1 Om endringar i statsbudsjettet for 2010 under Fiskeri- og kystdepartementet
Kap. 4030 Fiskeridirektoratet
Post 13 Inntekter vederlag
Endring som følgje av tilleggsløyve til tildelingsrunden 2009
Våren 2009 vart det lyst ut 65 nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure, jf. St.prp. nr. 1 tillegg nr. 4 (2008–2009) og Budsjett-innst. S 1 (2008–2009). Det er i ettertid kome inn mange klager på tildelingsrunden. I Prop. 1 S Tillegg 3 (2010–2011) frå Fiskeri- og kystdepartementet foreslår regjeringa å tildele fire nye løyve slik at løyve som er trekt tilbake under klagehandsaminga likevel kan behaldast. Vederlaget for kvart løyve, på 8 mill. kroner, blir vidareført. Som følgje av dette vil kap. 4030 post 13 Inntekter vederlag auke med 32 mill. kroner i 2010.
Bortfall av inntekter knytt til auke i maksimalt tillaten biomasse i 2010
I Prop. 1 S (2009–2010) for Fiskeri- og kystdepartementet vart det lagt til grunn inntekter på kap. 4030 post 13 Inntekter vederlag på 360 mill. kroner knytt til vederlag for å auke maksimalt tillaten biomasse (MTB) på løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure med fem prosent i 2010. Etter at forslaget vart sendt på høyring melde Mattilsynet om ei forverring i lakselussituasjonen langs delar av kysten, og aukande førekomst av nedsett følsemd mot lakselushandsamingsmidla. Med bakgrunn i dette vart det i desember 2009 avgjort at kapasitetsauken i oppdrettsnæringa skulle utsetjast inntil ein fekk betre oversikt over utviklinga i lakselussituasjonen.
På bakgrunn av Mattilsynet si vurdering av situasjonen har regjeringa i Prop. 1 S Tillegg 2 (2010–2011) for Fiskeri- og kystdepartementet fremja forslag om at den tidlegare kapasitetsauken på fem prosent blir gjennomført på eksisterande løyve i Finnmark og Troms tidleg i 2011, men ikkje i resten av landet. Dei samla inntektene frå kapasitetsauken i Finnmark og Troms er vurdert til 60 mill. kroner. Vederlaga er venta innbetalt i 2011. Som følgje av dette blir det ikkje inntekter i 2010 knytt til vederlag for auke i maksimalt tillaten biomasse.
Samla sett foreslår regjeringa å redusere kap. 4030 post 13 Inntekter vederlag frå 360 mill. kroner til 32 mill. kroner i 2010.
Kap. 1062 Kystverket
Post 01 Driftsutgifter
Ompostering av midlar til investering i oljevernutstyr frå post 01 til post 45
Som ledd i oppfølginga av Kystverket sin rapport om utskifting av oljevernutstyr har Kystverket i budsjettet for 2010 lagt opp til ei samla investering i oljevernutstyr på 105,9 mill. kroner. I saldert budsjett 2010 er løyvinga til oljevernutstyr løyvd over post 01. Oljevernmateriellet som blir kjøpt inn blir postert som ei investering i Kystverket sin rekneskap, som følgjer statlege rekneskapsstandardar (SRS) og vil derfor i kontantrekneskapen bli postert på kap. 1062 post 45. Sjølv om løyvinga på kap. 1062 post 45 har stikkord ”kan nyttast under post 01”, er det betre å fremje forslag om å auke post 45 med 105,9 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under post 01.
Med bakgrunn i dette foreslår regjeringa at kap. 1062 post 01 blir redusert med 105,9 mill. kroner mot tilsvarande auke av kap. 1062 post 45.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald
Det blir vist til omtale under kap. 1062 post 01. Det blir fremja forslag om å auke kap. 1062 post 45 med 105,9 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1062 post 01.
Post 73 Tilbakebetaling av avgift
Tilbakebetaling av årsavgift hamnesikkerheit
Forskrift om gebyr for kontroll og tilsyn med sikring av havner og havneterminaler mot terrorhandlinger mv. (FOR-2007-07-03-841) tredde i kraft 3. juli 2007. Gebyret vart i statsbudsjettet 2007 definert som ei sektoravgift under Fiskeri- og kystdepartementet, og utforma som ei årsavgift. I november same år kravde Kystverket inn dei første årsavgiftene.
Sidan forskrifta tredde i kraft har Kystverket motteke fleire søknader frå hamner og hamneterminalar om dispensasjon frå avgjerda om å betale årsavgift. Dette grunna storleiken på terminalane, få anløp og liten trafikk. Alle søkjarane har fått avslag og få har klaga på dette. Subsidiært er det i ei klagesak peikt på at det berre er rettsleg grunnlag for å krevje inn halv årsavgift for 2007, jf. at avgifta vart kunngjort i juli 2007 og at krav om årsavgift ikkje kan ha tilbakeverkande kraft, jf. Grunnlovens § 97 og forvaltningslovens § 39. Klagar er gitt medhald i sitt subsidiære krav om at det berre er rettsleg grunnlag for å krevje inn delar av årsavgifta, det vil seie for tidsrommet 6. juli 2007 til 31. desember same år. Alle terminalar som betalte heil årsavgift i 2007 vil såleis få refundert 50 pst. av beløpet inklusiv renter. For 2007 fakturerte og inntektsførde Kystverket årsavgift hamnesikkerheit for 13,7 mill. kroner, det vil seie 548 fakturaer á kr 25 000.
Med bakgrunn i dette foreslår regjeringa å auke kap. 1062 post 73 med 7,38 mill. kroner i 2010 knytt til tilbakebetaling av halv årsavgift for 2007 med renter.
Kap. 5575 Sektoravgifter under Fiskeri- og kystdepartementet
Post 74 Sektoravgifter Kystverket
Som følgje av lønnskompensasjon på kap. 1062 post 01 på gebyrfinansierte område må kap. 5575 post 74 auke med 11,09 mill. kroner.
Med bakgrunn i dette foreslår regjeringa å auke kap. 5575 post 74 med 11,09 mill. kroner i 2010.