1 Innleiing
Arbeidet mot internasjonal terrorisme har i fleire tiår stått på dagsordenen i FN. Det er i regi av FN utvikla tretten internasjonale konvensjonar som rammar ulike former for terrorhandlingar, der Noreg er part i dei første tolv. Den internasjonale konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme – International convention for the suppression of acts of nuclear terrorism - vart vedteken i FN 13. april 2005 og opna for underteikning 14. september 2005. Noreg underteikna konvensjonen 16. september 2005. Konvensjonen er til no underteikna av 115 statar og har 86 partar.
Føremålet med konvensjonen er mellom anna å hindre at terroristgrupper får tilgang til kjernefysiske våpen og materiale og å styrkje det eksisterande rettslege rammeverket mot terrorisme. Konvensjonen pålegg partane å gjere det straffbart å inneha og/eller bruke radioaktivt materiale, kjernefysisk materiale eller kjernefysiske innretningar med sikte på å utføre ulike typar terrorhandlingar. Partane skal anten sjølve straffe slike handlingar eller utlevere dei aktuelle personane til andre land som ber om det. Konvensjonen inneber vidare at statspartane fremjar samarbeid mellom politi og rettsvesen for å forhindre, etterforske og straffeforfølgje slik kriminalitet. Konvensjonen pålegg statane å sikre kjernefysisk materiale i samsvar med standardar som er fastsette av det internasjonale atomenergibyrået (IAEA).
På underteikningstidspunktet vart det lagt til grunn at norsk straffelovgjeving ramma dei fleste forholda som konvensjonen krev kriminaliserte, men at gjennomføringa av konvensjonen likevel ville krevje visse endringar i straffelova. Forslag til nødvendige lovendringar for norsk ratifikasjon av konvensjonen vart deretter fremja ved Ot.prp. nr. 8 (2007-2008) om lov om endringar i straffelova 2005 nr. 28.
Straffelova av 2005 er enno ikkje sett i verk. For å leggje til rette for snarleg norsk ratifikasjon av konvensjonen om kjernefysisk terrorisme vart straffelova 1902 endra i juni 2012, samtidig som det vart gjennomført enkelte mindre justeringar i straffelova 2005 jf. Prop. 96 L (2011-2012). Desse lovendringane sikrar at Noreg kan gjennomføre konvensjon om kjernefysisk terrorisme fullt ut.
Fordi det har vore nødvendig å endre lova for å kunne ratifisere konvensjonen, må Stortinget samtykkje i ratifikasjon etter Grunnlova § 26.
Konvensjonen i engelsk originaltekst med omsetjing til nynorsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.