3 Regjeringas forslag til tiltak
Nokre av tiltaka som blir foreslått vil verke på kort sikt og konsentrere seg om betre kvalitet, jamnare råstofftilgang og auka prisar på fiskeråstoffet gjennom kompetanseheving, levandelagring og justeringar i fiskerireguleringane. Vidare vil ekstraordinær marknadsinnsats og reduksjon av veterinære handelshindringar òg på kort sikt kunne gi betre avsetning på norsk kvitfisk. Andre tiltak vil bidra meir langsiktig i form av meir forsking og utvikling innan teknologi, produktutvikling og marknadstilgang i norsk kvitfisknæring.
Tilleggsløyvingar i 2013
Kap. 1023 Fiskeri- og havbruksretta FoU
Post 72 Tilskot til Nofima
Auka innsats i arbeidet med fangsthandtering og levandelagring
Midlane skal medverke til auka innsats i arbeidet med fangsthandtering, levandelagring og eit eige opplæringsprogram i handtering av levandelagra fisk.
Det er lange tradisjonar i Noreg for å frakte levande fisk til land og overføre han til merd for lagring. Dette blir gjort både for å heve kvaliteten på råstoffet og for å sikre jamn leveranse også utanom høgsesongen. Men det er òg utfordringar. Det er tids- og kostnadskrevjande å fange torsk som skal til mellomlagring, det er auka økonomisk risiko ved å ha fisk symjande i merd, det er utfordringar knytt til avrekning av kvotar og det kan vere krevjande å få større utteljing i marknaden.
Fleire bedrifter i sjømatnæringa satsar på levandelagring. Totalt er det omsett 1 594 tonn levandelagra torsk i perioden januar til juli 2013, ein auke på 827 tonn eller 108 pst. i høve til same periode i 2012. Men det er eit ønskje om fleire aktørar og større volum. For å bidra til vekst i levandelagringa foreslår Regjeringa auka innsats i forskingsarbeidet og opplæring i næringa.
Departementet foreslår med bakgrunn i dette å auke løyvinga over denne posten med 5 mill. kroner i 2013.
Kap. 2415 Innovasjon Noreg, fiskeri og andre regionalpolitiske tiltak
Post 75 Marint verdiskapingsprogram
Opplæringsprogram for kvalitetsbehandling av fisk
Departementet foreslår 4 mill. kroner til eit opplæringsprogram for kvalitetsbehandling av fisk. Prosjektet skal leiast av Innovasjon Noreg, men har med alle ledd i verdikjeda, mellom anna fiskerigruppa i Båtsfjord, Nofima, FHL, Råfisklaget, Fiskarlaget Nord og relevante fiskeribedrifter.
Målet er auka kompetanse blant fiskarane slik at dei kan levere kvalitetsråstoff til produksjonsanlegg på land og auka kompetanse hos dei som arbeider i industrien som tar imot, oppbevarer og leverer vidare kvalitetsråstoff til produksjon av sjømat frå Noreg. Prosjektet skal mellom anna ta for seg behandling av fanga og bløgga fisk for foredling på land.
Målgruppa for prosjektet er fiskarar og medarbeidarar ved fiskemottak. Ved at denne gruppa får teoretisk og praktisk opplæring i kvalitetsbehandling av fisk kan noko større mengder råstoff bli foredla og selt vidare med ein betre kvalitet enn før.
Departementet foreslår med bakgrunn i dette å auke løyvinga på denne posten med 4 mill. kroner i 2013.
Kap. 1050 Diverse fiskeriformål
Post 75 Tilskot til næringstiltak
Gjeninnføre lineegnetilskotet
Departementet foreslår å styrkje løyvinga med 3 mill. kroner for å innføre lineegnetilskotet på nytt frå hausten 2013. Lineegnetilskot var ei ordning som eksisterte fram til 2004. Det vart gitt tilskot til egning av line for hand, for å stimulere til auka kystlinefangst. Linefisket er eit arbeidsintensivt fiske samanlikna med til dømes garnfisket. Ordninga vart erstatta av ei ordning med agnkvotar gjennom Fiskernes Agnforsyning, som administrerer kvotar av makrell, sild og sei til agn slik at dei kan selje vidare til fiskarane til sterkt reduserte prisar.
Linefanga fisk er av generelt betre kvalitet enn fisk tatt med garn fordi ein unngår klemskadar og liknande. Eit lineegnetilskot kan stimulere til auka fangst av fisk med høgare kvalitet.
Lineegnetilskot vart tidlegare gitt som eit tilskot per egna stamp. Vidare organisering, både med tanke på tilskotsatsar og på innretning, vil bli avklart parallelt med Stortinget si handsaming av denne proposisjonen. Departementet legg til grunn at ordninga vil koste om lag 18 mill. kroner i 2014.
Auka tilskot til føring og mottaksstasjonar i Nord-Noreg
Departementet foreslår å auke løyvinga til tilskot til føring og mottaksstasjonar i Nord-Noreg med 3 mill. kroner i 2013. Godt fungerande mottaksstasjonar og føringstilskot er viktig for å oppretthalde ein tilfredsstillande mottaksstruktur for den mindre mobile kystflåten.
Ordninga med støtte til mottaksstasjonar har som overordna mål å bidra til at det er operative mottaksstasjonar i område med mangelfullt høve til levering. Den auka løyvinga legg til rette for ein desentralisert mottaksstruktur som gjer det mogleg for små fartøy å levere fangsten nær heimstad og fangstfelt.
Ekstraordinær marknadsføring for torsk
Departementet foreslår 10 mill. kroner til ekstraordinær marknadsføring for torsk. Pengane skal gå gjennom Noregs sjømatråd. Sjømatnæringa er ei av Noreg sine mest internasjonale næringar og næringa sel produkta sine til meir enn 130 land. Dette stiller store krav til marknadskunnskap og evne til å tilpasse seg til dei ulike preferansane til forbrukarane.
Felles marknadsføring er eit effektivt verkemiddel for å auke etterspørselen etter norsk sjømat. Dette skjer gjennom Noregs sjømatråd og blir finansiert av ei marknadsavgift på eksporten på 0,75 pst. Den statlege løyvinga vil gjere det mogleg med auka felles marknadsføring av norsk torsk, noko som kan føre til auka etterspørsel utover hausten og vinteren. Tilsvarande tiltak vart òg finansiert over statsbudsjettet og sett i gang under finanskrisa våren 2009. I etterkant av dette laga Noregs sjømatråd (då Eksportutvalet for fisk) ein rapport for å dokumentere verknadene av den ekstra marknadsinnsatsen som vart gjennomført.
Med bakgrunn i dette foreslår Fiskeri- og kystdepartementet å styrkje løyvinga over denne posten med 16 mill. kroner i 2013.
Kap.1115 Mattilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Styrkje Mattilsynet sitt arbeid med marknadstilgang
Det blir foreslått å auke kap. 1115, post 01, som ligg under Landbruks- og matdepartementet, med 5 mill. kroner i 2013.
Marknadstilgang er sentralt for norsk sjømatnæring. Dei seinare åra har vi sett aukande krav om å dokumentere at produkta som blir eksporterte er trygge. Som ein stor eksportør er det avgjerande at Noreg kan dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda. For Mattilsynet ligg det utfordringar knytt til det store talet på marknader og i det store talet på ulike produkt. Krava til dokumentasjon av mattryggleik varierer mellom marknadene, og frå produkt til produkt. Det er særleg viktig å kunne dokumentere mattryggleik, at norske reglar, EU sine reglar og internasjonale reglar blir følgde og at produktet ikkje vil utfordre smittebildet i importlandet.
Dei seinare åra har vi sett at importlanda i stigande grad krev eigne sertifikat med informasjon knytt til både mattryggleik og fiskehelse. I tillegg ønskjer mange importland å inspisere dei norske bedriftene og Mattilsynet sitt tilsynssystem. Mattilsynet si rolle som tilsynsmyndigheit og deira kommunikasjon med myndigheitene i importlanda er difor avgjerande for tilliten. Tilgang til andre land sine marknader krev tillit hos myndigheiter og forbrukarar i importland. Norske eksportørar møter dessverre ei rekkje veterinære handelshindringar og det tar lang tid for Mattilsynet å få på plass veterinæravtalar i nye marknader. Styrkinga av Mattilsynet skal gå til auka innsats i arbeidet med dokumentasjonsgrunnlag, utskriving av attestar og dialogen med utanlandske matmyndigheiter mv.
Om fiskerireguleringane
Justeringar i fiskerireguleringane kan medverke til ein jamnare råstofftilgang som igjen vil kunne gi høve til auka kvalitet, leveringsdyktigheit og lønnsemd i fiskeindustrien. Refordeling i fartøygruppene vil framleis bli nytta for å bidra til optimal utnytting av kvotane.
Ferskfiskordninga gir fartøy i kystflåten som landar fangsten fersk høve til å fiske og lande inntil 30 pst. torsk rekna av all fangst, uavhengig av om fartøyet har fiska den kvoten som elles er tildelt for direktefiske av torsk. Ordninga har fungert godt og vil om naudsynt kunne bli justert ved at bifangstadgangen blir auka.
Departementet har sendt på høyring forslag om å etablere ei særleg ordning for fleksibel kvoteutnytting for industrieigde torsketrålarar. Målet og føresetnaden for ordninga vil vere at det blir levert meir fersk torsk samla sett frå fartøya til den eigaren som nyttar ordninga.