2 Endringsforslag
Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Ved kongeleg resolusjon 25. juni 2010 blei ansvaret for forvaltinga av Norsk Eigedomsinformasjon (NE) overført frå Justisdepartementet (JD) til Nærings- og handelsdepartementet (NHD) med verknad frå 1. juli 2010. Overføringa av ansvaret for forvalting av staten sine eigarinteresser i NE frå JD til NHD har ført til auka arbeidsbelasting og ressursbruk for NHD i andre halvår 2010. For å kompensere for dette foreslås det å overføre 75 000 kroner frå JD (kap. 400, post 01) til NHD.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med kr 75 000, frå kr 174 467 000 til kr 174 542 000.
Ein viser til omtale i endringsproposisjon frå Justisdepartementet.
Kap. 909 Tiltak for sysselsetting av sjøfolk
Post 73 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving
Ordninga omfattar:
tilskot til refusjon for farty i Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) og Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS) (9,3 eller 12 pst.)
nettolønstilskot til bemanninga omfatta av alarminstruksen på passasjerferjer i utanriksfart i NOR
nettolønstilskot til farty i petroleumsverksemd (dvs. offshorefarty) i NOR og andre farty i NOR (lasteskip, brønnbåtar, passasjerskip og slepebåtar)
nettolønstilskot til tryggleiksbemanninga på hurtigruteskipa som betener strekninga Bergen – Kirkenes
Ordinær løyving i saldert budsjett 2010 var 1 750 mill. kroner. På grunnlag av utrekningar og prognose etter utbetalingane for dei tre første terminane i 2010 vart løyvinga redusert med 50 mill. kroner, til 1 700 mill. kroner, i samband med Revidert Nasjonalbudsjett 2010, jf. Prop. 125 S og Innst. 350 S (2009-2010).
Hittil i år er det utbetalt nærare 1 000 mill. kroner for fire terminar: 6.termin 2009 for november-desember medrekna etterslep og etterbetalingar frå 2009 og 1.-3. termin 2010 (januar – juni). Medrekna forventa tilskotsutbetalingar for dei restrande terminane i 2010 (for juli-oktober) er det grunnlag for å justere ned anslaget for dei samla utbetalingane i 2010 til 1 550 mill. kroner.
Tilskotsordninga er regelstyrt og særleg talet på sjøfolk, som er omfatta av ordningane, er avgjerande for storleiken på refusjonsutbetalingane. Vidare er lønsnivået for dei aktuelle sjøfolka utslagsgivande. Reduksjonen i tilskotsutbetalingane i høve til anslaget i Revidert Nasjonalbudsjett 2010 skuldast fleire faktorar. Mest utslagsgivande er at færre sjøfolk enn venta har vore omfatta av nettolønsordningane, mindre lønstillegg, og at fleire skip har ligge i opplag eller på anna måte har vore uverksame i perioden.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 150 mill. kroner, frå 1 700 til 1 550 mill. kroner.
Kap. 922 Romverksemd
Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)
Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA utbetalast i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til andre kursar enn den som vart lagt til grunn for saldert budsjett. Samstundes har det og vore justering i kontingentoppkallinga frå ESA i budsjettåret. Som følgje av dette blei løyvinga redusert med 15,2 mill. kroner ved Stortinget si handsaming av Prop. 125 S og Innst. 350 S (2009-2010). Etter ny justering gjer ein no framlegg om at løyvinga blir redusert med ytterlegare 7,9 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 7,9 mill. kroner, frå 130,2 til 122,3 mill. kroner.
Post 71 Internasjonal romverksemd
Deltaking i internasjonal romverksemd utbetalast i euro og amerikanske dollar. Valutakursane har endra seg i budsjettåret i høve til kursane som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga av programmidlar frå ESA i 2010, på grunn av endra framdrift i gjennomføringa av programma.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 22 mill. kroner, frå 404,2 til 382,2 mill. kroner.
Post 73 Galileo
Kontingenten for norsk deltaking i det europeiske satellittnavigasjonsprogrammet Galileo utbetalast i euro. Valutakursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som vart lagt til grunn i saldert budsjett. Samstundes har det vore endringar i oppkallinga av kontingent frå Europakommisjonen. Valutakursendringar, tidsforskyvingar og endra oppkalling har ført til at utbetalingane til Galileo har auka med 6,5 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6,5 mill kroner, frå 119,9 til 126,4 mill. kroner.
Kap 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram
Post 70 Tilskot, kan overførast
Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og handelsdepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging av programma, m.a. nasjonale ekspertar, nasjonale sekretariat og kontaktpunkt, utgreiingar og evalueringar.
Løyvinga på 56 mill. kroner i saldert budsjett blei fastsett på grunnlag av budsjettanslag frå Europakommisjonen og forventa eurokurs i statsbudsjettet for 2010. Basert på endeleg budsjett frå Europakommisjonen frå juli 2010, faktisk innbetalt kontingent for dei aktuelle programma til endra eurokurs og prognose for følgjeutgifter resten av året kan løyvinga reduserast med 12 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 12 mill. kroner, frå 56 til 44 mill. kroner.
Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap
Post 21 Spesielle driftsutgifter
På statsbudsjettet for 2010 er det løyvd 10,7 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting. Posten skal og dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Det er overført vel 1,6 mill. kroner frå 2009, og det er vidare knytt ei overskridingsfullmakt til posten.
Dei samla utgiftene for 2010 vil venteleg bli om lag 26,5 mill. kroner. Når ein tek omsyn til 1,6 mill. kroner som er overført frå 2009, er det behov for ei løyving på om lag 24,9 mill. kroner for 2010.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 14,2 mill. kroner, frå 10,7 til 24,9 mill. kroner.
Post 95 (ny) Kapitalinnskot
Statkraft – Strategiske og finansielle rammer
Bakgrunn
I eit brev til Nærings- og handelsdepartementet i februar 2009 bad styret i Statkraft om ei styrking av kapitalen til selskapet i form av eit kapitalinnskot på 8 mrd. kroner og ei justering av utbytepolitikken overfor selskapet med ein utbyteandel lågare enn 75 pst. Til saman skulle dette leggje til rette for eit investeringsprogram på om lag 90 mrd. kroner. Bakgrunnen for oppmodinga var eit ønskje om å realisere styret sitt forslag til investeringsstrategi for selskapet i perioden 2009-2015. Dette er spørsmål som departementet og regjeringa har vurdert grundig i 2009 og 2010.
Ny konsernsjef byrja i Statkraft 1. mai 2010. Ny konsernleiing blei etablert i juni same år. Samstundes vart det på føretaksmøtet i juni valt ny styreleiar og enkelte nye styremedlemmar.
Statkraft fatta i juni 2010 vedtak om ein strategi fram mot 2015 som er meir fokusert samanlikna med strategien som blei lagt fram i februar 2009. Strategien medfører at Statkraft framover i større grad vil ha fokus på kjerneverksemda knytt til fleksibel kraftproduksjon og vindkraft i Nordvest-Europa. I tillegg vil selskapet investere i vasskraft i Søraust-Europa og i enkelte land med raskt veksande økonomiar i Sør-Amerika og Asia.
Som følgje av endringa i investeringsstrategien sende Nærings- og handelsdepartementet i august 2010 eit brev til det nye styret der selskapet vart oppmoda om å gjere ein ny gjennomgang av kapitalbehovet.
Etter ein nærare dialog fekk departementet svar frå styret i Statkraft i november 2010. I brevet viser styret til at det er eit betydeleg potensial for verdiskaping i Statkraft innanfor hovudretninga som ligg til grunn for strategien frå juni 2010. For å ha finansiell kapasitet til å kunne realisere dette potensialet ber styret om eit eigenkapitalinnskot på 14 mrd. kroner. Selskapet har då lagt til grunn eit utbyte på om lag 80 pst. Dette inneber eit investeringsprogram på om lag 82 mrd. kroner. Justert for metodeendringar i modelleringa er dette ein reell nedgang på over 20 pst., målt mot investeringsplanen frå februar 2009.
Om oppmodinga frå styret
I brevet til departementet peiker Statkraft på at tettare samankopling av kraftmarknadane i Europa, ambisiøse mål for fornybar energi i Europa, auka behov for fleksibel energiproduksjon på kontinentet og den sterke veksten i fleire økonomiar utanfor Europa, gir Statkraft eit betydelig auka rom for lønsame investeringar.
Innanfor dei strategiske hovudretningane som vart vedteke i juni 2010, er det styret si vurdering at Statkraft innanfor ei forretningsmessig ramme kan investere om lag 82 mrd. kroner i perioden fram til 2015. Dette er investeringar som i sin heilskap er knytt til ei auka satsing på miljøvenleg fornybar energi.
For å kunne realisere dette og samstundes sikre selskapet ei akseptabel finansiell stilling, tilrår styret at Statkraft blir tilført 14 mrd. kroner i ny eigenkapital. Det er styret si vurdering at
«styrket egenkapital vil bidra til økt langsiktig verdiskaping til eier og aktiv utvikling av konsernets kjernekompetanse innen vannkraft og markedsoperasjoner både i Norge og internasjonalt» og at «økte investeringer innen miljøvennlig og regulerbar kraftproduksjon vil være et bidrag til å møte verdens klimautfordringer».
Statkraft sin fokuserte strategi
Som styret peikar på i brevet til departementet, vil Statkraft halde fram med å utvikle ein forretningsmodell med vekt på miljøvenleg og fleksibel kraftproduksjon og energihandel. Statkraft vil vidare utvikle verksemda innanfor vindkraft rundt Nordsjøen, og utanfor Europa vil Statkraft utvikle vasskraftproduksjonen i SN Power.
I Noreg har Statkraft høge ambisjonar knytt til innovasjon og nyskaping og vil også støtte opp under ei god utvikling i dei regionale kraftselskapa innanfor miljøvenleg energi. Etter kommersielle vurderingar har Statkraft også bestemt å gå ut av solkraft og å leggje ned ambisjonane om utvikling av nye energiformer som bølge- og tidevasskraft. Statkraft har også lagt til side planar om eventuelle oppkjøp i regionale kraftselskap og om eit eige engasjement innanfor nettverksemd.
Meir konkret medfører den strategien styret har vedteke ei satsing på følgjande hovudområde:
Europeisk fleksibel kraftproduksjon og marknadsoperasjonar
Med utgangspunkt i ei tettare samankopling av kraftmarknadane på kontinentet og auka satsing på fornybar energi og behov for fleksibel rein energi, ser Statkraft, med sin kompetanse, eit betydelig verdiskapingspotensial innanfor dette området. Konkret vil Statkraft prioritere opprusting og utviding av eksisterande vasskraftverk i Noreg og Norden, optimalisere den nordiske vasskraftporteføljen, bidra til å dekkje industrien sitt behov for stabil og langsiktig kraftforsyning på marknadsmessige vilkår, vidareutvikle marknadsoperasjonane knytt til energi og CO2, og styrke posisjonen innanfor regulerbar kraft i Nordvest-Europa.
Internasjonal vasskraft
SN Power er Statkraft sin reiskap for utvikling av nye prosjekt utanfor Europa. SN Power har som mål å investere i, eiga og drive vasskraftprosjekt i nye vekstmarknadar. Dette skjer i hovudsak i partnarskap med andre aktørar.
Innanfor internasjonal vasskraft vil Statkraft i perioden 2010-2015 prioritere å styrke og vidareutvikle verksemda i SN Power gjennom utbygging og oppkjøp av vasskraft i prioriterte land og auke engasjementet i Tyrkia og Albania.
Satsing i Søraust-Europa og gjennom SN Power byggjer på forventingar om økonomisk vekst, auka behov for energi og utbygging av ny vasskraft. Gjennom utbygging av forretningsmessige lønsame prosjekt vil Statkraft bidra til å realisere auka tilgang på energi i desse landa.
I januar 2009 auka Statkraft sin eigarandel frå 50 til 60 pst. i SN Power. Norfund eig resterande 40 pst. Statkraft og Norfund vart i 2009 einige om ein avtale der partane har ulike opsjonar som kan føre til auka eigarskap i SN Power for Statkraft. Samstundes med at Statkraft kjøpte seg opp i SN Power, etablerte SN Power saman med Norfund selskapet SN Power AfriCA for å investere i vasskraft i Afrika og Mellom-Amerika. Regionale norske kraftselskap som BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) og Trønder Energi har seinare gått inn som deleigarar i dette selskapet.
Vindkraft
I Noreg og Sverige har Statkraft ei betydeleg portefølje av vindkraftprosjekt. Dette er prosjekt som gir synergiar mot den øvrige verksemda. I Storbritannia har Statkraft valt å konsolidere aktivitetane innan landbasert vindkraft på grunn av konkurransesituasjonen i landet. For havbasert vindkraft utviklar Statkraft prosjektet Sheringham Shoal saman med Statoil. Dette prosjektet vil vere ferdig utbygd i løpet av 2012.
Statkraft deltar også i konsortiet Forewind som har fått rett til å utvikle havvindparkar på Doggerbank fram mot konsesjonstildeling. Dette er den største sona som er tildelt i den tredje lisensrunden for utbygging av havvind i Storbritannia. Konsortiet er samansett av Statkraft, Statoil, RWE npower og Scottish and Southern Energy (SSE). Statkraft vil, saman med sine partnarar, fram mot 2015 utvikle prosjekt fram mot konsesjon og vurdere potensialet for investeringar på Doggerbank. Eventuelle konkrete investeringar vil Statkraft derfor ta stilling til seinare. Eventuelle større investeringar på Doggerbank ligg derfor utanfor ramma av Statkraft sin noverande investeringsplan.
Innanfor vindkraft vil Statkraft i perioden 2010-2015 prioritere å styrke sin posisjon innanfor landbasert vindkraft i Noreg og Sverige, og vidareutvikle sin posisjon innanfor havbasert vindkraft i Storbritannia.
Fjernvarme, småkraft og innovasjon
Statkraft forventar vekst innanfor avfalls- og biobasert fjernvarme i Noreg, medan potensialet i det øvrige Norden i hovudsak er knytt til restrukturering av eksisterande anlegg. Statkraft vil styrke posisjonen som ein av dei to største fjernvarmeaktørane i Noreg. I Sverige er ambisjonen å utvikle eksisterande anlegg, men ikkje å vekse i nye område.
Småkraft AS har fokus på utbygging og drift av småkraftverk i Noreg. Statkraft har 40 pst. direkte eigardel i selskapet. Fram mot 2015 ønskjer Statkraft å vidareutvikle dette selskapet innanfor det potensialet som er for denne typen prosjekt.
Statkraft har i dag betydeleg verksemd knytt til innovasjon/forsking og utvikling (FoU), bl.a. saman med leiande universitetsmiljø i Noreg, Sverige og Danmark. Totale FoU-kostnader for Statkraftkonsernet var om lag 170 mill. kroner i 2009. Som eit resultat av investeringsstrategien, vil innovasjonsprosjekta til Statkraft spissast mot prioriterte kjerneområde. Uviklinga av saltkraft vil fortsette.
Regionale selskap
Statkraft har offensive mål for utviklinga av miljøvenleg energi og andre kjerneaktivitetar innanfor energiområdet. Statkraft vil støtte opp under industrielle initiativ i dotterselskapa Skagerak Energi og Fjordkraft og i dei tilknytte selskapa BKK, Agder Energi og Istad som støttar desse måla.
Ekstern vurdering
På oppdrag frå departementet har den internasjonale investeringsbanken Nomura vurdert dei forretningsmessige forholda knytt til førespurnaden frå styret i Statkraft om ei styrking av kapitaliseringa av selskapet, målt mot eit alternativ der Statkraft må finansiere sine investeringar mellom anna ved sal av aktiva. Det gir ei ramme for investeringar som ligg 16,5 mrd. kroner lågare enn det styret meiner er det beste alternativet for selskapet.
Hovudkonklusjonane til Nomura er som følgjer:
Strategien i dei to alternativa er relativt like med vekst i låg-karbon-produksjon i Nordvest-Europa og utnytting av vasskraftkompetanse internasjonalt.
Begge alternativa vil inneber langsiktige investeringar, og dersom selskapet når målsettingane sine, bør begge alternativa bidra til auka inntening etter 2015.
Investeringar og posisjoneringar innanfor internasjonal vasskraft og havvind er forbunde med høgare risiko enn investeringar knytt til kjerneverksemda i Nordvest-Europa. Med basis i Statkraft sin kompetanse frå norsk energinæring, og sine resultat frå den internasjonale verksemda så langt, meiner Nomura at Statkraft har gode føresetnader for å lykkast med satsinga på vasskraft utanfor Nordvest-Europa. Når det gjeld havvind så er dette ei satsing som i større grad er strategisk knytt til kjerneverksemda og som understøttast av Statkraft sin kompetanse og erfaring som prosjektutviklar.
Styret sin plan med ei styrking av eigenkapitalen vil gi Statkraft ein langt betre strategisk og finansiell fleksibilitet. Dette gir eit større handlingsrom for å realisere planen, sterkare posisjon for å førebu verdiaukande investeringar etter 2015 (til dømes Doggerbank), og mindre press på kredittvurderinga av selskapet.
Styret sin plan er forventa å gi høgare samla utbyte for planperioden, det vil seie 2010-2015. Ein reknar med at skilnaden bør auke over tid på grunn av lønsam vekst.
Ei vellykka gjennomføring av styret sin plan, og fortsett fokus på vekst frå 2015 til 2025, er forventa å gi høgare avkasting enn å gjennomføre den planen selskapet inntil no har følgt basert på at selskapet får tilført ny eigenkapital. Planen som inneber 14 mrd. kroner i auka eigenkapital, vurderast derfor å vere forretningsmessig verdiskapande for staten som eigar.
Investeringsstrategien inneber større vekst i land med høgare risiko enn dagens kjerneområde. Dette aukar forretningsrisikoen og kan isolert vere negativt for kredittvurderinga av selskapet. Statkraft har ei relativt lågare kredittvurdering enn konkurrentane sine, blant anna pga. høgare gjeldsgrad og høgt utbytenivå. Dersom planane skal gjennomførast, som foreslått av selskapet er det derfor nødvendig at selskapet får tilført den foreslåtte kapitalen eller at utbytenivået reduserast betydeleg.
Nomura peikar vidare i si vurdering på at investeringane styret legg opp til, er på line med andre store kraftselskap i Europa og at Statkraft sidan 2006 har vist ei høgare avkasting på eigenkapitalen enn gjennomsnittet av børsnoterte konkurrentar.
Vurdering
Statkraft er eit av dei viktigaste og mest verdifulle selskapa staten eig. Statkraft forvaltar betydelege norske vasskraftressursar som regjeringa ønskjer skal komme heile samfunnet til gode gjennom avkastinga frå verksemda. Statkraft er vidare ein sentral aktør for utvikling av det norske kompetansemiljøet innanfor energiproduksjon generelt og miljøvenleg energiproduksjon spesielt.
Statkraft har med basis i lang erfaring og kompetanse frå norsk vasskraftproduksjon hatt ei offensiv utvikling dei siste åra og selskapet er i dag den største produsenten av fornybar energi i Europa.
Regjeringa ønskjer å leggje til rette for å utvikle Statkraft som ein motor innanfor fornybar energiproduksjon og å vidareutvikle kompetansen som Statkraft i dag har knytt til miljøvenleg energi. Regjeringa ønskjer å kapitalisere vidare på dei midlane som staten alt har investert i Statkraft, til utviklinga av norsk miljøvenleg energikompetanse. Regjeringa ønskjer vidare å bidra til tilgang på rein fornybar energi i raskt veksande økonomiar gjennom å leggje til rette for at Statkraft har finansielle rammer til å gjere lønsame investeringar gjennom SN Power.
Regjeringa er opptatt av at Statkraft styrker stillinga framover som ein sentral norsk aktør innanfor miljøvenleg fornybar energi. Med grunnlag i dette er det regjeringa si vurdering at Statkraft bør styrke sine posisjonar innanfor vass- og vindkraftproduksjon og i mindre grad bør engasjere seg i gasskraftproduksjon utan renseteknologi framover. Regjeringa legg i samband med dette til grunn at ei tilføring av ny kapital ikkje nyttast til investeringar i kolkraft eller atomkraft og heller ikkje nyttast til oppkjøp av nye gasskraftverk.
Som det går fram av eigarskapsmeldinga frå 2006, jf. St.meld. nr. 13 (2006-2007), er hovudoppgåva til Statkraft å vere ein effektiv produsent av kraft i Noreg. Regjeringa meiner at dette framleis bør vere hovudoppgåva for verksemda. Av konkurranseomsyn har Statkraft svært begrensa rom for auka engasjement innanfor kraftproduksjon i Noreg. Vekst og utvikling av selskapet må derfor i stor grad skje gjennom auka engasjement internasjonalt. Regjeringa legg her til grunn at ny kapital ikkje skal nyttast til fleire oppkjøp i regionale kraftselskap i Noreg.
Samstundes er regjeringa opptatt av at større satsing utanfor Noreg, må underbyggje Statkraft si verksemd i Noreg. Regjeringa forventar at den kompetansen som selskapet opparbeider gjennom internasjonale engasjement innanfor fornybar energi, til dømes innanfor hav- og landbasert vindkraft, også blir tatt i bruk i Noreg når dette er forretningsmessig lønsamt.
Regjeringa viser til dei kommersielle vurderingane Nomura har gjort på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet, om at ytterlegare investeringar frå staten i Statkraft vil kunne vere verdiaukande for staten som eigar. Regjeringa er også opptatt av at Statkraft skal inngå partnarskap for å dele risiko i investeringane utanfor kjerneverksemda i Nordvest-Europa.
Med bakgrunn i vurderingane over gjer regjeringa framlegg om at eigenkapitalen i Statkraft blir styrkt med 14 mrd. kroner. Regjeringa legg til grunn at dagens utbytepolitikk førast vidare.
Regjeringa sitt forslag inneber finansiell tilrettelegging for gjennomføring av selskapet sin strategi gjennom auke av staten sin innskotskapital i Statkraft SF. Auka kapitalinnskot i Stakraft SF til styrking av eigenkapitalen inneber i realiteten at utbytet i 2010 skal førast tilbake til selskapet. For å få fram eit korrekt uttrykk for det oljekorrigerte underskotet før lånetransaksjonar i statsbudsjettet, foreslås derfor det allereie utbetalte utbytet på 4 189 mill. kroner ført tilbake til selskapet ved at løyvinga under kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting, post 85 Utbyte, reduserast med 4 189 mill. kroner. I tillegg foreslås 9 811 mill. kroner løyvd på kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap, ny post 95 Kapitalinnskot. Til saman utgjer desse løyvingane 14 mrd. kroner. Løyving til auka innskotskapital inneber ei endring i staten si formueplassering.
Auken av eigenkapitalen i selskapet vil bli vedteke i ekstraordinert føretaksmøte etter at Stortinget har gjort dei nødvendige løyvingsvedtaka.
Post 96 Aksjar
Stortinget vedtok 16. juni 2010 ei løyving på 4 400 mill. kroner i samband med ein emisjon i Norsk Hydro ASA, jf. Prop. 131 S og Innst. 370 S (2009-2010) Norsk Hydro ASA – statlig deltakelse i kapitalforhøyelse. Faktisk utbetaling ved emisjonen vart om lag 50 mill. kroner lågare.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 49,9 mill. kroner, frå 4 982,7 til 4 932,8 mill. kroner.
Kap. 960 (nytt) Raufoss ASA
Post 71Refusjon for miljøtiltak
Ved behandlinga av St.prp. nr. 40 og Innst. S. nr. 147 (2003–2004) Statlig miljøansvar på Raufoss, fatta Stortinget følgjande vedtak:
«Stortinget samtykker i at staten ved Nærings- og handelsdepartementet kan utstede garantier for miljø- og forurensningsansvar i Mjøsa og på Raufossområdet som følger av offentligrettslig miljøpålegg oppad begrenset til 50 mill. kroner.»
Bakgrunnen for vedtaket var at vurderingar av juridiske problemstillingar viste at staten kunne haldast ansvarleg for eventuelle miljøplikter knytt til historisk relatert forureining på Raufoss-området, samt deponering av ammunisjon m.v. i Mjøsa. Den einstemmige tilsluttinga frå Stortinget vart eit vesentleg bidrag til å få selt og vidareført verksemdene på Raufoss.
Stortinget vedtok 15. juni 2007 å utvide den statlege garantiramma for miljø- og forureiningsansvaret etter verksemda til Raufoss ASA frå 50 til 90 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 69 og Innst. S. nr. 230 (2006-2007).
Eit eige prosjekt i regi av Raufoss Industripark gjennomfører miljøtiltaka, med grunnlag i pålegg frå Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) til Raufoss Næringspark ANS.
På bakgrunn av tiltaka som er gjennomført, har ein registrert vesentleg betring av miljøkvaliteten i Raufoss Industripark. Totalt er meir enn 600 tonn tungmetall fjerna frå jordsmonnet og frakta til forsvarleg sluttdeponering i godkjent deponi. Overvakinga viser at vasskvaliteten i Hunnselva er betra dei siste åra, og verknaden frå industriparken er betydeleg redusert.
Nærings- og handelsdepartementet har sidan 2004 refundert kostnader knytt til pålagte miljøtiltak på Raufoss. Refusjonane utgjorde i alt 72,4 mill. kroner pr. 31. desember 2009. Utbetalingane fram til no i 2010 utgjer 9,2 mill. kroner. Ifølgje Raufoss Næringspark ANS vil det bli oversendt ytterlegare refusjonskrav på om lag 7 mill. kroner i 4. kvartal. I tillegg kjem påløpne, ikkje utbetalte kostnader på til saman ca 2,5 mill. kroner i 2010. Det inneber at dei økonomiske forpliktingane ved utgongen av 2010 vil vere noko høgare enn gjeldande garantiramme på 90 mill. kroner.
Oppryddinga i samsvar med gitte pålegg frå Klif ventast sluttført i 2010. Klif har signalisert at sjølv om tiltaka er gjennomført i samsvar med tidlegare gitte pålegg, vil det vere behov for vidare oppfølging. Med bakgrunn i brev frå Klif av 20. august 2010 vil truleg Klif komme med pålegg om vidareføring av tiltak og overvaking av grunnvatn og overvatn knytt til historisk forureining på Raufoss Industripark. Ifølgje statens miljørådgivar vil eit nytt pålegg frå Klif til Raufoss Næringspark ANS føre til kostnader på om lag 34 mill. kroner fram til 2014. For å kunne oppfylle gjeldande og eit framtidig pålegg frå Klif foreslås ramma for det statlege garantiansvaret utvida til 124 mill. kroner i statsbudsjettet for 2010.
Garantien skal berre dekkje kostnader knytt til historisk forureining og ikkje forureining frå den aktive drifta på Raufoss. Vurderinga av kva som er historisk forureining skjer på ein kvalitetsmessig måte etterkvart som ny forureining blir oppdaga. I alle tiltaksplanane er det vurdert om forureininga er historisk eller ikkje, og i dei tilfella der det har vist seg at forureininga ikkje har vore historisk, har verksemdene sjølv stått for nødvendige tiltak.
På denne bakgrunnen gjer Nærings- handelsdepartementet framlegg om å løyve 16,2 mill. kroner til refusjonar for 2010. Vidare gjer departementet framlegg om å utvide den statlege garantiramma for miljø- og forureiningsansvar på Raufoss frå 90 til 124 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.
Kap. 2421 Innovasjon Norge
Post 50 Innovasjon, prosjekt – fond
I samband med Revidert Nasjonalbudsjett for 2010 blei det løyvd 67 mill. kroner til tapsavsettingar i samband med at ramma for innivasjonslån blei auka med 200 mill. kroner øyremerkt for maritime næringar. Sjølv om Innovajon Noreg har promotert ordninga gjennom året, ligg det ikkje an til at låneramma vil bli nytta fullt ut. Det same gjeld dermed òg det tilhøyrande tapsfondet til innovasjonslån øyremerkt for maritim sektor. Den øyremerkte delen av låneramma kan dermed reduserast med 50 mill. kroner og tapsløyvinga med 16 mill. kroner som følgje av dette.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under posten med 16 mill. kroner, frå 460 til 444 mill. kroner.
Endring i forholdet mellom rammene for landsdekkande innovasjonslån og garantiar
Gjennom Regjeringa sine tiltakspakker og Revidert Nasjonalbudsjett for 2009 er rammene til Innovasjon Norge auka vesentleg. Også i 2010 var selskapet sine rammer høgare enn i saldert budsjett for 2009. Situasjonen i kapitalmarknaden har i løpet av året betra seg ytterlegare.
Nærings- og handelsdepartementet vurderer det no slik at det vil vere meir formålstenleg å endre forholdet mellom ramma for landsdekkande innovasjonslån og ramma for garantiar for lån til realinvesteringar og driftskapital.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke ramma for landsdekkande garantiar med 30 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak III, mot ein tilsvarande reduksjon i ramma for innovasjonslån. Forslaga ovanfor inneber dermed å redusere ramma for innovasjonslån med til saman 80 mill. kroner, til 620 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak IV.
Post 70 Bedriftsutvikling og administrasjon
Regjeringa har i statsbudsjettet for 2011 gjort framlegg om å redusere i løyvingane til Innovasjon Norge. Reelt sett er løyvingane redusert med 30,3 mill. kroner, men det er samstundes gjort ein del omprioriteringar innanfor løyvingane på Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett. Dette fører til eit lågare bemanningsbehov i Innovasjon Norge. Det er styret i Innovasjon Norge som fattar vedtak om korleis bemanningssituasjonen skal handterast. Nærings- og handelsdepartementet ventar, på bakgrunn av informasjon frå Innovasjon Norge, at selskapet har behov for reduksjon i bemanninga ut over reduksjonar ved naturleg avgang og avslutting av kortvarige engasjement som blei oppretta for å handtere finanskrisetiltaka i 2009 og 2010. Det er viktig at Innovasjon Norge får midlar til å kunne gjennomføre ein forsvarleg nedbemanningsprosess. Dette vil sikre grunnlaget for ei god gjennomføring av pålagte oppdrag i 2011. Innovasjon Norge følgjer alminnelege rekneskapsprinsipp. Dette betyr at ein må sette av midlar til å dekkje omkostnadene til året vedtaket om nedbemanning blir gjort, dvs. i inneverande år.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 20 mill. kroner i 2010, frå 435,3 til 455,3 mill. kroner. Midla skal dekkje kostnader knytt til nedbemanning i selskapet.
Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving
Innovasjon Norge kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betaler òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Innovasjon Norge refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast, dvs. at beløpa utgifts- og inntektsførast (akkumulerast) kvar gong Innovasjon Norge tek opp eller tilbakebetaler eit lån i statskassa. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor hyppig ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolumet. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2010 er basert på realiserte innlån og avdrag og prognosar på innlån og avdrag for resten av året.
Innlån og avdrag har blitt auka i 2010 fordi Innovasjon Norge har tatt opp meir kortsiktige lån enn det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2010. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325, post 90.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,05 mrd. kroner, frå 45,9 til 46,95 mrd. kroner.
Kap. 2426 SIVA SF
Post 90 Lån, overslagsløyving
SIVA SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betaler òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5326. Ved saldering av budsjettet for 2010 la ein til grunn at SIVA ville refinansiere eit lån som hadde forfall i september. På grunn av god likviditet fann SIVA at det ikkje var nødvendig å ta opp nytt lån.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 60 mill. kroner, frå 100 til 40 mill. kroner.
Kap. 3901 Styret for det industrielle rettsvern
Post 01 Patentavgifter
Patentavgiftene ved utgongen av 3. kvartal er lågare enn anslått. Patentstyret antar derfor at inntektskravet for 2010 ikkje vil bli nådd. Årsaka til mindreinntekta er at Patentstyret ikkje har motteke så mange meddelte patentar som det var lagt til grunn i saldert budsjett, og at det blir mindre inntekter frå årsavgifter enn tidlegare berekna.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvinga med 11,85 mill. kroner, frå 118 til 106,15 mill. kroner.
Post 02 Varemerkeavgifter og post 03 Designavgifter
På grunn av større søknadsinngang legg Patentstyret til grunn at det blir ein vesentleg auke i inntektene frå varemerkeavgifter og ein mindre auke i inntektene frå designavgifter.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke inntektsløyvinga under post 02 med 6,5 mill. kroner, frå 55 til 61,5 mill. kroner, og å auke inntektsløyvinga under post 03 med 0,3 mill. kroner, frå 3,7 til 4 mill. kroner.
Post 05 Inntekt av informasjonstenester
Patentstyret reknar med mindreinntekt frå informasjonstenester. Dette skuldast at det blir færre forundersøkingar enn planlagt og mindre deltaking på kurs.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvinga med 2 mill. kroner, frå 8,7 til 6,7 mill. kroner.
Post 06 Diverse inntekter
Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke inntektsløyvinga med 0,3 mill. kroner, frå 0,1 til 0,4 mill. kroner.
Post 07 Avgifter knytt til NPI
Innbetalte NPI-avgifter ved utgongen av 3. kvartal gjer grunnlag for å redusere inntektsanslaget på budsjettposten med 0,85 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvinga med 0,85 mill. kroner, frå 2,2 til 1,35 mill. kroner.
Kap. 3902 Justervesenet
Post 01 Gebyrinntekter og post 03 Inntekter frå sal av tenester
I saldert budsjett er det anslått inntekter på 42,6 mill. kroner under post 01 og 13,94 mill. kroner under post 03. Til saman utgjer dette 56,54 mill. kroner. Det er behov for ei omfordeling slik at post 01 vert auka til 45,05 mill. kroner og post 03 redusert til 11,49 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke inntektsløyvinga under post 01 med 2,45 mill. kroner, frå 42,6 til 45,05 mill. kroner, og å redusere inntektsløyvinga under post 03 med 2,45 mill. kroner, frå 13,94 til 11,49 mill. kroner.
Kap. 3907 Sjøfartsdirektoratet
Post 02 Maritime personellsertifikat
Løyvinga omfattar gebyr for utsteding av maritime personellsertifikat. På grunnlag av innbetalte gebyr hittil i år og prognose for innbetaling i resten av året, reknar Sjøfartsdirektoratet med at det blir svikt i gebyrinntekta under posten med om lag 4 mill. kroner. Årsaka til dette er at vesentleg færre har teke obligatorisk båtførarløyve i 2010 enn det som vart lagt til grunn i saldert budsjett.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvinga med 4 mill. kroner, frå 15 til 11 mill. kroner.
Post 06 Overtredelsesgebyr
På bakgrunn av føresegn i skipssikkerheitslova, jf. Ot.prp. nr. 87 (2005-2006), har Sjøfartsdirektoratet innført gebyr for brot på lova. Føremålet med gebyret er å sikre effektiv handheving av lova. Intensjonen er at påtalemakta ikkje skal tyngast med saker som raskt kan avgjerast av forvaltinga, og som tilsynsstyremakta oppdagar i samband med sin kontroll, til dømes manglande oppfylling av pålegg, krav i forskrifta eller manglande sertifikat. Nærings- og handelsdepartementet legg til grunn eit gjennomsnittleg gebyr på kr 100 000 for føretakssaker og kr 25 000 for personlege sertifikat, og at det samla vil bli innbetalt om lag 14 mill. kroner i gebyr i 2010. Årsaka til reduksjonen i gebyrinntekta er at Sjøfartsdirektoratet har behandla færre saker enn det som var lagt til grunn i saldert budsjett.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvinga med 8,5 mill. kroner, frå 22,5 til 14 mill. kroner.
Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap
Post 96 Sal av aksjar
I statsbudsjettet er det løyvd 10 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal i 2010. Inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførte, anten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen. Nærings- og handelsdepartementet legg til grunn at det ikkje blir slike sal i inneverande år.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvinga med 10 mill kroner, frå 10 mill. kroner til 0.
Kap. 5325 Innovasjon Norge
Post 90 Avdrag på uteståande fordringar
Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Norge frå statskassa. Vi viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av opptak av meir kortsiktige lån enn lagt til grunn i saldert budsjett, er det behov for å auke løyvinga.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke inntektsløyvinga med 2,3 mrd. kroner, frå 43,8 til 46,1 mrd. kroner.
Post 91 (ny) Tilbakeført kapital, såkornfond
Bubehandlinga etter konkursen i Såkorninvest Innlandet AS er avslutta. Innovasjon Norge sitt lån til selskapet var opphaveleg på 30 mill. kroner, med eit tilhøyrande tapsfond på 7,5 mill. kroner. Tapsfondet blei fullt utnytta. Etter konkursbehandlinga fekk Innovasjon Norge ein dividende på 2,4 mill. kroner. I samband med Revidert Nasjonalbudsjett 2010 blei det løyvd 23,8 mill. kroner (under kap. 2421, post 51) til dekking av tap knytt til konkursen.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei inntektsløyving på 30 mill. kroner knytt til tilbakebetaling av lån til Såkorninvest Innlandet AS.
Som det går fram av Prop. 1 S (2010-2011) for Nærings- og handelsdepartementet, skal lån til såkornselskapa bli aktivert i den statlege kapitalrekneskapen under kontogruppe 63 Utlån og uteståande fordringar. Ved tilbakeføring av kapital frå eit såkornfond til kap. 5325, post 91 skal kontogruppe 63 reduserast tilsvarande.
Kap. 5326 SIVA SF
Post 90 Avdrag på uteståande fordringar
Posten omfattar avdrag på lån til SIVA frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2426, post 90 ovanfor. SIVA har innbetalt to lån på til saman 80 mill. kroner i 2010.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke inntektsløyvinga med 40 mill. kroner, frå 40 til 80 mill. kroner.
Kap. 5460 Garanti-instituttet for eksportkreditt
Post 91 Avdrag på lån til byggelånsgarantiordninga
GIEK tok i mai 2009 opp eit lån i statskassa på 104 mill. kroner for å dekkje erstatningsansvar under garantiordninga for byggelån til skipsbyggingsindustrien. Lånet skulle betalast tilbake fortløpande når fordringane som følgje av erstatning heilt eller delvis er dekt inn, eller eventuelt gjennom premieinntektene dersom det er likviditet under garantiordninga. Lånet blei fullt ut gjort opp i mai 2010.
Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke inntektsløyvinga med 103,9 mill. kroner, frå 0,1 til 104 mill. kroner. Renter inntektsførast under kap. 5614, post 80.
Kap. 5613 Renter frå SIVA SF
Post 80 Renter
Det visest til omtale av opplegget for innlån til SIVA SF under kap. 2426, post 90 ovanfor. Som følgje av rentestrukturen på dei statspapira som låna til SIVA er knytt opp til, er det grunnlag for å auke renteinntektsløyvinga med 6,8 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke inntektsløyvinga med 6,8 mill. kroner, frå 30,3 til 37,1 mill. kroner.
Kap. 5614 Renter frå Garanti-instituttet for eksportkreditt
Post 80 Renter
Det visest til omtale under kap. 5460. Garanti-instituttet for eksportkreditt (GIEK) tok i mai opp eit lån i statskassa på 104 mill. kroner for å dekke eit erstatningsansvar under garantiordninga for byggelån til skipsbyggingsindustrien. GIEK skal betale renter av den til ei kvar tid uteståande delen av lånet. Renta på lånet er sett til renta for forvaltingsversemdene sitt mellomvere med statskassa som Finansdepartementet kunngjer i rundskriv kvart halvår. Lånet blei gjort opp i mai 2010. Dette inneber at renteinnbetalingane blir vesentleg mindre enn lagt til grunn i saldert budsjett.
Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere inntektsløyvinga med kr 2 058 000, frå kr 2 800 000 til kr 742 000.
Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Norge
Post 80 Renter på lån frå statskassa
Innovasjon Norge kan ta opp innlån til låneordningane sine til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Vi viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognoser for resten av året er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvinga ned på grunn av lågare rentesatsar enn lagt til grunn for løyvinga ved saldering av budsjettet for 2010.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere inntektsløyvinga med 95 mill. kroner, frå 400 til 305 mill. kroner.
Post 83 (ny) Tilbakeføring av renter frå såkornkapitalfond
Bubehandlinga etter konkursen i Såkorninvest Innlandet AS er avslutta. Innovasjon Norge sitt lån til selskapet var opphaveleg 30 mill. kroner, med eit tilhøyrande tapsfond på 7,5 mill. kroner. Tapsfondet blei fullt utnytta. Etter konkursbehandlinga fekk Innovasjon Norge ein dividende på 2,4 mill. kroner. Akkumulerte renter er på 3,7 mill. kroner. I tillegg til dette kjem det eit tap på om lag kr 447 000, som er knytt til tap på renter på den delen av hovudstolen som blir dekt av tapsfondet på 7,5 mill. kroner. Dette tapet blir dekt over den føreliggande utgiftsløyvinga under kap. 2421, post 51. I samband med Revidert Nasjonalbudsjett for 2010 blei det løyvd 23,8 mill. kroner til dekking av tap knytt til konkursen.
På denne bakgrunnen gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at samla renter på om lag 4,1 mill. kroner blir ført som inntektsløyving i 2010 under ny post 83.
Post 87 (ny) Utbyte frå Investinor AS
I 2009 fekk Investinor AS eit resultat etter skatt på 51 mill. kroner, som følgje av finansielle plasseringar. Ifølgje retningslinene for utøving av eigarskapet i selskapet skal utbytet skal fastsettast til 75 pst. av årsresultatet, avgrensa oppover til innskotskapitalen multiplisert med rentesatsen på staten sin kapital. Rentesatsen for staten sin kapital i investeringsselskapet skal vere lik den gjennomsnittlege renta på femårs statsobligasjonslån. Utbyte i 2009, til utbetaling i 2010, er ut frå dette 38,3 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei inntektsløyving på 38,3 mill. kroner under ny post 87.
Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting
Post 85 Utbyte
Regjeringa gjer framlegg om auking av eigenkapitalen i Statkraft SF med 14 mrd. kroner, jf. nærare omtale under kap. 950, post 95. 4 189 mill. kroner av auken dekkast ved at selskapet får ført tilbake utbetalt utbyte i 2010.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 5656, post 85 med 4 189 mill. kroner, frå 9 050 til 4 861 mill. kroner.
Orienteringssak
Kap. 5460 Garanti-instituttet for eksportkreditt
Resultatet for Alminnelig garantiordning for 2010 vil venteleg ligge vesentleg under anslaget i budsjettet for 2010. Årsaka er at fleire nye garantiar er blitt innvilga enn det som elles har vore normalt. Avsettingane blir då høge, og fordi betalingane frå eksportørane ikkje blir bokført med ein gong, men blir ført over heile løpetida til garantipolisen, blir resultatet negativt. I Prop. 1 S (2009-2010) var prognosen eit positivt resultat på 10 mill. kroner. Resultatet i første halvår viser som følgje av dei mange garantiane eit underskot på 406 mill. kroner. GIEK går no gjennom rekneskapsprinsippa sine for å vurdere om avsettingar og inntekter bør bli bokført på ein anna måte.