4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Ratifikasjonen vil ikkje krevje lovendring eller andre tiltak utover dei som allereie er sette i verk. Sjølve ratifikasjonen vil såleis ikkje føre med seg nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar. Det kan krevje nokre ressursar å vareta forpliktingane etter konvensjonen, men dette vil kunne dekkjast innanfor gjeldande budsjettrammer.