Forslag
til vedtak om fullmakt til å ta opp statslån o.a.
I
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye langsiktige statslån i 2014 til eit beløp av 100 000 mill. kroner.
II
Finansdepartementet får fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån til eit beløp av 200 000 mill. kroner i 2014.
III
Finansdepartementet får fullmakt i 2014 til å ta imot innskot i form av kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere likviditet som kontolån til staten.
IV
Finansdepartementet får fullmakt til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar i 2014.