4 Programkategori 21.50 Jernbaneformål
Kap. 1350 Jernbaneverket
Post 23 Drift og vedlikehald
I 2013 har det vore mange hendingar med flaum og ras langs fleire jernbanestrekningar. Dette gjeld m.a. på Bergensbanen, Dovrebanen, Rørosbanen, Hovudbanen, Kongsvingerbanen og Østfoldbanen.
Dei største skadane var langs Dovrebanen etter flaumen i Gudbrandsdalen i slutten av mai 2013. Jernbaneverket registrerte i alt 250 stader med feil på jernbaneinfrastrukturen. Det var særleg store skadar på strekninga mellom Fåvang og Otta. I tillegg var det eit mindre ras ved Støren. Dovrebanen var stengd for gjennomgåande trafikk i 25 dagar. Da banen blei gjenopna i midten av juni, var det med redusert fart til 70 km/t mellom Lillehammer og Dombås. Farten er enno redusert fleire stader. Framleis føregår det eit omfattande arbeid med å byggje opp banen til fullgod stand. Arbeida blir først ferdige i 2014. Jernbaneverket reknar med at kostnaden til å byggje opp att Dovrebanen vil bli om lag 300 mill. kr, og at minimum 100 mill. kr kjem til betaling i 2013.
På Bergensbanen har det også vore fleire ras med skadar på infrastrukturen. I mai 2013 gjekk det fire ras på ulike stader langs banen. I oktober 2013 gjekk det eit ras i Ørneberget ved Mjølfjell, der det blei store skadar på m.a. spor, kontaktleidning, støttemurar og kabelanlegg. Staden er vanskeleg tilgjengeleg. Jernbaneverket reknar med at meirkostnaden som følgje av rasa, blir om lag 30 mill. kr. Om lag 20 mill. kr av dette kjem til betaling i 2013.
30 mill. kr vil gå til å dekkje utgifter etter flaum og ras på dei andre strekningane som er nemnde ovarfor.
På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1350 Jernbaneverket, post 23 Drift og vedlikehald, med 150 mill. kr.
Kap. 1355 Baneservice AS (nytt)
Post 96 Eigenkapital
Jernbaneverket si tidlegare forretningseining BaneService blei gjort om til aksjeselskap i 2005, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2 (2004–2005). Baneservice AS er størst i Noreg innan jernbanetekniske tenester målt i omsetning og tal på tilsette. Baneservice har dei siste åra hatt ei negativ økonomisk utvikling på grunn av redusert etterspurnad og prispress i marknaden. Omsetninga er redusert frå 756 mill. kr i 2009 til 585 mill. kr i 2012. Andre selskap i den jernbanetekniske marknaden har òg hatt ei negativ resultatutvikling, noko som har resultert i permitteringar, oppseiingar og konkursar.
Som følgje av investeringar i anleggsmiddel, redusert omsetning og lønnsemd er eigenkapitalen i morselskapet redusert frå 161 mill. kr i 2009 til 102 mill. kr i 2012. For å tilpasse seg den negative økonomiske utviklinga har Baneservice sett i verk fleire omstillingstiltak. Filialen i Sverige er lagt ned, og organisasjonen er bygd ned og tilpassa ny strategi. Framover vil selskapet auke bruken av underentreprenørar og innleige av arbeidskraft for å få ein meir fleksibel kostnadsstruktur. Selskapet vil framleis vere ein totalleverandør av jernbanetekniske entreprisar, fordi produksjonen i selskapet i stor grad er knytt til marknaden for jernbanetekniske tenester. Planlagt aktivitetsnivå i Nasjonal transportplan 2014–2023, jf. Meld. St. 26 (2012–2013), legg opp til ein stor vekst for dei aktivitetsområda som Baneservice driv innafor.
Samferdselsdepartementet fekk hausten 2013 gjennomført ei verdivurdering av Baneservice. Styret i Baneservice har på bakgrunn av den vanskelege økonomiske situasjonen i selskapet og tilrådinga i den eksterne verdivurderinga, bedt om at eigar tilfører 30 mill. kr i ny eigenkapital. Eigenkapitalen i selskapet er rekna til å vere i overkant av 90 mill. kr pr. 31. desember 2013. Banken krev som minimum ein eigenkapital på 100 mill. kr. Selskapet vil ikkje kunne innfri dette vilkåret dersom det ikkje blir tilført ny eigenkapital. I tillegg treng selskapet midlar for å ha ein nødvendig reserve til å møte sesongsvingingar, og til arbeidskapital og investeringar i 2014. Om selskapet ikkje blir tilført meir eigenkapital, aukar risikoen for at det ikkje kan realisere planen sin for vidare drift, og at verdien på selskapet blir redusert.
Tilførsel av eigenkapital til selskapet etter Samferdselsdepartementets vurdering sikre staten sine verdiar i selskapet. Selskapet er i ein mellombels vanskeleg finansiell situasjon, men har ein nokså god ordrereserve og er venta å kunne levere eit positivt resultat i 2014/2015 og ei tilfredsstillande avkastning på eigenkapitalen i 2017/2018.
Basert på forslag frå styret i Baneservice og tilrådinga frå den eksterne konsulenten tilrår Samferdselsdepartementet at selskapet blir tilført 30 mill. kr i ny eigenkapital i 2013. Forslaget om auka eigenkapital er basert på forretningsmessige vilkår i tråd med marknadsinvestorprinsippet.
Samferdselsdepartementet er òg oppteken av å oppretthalde ein konkurransedyktig marknad for å sikre nødvendig kompetanse og kapasitet innan vedlikehald og fornying av jernbaneinfrastruktur. I denne samanhengen har Baneservice ein viktig funksjon. Etter departementets vurdering talar omsynet til å oppretthalde Baneservice som ein viktig aktør i marknaden også for kapitaltilførsel.
Departementet foreslår å løyve 30 mill. kr på nytt kap. 1355 Baneservice, post 96 Eigenkapital.
Kap. 4355 Baneservice AS (nytt)
Post 71 Tilbakebetaling av tilskot til restruktureringsforpliktingar
Ved omdanninga av Jernbaneverket si forretningseining BaneService til aksjeselskap i 2005 blei det gitt 45,55 mill. kr i tilskot til restruktureringsforpliktingar i selskapet, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2/Budsjettinnst. S. nr. 13 (2004–2005). Tilskotet blei gitt med atterhald om at Samferdselsdepartementet kan krevje heile eller delar av tilskotet tilbakebetalt dersom det ikkje blei disponert etter føresetnadene. Selskapet har ikkje nytta 16,221 mill. kr av tilskotet. Høgare aktivitet enn venta etter omdanninga av selskapet i 2005 gjorde m.a. at midlane som var avsette til førtidspensjonering, ikkje blei brukte. På grunn av den økonomiske situasjonen for selskapet søkte Baneservice Samferdselsdepartementet om at restruktureringsmidlane kunne gjerast om til lån. I forslaget om å tilføre 30 mill. kr i ny eigenkapital for å gi selskapet ein teneleg kapitalstruktur, er det teke høgd for at selskapet tilbakebetaler gjenståande restruktureringsforpliktingar til staten. Samferdselsdepartementet tilrår derfor at det udisponerte tilskotet blir betalt tilbake til staten.
Departementet foreslår å løyve 16,221 mill. kr på nytt kap. 4355 Baneservice AS, post 71 Tilbakebetaling av tilskot til restruktureringsforpliktingar.