2 Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel og postar i 2011
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
Post 45 Store utstyrskjøp og vedlikehald
I Prop. 120 S (2010-2011) blei det lagt til grunn inntekter under kap. 4100 post 40 på 1,190 mill. kroner, og ei tilsvarande justering av kap. 1100 post 45. Inntektene er no justert ned med 610 000 kroner, og løyvinga over kap. 1100 post 45 blir dermed foreslått redusert tilsvarande.
Kap. 1115 Mattilsynet
Post 71 Tilskott til erstatningar
Posten omfattar utgiftene Mattilsynet har til nødhjelp til dyr etter dyrevernloven § 6, der utgiftene ikkje kan drivast inn frå eigar. Staten skal i medhald av lova dekkje slike utgifter, og løyvinga over posten er ei overslagsløyving. Ved utgangen av september er det ført om lag 2,5 mill. kroner posten. For å sikre ei realistisk budsjettering, foreslår Landbruks- og matdepartementet å auke løyvinga over posten med 2 mill. kroner til 3,131 mill. kroner.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.
Formålet med løyvinga er å gi økonomisk kompensasjon til føretak i jordbruket som har lidd tap som kjem av forhold føretaket ikkje rår over. Løyvinga over posten er ei overslagsløyving. Det har i år blitt framsett langt større krav enn det som var føresett i Prop. 126 S (2010-2011) som følgje av skadar frå flom og nedbør. Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga over posten med 40 mill. kroner til 73 mill. kroner.
Post 73 Pristilskott
Formålet med løyvinga er å styrke bøndene sine inntekter og å jamne ut distriktsforskjellar som skyldast ulike dyrkingsvilkår og infrastruktur. Løyvinga over posten er ei overslagsløyving, og tilskott blir gitte i tråd med fastsette satsar. Prognosen frå Statens landbruksforvaltning viser eit mindreforbruk på 33,610 mill. kroner for 2011. Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga over posten i tråd med dette.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
Post 40 Sal av eigedom
I Prop. 120 S (2010-2011) blei det lagt til grunn inntekter på 1,190 mill. kroner frå sal av tre setre i Dovrefjellsregionen. I forhandlingane mellom kjøpar og grunneigar om festekontrakt for ei av setrene blei det ikkje semje, og i tråd med føresetnadene for salet blei kontrakten annullert. Det høgste bodet på denne setra var på 610 000 kroner. Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å redusere inntektene over posten tilsvarande.
Kap. 4115 Mattilsynet
Post 01 Gebyr m.m.
Gebyrinntektene under Mattilsynet for 2011 ser ut til å bli lågare enn budsjettert i Prop. 1 S (2010-2011). For å sikre ei realistisk budsjettering, foreslår Landbruks- og matdepartementet å redusere inntekten over posten med 14,8 mill. kroner til 115,5 mill. kroner.
Det blir ikkje budsjettert med inntekter frå skjellkontrollen i 2011 fordi det truleg ikkje vil føreliggje ei avklaring om regelverket for gebyret i løpet av året. Det er venta lågare inntekter frå oppfølgjande tilsyn ettersom retningslinja for gebyret blei endra i april 2011. Det har også vore lågare inntekter frå tvangsmulkt enn det er budsjettert med.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Post 70 Tilbakebetalt tilskott til reguleringsanlegg
I samband med jordbruksavtalen blei det lagt til grunn at det kunne budsjetterast med 2,025 mill. kroner i tilbakebetalt tilskott for reguleringsanlegg i 2011. Nye anslag tyder på at inntektene blir høgare, og Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å auke inntektene over posten med 1,633 mill. kroner.
Post 85 Marknadsordninga for korn
Marknadsordninga for korn omfattar prisutjamningsbeløp på råvarer til produksjon av kraftfôr. Inntektene er avhengig av det omsette volumet og forskjellen mellom norsk målpris på protein og prisane i verdsmarknaden. Nye anslag tyder på at inntektene frå ordninga blir høgare, og Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å auke inntektsløyvinga over posten med 32 mill. kroner.
Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet
Post 70 Avgifter i matforvaltninga
Nye prognoser tyder på auka inntekter frå avgifter i matforvaltninga på 32 mill. kroner. Avviket samanlikna med Prop. 1 S (2010-2011) har hovudsakleg å gjere med auka inntekter frå matproduksjonsavgift på landbaserte næringsmiddel og importerte varer. Landbruks- og matdepartementet foreslår i tråd med dette å auke inntektene på posten med 32 mill. kroner.
Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
Post 85 Utbytte
Inntektene på posten blei auka med 11,830 mill. kroner i Prop. 120 S (2010-2011). Endelig avrekning frå Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS viser noko større inntekter. Det er også utbetalt utbytte frå Graminor AS som det ikkje var gjort rekning med i Prop. 1 S (2010-2011). Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å auke inntektene over posten med 870 000 kroner.
Kap. 5652 Innskottskapital i Statskog SF
Post 80 Renter
I samband med kjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010-2011), fekk Statskog SF eit ansvarleg lån på 475 mill. kroner frå staten. I 2011 er det venta at Statskog SF vil betale 24,710 mill. kroner i renter på lånet. I tråd med dette foreslår Landbruks- og matdepartementet å opprette ein ny post 80 under kap. 5652 med inntekter på 24,710 mill. kroner for 2011.