2 Orienteringssaker til Stortinget
Eventuell etablering av referansestasjon for Galileo på Jan Mayen
I Prop. 1 S (2010–2011) for Fiskeri- og kystdepartementet vart det orientert om at ein førespurnad frå EU-kommisjonen om å etablere ein referansestasjon på Jan Mayen for det kommande sivile europeiske satellittnavigasjonssystemet Galileo var til vurdering.
Stortinget slutta seg i 2009 til deltaking i utbyggingsfasen av Galileo gjennom avtale med EU innanfor ramma av EØS-avtalen, jf. St.prp. nr. 54 og Innst. S. nr. 258 (2008–2009). Galileo-systemet må ha referansestasjonar geografisk fordelt over heile verda. Noreg har etablert seg som ein viktig aktør for å betre Galileos ytingar, særleg i nordområda og ved polane, gjennom referansestasjonane på Svalbard og på Troll-basen i Antarktis.
EUs Galileo-prosjekt vurderer det slik at det er behov for å etablere ytterlegare ein referansestasjon i Nord-Europa, og vurderer ulike lokaliseringar, medregna på Jan Mayen. Til forskjell frå alternative lokalitetar med etablert infrastruktur og bygg, er det behov for å etablere noko grunnleggjande infrastruktur på Jan Mayen, mellom anna ei tilpassing av straumforsyninga. Norsk Romsenter har opplyst at etablering av grunnleggjande infrastruktur og dei høge transportkostnadene til øya, kan innebere ein meirkostnad på nærare 8 mill. kroner.
Regjeringa meiner at viktige omsyn tilseier at Noreg legg til rette for etablering av ein referansestasjon på Jan Mayen. Denne lokaliseringa bidreg best til å betre Galileo sine ytingar i våre interesseområde. Med våre store havområde i nordvest, er denne lokaliseringa derfor særleg nyttig for Noreg. Ei etablering på Jan Mayen vil også medverke til ytterlegare å styrkje Noreg si rolle og moglegheit til å påverke den vidare utviklinga av Galileo. Stasjonen vil krevje eit avgrensa areal, bli etablert i nærleiken av ein eksisterande bygning og kunne gjere bruk av eksisterande veg og straumkabel frå hovudbasen.
Regjeringa si vurdering er derfor at Noreg bør leggje til rette for ein Galileo referansestasjon på Jan Mayen gjennom å dekkje delar av den grunnleggjande infrastrukturen, avgrensa til 3 mill. kroner. EU-kommisjonen er informert om at Noreg har intensjon om å bidra med ei slik tilrettelegging, under føresetnad av Stortinget sitt samtykke.
Etter planen vil EUs Galileo-prosjekt ta avgjerda om lokalisering i januar 2011. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.