, Stord og Os.
Fitjar formannskap behandla saka i møte 21. september 2011 og fatta føljande vedtak (samrøystes):
«Fitjar formannskap stiller seg bak «Søknad om delvis bompengefinansiering av «Bompengepakken Stord vestside», slik den ligg føre.»
Stord formannskap behandla saka i møte 31. august 2011 og fatta følgjande vedtak:
«Stord formannskap stiller seg bak Søknad om delvis bompengefinansiering av Bompengepakken Stord vestside slik den ligg føre.
Formannskapet ber om at ein vurderer ei planfri kryssing for mjuke trafikantar i samband med utbetring av Sagvåg bru.»
Os formannskap behandla saka i møte 6. september 2011 og fatta følgjande vedtak:
«Os formannskap har 6. september 2011 handsama høyringsssak vedk. eventuell utviding av perioden for bompengeinnkreving på ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg. For Os kommune er E39 fyrst og fremst viktig som stamveg Bergen - Stavanger, og sjølv om kommunen har forståing for nokre av argumenta for utviding av perioden finn ein det likevel rett å avslutta innkrevinga i tråd med fastsett tidspunkt 31.12.2012. I denne samanheng vil Os kommune gjera merksam på at innkrevingsperioden allereie har vore utvida i høve til opphavleg plan.»
Hordaland fylkesting behandla saka i møte 18. oktober 2011 og fatta følgjande vedtak:
«Fylkestinget gjev tilslutnad til at «Søknad om bompengefinansiering av Bompengepakken Stord vestside», datert 21.06.2011 vert oversendt Vegdirektoratet for vidare handsaming.»