Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet for 2010 under Nærings- og handelsdepartementet
I
I statsbudsjettet for 2010 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
900 | Nærings- og handelsdepartementet | ||
01 | Driftsutgifter, blir auka med | 75 000 | |
frå kr 174 467 000 til kr 174 542 000 | |||
909 | Tiltak for sysselsetting av sjøfolk | ||
73 | Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving, blir redusert med | 150 000 000 | |
frå kr 1 700 000 000 til kr 1 550 000 000 | |||
922 | Romverksemd | ||
70 | Kontingent i European Space Agency (ESA), blir redusert med | 7 900 000 | |
frå kr 130 200 000 til kr 122 300 000 | |||
71 | Internasjonal romverksemd, blir redusert med | 22 000 000 | |
frå kr 404 200 000 til kr 382 200 000 | |||
73 | Galileo, blir auka med | 6 500 000 | |
frå kr 119 900 000 til kr 126 400 000 | |||
924 | Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram | ||
70 | Tilskot, kan overførast, blir redusert med | 12 000 000 | |
frå kr 56 000 000 til kr 44 000 000 | |||
950 | Forvalting av statleg eigarskap | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, blir auka med | 14 200 000 | |
frå kr 10 700 000 til kr 24 900 000 | |||
95 (ny) | Kapitalinnskot, blir løyvd med | 9 811 000 000 | |
96 | Aksjar, blir redusert med | 49 900 000 | |
frå kr 4 982 700 000 til kr 4 932 800 000 | |||
960 (nytt) | Raufoss ASA | ||
71 | Refusjon for miljøtiltak, blir løyvd med | 16 200 000 | |
2421 | Innovasjon Norge | ||
50 | Innovasjon – prosjekter, fond, blir redusert med | 16 000 000 | |
frå kr 460 000 000 til kr 444 000 000 | |||
70 | Bedriftsutvikling og administrasjon, | ||
blir auka med | 20 000 000 | ||
frå kr 435 300 000 til kr 455 300 000 | |||
90 | Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving, blir auka med | 1 050 000 000 | |
frå kr 45 900 000 000 til kr 46 950 000 000 | |||
2426 | SIVA SF | ||
90 | Lån, overslagsløyving, blir redusert med | 60 000 000 | |
frå kr 100 000 000 til kr 40 000 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
3901 | Styret for det industrielle rettsvern | ||
01 | Patentavgifter, blir redusert med | 11 850 000 | |
frå kr 118 000 000 til kr 106 150 000 | |||
02 | Varemerkeavgifter, blir auka med | 6 500 000 | |
frå kr 55 000 000 til kr 61 500 000 | |||
03 | Designavgifter, blir auka med | 300 000 | |
frå kr 3 700 000 til kr 4 000 000 | |||
05 | Inntekter av informasjonstenester, | ||
blir redusert med | 2 000 000 | ||
frå kr 8 700 000 til kr 6 700 000 | |||
06 | Diverse inntekter, blir auka med | 300 000 | |
frå kr 100 000 til kr 400 000 | |||
07 | Avgifter knytt til NPI, blir redusert med | 850 000 | |
frå kr 2 200 000 til kr 1 350 000 | |||
3902 | Justervesenet | ||
01 | Gebyrinntekter, blir auka med | 2 450 000 | |
frå kr 42 600 000 til kr 45 050 000 | |||
03 | Inntekter frå sal av tenester, blir redusert med | 2 450 000 | |
frå kr 13 940 000 til kr 11 490 000 | |||
3907 | Sjøfartsdirektoratet | ||
02 | Maritime personellsertifikat, blir redusert med | 4 000 000 | |
frå kr 15 000 000 til kr 11 000 000 | |||
06 | Overtredelsesgebyr, blir redusert med | 8 500 000 | |
frå kr 22 500 000 til kr 14 000 000 | |||
3950 | Forvalting av statleg eigarskap | ||
96 | Sal av aksjar, blir redusert med | 10 000 000 | |
frå kr 10 000 000 til 0 | |||
5325 | Innovasjon Norge | ||
90 | Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med | 2 300 000 000 | |
frå kr 43 800 000 000 til kr 46 100 000 000 | |||
91 (ny) | Tilbakeført kapital, såkornfond, blir løyvd med | 30 000 000 | |
5326 | SIVA SF | ||
90 | Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med | 40 000 000 | |
frå kr 40 000 000 til kr 80 000 000 | |||
5460 | Garanti-instituttet for eksportkreditt | ||
91 | Avdrag på lån til byggelånsgarantiordninga, | ||
blir auka med | 103 900 000 | ||
frå kr 100 000 til kr 104 000 000 | |||
5613 | Renter frå SIVA SF | ||
80 | Renter, blir auka med | 6 800 000 | |
frå kr 30 300 000 til kr 37 100 000 | |||
5614 | Renter frå Garanti-instituttet for eksportkreditt | ||
80 | Renter, blir redusert med | 2 058 000 | |
frå kr 2 800 000 til kr 742 000 | |||
5625 | Renter og utbyte frå Innovasjon Norge | ||
80 | Renter på lån frå statskassa, blir redusert med | 95 000 000 | |
frå kr 400 000 000 til kr 305 000 000 | |||
83 (ny) | Tilbakeføring av renter frå såkornkapitalfond, | ||
blir løyvd med | 4 100 000 | ||
87 (ny) | Utbyte frå Investinor AS, blir løyvd med | 38 300 000 | |
5656 | Aksjar i selskap under NHD si forvalting | ||
85 | Utbyte, blir redusert med | 4 189 000 000 | |
frå kr 9 050 000 000 til kr 4 861 000 000 |
II
Utviding av garantifullmakt
Stortinget samtykker i at Nærings- og handelsdepartementet i 2010 kan utgiftsføre utbetalingar knytt til utførte pålagte miløtiltak etter verksemda i Raufoss ASA utan løyving under kap. 960 Raufoss ASA, post 71 Refusjon for miljøtiltak, innanfor gitt garantiramme på 124 mill. kroner.
III
Garantifullmakt
Stortinget samtykker i at Nærings- og handelsdepartementet i 2010 kan gi Innovasjon Norge fullmakt til å gi tilsegn om nye garantiar for inntil 70 mill. kroner, men slik at totalramma for nytt og gammalt ansvar ikkje overstig 370 mill. kroner.
IV
Lånefullmakt
Stortinget samtykker i at Nærings- og handelsdepartementet i 2010 kan gi Innovasjon Norge fullmakt til å gi tilsegn om nye landsdekkande innovasjonslån innanfor ei ramme på 620 mill. kroner.