3 Andre saker
Auka tilsegnsfullmakt, naturskade
Kap. 1148 post 71 er ei overslagsløyving, og skadeerstatningar blir gitte etter nærare fastsette reglar. Oppdaterte prognoser viser at det vil bli gitt tilsegn om erstatningar i 2011 som ikkje vil komme til utbetaling same året. Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å auke tilsegnsfullmakta for 2011 med 36 mill. kroner til 66 mill. kroner.