1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Kulturdepartementet legg med dette fram eit forslag til lov om endringar i lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespill m.v. (pengespilloven).
Regjeringa ønskjer å endre fordelingsnøkkelen for overskotet frå pengespela Norsk Tipping AS tilbyr (tippenøkkelen) for å styrkje idretten og kulturformål utanfor statsbudsjettet.
Etter gjeldande tippenøkkel går 47,9 pst. av speleoverskotet frå Norsk Tipping AS til idrettsformål, 34,1 pst. til kulturformål og 18 pst. til samfunnsnyttige og humanitære formål. Stortinget fordeler 19,5 pst. og Kongen 14,6 pst. av midla til kulturformål.
Departementet foreslår å fordele speleoverskotet frå Norsk Tipping AS etter ny tippenøkkel i 2014 med 56 pst. til idrettsformål, 14,9 pst. til kulturformål utanfor statsbudsjettet, 11,1 pst. til kulturformål (som blir bokført på inntektssida i statsbudsjettet) og 18 pst. til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.
Forslaget i lovproposisjonen er i samsvar med forslag til vedtak til løyving i Prop. 1 S (2013–2014).
Departementet legg òg fram forslag om å fordele heile overskotet frå Norsk Tipping sitt nye spel, Nabolaget, mellom samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar i ein overgangsperiode på fire år.