Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2012 under Fiskeri- og kystdepartementet
I
I statsbudsjettet for 2012 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
1020 | Havforskingsinstituttet | ||
1 | Driftsutgifter, blir redusert | 10 000 000 | |
frå 355 623 000 til 345 623 000 | |||
70 (ny) | Erstatningsutbetalingar | 10 000 000 | |
2540 | Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn | ||
70 | Tilskot, overslagsløyving, blir auka | 18 200 000 | |
frå 43 800 000 til 62 000 000 |
Inntekter:
Kap | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
5575 | Sektoravgifter under Fiskeri- og kystdepartementet | ||
74 | Sektoravgifter Kystverket, blir auka | 13 134 000 | |
frå 774 025 000 til 787 159 000 |
II
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at stikkordet ”kan overførast” blir tilføya under kap. 1050 Diverse fiskeriformål, post 72 Tilskot til tryggleiksopplæring for fiskarar og kap. 1070 Samfunnet Jan Mayen og Loran-C, post 01 Driftsutgifter, i statsbudsjettet for 2012.
III
Fullmakt til overskriding mot etterfølgjande inntekter
Stortinget samtykker i at Fiskeri- og kystdepartementet i 2012 kan overskride løyvinga under kap. 1020, post 21, kap. 1021, post 21 og kap. 1022, post 21 i samband med gjennomføringa av bestemte oppdragsprosjekt, mot tilsvarande kontraktfesta innbetalingar til desse prosjekta i 2013 under høvesvis kap. 4020, post 03, kap. 4021, post 01 og kap. 4022, post 01. Ved berekning av beløp som kan overførast til 2013 under dei nemnte utgiftsløyvingane, skal det reknast med alle ubrukte meirinntekter og mindreinntekter, samt eventuell inndekning av tidlegare års overskriding på posten.