2 Bakgrunn
Den økonomiske krisa i viktige sjømatmarknader som mellom anna Portugal, Spania og Italia har gitt kvitfisknæringa i Noreg store utfordringar i 2013. I euroområdet er det framleis svært høg arbeidsløyse og den økonomiske veksten er låg. Det ser ut til at det tek tid før særleg dei mest gjeldsutsette landa, som også er sentrale marknader for norsk torsk, får snudd utviklinga. Krisa i Europa, låge prisar for torsk og historisk høge torskekvotar skaper utfordringar for ei heil næring.
Historisk sett har kvitfiskindustrien, og då særleg filetindustrien i Nord-Noreg, vore prega av låg lønnsemd. I perioden 2000–2012 er talet på filetbedrifter redusert med 57 pst., frå 28 til 12 bedrifter, og talet på sysselsette i filetindustrien har gått ned med 67 pst., frå 2 300 til 750. Samstundes har produksjonsvolumet gått ned med 60 pst., frå om lag 55 000 tonn til 22 000 tonn. Dei låge prisane ved inngangen til 2013 har ført til ytterlegare press på lønnsemda. Prisen på fryst heil torsk på verdsbasis fall frå over 20 kroner til under 15 kroner etter det høge kvoterådet for torsken i juni 2012. Dette førte til at fleire konvensjonelle bedrifter, som handla mykje råstoff første halvår, måtte ta store tap som følgje av nedskriving av varelager.
Dei økonomiske utfordringane i Europa fører òg til at kjøparane har problem med å få betalt frå sine kundar. Kundane er på si side lite villige til, eller har ikkje høve til, å stille garantiar. Garantiordninga for førstehandsomsetninga av fisk er vidareført kvart år sidan 2009.
Det har aldri blitt eksportert meir torsk enn første halvår i 2013. Auken i volum eksportert torsk for første halvår er på heile 41 pst. samanstilt med 2012, medan eksportverdien berre har auka med tre prosent.
Samstundes har vi sett ein vekst i eksporten av fryst og fersk heil kvitfisk som blir foredla utanfor Noreg – den fryste i Kina og den ferske i Polen, Litauen og Danmark.
I sum har dette gitt resultatnedgang for selskap i norsk kvitfisknæring, særleg i industrileddet. Vi har òg sett permitteringar og permitteringsvarsel i første halvår av 2013. Situasjonen har pressa likviditeten og skaper uro i dei mange lokalsamfunna i Nord-Noreg der både kystflåten og fiskebruk blir ramma.
Regjeringa har som mål å byggje sjømatindustrien på fortrinnet vårt med tilgang på ferskt råstoff av høg kvalitet, men det er ei utfordring å utvikle ein meir konkurransedyktig sjømatindustri. Med bakgrunn i dette sette Regjeringa 22. mars 2013 ned eit offentleg utval som innan utgangen av 2014 skal vurdere rammevilkåra til sjømatindustrien. Utvalet skal særleg sjå på det som er til hinder for eller kan bidra til auka lønnsemd og verdiskaping.
Regjeringa meiner det no er rett å innføre tiltak for ei næring som er i ein hardt pressa situasjon. Med bakgrunn i dette foreslår Regjeringa tiltak allereie no, i form av 30 mill. kroner i tilleggsløyvingar i 2013. Tiltaka vil bli foreslått vidareført og vidareutvikla i 2014.
I tillegg vil nokre reguleringstiltak som kan bidra til ein betre situasjon bli omtalt til slutt i kapittel 3 nedanfor.