1 Innleiing
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt inntektene under folketrygda for 2009.
Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2009 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2009. Berekningsgruppa for folketrygda gjer anslag for regelstyrte ordningar under Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine programområde 09, 29 og 33, programområde 30 Helsevern, folketrygda under Helse- og omsorgsdepartementet, kontantstøtte, barnetrygd, fødselspengar og adopsjonspengar under Barne- og likestillingsdepartementet. Gruppa har sett på overslaga i møte 22. oktober 2009. Forslag til endringar i løyvingar som vedkjem Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine område, er med mindre avrundingar m.m. basert på overslag i Berekningsgruppa for folketrygda. Dei andre departementa fremmar eventuelle forslag om endringar i sine proposisjonar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremmar forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med 227,4 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 3 550 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med 450 mill. kroner. Samla gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla blir auka med i overkant av 2 872,5 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for inntekter under inntektskapitla med om lag 173,3 mill. kroner.