2 Bakgrunnen for endringsforslaga
2.1 Idrettens del av speleoverskotet
I Meld. St. 26 (2011–2012) Den norske idrettsmodellen uttalte Kulturdepartementet følgjande:
”Regjeringen går inn for å endre bestemmelsen i pengespilloven som regulerer fordelingen av overskuddet fra Norsk Tipping AS, den såkalte tippenøkkelen. Regjeringen vil styrke idretten og det frivillige kulturlivet ved å gi disse en større andel av Norsk Tippings overskudd som fordeles etter Kongelig resolusjon.
Regjeringen legger til grunn at det skal utvikles en ny tippenøkkel med sikte på at spilleoverskuddet fra Norsk Tipping AS skal fordeles med 64 prosent til idrettsformål, 18 prosent til kulturformål og 18 prosent til humanitære og samfunnsnyttige organisasjoner. Endringen vil gjennomføres gradvis etter beslutninger i det enkelte budsjettår. En endring i tippenøkkelen er begrunnet med at økt ressursgrunnlag er nødvendig for å sikre god måloppnåelse innenfor den statlige idrettspolitikken. Særlig gjelder dette i forhold til idrettsanlegg.
Spillemiddeltilskuddet til idrettsanlegg i kommunene har kommet mer og mer i utakt med behovet, uttrykt gjennom prioriteringer og søknader fra kommunene (jf. kapittel 6).
En ny tippenøkkel vil gi et bedre grunnlag for bygging og rehabilitering av anlegg lokalt, vil styrke arbeidet med å utvikle barne- og ungdomsidretten og vil intensivere innsatsen for et godt aktivitetstilbud til personer med nedsatt funksjonsevne og personer som i dag i liten grad er fysisk aktive. Tiltak for tilrettelegging for egenorganisert fysisk aktivitet og friluftsliv vil også styrkes.”
I samsvar med dette la regjeringa fram følgjande forslag i budsjettproposisjonen for 2013 (Prop. 1 S (2012–2013)):
”Stortinget samtykker i at fordelingen av Norsk Tippings AS’ overskudd fra og med 2015 endres slik at 64 pst. skal fordeles til idrettsformål, 18 pst. til kulturformål og 18 pst. til samfunnsnyttige eller humanitære organisasjoner som ikke er tilknyttet Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Midlene til kulturformål skal fordeles av Kongen.”
Stortinget gjorde i Innst. 14 S (2012–2013) vedtak i samsvar med forslaget frå regjeringa. Som første steg i å fase inn ny fordelingsnøkkel blei overskotet frå Norsk Tipping AS i 2013 fordelt med 47,9 pst. til idrettsformål, 14,6 pst. til kulturformål utanfor statsbudsjettet, 18 pst. til samfunnsnyttige og humanitære formål, medan 19,5 pst. blei ført på inntektssida i statsbudsjettet.
Som andre steg i å fase inn den nye fordelingsnøkkelen foreslår departementet å fordele overskotet frå Norsk Tipping AS i 2014 med 56 pst. til idrettsformål, 14,9 pst. til kulturformål utanfor statsbudsjettet, 18 pst til samfunnsnyttige og humanitære formål, og at 11,1 pst blir ført på inntektssida i statsbudsjettet.
2.2 Om Nabolaget
Departementet foreslår ei endring i pengespilloven § 10 for å sikre at overskotet frå spelet Nabolaget i ein overgangsperiode frå 2014 til og med 2017 utelukkande kjem samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar til gode, slik at desse organisasjonane får naudsynte inntekter i ein omleggingsperiode.
Norsk Tipping AS inngjekk i 2011 ei avtale med ti humanitære organisasjonar (10H) om lansering og drift av eit eller fleire landsomfattande spelkonsept gjennom Norsk Tipping sine kanalar. Dei ti humanitære organisasjonane er Norges Røde Kors, Redningsselskapet, Handikapforbundet, Kreftforeningen, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, Blindeforbundet, Flyktningehjelpen, Redd Barna, Nasjonalforeningen for folkehelsen og Norsk Folkehjelp. Desse organisasjonane skulle etter avtala motta ein stor del av overskotet frå dei framtidige spela. Avtala skulle opphavleg gjelde fram til 31. desember 2016. For å verne om einerettsmodellen og sikre ei rettferdig fordeling av spelemiddel oppmoda departementet partane om å avvikle avtala. Partane blei i juni 2013 samde om å oppheve avtala.
Nabolaget var eit av spela som inngjekk i avtala mellom Norsk Tipping og 10H. Etter at avtala falt bort, fekk Norsk Tipping løyve frå departementet til å starte opp Nabolaget som eit spel i den ordinære porteføljen til selskapet. I ein overgangsperiode frå 2014 til 2017 legg departementet likevel opp til at ein del av overskotet frå spelet Nabolaget blir øyremerka 10H.
Dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane som i dag mottek spelemiddel frå overskotet til Norsk Tipping er organisasjonar som tidlegare hadde inntekter frå gevinstautomatar. Ein rekke organisasjonar som av ulike årsaker ikkje mottok inntekter frå slike automatar kan ikkje få spelemiddel etter gjeldande vilkår. Departementet har vurdert at ei slik ordning ikkje er rimeleg på lang sikt. Departementet har derfor endra forskrifta som regulerer kven som kan få desse midla.
Fram til 2018 gjeld ei overgangsordning for organisasjonane som mottar spelemiddel i dag. Departementet meiner at organisasjonane som ikkje mottar spelemiddel i dag bør få komme inn i ordninga allereie i overgangsperioden. Departementet foreslår derfor at ein del av overskotet frå spelet Nabolaget skal komme desse organisasjonane til gode i åra frå 2014 til 2017.
Departementet foreslår at dei nærmare reglane om fordelinga av overskotet frå Nabolaget mellom dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane blir fastsette i forskrift.