2 Hovudtrekk ved utgifts- og inntektsendringane på postnivå
2.1 Utgifter
Den totale utgiftsramma er auka med 264,415 mill. kroner. Driftsbudsjettet er totalt foreslått auka med 322,461 mill. kroner, medan investeringsbudsjettet er foreslått redusert med 58,046 mill. kroner.
Nedanfor er dei viktigaste endringane forklart på post- og kapittelnivå.
2.1.1 Post 01 Driftsutgifter
Post 01 er foreslått auka med totalt 433,809 mill. kroner.
Forsvarssjefen har tilrådd ei justering på dei ulike kapitla for å omdisponere til meir prioritert verksemd på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon, norske styrkar i utlandet, fellesinstitusjonar under Forsvarsstaben, og kulturelle og allmennyttige føremål. Ei slik justering er viktig for at forsvarssjefen skal kunne nå dei måla som er sett for Forsvaret si verksemd i 2009.
Post 01 er foreslått tilført 320,126 mill. kroner i meirinntekter frå dei ulike inntektskapitla på driftssida. Posten er vidare foreslått netto tilført 87,835 mill. kroner frå post 47 Store nyskaffingar grunna omdisponering til naudsynt styrking for å gjennomføre dei igangsette materiellinvesteringsprosjekta. Grunna lågare utgifter enn budsjettert er det vidare foreslått å omdisponere 11,640 mill. kroner frå post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet , 8 mill. kroner frå post 50 Overføringar til Statens pensjonskasse og 4 mill. kroner frå post 45 Store nyskaffingar . I tillegg er posten foreslått auka med 1,3 mill. kroner ved å omdisponere frå post 73 Forsking og utvikling , 0,5 mill. kroner frå post 60 Tilskott til kommunar og 0,408 mill. kroner frå post 21 Spesielle driftsutgifter.
Kap. 1700 Forsvarsdepartementet
Post 01 er foreslått auka med 1,3 mill. kroner.
Auken gjeld omdisponeringar grunna meirbehov knytt til prosjekt for oppfølging av veteranar frå Gulfkrigen, og meirbehov knytt til gjennomføring av handlingsplan for haldningar, etikk og leiing i forsvarssektoren.
Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet
Post 01 er foreslått auka med 7,066 mill. kroner.
Auken gjeld omdisponeringar grunna meirbehov i samband med diverse miljøoppryddingsprosjekt knytt til skyte- og øvingsfelt, samt miljøopprydding i Marvika utanfor Kristiansand i 2009 (5 mill. kroner). Det er viktig at forsvarssektoren følgjer opp sitt miljøansvar og ryddar etter seg der verksemd er lagd ned. Posten er vidare tilført 2,6 mill. kroner grunna høgare kostnad knytt til stillingar i utlandet. Posten er òg foreslått tilførd 0,5 mill. kroner i meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4719, post 01. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 1 mill. kroner.
Kap. 1720 Felles leiings- og kommandoapparat
Post 01 er foreslått auka med 12,526 mill. kroner.
Det vert lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd enn venta på budsjetteringstidspunktet (15 mill. kroner). I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 0,1 mill. kroner.
Kapitlet vert vidare foreslått auka i samband med overføring av budsjettansvar for eigedom, bygg og anlegg knytt til Alliert treningssenter frå kapittel 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon (10,6 mill. kroner). Posten er òg foreslått tilført 17 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4720, post 01.
Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og utgifter under Forsvarsstaben
Post 01 er foreslått auka med 16,058 mill. kroner.
Auken er mellom anna knytt til vakt- og sikringstiltak på Eggemoen (5,9 mill. kroner), kompetansebygging knytt til fagområda Austen og Kina ved Forsvarets høgskole (2 mill. kroner), samt implementering av ny hovudbok i Forsvarets rekneskapssystem SAP (3 mill. kroner). Posten er òg foreslått tilførd 4 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4725, post 01. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein auke på 1,2 mill. kroner.
Kap. 1731 Hæren
Post 01 er foreslått redusert med 49,850 mill. kroner.
Hæren har lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd enn venta på budsjetteringstidspunktet (30 mill. kroner). Vidare gjeld reduksjonen omdisponering av identifisert mindrebehov på posten (20 mill. kroner). Midlane er foreslått omdisponert til høgare prioritert verksemd, mellom anna på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon og norske styrkar i utlandet. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 1,9 mill. kroner.
Posten er òg foreslått tilførd 2 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4731, post 01.
Kap. 1732 Sjøforsvaret
Post 01 er foreslått redusert med netto 20,028 mill. kroner.
Sjøforsvaret har lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd enn venta på budsjetteringstidspunktet (24,2 mill. kroner). Vidare gjeld reduksjonen omdisponering av identifisert mindrebehov på posten (15 mill. kroner). Midlane er foreslått omdisponert til meir prioritert verksemd mellom anna på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon og norske styrkar i utlandet. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 2,8 mill. kroner.
Kapitlet vert vidare foreslått auka med 4,6 mill. kroner grunna utviding av rekruttskulen ved KNM Harald Haarfagre . Vidare er kapitlet foreslått auka ved omdisponeringar som følgje av at Sjøforsvaret utfører grunnleggjande rekrutt- og befalsskuleutdanning på vegner av Luftforsvaret (15,5 mill. kroner). Posten er òg foreslått tilført 1,9 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4732, post 01.
Kap. 1733 Luftforsvaret
Post 01 er foreslått redusert med netto 27,139 mill. kroner.
Luftforsvaret har lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd enn venta på budsjetteringstidspunktet (24 mill. kroner). Vidare gjeld reduksjonen omdisponering av identifisert mindrebehov på posten (15 mill. kroner). Midlane er foreslått omdisponert til meir prioritert verksemd, mellom anna på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon og norske styrkar i utlandet. Vidare er kapitlet foreslått redusert ved omdisponeringar som følgje av at Sjøforsvaret utfører grunnleggjande rekrutt- og befalsskuleutdanning på vegner av Luftforsvaret (15,5 mill. kroner). Posten er vidare redusert med 5,7 mill. kroner som følgje av at Heimevernet utfører utdanning av utskrive befal på vegner av Luftforsvaret. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 4,3 mill. kroner.
Posten er òg foreslått tilført 37,4 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4733, post 01.
Kap. 1734 Heimevernet
Post 01 er foreslått redusert med netto 0,149 mill. kroner.
Heimevernet har mellom anna lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd enn venta på budsjetteringstidspunktet (10 mill. kroner). Midlane er foreslått omdisponert til meir prioritert verksemd, mellom anna på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon og norske styrkar i utlandet.
Post 01 er òg foreslått tilført 5,7 mill. kroner som følgje av at Heimevernet utdannar befal på vegner av Luftforsvaret. Posten er vidare tilført 2 mill. kroner grunna overføring av budsjettansvar for Kongsvinger festning. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein auke på 2,2 mill. kroner.
Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon
Post 01 er foreslått auka med netto 334,804 mill. kroner.
Posten er foreslått tilført 227,4 mill. kroner grunna meirinntekter. Dette er ei endring av teknisk karakter og skuldast i all hovudsak sal av drivstoff og tenester til allierte og samarbeidsnasjonar på øving i Noreg. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside i 2009, jf. omtale under kapittel 4740, post 01.
Annan auke gjeld i all hovudsak omdisponeringar frå andre delar av forsvarsbudsjettet for å dekkje meirbehov knytt til den løyvingsfinansierte delen av kapitlet (114 mill. kroner). Grunnen er eit ynskje om å styrkje Forsvarets logistikkorganisasjon si evne til å støtte styrkeprodusentane og Forsvaret elles med tilgjengeleg logistikk, materiell og forsyningar til operasjonar heime og ute. Meirbehovet skuldast òg høgare kostnader knytt til årsverk samt eigedom, bygg og anlegg enn venta på budsjetteringstidspunktet, grunna mellom anna forseinka utrangering av eigedom, bygg og anlegg. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein auke på 4 mill. kroner.
Posten er i tillegg redusert mellom anna med 10,6 mill. kroner grunna overføring av budsjettansvar for eigedom, bygg og anlegg knytt til Alliert treningssenter til kapittel 1720 Felles leiing- og kommandoapparat.
Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg
Post 01 er foreslått netto auka med 86,052 mill. kroner.
Auken er knytt til naudsynt styrking av drifta for å kunne gjennomføre planlagde materiellinvesteringar i 2009 (95 mill. kroner). Over tid har Forsvarsdepartementet søkt å auke omsettingsevna i investeringsporteføljen, og situasjonen er no at omsetjing av løyvinga på kapittel 1760, post 45 har høg grad av realisme. Forsvarets logistikkorganisasjon har behov for auka tildeling av gjennomføringsmidlar for å oppretthalde den høge omsetjingsevna for inneverande år. Mangel på gjennomføringsmidlar kan få konsekvensar for framdrifta i store delar av prosjektporteføljen ved at mange nye prosjekt vil måtte få utsett oppstart og den planlagde styrkinga av investeringsverksemda bli bremsa tilsvarande. Posten er òg foreslått tilført 1,8 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4760, post 01.
Posten vert vidare foreslått redusert med 10,7 mill. kroner knytt til mindrebehov i samband med analyse, plan og utgreiingsarbeid i 2009.
Kap. 1790 Kystvakta
Post 01 er foreslått redusert med 14,955 mill. kroner.
Kystvakta har lågare kostnader knytt til kurs- og reiseverksemd (2,9 mill. kroner) og lågare drivstoffutgifter enn venta på budsjetteringstidspunktet (11 mill. kroner). I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 1,1 mill. kroner.
Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet
Post 01 er foreslått auka med 68,338 mill. kroner.
Auken gjeld mellom anna omdisponering frå kapittel 1792, post 45 knytt til lønn i samband med utrusting og klargjering av fregatten Fridtjof Nansen i samband med deployering til antipiratoperasjonar utanfor Somalia ( European Union Naval Force Operation ATALANTA – EU NAVFOR ATALANTA) (4 mill. kroner). Posten er vidare foreslått tilført 6 mill. kroner til å dekkje førebuingskostnader knytt til innsetting av ein norsk mentoreringseining for afghansk politi i Faryab-provinsen i Afghanistan (PMT) frå sommaren 2010. Posten er òg foreslått tilført 23,6 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4792, post 01. Posten er vidare foreslått auka med 0,240 mill. kroner for å dekkje kostnader i samband med deltaking av eit fotballlag frå Afghanistan på Norway Cup i 2009. Anna auke gjeld omdisponering frå andre kapittel for å dekkje meirutgifter ved Noregs bidrag i Afghanistan i 2009 (34,5 mill. kroner). Dette gjeld mellom anna auka kostnader knytt til reservedelar som følgje av meir bruk av pansra køyretøy, eit større ansvarsområde i Afghanistan og at kostnadene til interntransport har auka meir enn venta på budsjetteringstidspunktet.
Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål
Post 01 er foreslått auka med 19,786 mill. kroner.
Auken gjeld mellom anna meirbehov i samband med gjennomføring av Forsvarskonserten 2009 (5,3 mill. kroner). Posten er òg foreslått tilførd 4,5 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4795, post 01. Annan auke gjeld omdisponering frå andre delar av forsvarsbudsjettet for å dekkje meirbehov i samband med etablering av Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon (FAKT) .
2.1.2 Post 21 spesielle driftsutgiftar
Kapitel 1735 Etterretningstenesta, post 21 vert foreslått redusert med 0,408 mill. kroner.
2.1.3 Post 24 Driftsresultat
Det er foreslått at Forsvarsbyggs driftsresultat vert endra med 100 mill. kroner, frå -940 til -1 040 mill. kroner, for naudsynt styrking av kapittel 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 45 Store nyskaffingar.
2.1.4 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet
Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet. I 2009 er løyvinga nytta til å dekkje ymse meirbehov, mellom anna innsetting av ei norsk mentoreringseining for afghansk politi i Faryab-provinsen i Afghanistan (PMT), økonomisk støtte til Glomdalsmuseet for ferdigstilling av arbeidet med å gjenreise Melgården østseter , samt å dekkje kostnader i samband med deltaking av eit fotballag frå Afghanistan på Norway Cup i 2009. Posten er foreslått redusert med 11,640 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.
2.1.5 Post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del
Posten er foreslått auka med 13,6 mill. kroner for å starte opp IKT-prosjektet ved Joint Warfare Centre (JWC) i Stavanger.
2.1.6 Post 45 Store nyskaffingar
Post 45 er foreslått auka med netto 144,689 mill. kroner.
Kap.1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg
Post 45 er foreslått auka med 148,689 mill. kroner.
Auken er knytt til naudsynt styrking av materiellinvesteringsbudsjettet i 2009 (100 mill. kroner). Arbeidet med å oppretthalde den høge omsetjingsevna i investeringsporteføljen inneber eit behov for å styrkje kapittel 1760, post 45. Dersom styrkinga ikkje vert gjennomført, vil ei rekkje betalingsmilepælar flyttast inn i 2010. Prognosane tilseier at prosjektporteføljen for 2010 vil bli fullt ut forplikta. Forsvarsdepartementet meiner difor det er mest føremålstenleg, med omsyn til styring av porteføljen, å møte betalingsmilepælane for 2009 ved å styrkje kapittel 1760, post 45 som foreslått. Posten er òg foreslått tilførd 48,7 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4760, post 45.
Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet
Post 45 er foreslått redusert med 4 mill. kroner.
Reduksjonen gjeld lønnsutgifter knytt til utrusting og klargjering av fregatten Fridtjof Nansen i samband med deployering til antipiratoperasjonar utanfor Afrikas horn (EU NAVFOR ATALANTA). Midlane vert omdisponerte til kapittel 1792, post 01. Grunnen er at Forsvaret har utført arbeidet ved eigne verkstedar og midlane må såleis budsjetterast på post 01.
2.1.7 Post 47 Nybygg og nyanlegg
Post 47 er foreslått redusert med netto 104,965 mill. kroner.
Kap. 1710 Forsvarsbygg
Post 47 er foreslått redusert med 114,987 mill. kroner.
Nasjonale investeringar i eigedom, bygg og anlegg (EBA) er foreslått redusert med 95 mill. kroner for naudsynt styrking av gjennomføringskostnader knytt til materiellinvesteringar under kapittel 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg, post 01Driftsutgifter . Posten er vidare foreslått redusert med 10 mill. kroner grunna omdisponering til kapittel 1792, post 47 knytt til prosjekt for oppgradering av veg frå Camp Meymaneh til Meymaneh by i Afghanistan. I tillegg er posten foreslått redusert med 5 mill. kroner for å styrkje kapittel 1760Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg, post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for sikkerheit. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 4,9 mill. kroner.
Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet
Post 47 er foreslått auka med 10,022 mill. kroner.
Auken gjeld omdisponering frå kapittel 1710 Forsvarsbygg, post 47 Nybygg og nyanlegg knytt til prosjekt for oppgradering av veg frå Camp Meymaneh til Meymaneh by i Afghanistan. Oppgradering av vegen er naudsynt grunna den gjennomførde auken i Camp Meymanehs kapasitet og den pågåande utvidinga av Afghan National Army (ANA)- leiren. Det vert dermed lagt til rette for at den operative tryggleiken for dei norske styrkane blir forbetra.
2.1.8 Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del
Posten er foreslått redusert med 118 mill. kroner.
Reduksjonen har samanheng med manglande økonomisk godkjenning av NATO-prosjekt i Noreg, noko som igjen skuldast den vanskelege finansielle situasjonen i NATO.
2.1.9 Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse
Post 50 vert foreslått redusert med 8 mill. kroner grunna eit mindrebehov på posten i 2009.
Midlane er foreslått omdisponerte til post 01 for å dekkje ymse meirbehov.
2.1.10 Post 60 Tilskott til kommunar
Post 60 vert foreslått redusert med 0,5 mill. kroner grunna eit mindrebehov på posten i 2009.
Midlane er foreslått omdisponerte til post 01 for å dekkje ymse meirbehov.
2.1.11 Post 73 Forsking og utvikling
Post 73 er foreslått redusert med 1,3 mill. kroner grunna mindrebehov på posten i 2009.
Midlane er foreslått omdisponerte til kapitel 1700, post 01.
2.1.12 Post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik
Post 75 vert foreslått auka med 6,630 mill. kroner.
Auken er mellom anna knytt til høgare valutakurs enn venta på budsjetteringstidspunktet.
2.1.13 Post 78 Noregs tilskott til NATOs driftsbudsjett
Post 78 vert foreslått auka med 10,5 mill. kroner.
Auken er mellom anna knytt til høgare valutakurs enn venta på budsjetteringstidspunktet, samt endra periodisering av pensjonsforpliktingar.
2.2 Inntekter
Det er registrert netto meirinntekter på 264,415 mill. kroner.
2.2.1 Post 01 Driftsinntekter
Post 01 driftsinntekter vert foreslått auka med 320,126 mill. kroner.
Kap. 4719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet
Post 01 vert foreslått auka med 0,531 mill. kroner.
Auken gjeld sal av køyretøy (0,1 mill kroner), og refusjon frå straumleverandørar og andre tenesteleverandørar knytt til utanlandsstillingar (0,4 mill. kroner).
Kap. 4720 Felles leiings- og kommandoapparat
Post 01 vert foreslått auka med 16,957 mill. kroner.
Auken er ei endring av teknisk karakter og skuldast refusjon av utgifter i samband med at allierte og samarbeidsnasjonar har vore på øving i Noreg. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1720, post 01.
Kap. 4725 Fellesinstitusjonar og -inntekter under Forsvarsstaben
Post 01 vert foreslått auka med 4 mill. kroner.
Dette er ein endring av teknisk karakter og skuldast refusjon av utgifter i samband med at Forsvarets sanitet yter tenester til det sivile samfunn. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1725, post 01.
Kap. 4731 Hæren
Post 01 vert foreslått auka med 2 mill. kroner.
Dette er ei endring av teknisk karakter og er knytt til ikkje-budsjetterte inntekter i samband med drifta av fritidsmesser. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside.
Kap. 4732 Sjøforsvaret
Post 01 vert foreslått auka med 1,927 mill. kroner.
Dette er ei endring av teknisk karakter og er knytt til ikkje-budsjetterte inntekter i samband med drifta av fritidsmesser. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1732, post 01.
Kap. 4733 Luftforsvaret
Post 01 vert foreslått auka med 37,440 mill. kroner.
Dette er ei endring av teknisk karakter og skuldast i all hovudsak høgare inntekter knytt til ein samhandlingsavtale med Avinor AS knytt til drift av flyplassar (20 mill. kroner), tilbakebetaling av unytta utdanningsmidlar knytt til Foreign Military Sales i USA (15,5 mill. kroner), og refusjonar frå allierte og samarbeidsnasjonar i samband med øvinga Cold Response i 2009 (1,9 mill. kroner). Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1733, post 01.
Kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon
Post 01 vert foreslått auka med 227,366 mill. kroner.
Meirinntektene er knytt til sal av drivstoff (122 mill. kroner) og tenester til allierte og samarbeidsnasjonar på øving i Noreg (37,4 mill. kroner). I tillegg er det foreslått at posten vert auka med 68 mill. kroner knytt til avhending av materiell, mellom anna køyretøy, personleg utrusting, klede/uniformer og verktøy m.m., gjennom Forsvarets avhendingsprosjekt. Meirinntektene er av teknisk karakter og har i hovudsak ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 1740, post 01.
Kap. 4760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg
Post 01 vert foreslått auka med 1,807 mill. kroner.
Dette er ei endring av teknisk karakter og er i all hovudsak knytt til tilbakebetaling av utlegg i samband med helikopterprosjektet. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 1760, post 01.
Kap. 4792 Norske styrkar i utlandet
Post 01 vert foreslått auka med 23,598 mill. kroner.
Dette er ei endring av teknisk karakter og er knytt til inntekter/refusjonar som følgje av forvaltningsavtalar mellom andre samarbeidsnasjonar og FN.
Kap. 4795 Kulturelle og allmennyttige formål
Post 01 vert foreslått auka med 4,5 mill. kroner.
Dette er ei endring av teknisk karakter og er knytt til høgare inntekter enn venta på budsjetteringstidspunktet knytt til arrangement i regi av Forsvarets musikk og andre driftsinntekter knytt til festningsverk og museum.
Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kap. 1795, post 01.
2.2.2 Post 45 Store nyskaffingar
Post 45 vert foreslått auka med 48,689 mill. kroner.
Auken er knytt til meirinntekter grunna konvensjonalbøter (3,7 mill. kroner) og refusjonar etter tidlegare utlegg for samarbeidsprosjekt med andre land (45 mill. kroner).
2.2.3 Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del
Post 48 vert foreslått redusert med 104,4 mill. kroner.
Reduksjonen er knytt til manglande økonomisk godkjenning av NATO-prosjekt i Noreg, noko som igjen skuldast omprioritering av fellesressursar i NATO. Reduksjonen i inntektene på kapittel 4760, post 48 er 13,6 mill. kroner lågare enn dei reduserte utgiftene på kapittel 1760, post 48. Det vert foreslått at 13,6 mill. kroner vert nytta på kapittel 1760, post 44 for å kunne starte opp IKT-prosjektet ved Joint Warfare Centre (JWC) i Stavanger.