Tilråing
Fiskeri- og kystdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i havressurslova (avgift til fiskeriforsking og overvaking).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i havressurslova (avgift til fiskeriforsking og overvaking) i samsvar med eit vedlagt forslag.