1 Føremål og hovudoversikt
1.1 Føremål
I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2009. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2009 vart utarbeidd.
På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, vert såleis handsama samla og formalisert på rett måte. Regjeringa er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg.
Omgrupperingsproposisjonen tek mellom anna føre seg styrking av prioritert verksemd på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon, norske styrkar i utlandet, fellesinstitusjonar under Forsvarsstaben, og kulturelle og allmennyttige føremål, for å dekkje høgare kostnader enn budsjettert. Vidare er enkelte kapittel foreslått redusert grunna nødvendig justering av aktivitetar i løpet av året. Ei slik justering er ein naturlig del av gjennomføringa av aktivitetar og viktig for at forsvarssjefen kan styre innanfor dei overordna økonomiske rammene. Proposisjonen baserer seg såleis på forsvarssjefen si militærfaglege tilråding. Vidare syner omgrupperingsproposisjonen viktige budsjettekniske endringar, til dømes overføring av budsjettansvar mellom kapitla. I tillegg vert lønnskompensasjonen for 2009 og meirinntekter for 2009 foreslått formalisert. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 264,415 mill. kroner.
1.2 Grunnlaget for omgrupperinga
1.2.1 Økonomisk grunnlag
Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2009, midlar ført over frå 2008 og dei seinare endringane gjort av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2009 (135,397 mill. kroner).
Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2009, kjem fram slik (i 1 000 kroner)
Vedteke budsjett 2009 | 33 458 296 |
Innst. S. nr. 139 (2008-2009), jf. St.prp. nr. 37 (2008-2009) – Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid | 88 000 |
Innst. S. nr. 350 (2008-2009), jf. St.prp. nr. 88 (2008-2009) – Lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet 2009 mv . | 135 397 |
Innst. S. nr. 355 (2008-2009), jf. St.prp. nr. 67 (2008-2009) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 (RNB) | 630 400 |
Innst. S. nr. 366 (2008-2009), jf. St.prp. nr. 89 (2008-2009) Om endringar i «Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap» («soldatproposisjonen«) | 15 919 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 34 328 012 |
+ Midlar ført over frå 2008 | 739 134 |
= Disponible midlar i 2009 før omgrupperinga | 35 067 146 |
Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2009, kjem fram slik (i 1 000 kroner)
Vedteke budsjett 2009 | 787 802 |
Innst. S. nr. 355 (2008-2009), jf. St.prp. nr. 67 (2008-2009) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 (RNB) | 111 000 |
= Løyvingar før omgruppering | 898 802 |
1.2.2 Inntekter i 2009
I høve til vedteke budsjett for 2009, med dei seinare endringane gjort av Stortinget, er det ei meirinntekt på 264,415 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin meirinntektsfullmakt i St.prp. nr. 1 (2008-2009) under romartalsvedtak II.
Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner)
Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida | 264 415 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 264 415 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 34 328 012 |
= Samla løyvingar etter omgrupperinga | 34 592 427 |
+ Midlar ført over frå 2008 | 739 134 |
= Samla disponible midlar i 2009 etter omgrupperinga | 35 331 561 |
Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner)
Løyvingar før omgrupperinga | 898 802 |
Meirinntekter | 264 415 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 1 163 217 |
Regjeringa foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at både utgifts- og inntektsramma vert auka med 264,415 mill. kroner.
1.2.3 Utgifter
Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inkludert fordeling av meirinntekter.
Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)
Post | Føremål | Mindreutg.-/Meirutg.+ |
---|---|---|
01 | Driftsutgifter | 433 809 |
21 | Spesielle driftsutgifter | -408 |
24 | Driftsresultat | -100 000 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | -11 640 |
44 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del | 13 600 |
45 | Store nyskaffingar | 144 689 |
47 | Nybygg og nyanlegg | -104 965 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del | -118 000 |
50 | Overføringar Statens pensjonskasse | -8 000 |
60 | Tilskott til kommunar | -500 |
73 | Forsking og utvikling | -1 300 |
75 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik | 6 630 |
78 | Noregs tilskott til NATOs driftsbudsjett | 10 500 |
Sum | 264 415 |
1.2.4 Inntekter
Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)
Post | Formål | Mindreinnt. -/Meirinnt.+ |
---|---|---|
01 | Driftsinntekter | 320 126 |
45 | Store nyskaffingar | 48 689 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del | -104 400 |
Sum | 264 415 |