4 Utviklinga i statsgjelda
Ved utgangen av 2012 var staten sine samla skyldnader om lag 720 mrd. kroner. Statens fordringar var på same tid om lag 5 152 mrd. kroner, av dette 3 825 mrd. kroner i Statens pensjonsfond utland. Statskassens netto fordringar var dermed om lag 4 432 mrd. kroner, jf. Meld. St. 3 (2011–2012) Statsrekneskapen 2012.
Frå 2004 til 3. kvartal 2013 har statsgjelda auka frå 320 mrd. kroner til 676 mrd. kroner, jf. figur 4.1. Fordelinga på ulike låneformer er vist i tabell 4.1, som også viser storleiken på statens kontantbehaldning.