5 Høyringsinstansane sitt syn
Det har ikkje kome innvendingar mot forslaget. Av dei uttalene som ligg føre kan det visast til følgjande synspunkt:
Domstoladministrasjonen stør forslaget om å fjerne utdanningsmonopolet til UMB:
”Det utdannes i dag for få kandidater til å dekke de reelle behov etter denne typen utdanning i arbeidslivet. Dagens rekrutteringssituasjon, særlig til dommerembetene, tilsier at dette er en viktig endring. Oppheving av monopolet vil også innebære at man kan rekruttere kandidater med en annen fagbakgrunn, som på sikt vil styrke jordskiftedomstolenes samlede kompetanse. Fjerning av monopolet krever imidlertid en tettere dialog med aktuelle utdanningsinstitusjoner for å sikre at det utvikles en tilfredsstillende fagkombinasjon for fremtidige jordskiftedommere.”
Samerettsgruppa ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø og Avdeling for ingeniørutdanning ved Høgskolen i Bergen stør forslaget om å oppheve det lovfesta kravet til ei spesiell utdanning ved UMB.
Jordskifteoverrettane og jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedøme er positive til forslaget om å oppheve utdanningsmonopolet. Jordskifteoverrettane viser til at dei er kjent med at det utarbeidast planar om ei alternativ utdanning i eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen. Jordskifteoverrettane skriv:
”Jordskiftefagmiljøet er lite og sårbart. Det er nå eit generasjonsskifte på UMB og ein ser av utviklinga at jordskiftefagmiljøet gradvis har blitt svekka både innanfor undervisning og forsking. Uavhengig av korleis lova blir til slutt må ein i større grad enn i dag få til eit samarbeid mellom jordskiftedomstolane og undervisningsinstitusjonane.”