2 Programkategori 21.30 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.
Flaum på Austlandet
Fleire vassdrag på Austlandet blei ramma av flaum i mai 2013. Dette førte til store øydeleggingar på riksvegnettet. Skadane har i første rekkje vore i Hedmark og Oppland, men vegane i Telemark og Buskerud blei òg ramma.
På riksvegnettet var skadane størst på E6 og rv 3 i Hedmark og Oppland. Kostnadene for å reparere skadane på desse vegane er rekna til totalt 100 mill. kr. Kostnadene er knytt til akuttiltak under og rett etter flaumen og til reparasjonsarbeid som har teke noko lengre tid. Skadane gjeld m.a. utgraving og utrasing av masse, omfattande setningsskadar og øydelagde vegdekke, skadar på bruer og brufundament, på rekkverk og anna vegutstyr og på omkøyringsvegar.
Departementet foreslår å løyve 50 mill. kr til dette formålet, fordelt med 30 mill. kr til Hedmark og 20 mill. kr til Oppland. Kostnadene elles på riksvegnettet blir dekte innafor gjeldande budsjett.
Brann i Gudvangatunnelen
5. august 2013 brann eit vogntog inne i den 11 km lange Gudvangatunnelen i Aurland i Sogn og Fjordane. Dette forårsaka store skadar på sjølve tunnelen og installasjonane. Dei totale kostnadene for Statens vegvesen til å utbetre skadane er rekna til 50 mill. kr. Dette gjeld reparasjon av tunnelen, oppretting av båttilbod, auka ferjetilbod på rv 13 Dragsvik – Hella og kostnader ved å omdirigere trafikk. Departementet foreslår å løyve 50 mill. kr til dette formålet.
Kontroll av tunge køyretøy
Nytt påbod om vinterdekk for tunge køyretøy tok til å gjelde 15. november 2013. I samband med innføringa blir det gjennomført ei særleg satsing på kontroll av dekk, vinterutrusting og bremser på tunge køyretøy. Den auka kontrollaktiviteten er primært retta inn mot trafikk på grenseovergangane og særleg krevjande vegstrekningar.
Departementet foreslår å løyve 3 mill. kr til dette formålet, jf. òg omtale under kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar.
Oppsummering
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med i alt 103 mill. kr.
Post 30 Riksveginvesteringar
Innfriing av bompengegjeld i nokre prosjekt
Regjeringa foreslår å løyve 500 mill. kr til å nedbetale gjeld i nokre bompengeprosjekt der trafikken er låg og innkrevjingskostnadene høge. Med dette vil innkrevjinga av bompengar i desse prosjekta bli avvikla tidlegare enn opphavleg føresett. Dette gjeld:
Rv 4 Reinsvoll – Hunndalen i Oppland som har ei gjeld på 10 mill. kr. Innkrevjinga av bompengar skulle etter planen avsluttast i april 2014.
Rv 9 Setesdalen i Aust-Agder som har ei gjeld på om lag 15 mill. kr. Innkrevjinga av bompengar skulle etter planen avsluttast i 2018.
Rv 5 Fatlaberget i Sogn og Fjordane som har ei gjeld på om lag 60 mill. kr. Innkrevjinga av bompengar skulle etter planen avsluttast i 2025.
E39 Astad – Knutset i Møre og Romsdal som har ei gjeld på 150 mill. kr. Innkrevjinga av bompengar starta i juni 2013 og skulle etter planen avsluttast i 2023.
E6 Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft i Finnmark som har ei gjeld på om lag 200 mill. kr. Prosjektet vil bli opna for trafikk i desember 2013. Etter planen skulle det krevjast inn bompengar fram til 2028. Regjeringas forslag inneber at det ikkje blir innkrevjing av bompengar i dette prosjektet.
Gjelda som er oppgitt for prosjekta, er førebels anslag.
Basert på førebelse anslag er samla gjeld i dei fem prosjekta 435 mill. kr. Gjelda vil bli innfridd innan utgangen av 2013, så langt som det er praktisk mogleg. I tillegg til å innfri gjeld kjem også avviklingskostnader. Dette gjeld fjerning av bomstasjonar, istandsetjing av vegen, tilbakebetaling av depositum for brikker m.m. Det blir lagt opp til å halde fram innkrevjinga av bompengar (i dei fire første prosjekta) til 1. februar 2014 for å dekkje avviklingskostnader. Avviklingskostnadene er førebels usikre. Det er derfor for tidleg å seie om ein månads innkrevjing vil vere tilstrekkeleg, ev. for mykje, til å dekkje desse kostnadene.
Dersom det er igjen midlar av løyvinga på 500 mill. kr etter innfriing av gjelda i dei fem prosjekta og ev. bidrag til å dekkje avvikklingskostnader, vil dei bli nytta til delvis innfriing av bompengegjeld i prosjektet rv 19 Kirkebakken – Re grense i Vestfold. Prosjektet har ei gjeld på 303 mill. kr. Etter planen skal innkrevjinga av bompengar i dette prosjektet avsluttast i 2022.
Omdisponering av løyving
Departementet foreslår å omdisponere 3 mill. kr frå kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar til kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., for å dekkje kostnader til den særlege satsinga på kontroll av tunge køyretøy, jf. omtale under post 23.
Oppsummering
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, med i alt 497 mill. kr.
Utvida fullmakt til grunnerverv for E18 Lysaker – Ramstadsletta
I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det sett av 550 mill. kr i statlege midlar til parsellen E18 Lysaker – Ramstadsletta i 2014–2017. Som omtalt i Nasjonal transportplan blir det lagt opp til ein eigen finansieringsmodell for prosjektet. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om dette.
Kommunedelplan for prosjektet er venta godkjent første halvår 2014, og reguleringsplan er venta vedteken i 2016.
For å få gjennomført utbygginga, er det nødvendig å løyse inn om lag 210 bustader, fleire næringseigedomar og foreta delavståingar frå fleire eigedomar. Statens vegvesen si fullmakt til å erverve grunn til vegformål legg til grunn at reguleringsplan er vedteken før grunnerverv kan setjast i gang, og at det er midlar til disposisjon.
Vilkåret om at det må liggje føre reguleringsplan, gjer at Statens vegvesen tidlegast kan starte grunnervervet i 2016. Med det omfanget grunnervervet har, vil tida fram til anleggsstart bli for kort til å få gjennomført eit forsvarleg grunnerverv.
Departementet har derfor for prosjektet E18 Lysaker – Ramstadsletta funne det riktig å lempe på vilkåret i gjeldande fullmakt om at det må liggje føre vedteken reguleringsplan før grunnerverv kan setjast i gang. Kommunedelplanen for dette prosjektet er svært detaljert. Departementet vil derfor gi Statens vegvesen fullmakt til å starte ordinært grunnerverv (dvs. at det blir gitt attkjøpsverdi, ikkje marknadsverdi) på grunnlag av godkjent kommunedelplan.
Ut frå planlagt framdrift for grunnervervet er det ikkje nødvendig å løyve eigne midlar til grunnerverv for dette prosjektet i 2014. Saka blir omtalt til orientering.