1 Om endringar i statsbudsjettet for 2012 under Fiskeri- og kystdepartementet
Kap. 1020 Havforskingsinstituttet
Post 01 Driftsutgifter
For å dekkje erstatningsutbetaling til kreditorfellesskapet etter konkursen i Nærøysund AS, foreslår Fiskeri- og kystdepartementet å redusere løyvinga på kap. 1020, post 01 med 10 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Ein del av dei kontraktfesta prosjektinntektene til Havforskingsinstituttet blir innbetalte etterskotsvis, slik at noko av inntektene knytt til prosjektutgifter i budsjettåret blir innbetalte året etter. Det kan derfor bli for lite kontante inntekter til å dekkje meirutgifter i oppdragsverksemda i 2012. Fiskeri- og kystdepartementet foreslår derfor at det blir gitt fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 1020 post 21 med eit beløp som tilsvarar kontraktfesta innbetalingar som vil skje i 2013, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 70 (ny) Erstatningsutbetaling
Det er inngått eit forlik som inneber at Staten v/Fiskeri- og kystdepartementet skal betale ei erstatning til kreditorfellesskapet etter konkursen i Nærøysund AS. Avtalt utbetaling i 2012 er 10 mill. kroner. Fiskeri- og kystdepartementet foreslår derfor at det blir gitt ei løyving på 10 mill. kroner på kap. 1020, post 70 i 2012.
Kap. 1021 Drift av forskingsfartøy
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Ein del av dei kontraktfesta prosjektinntektene til Havforskingsinstituttet blir innbetalt etterskotsvis, slik at noko av inntektene knytt til prosjektutgifter i budsjettåret blir innbetalt året etter. Det kan derfor bli for lite kontante inntekter til å dekkje meirutgifter i oppdragsverksemda i 2012. Fiskeri- og kystdepartementet foreslår derfor at det blir gitt fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 1021 post 21 med eit beløp som tilsvarar kontraktfesta innbetalingar som vil skje i 2013, jf. forslag til romartalsvedtak.
Kap. 1022 Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Ein del av dei kontraktfesta prosjektinntektene til Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking blir innbetalt etterskotsvis, slik at noko av inntektene knytt til prosjektutgifter i budsjettåret blir innbetalt året etter. Det kan derfor bli for lite kontante inntekter til å dekkje meirutgifter i oppdragsverksemda i 2012. Fiskeri- og kystdepartementet foreslår derfor at det blir gitt fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 1022, post 21 med eit beløp som tilsvarar kontraktfesta innbetalingar som vil skje i 2013, jf. forslag til romartalsvedtak.
Kap. 1050 Diverse fiskeriformål
Post 72 Tilskot til tryggleiksopplæring for fiskarar
Delar av tilskotet til tryggleiksopplæring for fiskarar blir utbetalt etter at rekneskapen ligg føre. For å kunne overføre den delen av tilskotet som ikkje blir utbetalt i 2012 til 2013, foreslår Fiskeri- og kystdepartementet at kap. 1050, post 72 får tilføya stikkordet ”kan overførast”.
Kap. 1070 Samfunnet Jan Mayen og Loran-C
Post 01 Driftsutgifter
Det er berekna eit mindreforbruk knytt til systemkostnader for Loran-C i 2012. For å kunne overføre heile mindreforbruket på posten til 2013, foreslår Fiskeri- og kystdepartementet at kap. 1070, post 01 får tilføya stikkordet ”kan overførast”.
Kap. 2540 Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn
Post 70 Tilskot
Frå 1. juli 2011 vart arbeidsløysetrygd for fiskarar lagt om til å vere inntektsbasert, på same måte som alminneleg a-trygd etter folketrygdlova. Den nye ordninga har medført høgare utbetalingar enn det som er lagt til grunn i Prop. 1 S (2011–2012). Fiskeri- og kystdepartementet foreslår derfor at løyvinga på kap. 2540, post 70 blir auka med 18,2 mill. kroner.
Ordninga med A-trygd blir finansiert innafor beløpet som fiskarane betalar i produktavgift ved førstehandsomsetning av fisk og fiskevarar.
Kap. 5575 Sektoravgifter under Fiskeri- og kystdepartementet
Post 74 Sektoravgifter Kystverket
Som følgje av lønnskompensasjon på kap. 1062, post 01 på gebyrfinansierte område må kap. 5575, post 74 aukast med 13,1 mill. kroner.
Fiskeri- og kystdepartementet foreslår derfor å auke kap. 5575, post 74 med 13,1 mill. kroner i 2012.