3 Forslag til endring i havressurslova
Prinsippet om avgift til fiskeriforsking og overvaking er drøfta i Meld. St. 22 (2012–2013). Komiteen hadde ingen merknader. Det er nødvendig med ein ny lovheimel for å krevje inn ei slik fiskeriforskingsavgift. Departementet foreslår difor å endre § 55 i havressurslova til også å omfatte avgift til fiskeriforsking og overvaking.